Matrikkelgarden Emblemsvåg

Emblemsvåg, matrikkelgard nr. 7, har truleg vore ein del av garden Emblem. Emblemsvågen kan ha vorte skild ut som eigen gard ein gong på 1500-talet. Gravhaugar, og fornfunn i mellom anna Kleberhammaren, støttar opp om at det har vore busetnad der sidan folkevandringstida.Dette var på ei tid då garden Emblem må ha gått heilt ned til sjøen og det er då truleg slik at den fyrste gardbrukaren som me kjenner namnet på på Emblem, Bård, er også den fyrste kjende brukaren av stykket som skulle verte garden Emblemsvåg. Me finn «Bård på Emblem» på 1200-talet og garden vart truleg ikkje liggjande aude etter Svartedauden.

K. Rygh skriv om gardsnamnet at det kring 1900 vart uttala æ´mmlemmsvåg, og slik er omlag uttalen fortsatt. Våg-namnet har vore med i alle kjende skriftlege kjelder. I 1603 finn vi det meir forfina namnet Woigen, og tre år seinare nyttar ein Wogenn, før namnet blir meir tilpassa uttalen til Waagen i 1666 og deretter Emblemsvaag i 1723. Emblem kjem truleg av det gamle norrøne namnet «imileimr» som kan ha betydd noko slik som støv eller damp. Det kan ha ein samanheng med ei av elvene som renn gjennom bygda. Heim-namna er av dei eldste gardsnamna i landet, og gardsnamnet kan truleg fortella oss at Emblem er den eldste garden i bygda.

Me veit ikkje så mykje om den første tida etter at Emblemsvågen vart eigen gard, men det var berre eit bruk på garden i tida frå 1603-1712. Samstundes er det nemnd fleire husmannsplassar også, men det er ikkje funne nokon nærare beskrivelse av kvar dei låg, og om det var snakk om plassebruk med jord, eller berre husmann-stover med leigd hustomt. Den første husmannsplassen me kjenner namnet på var Vågen som vart rydda like før 1700. Dette er truleg identisk med bruket Plassevågen som seinare fekk bruksnummer 7. Etter kvart vart det også rydda fleire plassar utover 1800-talet. Om dette var heilt nye husmannsplassar, eller om det var snakk om nyrydding av tidlegare plassebruk, er eg ikkje så sikker på.

Bruka i Emblemsvågen var i likheit med dei andre gardane i bygda samla i eigne klengetun. Dette varte heilt fram til utskiftinga i 1907. Dei to hovudbruka Knutgarden og Antonesgarden hadde opphaveleg 10-15 teigar kvar, og desse jordbøtene var sirleg utpeikt av brukarane slik at begge hadde mest muleg like forhold med like mykje god og dårleg slåttemark kring tunet. Det gamle Emblemsvågstunet låg før 1907 i ei klynge oppunder hamrane mot grensa til Emblem. Dei fleste åkrane låg også oppe i denne hellinga, men nokre fine åkerplassar ved bekkesiget fantest også.

Ved utskiftinga kom ein fram til ei løysing der bytelinja mellom hovudteigane gjekk rett gjennom det gamle klengetunet, slik at dei slapp å flytte på gardshusa. På det gamle kartet i Borgundboka kan du såleis sjå kvar klengetunet låg og kva som tilhøyrde kven.

Utmarka har vore sams med Emblem og vågakarane har hatt same sel på den gamle Emblemsetra i lag med Emblemskarane. Buråsa gjekk vestanfor innmarka til Emblem og Røssevollen. I tidlegre tider skal Knutgarden og Antonesgarden hatt eige beitegjerde vest for Vågaplassen som ligg like bak og vest for nausta, og sør for Ludvikplassen. (sjå eige kart). Utmarka vart utskifta i Emblemsbygda i 1890. Då fekk Emblemsvågen heimeutmark som hang saman med innmarka i vest, og skogsteig søraust for Eikenosa si innmark og heimeutmark. Alle gardane på Emblem og Røssevollen har rett på sjøveg, naustrett og rett på ei eiga felles tomt i Emblemsvågen, og den gamle tømmerløypa til Østrem munner ut i Kriken, der Storelva renn ut i fjorden. Kva slags rettar Østrem har i Kriken i dag, veit eg ikkje, men på dette området har det vore fotballbane, og er no regulert til fritidsareal som ein del av badestranda på Emblem.

Emblemsvågen kan ha vore Erkebispegods, den gongen garden var ein del av Emblem. I Aslak Bolts Jordebok frå omlag 1440 åtte i alle fall erkebispestolen ein gardpart i Emlem på 3 1/2 månadsmatbol, der parten var bygsla for 1 laup smør. Månadsmatbol er ein gamal jordgodseining, rekna i kva skuld som skulle betalast til eigaren. I dette tilfellet er det nok snakk om betaling i smør og ein månadsmatbol er då kanskje det same som ein 3-pundslaup med smør, eller kring 16 kg smør. Det verkar kanskje litt rart å betale leige i smør, men dette var verdifull vare og ein har også eksportert smør heilt til England fram til omlag 1940-åra.

I 1624 var det Jakob Rosenkranz som åtte Emblemsvågen, medan det i 1645 var Borgermeisteren i Bergen, Rasmus Larsen og deretter sonen hans, Otte Rasmussen Stud. I 1683 er garden i Prost Christopher Hiermand (1619-96) sitt eige. Christopher vart i 1683 gift med «Margrete i Hanken», eller Margrete Rasmusdotter Stud (d. 1695), som var enke etter Den rike bergensrådmannen og giskegodseigaren Henning Hanssen Smit. Saman Eigde Christopher og Margrete nær 1/5 del av all jorda på Sunnmøre. Historikar Bjørn Jonson Dale skriv at dette kunne dreie seg om kring 600 leiglendingar og 50-100 husmenn og strandsittarar, som måtte betale si skyld til Hiermand. I 1699 var det Johann Frimann som var eigar, før han selde vidare til prost Finde. På 1700-talet kjøpte Astrup-slekta Emblemsvågen. Peter Finde Astrup hadde skøyte på garden frå 1755 og til han døydde i 1770. Nils Wind kjøpte garden på auksjon etter Peter var død. Wind selde så vidare til Kjøpman J. A. Heide i 1781. Heide eigde også Emblem til han døydde. Handelsmann Knut Danholm i Kristiansund skal ha vore den siste eigaren, før enka hans selde gardane til brukarane, ein gong etter at Knut var død i 1828. Det er ei viss moglegheit for at dottera til Knut, Maren Helene Henrikke Danholm Bruun (1810-72) også har eigd garden, for kjøpmann Lars Olsen Emblem (1845-1925) fortalde i eit intervju med P. Stensager, i 1920-åra, at ei enke frå Kristiansund med namnet Bruun åtte alle gardne på Emblem. Maren vart enke samme året som faren, Knut, døydde. Årsaka til denne påstanden er at Antonesgarden i Emblemsvågen vart ikkje kjøpt av eigaren Lars Larsen Nedregård før i 1841 og Knutgarden vart kjøpt av Knut Ingebrigtsen (1839-1917) først i 1866. Stemmer desse opplysningane, så kan det like godt ha vore Maren, og ikkje mor hennar, Anna Magdalena Heide, som selde. Dette vert diverre berre spekulasjonar før ein kan finne meir handfaste bevis i form av skøyte. Ein veit at Maren fekk gardpartar i arv etter faren, men det er ikkje sikkert at ho fekk Emblemsvågen i tillegg til Emblem. Det kan også vere interessant å merke seg at Anna Magdalena kan ha vore dotter til Kjøpmann J. A. Heide, den same som mannen Knut kjøpte garden av.

I tidsrommet 1603-1620 heitte brukaren i Emblemsvågen «Paul i Vågen». Paul døydde i 1620, og enka, Ingeborg Olsdotter dreiv garden vidare på eiga hand til 1627. Ho gifte seg truleg med Sjur som vart den neste brukaren, og som dreiv bruket til 1640. Den neste vart Ole, som dreiv i berre nokre få år, før han overlet til sonen sin, Anders Olsen (f. omlag 1605) i 1645. Anders var smed, og dreiv garden i 40 år. Han gav seg først då han var 80 år. I 1646 vart Anders dømt for «løsagtighed», og skulle betale etter «yderste formue» 5 dlr. i bot. Men Anders greidde ikkje å skaffe så mange pengar. 5 år etter vart han innkalla av futen, men møtte ikkje opp. For dette fekk han 1/2 dlr. I bot.

Anders overlot bruket til Halvard Sjursen, men klarte seg heller ikkje så godt. Halvard makta ikkje å betale tiende, og etterlet seg berre 2 kyr, 3 geiter og 3 sauer, når han døydde. Enka, Siri Ottesdotter Muri (ca 1668-1752) gifte seg opp att med Jon Knutsen (f. ca 1665) Det var i Jon si tid at garden vart delt. Det kan virke litt rart at ein delte bruket når dei som dreiv heile garden sleit med å brødfø seg. Årsaka var truleg enten at Siri ynskte å hjelpa både dottera Anne og Ragnhild. Ragnhild var dotter av Siri sin første ektemann, Hallvard, medan Anne, var Jon si dotter og soleis ikkje eldst i søskenflokken, når halvsøskena vart rekna med. Det kan og henda at det var Jon som ynskte at også hans dotter skulle få seg jord på heimgarden. Resten av historien om gardane i Emblemsvågen vil du etterkvart finne som eigne undersider her på www.emblemsbygda.com.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett