"Geografiske tilhøve" av Karl O. Emblem

På denne undersida kan du få læra meir om geografien og dei gamle namna på vatn, haugar, skar og nakkar i bygda. Det er sjølvsagt Karl O. Emblem som er forfattaren av denne teksten. God lesnad.

Namnet Emblemsbygda dekkjer området frå Hesseberg i aust til grensa mellom Emblemsvåg og Flisnes i vest. Garden Hesseberg vart overført frå Skodje kommune til Borgund kommune i 1916 og vart då ein del av Emblemsbygda.Bygda er i dag ein samnemner for desse gardane:  Magerholm gnr. 1,  Aksla gnr 2,  Østremsreit eller Reiten gnr. 3, Østrem gnr. 4,  Nedregotten gnr. 5,  Emblem gnr. 6,  Emblemsvåg gnr. 7,  Røssevoll gnr. 8,  og Hesseberg gnr. 190. I Hans Strøms "Søndmørs Beskrivelse" er også desse gardane nemde under Emblemsbygda: Eikenos gnr. 9,  Hatlehol gnr. 10,  ekornåsvåg gnr. 11, Ødegård gnr 12,  (frå gammalt av kalla Puskeødegård),  Flisnes gnr. 13 og Flishol - Havnevik gnr. 14.

Bygda grenser i sør til Storfjorden i heile si lengde. I aust til Skodje kommune og i nord til Vasstrand og Spjelkavik si fjellmark.Mot vest har bygda som nemnt framfor,  grense mot Flisnes, men også mot Eikenos og Blindheimsbygda si fjellmark. Heile bygda har også ei samla flatevidd på kring 20 kvadratkilometer. Det meste av dette er fjellmark. Bygda si fjellmark er såleis ein vesentleg del av det som populært vert kalla Emblemsfjellet. Fjellmarka vår har ei mengd namn som anten har eller held på å gå i gløymeboka, eller er vorte vandaliserte eller forvanska til det ukjennelege. eg skal ta med det som eg veit eller hugsar.

Vatna:

Lengst i vest ligg det 4 vatn som vandalane i teknisk etat har døypt slik at namna her er blitt den reine meiningsløyse. Det fyrste vi skal nemne er Skjellbruvatnet som av tekniske etater er kalla Røssevollvatnet.  ved utskiftinga i 1887 - 1892 vart namnet korrekt oversett til "Skillebrovand". Namnet har si naturlege forklaring. Skjellbruvatnet er vatnet som ligg ved himmelbrua der jord og himmel møtest. Lenger aust har vi eit namn som har same opphav:  Austremsbruna. Ovanfor Skjellbruvatnet har vi Strokevatnet. Dette kallar teknisk etat for Skjellbreivatnet. Noko slikt namn finst det ikkje korkje på kart eller i folketradisjon. at dette vatnet Strokevatnet - også har si naturlege forklaring heng slik saman: Før vatnet vart regulert hadde det to utlaup, eit i vestre og eit i austre enden. Etter sterk nedbør kom soleis to elvar rennende i stryk nedover fjellsidene og ned i Emblemsdalen. Det er desse elvestryka som har gitt vatnet namnet Strokevatnet. Nordvest for dette vatnet ligg Blindheimsvatnet. Å kalle dette vatnet for Strokevatnet, slik teknisk etat gjer, må vere det reine tøv. før reguleringa av vatnet var avløpet ei blindelv som rann ned i ei stor urd. Nokre strok eller stryk finn ein såleis ikkje her.

Det fjerde vatnet ligg nordaust for Strokevatnet. Dette vatnet vart av teknokratane kalla Austrevatnet. Dette er også galt. Vatnet heiter Haugstølvatnet eller Haustølvatnet etter ei urgamal sæter som låg sørvest for vatnet. Sætra vart fråflytta eller flytt inn til Langevatnet for di huldra var så plagsam.Namnet på dei andre vatna er det ingen usemje om. Det er Langevatnet, Sætrevatnet, som også i gamle skrifter vert kalla Østremsvatnet, Svartevatnet, Hesteskatvatnet og Melsvatnet.

Kubbar,  nakkar og haugar:


Lengst i vest har vi Hynaken, det er der Ivar Aasen-hytta stend. den neste nakken er Røssevollnakken eller Årenakken. Skaret mellom desse nakkane heiter Skitneskaret eller Skjetneskaret. Videre austover har vi Bjønnanakken - Store og Lille. Den neste er Feiskarnakken. Skaret mellom Bjønnanakken og Feiskarnakken heiter Feiskaret. Lenger aust og rett opp for bygda ligg Rotanakken. Rett nord for Rotanakken ligg Breiskarnakken Denne nakken ender i nord i ein spiss topp som har namnet Ryssdalshornet. Dette hornet er endepunktet for Ryssdalen som jeng i sørvestlig retning mor Bjønnanakken. I denne delen er der ei kjend kilde som heiter Ølkånå. Skaret mellom Breiskarnakken og småkubbane lenger aust heiter Breiskaret. Tungeskaret ligg rett nordvest frå Rotanakken mot Ryssdalen, mellom Rotanakken i sør og Breiskaret i nord ligg det nokre småhaugar, desse heiter Haukarhaugane. Det var dit fram bygdefolket gjekk for å hauke og lokke etter kyrne når det vart lenge før dei kom nedatt om kveldane. Dette var om forsumaren før dei flytte på sætra
Ved breiskaret tek den lange fjellrekka som heiter Kubbane til. Fyrst Småkubbane som stopper ved Høgkubbeskaret. Så kjem Høgkubben og dei andre kubbane innover mot Langevassenden. Ein av desse Kubbane heiter Grøtkubben. Der finn vi også Nergotskoppen og Rogneskaret.

Nord for Kubbane og Ryssdalshornet går Emblemsdalen frå Skjellbruvatnet og til Langevatnet. Nord for Emblemsdalen mellom gamle Emblemsæter og Haustølvatnet ligg eit heller flatvore fjelparti som vert kalla Heiane. I nord sluttar desse heiane i eit stup ned mot Brusdalsvatnet. Lengst i nord er høgaste toppen kalla Geitnausa. Lengst i sør, mot Emblemsdalen ligg Nonshaugen. Aust for Langevatnet er der ei skogkledd li som heiter Langvasslia. Her stig det opp mot høgaste kollen på Emblemsfjellet, Gråsteinsegga. Frå dette fjellet har ein eit flott utsyn over store delar av Sunnmøre. Det gjeng tradisjon om at ein frå dette fjellet skal sjå 7 kyrkjer. Gjeng vi sørover langs grensa til skodje har vi Skøra eller Skuren som dei skreiv i gamle dagar, og så har vi Urastølen og Koltheia. vi nærmar oss så Maraftafjellet som også er eit høgt fjell. Sør for Sætrevatnet ligg Vassnakken og så kjem vi til det mest synlege og karakteristiske fjellet: Akslanakken. Kjende lokale namn her er Koppen og Hiet - Bjønnahiet.

Til slutt skal eg nemne det store og temmelg flate partiet som har fellesnamnet Myrane. Det strekkjer seg frå den nye Emblemsætra i vest og til Sætrevatnet i aust, og frå Kubbane i nord til Austremsbruna i sør.

Om forfattaren

Karl O Emblem var fødd i 1907 bruksnr. 6, Steffågarden på Emblem. Han overtok garden i 1942, Både Karl O og kona Sanna Kvassnes (1905) var særs intresserte i bokleg lærdom, og nytta det meste av fritida til nettopp lesing. Karl skreiv også ein heil del og var særlig interessert i historie. Han har enten skrive sjølv, eller vorte intervjua i ein rekkje av tekstane som du finn på denne websida. Desse bidraga er ei uvurderleg kilde til kunnskap for dei av oss som kjem etter.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE