Matrikkelgarden Hesseberg

Skissa er laga av Ragnar Øverlid og publisert første gong i Borgundboka, gardsoga for Borgund bind 4.

Flyfoto av Hesseberggardane i våre dagar.

 

Hesseberg ligg like aust for Magerholm. Garden har opphaveleg vore ein del av Skodje kommune, men vart overført til Borgund i 1916, etter ein kongeleg resolusjon hausten 1915. Hesseberg har vore temmeleg isolert i tidlegare tider, og det vart ikkje bygd veg dit før i 1946. Ein finn fleire giftarmål mellom ungdomar frå Hesseberg og Magerholm kring 1900, og det var no båten som vart mest nytta, så heilt isolerte kan dei likevel ikkje ha vore. I nyare tid har dei hatt god kontakt med både Magerholm og plassefolket oppe i Magerholmdalen, men det er grunn til å tru at hessebergfolket og magerholmfolket tradisjonelt har nytta ulike kyrkjer, trass kort veg mellom gardane. Hesseberg sokna lenge til Skodje og Ørskog, medan Magerholm var del av Borgund. No fortel riktig nok Kåre Magerholm at plassefolket i Magerholmdalen like godt kunne velje å ro til Sykkylven kyrkje, og dette vart også meir vanleg for Hesseberg-gardane etter 1916, så dei kan ha hatt nokre slike samlingspunkt likevel. Det var først når vegen til Magerholm kom at ein byrja å reise til Borgund kyrkje i staden. I selskapsliv heldt dei seg mest heime på gardane på Hesseberg.

Gardsnamnet kan kome av det gamle ordet «esja» eller «hesja». I følge K. Rygh sine nedteikningar om norske gardsnamn, har betydninga ingen ting med slått eller den meir moderne betydninga av ei hesje å gjere. Ordet har vore nytta om «bløde stenarter» og Esjeberg kan da bety «et berg som inneheld slike mjuke steinartar. Hesseberg er med andre ord ei meir moderne avleiing av namnet Esjeberg eller Esjuberg. Det er grunn til å sette ein samanheng mellom gardsnamnet og kalkåra som kjem opp i dagen ei rekke stader nede på berga langs fjorden i bygda vår. Det er også omlag på Hesseberg at denne åra skiftar retning under fjorden mot Sykkylven. Brenning av kalk vert omtala allereie i middelalderen i Norge. På Magerholm finn ein dessutan restar av to kalkomnar frå slutten at 1800-talet og det er ikkje dei einaste her i distriktet. Det har óg vore leita etter andre metall, som sølv på Hesseberg. Dette er eit mjukt metall og kan komme fram i dagen som årar i fjellet, men denne leitinga fann truleg stad først på slutten av 1800-talet og eventuelle tidlegare funn har neppe hatt nokon påverknad på gardsnamnet. Det er meir sannsynleg at ein har fundert over den kvite kalksteinen som låg strødd ikring på berga, som om det var fjorden som hadde kasta dei opp på land. Resten av berget var porøst og hadde knekt av i store flak over kalkåra. Sjøen hadde vidare polert stykker av kalksteinen som låg att, og det ville ikkje forbause meg om slikt syn kan ha påverka namnevalet.

Den fyrste gongen me kan finna garden i skriftlege kjelder, var i 1603. Gardsnammnet har hatt ei rekke utgåver fram til det fekk si noverande form i 1723. Heßberg er den første utgåva. Deretter finn ein Hessebierig (1606 og 1617), Heßelberg (1616) og Hesßeberg i 1666. Den korte tida mellom dei ulike skrivemåtane kan tyda på meir mote eller skribentens manglande kjennskap til staden, enn offisielle endringar av skrivemåten. Den lokale uttalen har derimot truleg vore temmeleg stabil dei siste 300 åra og vore hæ´ssebærg.

Alderen på garden er enno uviss og det er ingen fornfunn på garden. Gardsnamnet, og det faktum at den har vore kyrkjegods, kan tyda på ein høg alder. Truleg vart Hesseberg rydda kring vikingtida. Den fyrste skrivne kjelda fortel om ein brukar, Peder Hesseberg, men allereie 4 år etter i 1607 var det to brukarar og dei hadde like store bruk. Kring 1800 vart garden Bryggjå utskild frå Oppgigard og skyldsett som eige bruk i 1883. Det har dessutan vore ein husmannsplass i Kristivikja, men der var det lite jord og plassen vart lagt ned. Krissen Magerholm fortalde P. Stensager kring 1920 at det var ein plassemann der tidlegare som heitte Joakim. Det var ein pussig gamal mann frå Norfjord som hadde vore med i krigen og fortalde muntert ei rekkje historier derifrå. Den eine broren til Kristen gifta seg med dottera til Joakim, som skal ha vore den siste plassemannen i Kristivikja. Kring 1920 hadde husmannsplassen vore ein del av hovudbruket i fleire år allereie, og det er ikkje mogeleg å finne plassen i 1865-tellinga.

Dei to hovudbruka, Oppigard og Nerigard, har truleg aldri hatt noko felles klengetun. Dette er unikt, for alle dei andre gamle gardane i bygda vår har alle vore samla i slike store tun i tidlegare tider. Dette er også hovudregelen for dei fleste gardane i vårt distrikt før utskiftinga. Gardane har heller ikkje noko spor av teigblanding. Begge bruka har derimot hatt tuna sine oppe på flata der dei framleis ligg og vore skilde av Storhaugen. Kanskje har dei geologiske forholda spela ei rolle når dei bestemte kvar tuna skulle liggje og at det har vore gode grunnar for å la vere å samle tuna. Ein kan også hevde at brukarane har vore framsynte, når dei klarte å dele bruka så godt frå starten av. Opphaveleg har forskjellege områder på innmarka, med ulike jordkvalitetar, vore eit stridsområde når gardane vart oppdelte. Det har dessutan vore så små bøter med god jord og denne har igjen vore så spreidd at det ikkje har vore mogeleg å einast om deling av større samanhengande stykker før oppdyrkinga for alvor skaut fart etter 1850. På Hesseberg kan forholda ha vore heilt annerleis og stykka så like at det ikkje har vore behov for ei teigblanding i det heile. Jorda har derimot vore grunn og difor ikkje vasssjuk, men det har vore stort behov for gjødsling.Hesseberg-tuna har nytta vasskrafta til både tresking og kvenner. Gardane har hatt god tilgang på sol og havre og blandkorn vaks godt i dei lune åkrane, før korndyrkinga tok slutt etter den 2. verdskrigen.

Hesseberg har hatt nok inkome til at ein har hatt hest. Elles har dei hatt både kyr, sauer og geit. Geitene har truleg klart å utnytte godt beitet i dei bratte fjellsidene. Innmarka ga derimot ikkje nok gras til vinterforinga, så dei har hatt behov for utmarkslått både ovanfor og nedanfor innmarka. Nerigard hadde eiga høyløe nede ved strandkanten, som dei henta tørrgraset frå når det andre høyet frå innmarka var brukt opp. Eg kjenner ikkje til nokon høyløe på fjellet. Mykje av innmarka var dessutan såpass bratt at brukarane på Nerigard ofte måtte ty til handemakt når høyet skulle berast i hus. Hesten lunka etter og nappa i høybøra i staden for å bere det. I tillegg til høy, vart lauv og skav frå osp nytta til vinterforing. Gardane hadde både somarfjøsar og ei eiga seter oppe i lia. Sommarfjøsane vart nytta fram til jonsok, medan seterdrifta var frå omlag jonsok til barsok. Hessebergsetra låg omlag ein halv times gange frå garden og ein måtte ha vaksne gjetarar, for det var tidlegare mykje rovdyr. Segnene fortel om både ulv og gaupe, medan stadsnamna «Bjønnaholå» og «Bjønnagravå» vitnar om endå større rovdyr også. Kåre Magerholm fortel om bjønnajag i teksten sin om plassefolket i Magerholmdalen, like ved, og kring 1920 vart det samla inn ei rekkje historier om bjørn og ulv på Emblem.

Det har alltid vore brukbart med skog på Hesseberg. Truleg har dette samanheng med at skogsdrifta var så vanskeleg. Ein måtte bryta fram tømmeret med handmakt ned til fjorden og fløte tømmeret til gardsaga, som låg like ved på Oppigard. Dette kan forklara at saga hadde driftsgrunnlag heilt til 1960-talet og at brukarane ikkje trong spa torv til brensel. Derimot selde dei ved til byen attåt, og ein rotur til byen kring 1900 kunne gje omlag 7-8 kroner per favn, slik at dei kunne få kjøpt med seg ein mjølsekk heimatt. Det har ikkje vore mogeleg å brødfø gardsfolket av gardsdrifta åleine, så det var truleg fisket som gav inntektene. Alle brukarane, som ein kjenner, har dreve havfiske og Leif Blindheim (f. 1911) på Bryggjå var til og med kvalfangar i Sørishavet på Thor Dahl sine ekspedisjonar. Alle gardane har hatt eigne tørkeplassar for fisk, og dei leverte tørrfisk til Oscar Larsen i Ålesund. Oscar slektar frå nabogarden Magerholm, og bedrifta har vore markant i Ålesundshandelen. Hesseberg har i tilllegg vore ein god lakseplass.

Borna sokna til Honnindalsgrenda skule, før garden vart del av Borgund herred i 1916. Dei kunne då vere innlosjert der inne i mellom ei og to veker av gongen. Brukarane hadde også pliktarbeid på vegen i Dragsundet, den gongen dei var del av Skodje Kommune. Dei leidde då hestane innover ei rås langs stranda og fekk låne reiskap der inne. På slike pliktdagar måtte dei som regel vere der heile dagen og vel så det. Etter at vegen til Magerholm stod ferdig, fekk dei betre forbinding med Borgund og Ålesund. No auka dyrkinga av hagebær i omfang og dei byrja å selje fersk bær. Levering av fersk mjølk til meieriet vart også sett i gong samstundes. Tidlegare hadde dei stort sett levert ferdige og haldbare produkt som ost, mjølk og geitost til byen. I 1962 stod vegen til Heggebakk ferdig og då vart tunet i Oppigard endra til ei gjenomfartsåre med huset og løa på kvar si side av fylkesvegen.

 

Ein veit med sikkerheit at garden var kyrkjegods frå mellomalderen. I 1647 åtte presten i Ørskog og Ørsta kyrkje kvar sin del, medan sykkylvskyrkja og Marie-prebende var eigarar av kvar sine halvpartar i 1723. Brygja, bruk nr. 3 vart først kjøpt til sjølveige kring 1900, medan dei to andre gardane kom etter litt seinare. Du kan lesa meir om dei einskilde gardane på eigne undersider etter kvart.

Ivar A Hesseberg 29.10.2013 13:52

Interessant å lese om dette.
Min onkel som har detaltinformasjon kunne nok supplert enda mer.

Svein Ove 11.11.2013 17:15

Det høres flott ut. Jeg håper å finne tak i informasjonen i Pantebøkene også etterhvert, men opplysninger fra slekta er det aller beste

Ivar A Hesseberg 11.11.2013 16:06

Jeg kommer gjerne tilbake etter hvert mer mer informasjon i tillegg til det du har. Imponerende at du har funnet informsjon så langt tilbake i tid, mye nytt!

Svein Ove 29.10.2013 22:09

Heisann!
Dette er bare det som jeg har funnet så langt, og jeg er stadig på jakt etter mer fra den som måtte ha tekst, informasjon eller bilder

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett