Matrikkelgarden Røssevoll
ligg høgare oppe i fjellsida ovanfor gardsbruka som tilhøyrer
Emblem.
Garden vart tidlegare rekna
som tungdriven og utsett for grønår. Det er ikkje så lett å seie
kor gamal garden er, men gardsnamnet er ei avledning frå det
gamlnorske ordet «ryssa», som tyder merr eller hoppe. Det er
nærliggande å tru at vollen nær garden kan ha vore nytta til
foreksempel hesteal. Om garden har vore der på den tida, er
vanskeleg å seie, men det er truleg. Røsevollen har vore
prestebolgods og slike godssamlingar stammar som regel frå katolsk
tid, så garden kan ha eksistert før 1300. Etter Svartedauden låg
garden aude, til ein gong ut på 1500-talet, før den vart rydda på
nytt. I 1603 finn ein 2 brukarar på garden, men allereie i 1609 fekk
garden dagens inndeling i 3 like store bruk. Etter 1860 vart det også
rydda 2 husmannsplassar.
Innmarka vart utskifta i
1837, og før den tid var det tradisjonelt teigbytte. Klengetunet låg
mellom Hansgarden og Pe-garden. Husa låg tett saman, medan løene
stod ende mot ende i ei nord-sør retning. Hans i Hansgarden flytte
tunet sitt lenger aust, enn der dei står i dag, men eit snøras tok
stabburet kring 1880, og då vart tunet flytta nærare gamletunet
igjen. Innmarka hadde såpass stor kvalitetsforskjell at det ikkje
var mogeleg å dele garden inn i tre samanhengande stykker. Løysinga
vart då å dela inn slik at kvar gard fekk 2 teigar kvar. Hansgarden
fekk eit stykke lengst aust og lengst vest, medan dei to andre
gardane delte på dei 4 teigane i midten. Det vestlegaste stykket til
Hansgarden vart i 1920 utskild som eige gardsbruk i 1920 og fekk
namnet Voll. Fram og utanfor tunstaden låg gamleåkrane. «Fløtane»
var dei største, og på den beste jorda låg «Hampåkren». Det
vart dyrka mest havre og blandkorn, og frå 1800-talet satsa ein i
tillegg på bygg. Gardane låg sopass høgt at det ikkje kan ha vore
så lett å få kornet i hus før frosten. Det var nok først med
poteta at det vart lettare å sikra seg brukbar avling kvart år, men
likevel var det korndyrking på Røssevollen heilt til andre
verdskrig. Garden hadde eigne kverner i elva aust for garden som vart
nytta til omlag 1940.Vasskrafta vart og nytta til
tresking i nyare tid.
Utmarka til Røssevollen har
vore sams med dei øvrige emblemsgardane, før utmarka vart utskifta
i 1890-åra. Garden har og hatt eiga flaumsag tidleg på 1600-talet,
som skatta for 10-12 tylfter bord. Ei tylft er ei gamal mengdeeinig
som tilsvarar 12 einingar. Eg er ikkje så sikker på kor stor del av
den totale tømmermengda som skulle beskattast på den tida, men 12
tylfter kan svare til omlag 144 tømmerstokkar for året, medan det
reelle uttaket av skog må ha vore langt høgare, for allereie i
1667, er det berre vedaskog attende. Flaumsaga kan ha stått ved elva
i nærleiken av kvennene. Røssevoll og Emblem har alltid hatt
oppdemmingsrett i Skjellbruvatnet, Strokevatnet og Haustølvatnet.
Denne retten gjaldt tresking, vasshjulsdrift, kvenndrift og sagbruk.
Som elles i bygda, så vart også skogen på Røssevollen uthoggen
mellom 16- og 1700-talet. Brennselet på garden var etter den tida,
mest torv, og garden hadde torvmyrane sine vest for tunet og nord for
Hynakken.
Garden hadde ikkje eiga
seter i 1723 og det var først i 1910 at dei bygde seterhus vest for
Skjellbruvatnet. Garden låg dessutan så høgt at dei nok ikkje har
hatt behov for eiga seter tidlegare.
Røsevollen har hatt nok for
til dyra sine på innmarka og seterdrifta tok slutt i 1938.
Plassebrukarane har ikkje hatt like gode forhold, og dei måtte som
regel drive slått innover fjellet. Det vert fortalt om Lars og Ane,
på plassen Nygjerdet, at dei saman med folket på Rognereiten dreiv
mykje utmarksslått innover fjellet på nattestid. Lars var
tømmermann på dagtid, og då måtte arbeid på eigen plass gjerast
om kvelden og natta. Ved sida av gardsdrifta, har fiske vore særs
viktig for brukarane på Røssevollen. Opplagsplass og naustrettar
har dei hatt i Emblemsvågen. Som regel har dei drive fiske med
færing, men Hans Røssevoll hadde kring 1900 ein åttring, og sidan
dekksbåt.
Etter 1945 vart det stadig
mindre gårdsdrift på Røssevollen og dei fleste brukarane fekk seg
fast arbeid attåt.
Det har ikkje vore like
mykje eigarskifte på Røssevollen som elles i bygda. Garden har
truleg vore prestegods heilt attende til katolsk tid. Garden har hatt
uvanleg høg skyld, og i 1626 var denne på 2 1/2 våg, medan
Nedregotten berre hadde 1 1/2 våg. Dette kan vera ein rest frå føre
Svartedauden der det var trangt om plassen og mange jordeigarar kunne
ta seg godt betalt frå undersåttane. Etter reformasjonen var det
Borgundpresten som åtte garden, og sjølv etter at brukarane fekk
kjøpe bruka sine i 1840-åra, så måtte dei tre brukarane fortsette
å betale 1 tønne bygg for året i avgift til presten i Borgund.
Avgifta er no for lengst innløyst.
Nærare opplysningar om dei
einskilde bruka kan du etter kvart finne i eigne undersider her på
Emblemsbygda.com