Næringsliv i bygda

Bussane til Emblemsbygda Billag på rekke og rad framom Ungdomshuset. Du kan også sjå gamleskulen på Skaret i bakgrunnen.

Gardane i Emblemsbygda har neppe vore den einaste næringsvegen for brukarane. Så langt attende som me kan finne hald i skriftlege kjelder, har emblemsbygdaren hatt behov for ei attåtnæring av eit eller anna slag. Eg kallar ikkje alt for næringsliv i moderne forstand, men på ein eller annan måte, har folk i bygda hatt behov for å enten skaffa seg meir mat, eller bytte varer mot pengar eller varer, slik at ein kunne få fatt i det ein behøvde.

Fiske har nok vore den næringa som har lengst tradisjon. Det er grunn til å tru at dei fyrste menneska som kom hit, var nettopp fangstfolk, med fisk som hovudsyssel. Det er funne ein bearbeida stein ved Trollfossen som kan vere heile 7000 år gamal, og i Skylehammaren har ein funne spor etter menneske frå før folkevandringstida. Etter kvart vart sesongbaserte fangstturar til Sunnmøre endra til fast busetting og gardsdrift, men me ser at dei fortsette å drive sjøen attåt. Kaupangen i Borgund fortel om ein levande handel før Ålesund vart handelstad, og varer som mellom anna skinn og tørrfisk hadde kjøparinteresser langt frå vårt eige land. Nokon måtte drive denne fangsten, og det var som regel kystbøndene som selde fisken til oppkjøparane på handelstadane. Kring 1630 våga stadig fleire av sunnmørsbøndene seg heilt ut på Storegga i åpne robåtar med segl, og frå denne tida er det truleg at husbonden sitt ansvar gjekk meir og meir i retning av å ta seg av sesongfisket, medan husmora dreiv garden og tok seg av borna i lengre periodar av året mellom onnene. Fisket var større enn behovet og dermed må det ha gjeve ei ekstra inntekt også. Denne attåtnæringa var særs vanleg før dei store trålarane og fangstskutene eter kvart tok over ut på 1900-talet.

På 1600-talet vart sal av tømmer og sagbruk ei god attåtnæring, men her var det etter kvart eigarane ,og ikkje så mange av brukarane, som fekk fortenesta. Interessa for plank og rundtømmer var så stor i Europa at ein hogde ned nesten all skogen som fanst på Sunnmøre. Før den tid var det god skogvekst på nesen kvart øy og kvar nes, men etter den tid vart ein mest avhengig av å tørke torv til brensel. I Larsgarden på Østrem nytta ein torvbrenning langt ut på 1900-talet og ein kan sjå på bilete frå bygda kring 1910 at det var temmeleg snautt oppe i fjellsidene. No er dette ikkje heile sannheita, for ein kan finna at skog til brensel har vore nytta frå 1868, men ser ein attende til 1803, så har gardane på Østrem kun hatt einekratt, torv og lyng til brensel, medan ein hadde nok brensel i 1723 og likeeins i 1667. Det er ikkje nemnd noko om gardane har hatt skog til tømmer frå 1600-talet og fram til slutten av 1700-talet. Frå 1803 og til 1868 er det derimot påpeika at det ikkje er tømmer på garden, og opplysningane er identiske for gardane Nedregotten og Emblem. Magerholm var den einaste garden, der skogsaudingane ikkje var like omfattande. og Der inne har dei hatt skog i 1723, samt «ein del skog til husreparasjon» allereie i 1803. Alle gardane hadde flaumsager og skatta for mellom 20 og 40 tylfter, men frå slutten av 1700-talet var dei fleste sagene truleg vekke. Dette er eit godt teikn på kor det stod til med skogsdrifta óg. Sjølv om det var eigarar som prestar, godseigarar og amtmenn som tok det meste av gevinsten frå trelasthandelen, så har det nok like vel vore behov for tømmerhoggerar og folk på sagbruka. Det vart dermed litt inntekt på brukarane og husmennene også. Kanskje kan slikt arbeid ha hatt ein positiv påverknad på dei små husmannsplassane og fjordastovene, utan noko jord, som vaks opp kring 1600 også.

Utover 1800-talet, mot vår eiga tid, har nye attåtnæringar kome til. På Magerholmen har det vore drive både overnattingstad på sjølve holmen, skyssstasjon med båt, kalkomn, trelasthandel og sjølvsagt fergestad. I tillegg kunne ein på byrjinga av 1900-talet finna snikkerverkstad i kjellaren i Berntsenhuset. Ludvik hadde vore i USA og lært seg å lime glas. Denne kunnskapen nytta han til å lage butikkinnreiing på oppdrag. Like ved satt Kristen og laga treskaft for ljå og stuttorv. Han dreiv som så mange andre plassemenn også med kolmine i utmarka. Kristen hadde funne seg ein smart måte å male dei på og han hadde sin eigen farge, «kristenblå». Nede ved trekaia var det kafé og Tore i Mageholmvika var skipper på den fyrste ferga, «Raana». Her har eg berre nemnd nokre få av dei som budde på Magerholmen, men som du kan sjå så dreiv mange av dei med småskala produksjon, eller leigde ut arbeidskrafta si. På hovudbruket kunne ein mellom anna finne enkene Anna Klausdotter Emblem og Lina Hansdotter Hesseberg, som hadde særskild husholdning og strikka på oppdrag for folk i bygda. Ungane vart sendt av garde med heimelaga garn, og dei gamle damene var ikkje så heilt nådig om tråden var for tjukk eller «full av kalvehaud», som var dårleg spunne garn. Det er mogeleg at desse to hadde strikkemaskine også. Bygda var med andre ord full av folk som baud på tenestar ved sidan av gardsdrifta i enten periodar eller heile året i gjennom. Vi har hatt ei rekke skomakerar, smed, skipperar, båtbyggjerar, og då har eg enno ikkje komen fram til dei mest opplagte næringsdrivande, slik som handelsmenn.

På denne undersida vil eg forsøke å fortelje litt om alle desse, store som små. For å få til dette, så treng eg hjelp av deg. For fleire av desse har eg enno ikkje noko bilete eller informasjon om, så har du noko som kan nyttast, må du ta kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett