Matrikkelgarden Emblem har
gjeve namn åt bygda, og er truleg den eldste garden, som dei andre
matrikkelgardane kan ha vorte utskild frå. Emblem, kjem av den
gamalnorske forma Imileimar eller Imilheimr. I følge K. Rygh, som
gav ut bok om dei norske gardsnamna kring 1900, så kan første
leddet, imil ha betyding i nærleiken av støv eller damp, og då er
det nærliggande å tru at det har ein samanheng med at garden ligg i
nærleiken av to elvar, og Skjelbruvatnet har vore den nærmaste av
desse. Strókevatnet ovanfor Skjellbruvatnet kan og ha ei liknande
tyding.
I skriftlege kjelder har
gardsnamnet vorte skrive i ulike variantar. Den eldste skrivne forma
er «af Imileimum». Ei tid vart namnet skrive Ymelem og Ymlen, før
ein kan finne Emblenn i 1603, og Embelem i 1606. I 1617 og 1666 finn
ein stavinga Emblemb, før namnet Emblem dukkar opp i 1723. Sidan den
tid har ein veksla litt mellom Emlem og Emblem i skriftlege kilder og
dokument, utan at det har vore nokon fast regel korleis ein skulle
stave. Tidlegare har mange trudd att b-en kom inn først på
1900-talet, men kyrkjebøker og skøyter viser noko anna. Ser ein
nærare på foreksempel Andreas Ole Johan Knutsen Emblem(1834-1922),
med tilnamnet «Sjurs-Ole», så har han nytta begge stavemåtane om
kvarandre. Ein har og nytta skrivemåten Emleim i nyare tid, og denne
forma finn ein også på kart og skilt den dag i dag.
Emblem har høg alder, og
det er ein rekke fornfunn som støttar opp om dette. Det er truleg at
garden er frå før vikingtida, for heim-endinga i namnet er av dei
eldste som me har i Norge. Bård på Emblem, er den fyrste brukaren
som me kan finna i skriftlege kjelder på 1200-talet. Det er og funne
eldre spor av menneske ved Skylehammaren som kan vere frå
Steinalderen, og i allefall før folkevandringstida. Det verkar ikkje
som om garden har vore nokon audegard, for parten som
Erke-bispestolen åtte tidlegare vart bygsla bort i 1440. 1520 finn
me to brukarar på Emblem, Hallstein og Bottolv, men på slutten av
1500-talet vart garden delt i 6 bruk, og har for det meste vore delt
i 6 like store bruk sidan den tid. Det har vore ei rekkje plassebruk
under hovudbruka. Dei fleste har vorte sjølvstendige bruk, medan
nokre få har vorte inndrege under hovudbruket igjen. Magnusplassen
er eit eksempel på dette. I 1905 var det totalt 17 bruksnummer på
Emblem, og i dag er det svært mange bruksnummer om ein tek med alle
hustomtene og hyttetomtene attpå. Det er årsaka til at bygdeboka
valde å ha eit minstemål på storleik/skyld. Bakdelen med dette
valet er at fleire husmannsplassar har vorte utelatte og gløymd for
ettertida.
Fram til 1830 var garden
teigbytt og gardstuna var samla i eit klengetun kring staden der
gamlehuset i Steffågarden står i dag. Staden vert framleis kalla
«Tuftene», og gamlestova i Steffågarden står framleis på sin
opphavelege plass. Brukarane hadde faste teigar i åkrane, medan
slåttemarka gjekk på omgang frå år til år. I 1834 fekk Ystebøen
utskifting og samla nestan all jorda si i eit stykke, med unntak av
litt åkerland. Året etter var det dei andre gardane sin tur, og dei
fleste fekk samla all jorda si, medan Steffågarden og Ebbegarden
måtte delast i to teigar kvar, for at reknestykket skulle gå i hop.
Det vart dyrka havre, bygg
og blandkorn, ved sida av poteta, som var ein nykommar på
1800-talet. Det finst også spor etter ein linåker på Meierimyra
ved elva like aust for eldrebustadane. Som for dei fleste gardane i
bygda, så tok korndyrkinga slutt kring 2. verdskrigen og ein valde å
satse på hagebær og grønsaker i staden. Slåttemarkene låg på
flatene nedanfor tuftene og fortsette truleg lenger austover mot
staden der tunet i Ebbegarden ligg i dag.
Utmarka i Emblemsbygda var
felles til 1890-åra. Etter den tid skaut dyrkinga for alvor fart, og
ein valde å satsa mest på mjølkeproduksjon, der dyra byrja å
beita på heimmarka og samanhengen mellom kvaliteten på graset og
mengden med mjølk fekk meir fokus. Meieribestyrar R. P. Mork, var
ein av pådrivarane for å få betre foringskvalitet heile året
framfor den tradisjonelle svelteforinga i vårknipa. Med innføring
av guano og, kunstgjødsel samt ny-dyrkingstilskot, så vart det
lettare å kultivere jorda betre og å få meir mat frå kvar
kvadratmeter. Før utskiftinga hadde alle gardane sommarfjøsane sine
i Geila ved tuftene, Etter utskiftinga flytta dei fleste gardane tuna
sine ut frå klengetunet og flytta fjøsen sin ovanfor eigen bøgard.
Bruka som ikkje grensa direkte til utmarka, hadde fjøsar på Legane
i heimeutmarka. Setra har vorte flytt minst to gongar. Den fyrste
flyttinga me kjenner til er frå Haustølvatnet til Emblemsdalen,
vest for Langevatnet. Sidan vart sela flytte til enten Skillingsetra
eller Auresetra, nærare fjellvegen frå Akslen og Østrem.
Emblemsgardane fekk heimeutmarka si utskift i 1928. Seterdrifta tok
slutt til omlag 1940, kun 3 år etter at Aslaug Østrem hadde setra i
Ystebøselet som den site budeia på den gamle emblemstra i
Emblemsdalen.
I likheit med fleire av dei
andre matrikkelgardane i bygda så hadde også Emblem flaumsag.
Kvennhusa stod langs Skjellbruvasselva (Røssevollelva) frå
utmarksgarden og ned åt bygdevegen. Hatlebakken hadde si kvenn
nedanfor Trollfossen og tok i mot korn frå frå andre gardar, i
tillegg til sitt eige. Hovudbruka fekk etter kvart vassdrivne
treskemasiner og grov seg grøfter frå elva til å drive
vasskallen. I 1910 vart vasskrafta erstatta av motordrift Dei fleste
kvennene vart nedlagde kring 1920, medan korndyrkinga heldt fram i
kring 20 år til. Dei siste åra måtte ein ut av bygda for å få
male kornet sitt og det vart tungvint.
Nausta og opplagsplassane
til Emblemsgardane ligg i Emblemsvågen. Fisket har spela ei stor
rolle for gardbrukarane like til 1950-åra. Før fisket vart
heilårsyrke, hadde garden eigne båtar til både fjordfiske og
utasundsfiske på mellom anna Storegga. Då var det emblemskara som
bemanna båtane og dei kunne vere vekke i lengre periodar utanom
onnene. Garden har og hatt eige laksevarp på Bruraholmen, på
stranda mellom Flisneset og Emblemsvåg. Emblem hadde einerett på
fisketørking på holmen, etter gamelt hevd, men det var ein tungvint
tørkeplass, så dei har og leigd seg plassar i nærleiken.
Erkebispestolen har i si tid
ått ein del av Emblem, men då bispegodset vart lagt under kongen,
så kan ein sjå att krongodset kun var på 1/2 våg, medan den
resterande 1 1/2 våg må ha kome over på private hender i staden. I
1648 hadde Margrete-Prebenet eigerinteresser Vidare har Noregs
statthaldar og greve, Hannibal Schested, ått ein del av garden, før
eigeluten vart del av Giske-godset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd
og amtmann Hagerup har alle kjøpt den samme gardparten etter
kvarandre. Ein annan gardpart, på 4 1/2 våg fiskeleige, har også
hatt ei rekke eigarar opp gjennom tidene. Den starta som
Rosenkranz-gods i 1624, før borgermester Rasmus Larsen i Bergen
kjøpte parten i 1646. Dei neste i eigarrekkefølga var Henning
Hansen på Giske, Prost Christopher Hiermand, og Rasmus Smit, I
første halvdel av 1700-talet var familien Castberg eigerar, før
handelsmann J. A. Heide arva dei 4 1/2 vågane og vart eineeigar av
heile Emblem. Då Heide døydde i 1809 vart det halde auksjon og A.
N. Heide og Knut Danholm i Kristiansund fekk tilslaget på ein
halvpart kvar. Borgundboka fortel at dei etter kvart selde gardane
til brukarane på Emblem, men det stemmer ikkje heilt, for Danholm
var død før gardane vart selde. I eit intervju, med handelsmann
Lars Olsen Emblem, på Elvarum kring 1920, kjem det fram at ei enke
med namnet Bruun, frå Kristiansund har ått heile garden. Truleg kan
dette vera Maren Bruun, som var dottera til Knut Danholm og enka
etter Christian Bruun (1785-1829). Knut Danholm døydde truleg også
i 1829, og fleire av gardane har vorte selde etter den tida kring
1841-1850-åra. Lars har med andre ord truleg rett i sin påstand.
Meir informasjon om kvart
enkelt bruk vil du finne på undersidene her på www.emblemsbygda.com
etter kvart.
-->