Matrikkelgarden Emblem

Hannibal Sehested (1609-1666) var ein dansk statsmann og greve. Han var statthalder i Norge 1642–1651. Han fekk til ei markant utvikling av det norske statsapparatet. Sehested var også deleigar i garden Emblem.

Biletet av Emblem er tatt av stavanger-fotografen Steinkopf-Wold ein gong kring 1910.

Matrikkelgarden Emblem har gjeve namn åt bygda, og er truleg den eldste garden, som dei andre matrikkelgardane kan ha vorte utskild frå. Emblem, kjem av den gamalnorske forma Imileimar eller Imilheimr. I følge K. Rygh, som gav ut bok om dei norske gardsnamna kring 1900, så kan første leddet, imil ha betyding i nærleiken av støv eller damp, og då er det nærliggande å tru at det har ein samanheng med at garden ligg i nærleiken av to elvar, og Skjelbruvatnet har vore den nærmaste av desse. Strókevatnet ovanfor Skjellbruvatnet kan og ha ei liknande tyding.

I skriftlege kjelder har gardsnamnet vorte skrive i ulike variantar. Den eldste skrivne forma er «af Imileimum». Ei tid vart namnet skrive Ymelem og Ymlen, før ein kan finne Emblenn i 1603, og Embelem i 1606. I 1617 og 1666 finn ein stavinga Emblemb, før namnet Emblem dukkar opp i 1723. Sidan den tid har ein veksla litt mellom Emlem og Emblem i skriftlege kilder og dokument, utan at det har vore nokon fast regel korleis ein skulle stave. Tidlegare har mange trudd att b-en kom inn først på 1900-talet, men kyrkjebøker og skøyter viser noko anna. Ser ein nærare på foreksempel Andreas Ole Johan Knutsen Emblem(1834-1922), med tilnamnet «Sjurs-Ole», så har han nytta begge stavemåtane om kvarandre. Ein har og nytta skrivemåten Emleim i nyare tid, og denne forma finn ein også på kart og skilt den dag i dag.

Emblem har høg alder, og det er ein rekke fornfunn som støttar opp om dette. Det er truleg at garden er frå før vikingtida, for heim-endinga i namnet er av dei eldste som me har i Norge. Bård på Emblem, er den fyrste brukaren som me kan finna i skriftlege kjelder på 1200-talet. Det er og funne eldre spor av menneske ved Skylehammaren som kan vere frå Steinalderen, og i allefall før folkevandringstida. Det verkar ikkje som om garden har vore nokon audegard, for parten som Erke-bispestolen åtte tidlegare vart bygsla bort i 1440. 1520 finn me to brukarar på Emblem, Hallstein og Bottolv, men på slutten av 1500-talet vart garden delt i 6 bruk, og har for det meste vore delt i 6 like store bruk sidan den tid. Det har vore ei rekkje plassebruk under hovudbruka. Dei fleste har vorte sjølvstendige bruk, medan nokre få har vorte inndrege under hovudbruket igjen. Magnusplassen er eit eksempel på dette. I 1905 var det totalt 17 bruksnummer på Emblem, og i dag er det svært mange bruksnummer om ein tek med alle hustomtene og hyttetomtene attpå. Det er årsaka til at bygdeboka valde å ha eit minstemål på storleik/skyld. Bakdelen med dette valet er at fleire husmannsplassar har vorte utelatte og gløymd for ettertida.

Fram til 1830 var garden teigbytt og gardstuna var samla i eit klengetun kring staden der gamlehuset i Steffågarden står i dag. Staden vert framleis kalla «Tuftene», og gamlestova i Steffågarden står framleis på sin opphavelege plass. Brukarane hadde faste teigar i åkrane, medan slåttemarka gjekk på omgang frå år til år. I 1834 fekk Ystebøen utskifting og samla nestan all jorda si i eit stykke, med unntak av litt åkerland. Året etter var det dei andre gardane sin tur, og dei fleste fekk samla all jorda si, medan Steffågarden og Ebbegarden måtte delast i to teigar kvar, for at reknestykket skulle gå i hop.

Det vart dyrka havre, bygg og blandkorn, ved sida av poteta, som var ein nykommar på 1800-talet. Det finst også spor etter ein linåker på Meierimyra ved elva like aust for eldrebustadane. Som for dei fleste gardane i bygda, så tok korndyrkinga slutt kring 2. verdskrigen og ein valde å satse på hagebær og grønsaker i staden. Slåttemarkene låg på flatene nedanfor tuftene og fortsette truleg lenger austover mot staden der tunet i Ebbegarden ligg i dag.

Utmarka i Emblemsbygda var felles til 1890-åra. Etter den tid skaut dyrkinga for alvor fart, og ein valde å satsa mest på mjølkeproduksjon, der dyra byrja å beita på heimmarka og samanhengen mellom kvaliteten på graset og mengden med mjølk fekk meir fokus. Meieribestyrar R. P. Mork, var ein av pådrivarane for å få betre foringskvalitet heile året framfor den tradisjonelle svelteforinga i vårknipa. Med innføring av guano og, kunstgjødsel samt ny-dyrkingstilskot, så vart det lettare å kultivere jorda betre og å få meir mat frå kvar kvadratmeter. Før utskiftinga hadde alle gardane sommarfjøsane sine i Geila ved tuftene, Etter utskiftinga flytta dei fleste gardane tuna sine ut frå klengetunet og flytta fjøsen sin ovanfor eigen bøgard. Bruka som ikkje grensa direkte til utmarka, hadde fjøsar på Legane i heimeutmarka. Setra har vorte flytt minst to gongar. Den fyrste flyttinga me kjenner til er frå Haustølvatnet til Emblemsdalen, vest for Langevatnet. Sidan vart sela flytte til enten Skillingsetra eller Auresetra, nærare fjellvegen frå Akslen og Østrem. Emblemsgardane fekk heimeutmarka si utskift i 1928. Seterdrifta tok slutt til omlag 1940, kun 3 år etter at Aslaug Østrem hadde setra i Ystebøselet som den site budeia på den gamle emblemstra i Emblemsdalen.

I likheit med fleire av dei andre matrikkelgardane i bygda så hadde også Emblem flaumsag. Kvennhusa stod langs Skjellbruvasselva (Røssevollelva) frå utmarksgarden og ned åt bygdevegen. Hatlebakken hadde si kvenn nedanfor Trollfossen og tok i mot korn frå frå andre gardar, i tillegg til sitt eige. Hovudbruka fekk etter kvart vassdrivne treskemasiner og grov seg grøfter frå elva til å drive vasskallen. I 1910 vart vasskrafta erstatta av motordrift Dei fleste kvennene vart nedlagde kring 1920, medan korndyrkinga heldt fram i kring 20 år til. Dei siste åra måtte ein ut av bygda for å få male kornet sitt og det vart tungvint.

Nausta og opplagsplassane til Emblemsgardane ligg i Emblemsvågen. Fisket har spela ei stor rolle for gardbrukarane like til 1950-åra. Før fisket vart heilårsyrke, hadde garden eigne båtar til både fjordfiske og utasundsfiske på mellom anna Storegga. Då var det emblemskara som bemanna båtane og dei kunne vere vekke i lengre periodar utanom onnene. Garden har og hatt eige laksevarp på Bruraholmen, på stranda mellom Flisneset og Emblemsvåg. Emblem hadde einerett på fisketørking på holmen, etter gamelt hevd, men det var ein tungvint tørkeplass, så dei har og leigd seg plassar i nærleiken.

Erkebispestolen har i si tid ått ein del av Emblem, men då bispegodset vart lagt under kongen, så kan ein sjå att krongodset kun var på 1/2 våg, medan den resterande 1 1/2 våg må ha kome over på private hender i staden. I 1648 hadde Margrete-Prebenet eigerinteresser Vidare har Noregs statthaldar og greve, Hannibal Schested, ått ein del av garden, før eigeluten vart del av Giske-godset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup har alle kjøpt den samme gardparten etter kvarandre. Ein annan gardpart, på 4 1/2 våg fiskeleige, har også hatt ei rekke eigarar opp gjennom tidene. Den starta som Rosenkranz-gods i 1624, før borgermester Rasmus Larsen i Bergen kjøpte parten i 1646. Dei neste i eigarrekkefølga var Henning Hansen på Giske, Prost Christopher Hiermand, og Rasmus Smit, I første halvdel av 1700-talet var familien Castberg eigerar, før handelsmann J. A. Heide arva dei 4 1/2 vågane og vart eineeigar av heile Emblem. Då Heide døydde i 1809 vart det halde auksjon og A. N. Heide og Knut Danholm i Kristiansund fekk tilslaget på ein halvpart kvar. Borgundboka fortel at dei etter kvart selde gardane til brukarane på Emblem, men det stemmer ikkje heilt, for Danholm var død før gardane vart selde. I eit intervju, med handelsmann Lars Olsen Emblem, på Elvarum kring 1920, kjem det fram at ei enke med namnet Bruun, frå Kristiansund har ått heile garden. Truleg kan dette vera Maren Bruun, som var dottera til Knut Danholm og enka etter Christian Bruun (1785-1829). Knut Danholm døydde truleg også i 1829, og fleire av gardane har vorte selde etter den tida kring 1841-1850-åra. Lars har med andre ord truleg rett i sin påstand.

Meir informasjon om kvart enkelt bruk vil du finne på undersidene her på www.emblemsbygda.com etter kvart.

-->

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Terje Aarset, Ørsta | Svar 11.02.2018 22.47

Det ligg eit bilete av Stavanger-fotografen Steinkopf Wold under garden Emblem. Er det nokon som veit kva for nummer dette kortet har?

Svein Ove Østrem 12.02.2018 12.17

Heisann! kopien er dessverre utan nummer. Det vart seld i kommisjon på butikken i bygda i pakkar på 50 og 100 stk. med fotografens namn. Eg har fleire bilete.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE