EIKENOSØYGARDEN

Kjelde: Google Maps

Garden ligg i eit dalsøkk lengst vest i Emblemsbygda og er grensegard mot Blindheim. Den vesle elva som renn ned dalen vert kalla «Puskelva». 

Området har truleg hatt busetting svært langt attende. 5 steinøkser er funne på garden. Fire av desse er funne i Ramsvika nærare sjøen og ei skaftholøks vart funne i brattbakken mellom elva og gardsvegen, sør for stova til Peder Åkernes på bnr. 1 Utigard. Funnet er omtala i Bergen Museum si tilvekstliste frå 1933. Gardsnamnet stammar truleg frå slutten av 1500-talet då bruket vart rydda på nytt under Eikenosa etter Svartedauden. 

Om gardsnamnet

Den første kjende eigaren betalte øydegardskatt, men kalla seg Puskeset. Det er truleg eit enno eldre namn på bruket og vitnar om at garden kan stamme frå Vikingtida. Eikenosøygarden er med andre ord omtrent like gamal som Eikenosa. Puskeset-namnet vart stadig nemnd utover 1600- og 1700-talet, og stadnamnet «Puskhola» er framleis i bruk. Det er vanskeleg å seie sikkert kva namnet stammar frå. «Pjuskete», i tydinga stakkarsleg eller stusseleg har vore nemnd, medan namnegranskaren Oluf Rygh hevda at det stamma frå det gamalnorske ordet Puki, som tyder «smådjevel». Det vart nytta som tilnamn på folk i middelalderen. Frå svensk kan ein også ta med betydninga «pukkel» eller «pukkelrygg». I nyare tid har den lokale namnegranskaren Johan Krogsæter lagt til to nye tydingar frå tilsvarande namn i fylket vårt. Den eine er at det kan ha noko med hulder eller underjordiske å gjere. Det liknar også på tilnamnet smådjevel ovanfor. Den andre tydinga har han henta frå presten Hans Strøm. Det var visst slik at hestefolk måtte passe på at dyra ikkje åt eit slags skadeleg gras på veg gjennom Pusken. Det kan minne litt om bruken av namnet til bruk nummer 2 ,«Ramsvika», nede ved sjøen. Åt kyrne ramslauk, når dei beita der, så sette det bismak på mjølka. Dyra måtte derfor passast på i det området. Kan det ha vore slik ved Puskeset også?

Frå eitt til fleire bruk

Der var kun ein brukar på Eikenosøygarden før 1640. Etter den tid vart bruket delt i to like bruk, Utigard og Framigard. Kring 1760 vert den første husmannsplassen, «Hatlehol Ytre», nemnd under garden. Den var ein del av Eikenosøygarden heiltfram til 1890. Ramsvika vart frådelt kring 1830, mens Bjørkavollen vart delt frå Utigard i 1907. Bruk nummer 5 er i dag det bruket som ligg nærmast Blindheim. Det eldste tunet er truleg Utigard og låg høgare enn dagens gamletun frå 1840-åra. Det skal ha lagt nær utmarksgjerdet. På 1960-talet var det framleis mogeleg å sjå merke  etter murane. Om Framigard hadde husa sine der i byrjinga er uvisst, men staden har sikker vassforsyning og heiter framleis «Gamletuftene». Eit stykke der oppe vart også kalla «Løåkeren». 

Gamletunet

Det eldste innmarksområdet vart rydda oppe i bakkane kring dei gamle tuna, for der var jorda betre drenert og lettare å dyrke. På flatene nærmare sjøen var der meir myr, som krevde meir arbeid. Fleire av desse områda vart derfor først drenerte i nyare tid. Flata der «Nextcar» nyleg bygde bilforretning, vest for «Ødegård Karosseri», vart truleg dyrka opp og grøfta til inngjerda slåttemarksteigar etter 1850-åra. I 1896 vart Eikenosøygarden del av utskiftinga i Emblemsbygda. Den vesle «Puskelva» kan ha delt Utigard frå Framigard, men der fanst unntak frå denne regelen, slik at også Utigard skulle få nok partar av den beste åkerjorda. Ein kjenner ikkje til teigblanding mellom dei to første bruka. «Byteelva», er ei anna elv, som går oppe i utmarka nordvest for heile Øydegarden og skiller Blindheim frå Emblemsbygda i vest. Byteelva møter Puskelva i Kvernhusdalen nedanfor dagens Hatlehol kirkegard.

Utmarka til Eikenosøygarden har vore felles med resten av Emblemsbygda i eldre tid. 1890 vart det halde utskifting og då fekk gardane eigne fjellteigar i staden. Garden fekk då eit samanhengande stykke frå fjord til fjell ved grensa mot Blindheim. Brukarane har stort sett hatt nok skog til eige bruk og dei leverte også trevare frå eiga sag på 1900-talet. Den vart sett opp der kvernhusa stod tidlegare. 1233 Ole Ødegård frå Framigard starta det som kan ha vore den første snikkarverkstaden i Borgund 1912. Han starta også opp karosseriverkstaden i Puskhola. 1942 vart Brevhuset i Eikenosvågen flytta frå Torevågen til Bjørkavollen. Marie Bjørkavoll dreiv brevhuset frå kjøkkenbordet, som var tilpassa formålet med skuffer til stempel og det ho elles behøvde. Posten vart på den tida levert med Emblemsruta og henta nede ved bilvegen, som låg litt nærmare tunet enn i våre dagar. Eikenosvåg Brevhus vart lagd ned 1965.

Seterdrifta

Kyrne vart gjerne mjølka sommarstid ved Bulegane, omlag der den øvste slåttemarka til Eikenosa ligg i dag, på vegen til hytta til ungdomslaget Ivar Aasen. Dyra vart ført opp til utmarka like vest for dette stykket mot turparkeringa, som ligg ovanfor Eikenostuna i våre dagar. Sauene vart helst sendt innover til Ørskog på beite der. Årsaka var at dei elles helst ville beite på emblemsgardane sine fjellbeite. Ein har også hatt sommarfjøsar i Seterdalen mellom Bjønnalogen og Røssevollvatnet. Sommarfjøsane vart etter kvart innreidde for overnatting, men mjølka vart tidlegare bore ned til garden etter kveldstellet. Går ein lenger attende i tid, så må gardane ha hatt meir solid innkvartering. Lokale namn som Bjønnalogen ber bod om bjørnen, som var ei plage fram mot midten av 1800-talet. Den la seg ofte ned opp under fjellhammaren på Eikenosa og slo seg fleire gongar inn i fjøsen der. Framigard hadde ein gamal sommerfjøs i  nærleiken. Bjørnen klarte ofte å komme seg gjennom taket der for å drepe kviger eller småfe. 1232 Johan Rasmussen Ødegård (1853-1940) fortalde at det fortsatt var merke etter bjørneklørne på 1920-talet.

Eigarane

Rosenkrantz-godset eigde garden, som vart kalla «Eikenoshol» i 1624. Etter dette fekk garden samme eigar som Emblemsvågen. Det var borgarmeister Rasmus Larsen i Bergen 1645. Så tok sonen hans, Otte Rasmussen Stud, over før borgundpresten Kristoffer Hiermann kjøpte eigedommen 1683. Neste eigar var Johan Finde 1699, før Jørgen Høgh vart eigar til Eikenosøygarden ved makeskifte med prost Peter Finde 1721. Ole Honningdal kjøpte så garden for 122 riksdaler i 1771 på auksjonen etter Høgh. Han selde Framigard bnr. 3 til brukaren Halvor Jakobsen Emblemsvåg det samme året. Du kan lesa meir om eigarane der i teksten om brukarane. 1771 kjøpte Ole Olsen Gjøsundseter Utigard bnr. 1. Han skøytte bruket vidare 1806 til Knut Olson Blindheim. Petter Hansen Riksheimgjerde vart neste eigar på bruket i 1837 og garden vart først seld til brukaren, Andreas Jensen, av etterkommarane til Petter i 1873. Resten av historien om eigarane her kan du lese meir om under kvart enkelt bruk.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett