Om
Torevågen
Fortalt av Nikolai
Berntsen Kvasnes Ekornåsvåg 1935
Kven som budde på garden i
1800 åra veit me ikkje, men at garden er gamal det er sikkert. Nede
ved sjøen i «Naustdalen» viser murane etter husa til ein som
heitte «Per» etternamn ukjendt. (kanskje ein av dei to brukarane som heitte Peder på garden frå 1765-1804 red. anm.)Per hadde ei jekt som han reiste på
til Bergen og Trondheim og kjøpte fisk, og levde mest av det for
jordbruket var det lite stell på avdi dei ikkje hadde noko å hjelpe
seg med.
Ein annan stad viser ogso
murar etter stovehus. Her har soleis budd ein mann frå Ørskog som
heitte Thore Lande (1809-1861 red. anm.). Thore var gift to gonger. Ein kveld han og kona (Berte Helene Knudsdotter Vestre(8) (1796-1856) red. anm.) heldt på å fiske, trefte han henne med ei «sløgje», så ho vart
drept på flekken. Sidan vart han oppat gift; men ein dag han og kona (Oline Marta Larsdotter Kilsti(304d) (1820-1861) red. anm.) hadde vore i Aalesund, og var på vegen heim kolvsigla dei att ved
«Raudeberget» og kom vekk. Dei etterlet seg ei lita jente på nokre
månar. Ho vart opfostra hjå skyldfolket sitt på Ørskog.
Garden som i dagleg tale
vert kalla «Thorevåg» er sjølvsagt oppat kalla etter Thore. Det
var ein som heitte Brudevoll som eigde garden, so Thore var berre
bygselmann. På auksjon etter Thore vart selt alt av gamle ting,
soleis eit saltkar, som finst på eon av nabogardane. Frå Brudevoll
gjekk garden over til sakfører Frisak i Aalesund. Sidan vart garden
seld til Ivar Furseth Emblem ("Kjøt-Iver" red. anm.)som også kjøpte den store fjellgarden
«Ekornås». Etter Thore kom Kristoffer Stadsnes og han var
bygselsmann i 30 år. Ivar Furseth hadde garden i 6 år. Då selde
han garden til noverande eigar for kr 2000. det var i 1903.
Husa var til nedfalls og
lite verandes for folk eller fe. Løa var svært skral soleis var
halve taket vekk. Når avlinga kom i hus hang åsane ned i ryggen på
kyrne som var skinnmagre og ikkje tolde så mange støytane. Kona til
Kristoffer som trudde det var dvergen, som skrubba op kyrne hennar,
lovde på at dvergen skulde skytast. Ho gjekk til ein av nabogutane
som hadde ei børse. Kona stod i fjøsdøra ogso ropa ho. «Kjem du
her so skal eg møte der og kjem du der skal me skyte deg!»
(begrave?) sku dei dvergen. Skyttaren var Karl Hatlehol sidan
tannlege i Oslo (Carl Olaus Hatlehol (1852-1916) frå bnr. 3 Hatlehol Ytre red. anm.). Sidan den dag har ingen sett noko likt til dverg.
Men kyrne vart ikkje feitare for det. Landet rann ikkje vekk so det
måtte ausast ut med eit (oftringsauska?) golvet var av jord og
steinheller. I fjøset var ikkje glas, berre ein glugge. Når det var
renne-fok vart dei to svarte kyrne kvite av snø og murane måtte
tettast med (....).
Huset hadde lagt nede i 6
år. Stabburet (stolpebua) som er uhorveleg gamal var ogso til
nedfalls og nytt tak måtte leggast på, so snart som råd var.
Golvet er (høgsa?) timber og det er brukt berre trenagler. Stova var
liksom best men var ikkje noko (...) den heller. Skorsteinen var
beslegjen med leir og mykje av leiret var burte so ein kunne sjå
mest fire kyrkjesogn. Vartdal, Hjørundfjord og Sykkylven, og ein
snert av Borgund. Og fyrste pinsedag ramla skorsteinen ned, og
kårmannen som sat las vangelja (evangeliet red. anm.) fekk som eit sjokk og vart sittande å
stamme ei heil stund. Han kom dog heldigvis frå det med skrekken.
På garden fanst ikkje noko
redskap, berre ein skarve slede, men her var heller ingen veg so ein
kunne køyre på, berre gangråser. Det var også lite av dyrka jord
og ulendt kvar ein vende seg. Etter kvart som garden vart dyrka og
det vart meir avling, måtte ein ha hus og ha den i. Og løa som no
stend vert bygd i 1905. Naustet vart bygd i 1907 og stovehus bygd i
1913. Sætra var bygd i 1915. Den ligg på Emblemsfjellet og vert
kalla «Røvastøl» avdi der budde ein mikkel rev. Sæter har ikkje
høyrd til garden før. Garden som ligg heilt ned til sjøen er
lagleg til fiske, so notbruk har her vore frå gamle dager og mykje
sild og sei vart teke med not og var ei god inntekt. Men no er det
svært lite av både fisk og sild.
Ja no er garden sopass dyrka
at der er for det meste slåmaskinmark. Slåmaskina var kjøpt i
1916. Plog, fjørhorv, dryftemaskin og treskemaskina var kjøpt før.
Ja den som såg garden i 1903 og siden i dag veit at det ikkje er å
kjenne igjen. Og berre ein som har teke seg i kast med slik ruskemark
veit kva det vil segje.
Ekornåsvåg den 8/12
1935
(avskrift frå handskreve
dokument som tilhøyrer Aslaug Reiten)