Garden
har fått namnet sitt frå Akslanakken, som kneisar over garden på
både godt og vondt. Skråninga bak gardshusa på hovudtunet er bratt
og full av stein og laus jord, så det er ikkje heilt fårefritt å
gå kring foten av nakkane til tider. Garden grensar mot Magerholm i
aust og Østrem og Nedregotten i vest, der Sirielva er grenseelv.
Namnet «Aksla» kjem truleg frå det gamalnorske ordet «oksl» som
igjen har utspring frå namn på lekamsdelar. I ein periode har slike
namn vore flittig brukt og ein finn fleire slike i vår eiga bygd og
områda ikring. Akslanakken består soleis av dei to ledda «aksel»
og «nakke», som båe er slike lekamsnamn. Vidare utgjer
Akslanakken, saman med Mellomstenakken og Stornakken ei markant lita
fjellrekke som vert kalla Nakkane, og som på mange måtar kan seiast
å vere det geografiske kjennemerket på bygda for den som kjem vest
ifrå. Vassnakken ved Akslasetra er eit anna eksempel på denne gamle
namngjevinga.
Historisk
sett, skal Aksla og Reiten, tidlegare kalla Østremsreit, høyrd
saman, og det var først i kring 1640 at Reiten vart skylddelt som
ein eigen gard. Reiten fekk då 1 våg skyld, medan Aksla fekk
tilsvarande mindre, til 1 1/2 våg. Dei to gardane hadde teigbytte på
innmarka og hadde felles utmark heilt fram til utskiftinga i
1890-åra.
Det er
nærast umogeleg å seie med sikkerheit kor gamal garden er, og det
er ikkje funne nokon fornfunn enno som kan gje oss nokre spor heller.
Gardsnamn og kunnskap om grannegardane kan bidra til ein påstand om
at garden vart rydda kring vikingtida, for så å verte lagd aude
etter Svartedauden.Truleg vart garden teken opp att ein gong på
1500-talet i likheit med dei fleste andre audegardane i distriktet.
Frå 1603 finst der skrivne kjelder som vitnar om at garden var i
drift og at det var 2 brukarar. Mykje tyder på at Reiten vart rydda
igjen først i 1620 og fråskild Aksla kort tid etter dette. Namnet
Austreimsreit dukkar opp i byrjinga av 1700-talet i offentlege
dokument, og årsaka er uviss, men det kan vera grunn til å tenkja
seg at nokon enten har hatt liten kunnskap om historiske forhold,
eller at gardstunet på Reiten har lagt so nært Østremstunet at ein
var sikker på at dette var eit bruk som hadde vorte skild ut frå
Østrem ein gong for lenge sidan. Det er uansett litt rart at ein i
såfall ikkje visste betre, når det berre var kring 100 år sidan
Aksla/Reiten vart delt.
Det
verkar som om Reiten har hatt eit tunstykke og eit sjøstykke mot
Nedregotten. Frå 1800, og sikkert tidlegare også, var det eit
gjerde mellom dei to tuna. Alle brukarane og plassemennene skulle
bidra til å halde dette gjerdet i stand. Aksla-bruka var så
småbytte, i eit lappeteppe av teigar, at ein i 1824 forsøkte å få
gjennomført ei utskifting: Men «man kunde ingen udsigt se til at
gaardens parter kunde samles i et stykke». Jorda
var rett og slett alt for ulik og brukarane fekk i staden kvar sin
del av dei 14 engstykka og dei 6 åkrane. Denne løysinga vart ikkje
godkjend av overoppsynet og ein måtte derfor gjera eit nytt forsøk
i 1833. Det vart no bestemt at brukarane skulle få kvar sin halvdel
av innmarka delt med ei skillelinje frå sjøen. Denne bestemmelsen
vart ikkje gjennomført, for det fanst framleis ein rekkje teigar ved
den offentlige utskiftinga i 1890-åra.
Når
utskiftinga var over i 1894, fekk dei to bruka på Aksla samla stykka
sine, medan Reiten fekk sine stykke delt i to som tidlegare. Gardane
på Aksla og Reiten har ikkje fått like god omtale opp gjennom
tidene, og har truleg slitt litt ved at dei har lagt i skyggen
nedanfor Akslanakken. Dei har slitt tidvis med grønår på
kornavlinga og har vore omtala som tungdriven. Truleg har slike
årsaker vore medverkande til at det har vore vanskeleg med
utskifting av garden og at ein difor har hatt behov for så mange
rundar. Løysinga kan truleg ha vore auka satsing på beitedyr, for
der får garden gode skussmål. Mot 1900 vart det også satsa meir på
potet og krøterhald, samstundes som brukarane har visst å nytta dei
moglegheitene dei hadde til litt ekstra innkome attåt.
I
1890 vart også utmarka utskifta. Før denne tida hadde Aksla og
Reiten felle heimeutmark mellom Aksla og Magerholm innmark. Skogen på
denne tida var mest til ved, og bruka fekk eigne skogsteigar, medan
opplagsplassane for tømmer var sams. Magerholm hadde hatt
beitefelleskap med Aksla tidlegare, men frå 1840-åra tok dette
slutt. Då hadde Brennhaugen, Krissenplassen og Nygjerdet fått
gjerda inn sine bruk. Dei stengde då for passasjen til Magerholm i
nedre-utmarka. Aksla og Reiten sette samstundes opp gjerde på
smånakkane for å frede beite og slåttemarkane der. Brukarane på
Aksla måtte drive dyra sine gjennom tunet på Reiten for å få
krøtera sine på beite i Reiteløypa. I 1811 klaga brukaren på
Reiten over at dyra gjekk lause gjennom tunet hans.
Forlikskommisjonen bestemde difor at dyra skulle følgast både
morgon og kveld.
Brukarane
på Aksla hadde eiga høyløe oppe på nakkane frå 1880 og dreiv ein
del slått der oppe. I tillegg hadde både Aksla og Reiten eigne
tømmerløyper, frå gamalt av, og fjøsar like ovanfor tunet på
Reiten. Alle bruka hadde tidlegare seter austanfor Østremsetervatnet.
Setra til Aksla heitte Urdastølen, medan Reiten kalla si seter for
Reitesetra. Begge setrane vart flytta vestanfor vatnet då fjellvegen
kom. Mauritz Akslen har fortalt meir om dette i både eit eige skriv
om gardsdrifta og i intervju med Sigurd Langleite. Begge desse
tekstane kan du lesa her på www.emblemsbygda.com.
Gardane har óg hatt eigne kvenner i Storelva til omlag 1920. Aksla
skal og ha hatt ei eiga flaumsag frå byrjinga av 1600-talet, som
Borgund-presten åtte og dreiv. Her vart det skore årleg om lag
20-30 tylfter bord fram til skogen vart nedhoggen etter berre 30 år.
Ein veit ikkje kvar Aksla-saga stod, men i nyare tid har Reiten fått
seg eiga sag i Sirielva, og den same elva har truleg gjeve vatn til
Akslasaga også. Då Reitesaga vart bygd, kring 1920, var den
vassdriven, men etter kvart fekk den motordrift. Du kan også lesa
meir om saga på Reiten på ei eiga underside.
Fiske
har vore viktig for aksla-karane. I likheit med resten av bygda, har
dei har hatt tørkeplassar for fisk på berga. Aksla hadde sine
plassar frå Kvalen og vestover mot Nedregotten. Karl O. Emblem
fortel også, i eit skriv om fiske, at Iver Østremsreit på Reiten
var kaptein og hadde fiskebåt kring 1930. Aksla og Reiten har truleg
alltid hatt felles naustrett i Stampevika, medan Brennhaugen hadde
sitt naust på Nedregotten
Det finst ikkje opplysningar
om eigarar på Akslagardane før i 1626 og då var det Borgund
prestebol som åtte garden. Det verkar som om begge gardane har vore
prestegods, for borgund-prestane heilt fram til brukarane fekk kjøpe
gardane sine. Aksla var først ute i 1832 (og Høla i 1846), medan
Reiten vart kjøpt i 1833. Bruka vart sidan hefta med ei årleg
avgift på 1 tønne bygg kvar til borgundpresten, men denne avgifta
er no løyst inn.
Du vil finne meir
informasjon om brukarane og dei enkelte gardane på eigne undersider
for kvart bruk.