MATRIKKELGARDEN EIKENOSVÅGEN

Her finn du plassane i Eikenosvågen. Kjelde: Google Maps

Eikenosvågen var det opphavelege sjøstykket til matrikkelgarden Eikenosa som, i likheit med gardane Emblem og Østrem, hadde utmarkstykke heilt ned til fjorden i eldre tid. Etter kvart vart jorda ved fjorden delt frå til husmannsplassar og beite, før dei gradvis vart skylddelte til eigne bruk. 

Eikenosvågen vart busett og skild ut frå Eikenosa seinare enn Emblemsvågen og Nedregotten lenger aust i bygda. I alle fall finn vi namn på brukarar her på eit seinare tidspunkt. Ein skal likevel ikkje gløyme at denne vågen vest for Flisneset, og den farefulle Flisfjorden, har vore ei god naudhamn og ein god bustad lenge før dette også. Ein har funne fleire spor av bustadar heilt attende til steinalder og Yngre bronsealder kring tunet til Torevågen og i nabovikene mot både aust og vest. I revegjerdet til Nikolai Ekornåsvåg i Torvågen fann dei også ein særleg fin tilhoggen pilodd av kvarts. På Flisneset ligg der fleire gravhaugar, ein steinhellar, og bautastein, som vitnar om at dei aller eldste spora etter menneska ikkje har vore kun eit blaff av busetnad i førhistorisk tid. 

Eikenosa låg så høgt mot fjells, at områda nede mot sjøen var truleg viktige til meir enn berre fiske, tørkeberg og naust. Det tok derfor litt lenger tid før vågen vart frådelt. Ein kan ikkje sjå vekk frå at der har vore husmanns-plassar utan jord, ofte omtala som fjordastover, i Eikenosvågen før 1700. Dei setter nemleg få spor etter seg i kjeldene. Ein veit om slike stover på Magerholm, i Østremsvika, ved Nergotsjøen og Emblemsvågen lenger aust. Av desse er det kun i Østremsvika ein finn nøyaktige tal på brukarane, for desse fjordastovene var bebudde heilt til føste tiåra på 1800-talet.  Husmannsplassar med jord finn vi omtala i skriftlege kjelder først frå midten av 1700-talet. På den tida vaks folketalet såpass at ei vidare oppstykking av dei gamle gardane ikkje var nok. Talet på husmenn vaks og nye husmannsplassar vart rydda i Eikenosvågen, ofte kalla «Vågane». 

Det første plassebruket

Ein vil tru at Torevågen vart rydda først oppå spor av eldgamal busettnad, men kun 20 år etter var der heile tre husmannsplassar i Eikenosvågen. Dei to siste var Fureholmen og Olevågen. Plassane vart skyldsette til eigne bruk under garden Eikenosa i 1818, og rekna som ein eigen matrikkelgard med gardsnummer 11 i 1890. Eit par kyr, og litt småfé var det ein kunne finne fôr til på desse plassane, så fisket var ei livsviktig hovudnæring for dei fleste brukarane. Betre fiskeri og fangst etter 1750 var kanskje ei medverkande årsak til at fleire husmenn slo seg ned her. Meir mat påverka også talet på dei som levde opp. Brukarane på Eikenosa har framleis rett til å ha veg, naust og båtstø i Eikenosvågen, medan brukarane her nede fekk beiterett i fellesutmarka oppe på Emblemsfjellet. Dei fekk også rett til å hente brensel og skog til tømmer saman med Eikenosa og Hatlehol Indre. 

Ved utskiftinga i 1912 fekk kvart av bruka sine eigne utmarksteigar og ein bygde seg sel på Eikenossetra, som Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth etablerte 12 år tidlegare. Før den tid var det ein periode uten fast seter for gardane lengst vest i Emblemsbygda når «Høgstølen» ved Geitnausa vart flytta og brukarane på Matrikkelgarden Emblem bygde seg ny støl vest for Langevatnet. Eit sagn fortel at det var huldra som var så plagsom på den gamle setra. Fleire såg også «huldreflokken» i grålysninga, men dei høghalsa kyrne var hjort, som starta å etablere seg på Yksnøya og Emblems-fjellet. Det heng nok saman med klimaendringane,  med meir skog å skjule seg i og stadig mindre rovdyr utover 1800-talet. Hjortedyra vart noko nytt som emblemsbygdarane ikkje hadde kjennskap til frå før. Ein annan grunn til at ei ny seter for Eikenosa let vente på seg, var truleg at dei ikkje hadde det samme behovet. For plassemennene i Eikenos-vågen var det også billegare å mjølke dyra i friluft på dei ulike «legane». Med færre rovdyr trong ein heller ikkje å stenge dyra inne om natta, eller ha vaksne gjetarar saman med dyra sine.

Fiske og kailag

Brukarane her var avhengige av arbeid attåt gardsdrifta. Vågane låg lageleg til for fiske og tørking av både eigen fangst, og på oppdrag for andre. Dette var ein rimeleg god våg for sildefiske, så dei etablerte sitt eige sildenotlag saman med Eikenosøygarden og brukarane på Flisnes. På neset i Torevågen hadde dei notheng og brukaren på Eikenosa, den tidlegare nemnde «Kjøt-Iver», bygde køyreveg heilt frå sin eigen gard og ned til sjøen. Det er i all hovudsak den samme vegen som er i bruk i vår tid. Det vart eit kostbart prosjekt, så han søkte Borgund kommune om tilskot, men fekk berre 50 kroner. Han var også med på å etablere kaia. Den vart temmeleg populær. Forløparen til dagens Sula Bilruter, «Von-båtane» starta rutetrafikk her med motorbåtar til og frå byen. 1109b Bjarne EdvinEkornåsvåg frå Torevågen var maskinist i fleire år, og ein av fleire karar i bygda som hadde arbeid for rutelaget. Det vert fortalt at dei var nokre øre billegare enn båttilbodet frå dampskipskaia i Emblemsvågen. Då gjekk bygdefolket heller dei ekstra kilometrane til Vågane. Ein annan gjekk heller heile vegen heim att frå Ålesund, med full sildekasse, då han kom for seint til Vonbåten mot Eikenosvågen. Det var visst ikkje noko alternativt å ta båt til Emblemsvågen, eller Hammarsvikkaia, ved Løvika, sjølv om dei låg mykje nærmare heimgarden i 1917.

Næringsverksemd

På 1930-talet, i dei vanskelege mellomkrigsåra, var det mange som tenkte nytt og forsøkte seg med både ett og anna i kjellarane sine for å tene nokre ekstra kroner. Dette vart starten på møbeleventyret på Sunnmøre. Ungdommar fekk tilbod om kurs i korgfletting, treskjering, båtbygging og anna. 1109h Rolv Ekornåsvåg var den som kom lengst. Etter ei tid på Blindheim Møbelfabrikk etablerte han «Ekornåsvåg Møbelfabrikk» ved Eikenoskrysset. Denne fabrikken gav arbeid og kjærkomen inntekt til fleire i Eikenosvågen og Emblemsbygda. Faren, 1109 Nikolai Ekornåsvåg, var brevstyrar for Ekornåsvåg Brevhus frå opprettelsen 1919 til han overlet drifta til Marie Bjørkavoll på Bjørkavollen 1942. Frå brevstempelet 1920 kan ein sjå at brevhuset hadde fått namnet «Ikornåsvåg», slik Emblem hadde fått namnet sitt endra til Emleim. Oppe ved bilvegen vart det også bygd hus etter krigen med kolonialforretning i kjellaren. Den vart dreve i omlag 30 år av Petra Marie Larsd. Blindheim(6) (1915-2005) frå Blindheim og vart kalla «Petrabutikken» lokalt. Saman med Ødegård sin karosserifabrikk, snikkarverkstad i Puskhola og seinare fabrikken til Laader Berg på Flisnes frå 1960, vart øvre del av Flisneset ved Langhaugane, og myrane vidare vest mot Eikenosvågen gradvis utvida til dagens industriområde. Her har stadig fleire etablert lager og kontorareal dei seinare åra. Bygningane til Ekornåsvåg Møbelfabrikk har soleis nyleg fått selskap av eit 7500 kvadratmeter stort lager og administrasjonsbygg for Ødegaard Engros. Samtlege matvareforetningar i Emblemsbygda ligg no i dette området ved Flisneskrysset. 

Eigarane

Eikenosvågen har sort sett hatt samme eigarane som Eikenosa til omlag 1900. Sjå meir om dei der. 1853 kjøpte Ole Rasmussen Vestre Fureholmen for 50 speciedaler, men han selde den igjen til Handelsmannen Brudevold i Ålesund, som eigde Olevågen og Torevågen på samme tid. Det var først når Brudevold døydde at brukarane fekk kjøpe bruka sine i 1890-åra. Du kan lese meir om eigarane og grunneigarane i tekstane om kvart bruk.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett