Underleg
nok er det ikkje skrive noko om dei ulike elvane og grovene i
Emblemsbygda. Eg har difor tatt fatt på dette arbeidet, i håp om å
få hjelp og nyttige innspel frå dykk som les denne vesle teksten.
Det er meiniga å oppdatere den etterkvart som nye opplysningar kjem
fram. Det finst ei rekke småelvar og grover i bygda vår. For å
skillje dei to begrepa, så har eg vald å halde meg til følgande
enkle definisjonar.
Ei
«grov» vert ofte nytta om ein liten bekk som ikkje har noko synleg
utgangspunkt i eit vatn. Den stammar frå eit oppkome, ei myr eller
underjordisk vassreservoar. Ei «elv» er som regel større og har
utgangspunkt i eit vatn. Desse definisjonane er først og fremst mine
eigne, for det er ikkje like enkelt i verkelegheita. Me vil også
møte på eit problem i forbindelse med Eiteårna i Magerholmdalen.
Målet med denne teksten har ikkje vore å definere dei ulike
vasskjeldene, men derimot å finne fram til dei lokale namna. Eg vil
soleis starte med å skrive om grovene, før eg byrjar på elvane. Eg
har også skrive om dei i den rekkefølga dei har frå aust til vest
i Emblemsbygda.
1)
Grovene:
Sirigrova
Eg
har vore vand med å seie Sirielva, men det korrekte namnet er
«Sirigrova». Som tidlegare nemnd er grov ei småelv utan opphav frå
noko vatn. Den stammar truleg frå eit oppkome i nærleiken av Koppen
like nord for Stornakken. Her er det i alle fall vassig og små
myrhøler der hjorten trivst godt. Lenger nede har Abrahamsgarden
brønn og sjølv om grova ikkje er av dei største, så har den vore
til god nytte for gardane ikring. På Reiten har den tidlegare gjeve
kraft til saga i flaumtider, og truleg meir enn det også. I
Steinsgarden på Austrem hadde dei ein fossekall nede i Sirigrova som
var kobla til band som gjekk heilt opp på låven. Naboguten Alfred
Østrem skal ha fortalt at den gongen han var gutonge i
Abrahamsgarden, så hadde dei ein del moro med dette bandet. I
austveggen på låven var det skore små hol til banda som vart festa
til truskemaskina. Når den vart stogga, så stoppa også bandet å
gå. I ein slik pause festa gutefantane ein lang hesjestaur på tvers
i dette bandet. Når truskemaskina så var sett i gong igjen, så tok
det ikkje lange stunda før stauren small i løveggen og kjipte dei
på innsida. Dette var nok i Knut Østrem si tid som brukar.
Eg
skal ikkje seie for sikkert at det ikkje har vore noko kvenn i
Sirigrova i det heile, men dei eg kjenner til har berre stått i
Storelva. På den andre sida så har den vore ei trygg vasskjelde.
Mauritz Akslen frå Høla skreiv i si tid at den gongen han var born,
kring 1920, så gjekk dei dit for å hente vatn når den næraste
bekken var tom. Dette var som regel som følge av frost og kulde.
Sirigrova passerar dagens hovudveg omlag der som undergongen og
bilvegen ned til Løvika går i våre dagar. Grova renn ut i fjorden
like aust for Steffånaustet i Østremsvika. Det er der som mellom
anna Østremsgardane har nausta sine.
Litlegrova
Denne
vesle grova stammar ikkje frå noko vatn. Kan hende er det snakk om
eit eller fleire oppkome i fjellsida ovanfor Legane like vest for
Rotanakken. Det er også mogeleg at det er vasom har vorte samla til
ei småelv i heimeutmarka mellom Solvang og Fursetgarden. Grova kjem
ned aust for tunet i Fursetgarden, forsett nedover markane som ein
gong låg midt på stykket til Jakobgarden. Den rundar det øvste
vestlege hjørnet av kunstgrasbana på Ebbemyra, passerar
Ebbegardstunet før den renn omtrent inntil vestveggen av bygget som
ein gong husa Emblem S-Lag og renn ut i Storelva før Fossheim og
Trollfossen. Namnet finn ein mellom anna i Bygselskontrakta til Johan
Elias Nikolai Nilsen Emblem si bygselskontrakt på Jakobgarden i 1871
og ved utskiftinga av heimeutmarka frå 1930. I den første ble alt
korrekt skrevet i formelle termer. Namnet ble derfor «Lillegroven»,
medan det i utskiftingsdokumenta vart nytta folkeleg uttale og difor
«Litlegrova». Uttalen av dette namnet har truleg vore noko slik som
«Isjlegrovå».Namnet
har kome bort dei seinare åra på både kart og folkemunne. Ingen
som eg har snakka med hadde høyrt om noko namn på denne grova. Det
er difor på tide at me byrjar å nytte namnet igjen.
Meierigrova?
Om noko slikt namn har vorte nytta, så har namnet hatt temmeleg kort
historisk varigheit. Smørmeieriet på Emblem vart bygd på
1890-talet og nedlagd i 1906. Grunnen til at eg undrar meg på om
nokon kunstig grov kan ha hatt eit slikt namn er at eg veit at ein
laga fleire slike namn på Emblem. Ovanfor Skillingen låg det i si
tid ein dam som vart nytta av emblemsborna til å gå på skeisser
godt inn på 1900-talet. Det var truleg ein kunstig dam som vart
kalla «Meieridammen» på folkemunne. Den vart seinare tørrlagd og
dyrka opp av Ebbe-Elias. Vest for Ebbegarden, der meieriet ein gong
låg, har eit myrlendt område fått namnet «Meierimyra». Det kan
difor vera grunn til å tru at den kunstige grova som gjekk frå
Meieridammen mot Røssevollelva kan ha fått namnet Meierigrova. Var
den derimot lagd i rør, så har det kanskje ikkje vore noko grovnamn
i det heile.
Emblemsvågsgrova?
Der er ei lita grov som byrjar ferda si ovanfor Auregarden, aust for
Ystebøen. Det er mogeleg at dette er samme grova som også renn
austover mot meieridammen og Røssevollelva like ovanfor Auregarden
og Steffågarden. Problemet er at eg ikkje har funne noko namn på
denne grova enno. Det er mogeleg at den har hatt eit praktisk namn
etter ein nærliggande gard slik som Sirigrova (frå Sirigarden på
Nedregotten) På den andre sida så har nabogrovene fått namn som
Ystegrova og Litlegrova. Kan det vera at denne har hatt ein liknande
eigenskap eller plassering? I så fall kan mellomstegrova ha vore eit
høveleg namn, men her trengst det nitidig leiting i gamle
bygselskontrakter og skiftepapir før ein kan nærma seg eit fullgodt
svar. Er det nokon som har eit svar eller forslag, så er det berre å
ta kontakt. Grova renn forbi Auregarden og passerar Sjursgarden på
vegen mot Emblemsvågen og Jaktevika der nausta stend i våre dagar.
Kanskje kan den ha hatt eit namn som Emblemsvågsgrova også, men
dette er berre spekulasjon frå mi side.
Ystegrova
Denne grova har eg ikkje att i noko dokument enno, men den har vorte
nytta på folkemunne i nyare tid og kan vere eit gammalt namn. Den
kjem frå ein stad kring Eikenosa og renn ut i Emblemsvågen. Her er
det heller ikkje noko opphav frå eit vatn. Det er også mogeleg at
namnet har samanheng med at Ystebøen er er den «yste» garden på
matrikkelgarden Emblem. I så fall kan namnet stamma frå tida kring
utskiftinga på Ystebøen i 1834. Det samme namnet kan også stemme
for gardane på Røssevollen som i si tid vart flytta frå
fellestunet på Emblem.
2) Elvane:
Eiteråna
Denne elva kan per
tidlegare nemnd definisjon vere ei grov i staden for ei elv.
Størrelsen på Eiteråna oppe i Magerholmdalen kan også høve til
dette. Eg har likevel vald å sette den opp som elv, for den har
tidlegare vorte omtala som nettopp det. Ei elv kan også ha eit
opphav utan noko vatn, slik som Eiteråna. Eg undrar meg på om
oppkoma der elva tek til kan stamme frå Svartevatnet, men der er
sjølvsagt mange andre mogelegheiter. Elva har del i ei artig lita
historie frå den gongen Lars Flydal var lærar på Emblem Skule. Det
var eksamen i geografi på folkeskulen, og ein av lærarane frå dei
tilgrensande skulane skulle vere sensor medan Lars skulle stå for
utspøringa. Slike eksamenar var ikkje noko som elevane tok lett på
i dei dagar. Nervøsiteten var til å ta og kjenne på og når motet
svikta, så kunne elevar verte ståande fast på sjølv sjølv dei
enklaste spørsmåla. I dette tilfellet gjaldt spørsmålet namn på
elvar i Norge. Karl O. Emblem frå Steffågarden fortalde den på
følgande måte i si tid:
«Han
visste at det var ei elv sør i Norge som hadde omtrent same navn som
ei av elvane her i bygda - Sira (Sirielva) - men så var han snar og
brende til: Eitråna! Ein flink gut forresten. Det røynte nokså
hardt på nervane åt ungane å skulle vere oppe til desse prøvene.
Enkelte fekk ikkje virkeleg vise kva dei var gode for. Me var alle
sammen då. Men me var nå framskula då, dei fleste var då ferdige
med si skulegang, berre sjeldan at noken gjekk vidare på andre
skular.»
Storelva
er det namnet som eg er vand med å bruke på elva som kjem frå
Setrevatnet og Melsvatnet. Den renn nedover ved Grønevollen og
svingar vestover mot Emblem Skule før den renn vidare nedover via
Trollfossen til Hatlebakken (Kaldhusgarden) og renn ut i fjorden på
Emblemsanden. Dette er den største elva i bygda og det er truleg
størrelsen som har gjeve elva dette namnet, som også er registrert
på moderne kart i våre dagar, men eg kan ikkje finne hald i at
dette namnet har vorte nytta i tidlegare tider. Eg vil tru at den har
hatt eit anna namn og truleg fleire óg. Eg skal gjere nærare
opplysningar om desse namna lenger ned i denne teksten.
Østremselva
Østremselvens vassdrag vert nytta i ei kontrakt som vart
underskriven den 12. juni i 1917. Grunneigarane selde då fallretten
til ein Kaptein Hamre. Kontrakta gav kjøparen rett til å utnytte
både elva, tilstøtande elvar og vatn til oppdemming og produksjon
av elektrisk straum. Det vart som kjend ikkje noko av denne
utbygginga fordi ein valde å satse stort i Tafjordfjella i staden.
Men namnet har truleg vorte nytta av i alle fall brukarane på Østrem
og Nedregotten, og eg vil tru at namnet Østremselva vart nytta i
resten av bygda også kring 1900. Det er mogeleg at brukarane hadde
nytta namnet i sin barndom også, og då kan Østremselva ha vorte
nytta lenger attende i tid.
Det er mogeleg at elvanamna kan ha tilpassa seg kva gard dei
passerte. Det er i alle fall hald for denne påstanden i dette
tilfellet. Det er også mogeleg at Den ein gong har heitt Østremselva
heile vegen, for ved enden på elva nede i Kriken hadde
Østremsgardane også ein opplagsplass for tømmer og enden på
tømmerløypa si i eldre tid. Hatlebakken er ein nyare gard som vart
sett saman av mark frå fleire gardar. På den tida tømmerløypa var
i drift på 1600-talet, var Nedregotten ein del av Østremsgardane.
Østrem hadde då grense mot denne elva heilt til sjøen. Det er
difor mogeleg at den har heitt Østremselva, eller kanskje
Østrimbselva i stil med danske varierande skrivemåtar på denne
tida.
Emblemselva
Namnet dukkar opp i forbindelse med eit dokument frå 1932, der
grunneigarane i Hatlebakken og Løvika skreiv under på ei kontrakt
der dei godtok nedtapping av elva. Årsaka er truleg bygging av
Røssevolldemninga og røyrleidningar. Namnet er kun nytta i
forbindelse med desse to gardstuna og det er mogeleg at Østremselva
skifta namn når den kom inn på emblemsgardane og Nedregotten sine
områder. Kor lenge nmnet har vorte nytta er eg enno usikker på.
Røssevollelva
Kan ha samme opphav som Emblemselva og Østremselva ved at den får
namnet frå garden den passerar. Det er også mogeleg at elva har
fått dette namnet i nyare tid, men sidan dette namnet er med på dei
dei offisielle gardskarta, så kan det ha eit eldre opphav. Namnet på
elva kan ha skifta kring garden Elverum eller Trollfossen til
Emblemselva som er nemnd ovanfor.