Matrikkelgarden Østrem

Gardane på Østrem. F.v.: Tunheim, Mattisgarden Larsgarden og Steinsgarden på rekke og rad. Heilt mot høgre biletkant ligg Reiten under Stornakken. Foto: Ragnar Øverlid i 1961 for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Biletet er publisert i lavoppløst kopi med tillatelse frå dagens bileteigar Stiftinga Sunnmøre Museum. Biletreferanse frå DigitaltMuseum.no er: SM.F.001788-kopi 2

Gardane på Østrem

Utskiftingskart over gardane på Østrem i 1904

Ein har funne spor etter menneske i Emblemsbygda heilt attende til eldre steinalder. Eit av funna er ei trinnøks som stammar frå tida kring 3000-7000 år før Kristus. Busetnaden på Emblem er nok ikkje like gamal som øksa, men ein skal likevel langt attende i tid. Det er grunn til å tru at garden er rydda før vikingtida, for namnet Østrem kjem frå eit «heim»-namn, og tilhøyrer dei eldste gardsnamna ein har her i landet. Nabogarden, Arkeologiske funn på Østrem stammar frå kring 800 e.Kr. og bidreg til å bekrefte den høge alderen på garden.

Østrems-namnet har endra seg gjennom tidene. I 1568 er namnet stava «Oustrem», og i tida fram mot 1723 er garden stava i fleire ulike variantar, Østrem er ein av desse og me kan finna denne stavemåten i 1603. K. Rygh hevdar i boka «Romsdals Amt», s174, at det opphavelege namnet kan ha vore Austreimr, i tydinga aust og heim. Han fann dette namnet heile 15 gonger i gamle skrivne kilder og hevdar at namnet vitnar om ei tid då garden vart skilld frå garden Emblem. Namnet kan ha markert at dette opphaveleg var den austlege delen. Det finst diverre ingen kjende kjelder som kan stadfeste når Østrem vart ein eigen gard og me veit derfor ikkje kor gamal denne garden eigentleg er.

Det finst to sagn om Østrem. Den eine fortel at det var to brør som dreiv garden saman. Ein dag rauk dei uklar og det heile endte med at den eine broren rømde til skogs. Den attverande broren høyrde ikkje meir frå han. Ein dag såg han at det steig røyk opp over Eikenosa, då han skulle sjå kva det var, fann han at broren hadde slått seg til der. På den tida stod skogen så høgt at det ikkje var mogleg å sjå Eikenosa frå Østrem. Det andre segnet fortel om Heilage Olav som skulle ha besøkt Emblem og lagt at ein gullstav som var så gild at han kunne tjene som skatt for heile kongeriket i 7 år. Gullstaven skulle finnast på «Austrems austre reine». Det siste sagnet er det neppe verd å sette så mykje lit til, for det finst fleire liknande gullstav-sagn i tillegg til dette. Det er dessutan teke ut mykje sand på gardane, og den minst røyrde staden finst i dag under tunet i Steinsgarden.

Det er uvisst om Østrem var øydegard etter Svartedauden, men den har i så fall vorte rydda særs tidleg att, for ein finn ein brukar på garden i 1520. I kjelder frå 1603, kan ein sjå at garden var to-delt på den tida. Kring midten av 1600-talet kan ein finna 3 gardar, før Østrem vart delt i 4 bruk.

I 1613 betalte gardane tiende i forholdet 1-1-1/2-1/2. Det var Mattisgarden og Larsgarden som var størst i denne firedelinga, medan Larsgarden var den største garden når det kun fanst to bruk. Ved to-delinga var Larsgarden dobbelt så stor som Mattisgarden, men vart deretter delt i Larsgarden og Abrahamsgarden, før Abrahamsgarden vart delt i to delar. Steinsgarden vart med andre ord frådelt Abrahamsgarden.

Garden har truleg gått heilt til sjøen før 1500-talet og Nedregotten har då vore del av garden Østrem. Borgundboka fortel at tunet alltid har lagt der husa i Steinsgarden, Larsgarden og Mattisgarden framleis ligg. Eg er ikkje heilt sikker på om denne påstanden stemmer heilt, men det er i alle fall ei viss sansynlegheit for at dette kan stemme. Østrem var også eit klengetun, slik dei fleste gardane på Sunnmøre var før 1900. Mesteparten av åkrane skal ha lege i eit belte ovanfor og søraust for innmarka slik det gamle utskiftingskartet frå 1904 syner. Slike gamle åkerlappar gir eit visst inntrykk av korleis åkrane har lege, i alle fall eit par hundre år attende i tid, og kartet støttar opp om påstandane om at Klengetunet har lagt kring Larsgarden og Steinsgarden. Det er også funne restar av brønn like vest for dagens tun i Abrahamsgarden og det er eit åpent belte der, som kan ha gjeve plass til både klengetun eller eventuelt ein husmannsplass. I tråd med gamal sedvane, var det teigbytte på Østrem og dei måtte som regel drive slåtten i lag, for bøtene med slåttemark og åker vart særs likt fordelt i ei rekke små jordlappar som hang saman og hadde mange brukarar. Denne driftsforma hadde den fordelen at ein hjalp kvarandre i onnene, men det var eit tungvint system, og med hamskifteprosessane vart det lettare å få større sammenhengande stykker for kvar gard. Ein veit ikkje årstalet, men det var truleg på 1800-talet at brukarane bytte jord slik at det vart større samanhengande stykker for kvar gard. Utskiftinga i 1904 endra ikkje på den enno eldre teigbyttinga, for då måtte gardshusa flyttast og det vart for dyrt og unødvendig. Larsgarden og Steinsgarden.fortsette dermed å vera delt i 2 innmarkstykker.

Østrem har vore rekna som ein god korngard og det vart tidleg starta med hagebær og grønsaker. Garden var del av beitefelleskapet i Emblemsbygda, fram til utmarksutskiftinga i 1890, der Østrem og Nedregotten fekk sams utmark. Desse to matrikkelgardane fekk også felles beiterett på fjellet, medan heimeutmarka vart delt. Nedregotten fekk sommarfjøsar og eigne bøter oppe i fjellsida ovanfor Storelva. Setra ved Østremsvatnet er nok ganske gamal, og Nedregotten har felles setervoll med Østrem. Kyrne på setra beitte mest mot Skurene i aust. Seterdrifta enda kring 2. verdskrig.

Garden har hatt moldteigar i fjellet og nok slåttemark nede i bygda. Frå gamalt av var det godt med skog, men etter avskoginga på 16- og 1700-talet vart det meste av skogen hogd ned. Sjølv kring 1910 kan ein sjå at det er svært så snautt oppover fjellsida ovanfor gardane i bygda. Storelva og Sirielva har bidratt med vasskraft til både kvenn og trøsking.

Omlag 1530 eigde erkebispestolen 1/14-del av garden. På 1600-talet finn ein ikkje att dette i rekneskapen for «Stiktens gods», som var namnet på det konfiskerte bispegodset på Sunnmøre frå 1547.Det er mogeleg at dette er den samme delen som vart kjøpt av lagmann Pål Helgesen i 1586, og som sonen, Rasmus, på Brandal eigde. Garden fortsatte å vere i Brandal-ætta, før landskylda i 1670-80 vart lagt ut til «Capitainen» på Slinningen. I 1732 hadde Pål Apalset kjøpt 3 1/2 mællag i garden frå svogeren Claus Leyrdal, som var inngift i Brandal-ætta, Resten av garden hadde han truleg fått i arv. Østrem var del av eigedommane i Apalset-ætta til 1788, når futen Nordløv kjøpte opp heile garden. Futen heldt ikkje særleg lenge på eigedomen, for han selde året etter. Sorenskrivar Bull kjøpte då 2/3-delar av garden, medan brukaren Ole Larsen, i Mattisgarden, kjøpte ut sin eigen gard. Etter Bull, var det kjøpmann Nils Wind som kjøpte resten av garden i 1789. Arvingane til Wind skøytte Larsgarden og Abrahamsgarden til postmeister Tonning i 1845, medan Kristian Olsen Sorte kjøpte Steinsgarden. Resten av eigedomshistoria kan du lesa meir om i undersidene for kvart bruk.

Rolf Kåre Østrem 15.04.2020 22:06

Hjertelig takk. Vet dessverre lite om dem, og særlig Olivia mangler jeg opplysninger om.Hvem kan hjelpe meg ..

Svein Ove Østrem 16.04.2020 15:51

Jeg kan hjelpe deg der. Tar du kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com så kan jeg svare deg der. Du kan også få utdrag fra bygdebokteksten som er skrevet

Rolf Kåre Østrem 15.04.2020 20:36

Min bestefar,Rasmus Østrem,vokste opp på Abrahamsgarden.Han var nest eldst av sønnene på garden.Han drev med fiske i Ålesund. Giftet seg med Olivia.

Svein Ove Østrem 15.04.2020 21:45

Vi satsar på å få lagt inn dei oppdaterte tekstane no etter at bygdeboka vart klar. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

Svein Ove Østrem 15.04.2020 21:40

Spennende! Kanskje fødd i 1877 og gift med Olivia Hansine Olsd. Emblem? busett i Borgundvegen 22 1910 og Bergvegen 22 i 1917?

Roe M. Holen 28.09.2015 08:52

Hei, min tippoldemor het Severine Petrine Rasmusdtr. Østrem f. 1818 i Borgund. Hun giftet seg med Andreas Magnus Abelset
Kjenner du til henne?

Svein Ove Østrem 28.09.2015 13:05

Da er du inne på slekt fra Steinsgarden. Faren var Rasmus Peders. Spjelkavikgjerde(5) (1793-1841) kontakt meg på sveostrem@hotmail.com så har jeg mer

Karin eriksen 06.03.2013 17:42

Dette var interresant lesing.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett