Holmen ligg ved
ytterste pynten av Flisneset. Her er det god naudhamn for den som får
behov for det. Flisfjorden er nemleg eit uberekneleg fjordstykke der
fleire fjordarmar møtest. Det kan raskt blåse opp når det er
vestavind og dei sterke straumane er godt synlege frå
Emblemsfjellet.
Namnet Flisfjorden var godt kjent, sjølv utanfor
vårt eige fylke i tidlegare tider. Då var fjorden og båten det
vanlegaste framkomstmiddelet. Soleis var ikkje Flisholmen avsides og
vanskeleg å nå, men låg derimot lagleg til midt i ferdselsåra.
Frå mellomalderen kjenner ein fleire slike holmar og øyar som i
tillegg har vore maktsentrum. Giske og Veøya er slike eksempel. På
slutten av 1800-talet vart Flisholmen i del i diskusjonen om kvar
«slaget ved Hjørungavåg» skal ha stått. For moro skuld kan ein
nemne at der var dei som meinte at Flisholm kunne vere staden der
overlevande jomsvikingar vart halshoggd etterpå. Ein som seinare var
overbevist om dette og meinte at slaget stod nærare Flisnes og
munningen til Hjørundfjorden, var handelsmann og oldtidsgranskar
Anthon Lerheim. Han var med på fleire av utgravingane i dette
området. Samlinga hans inkluderte både flint og avslag frå
Flisneset og det var han som fann røysa på Flisholmen, men emnet om
Flisholm og sagatida har nok ikkje vore diskutert sidan dei siste
avisreportasjene i 1940-åra. Det bør nemnast at faghistorikarane
var uenige i denne påstanden, men at der har vore busettnad i dette
området på den tida, er nok ingen uenige i.
Dei første brukarane
Kombinasjonen
av plassering og uberekneleg fjord vart soleis ideelt. Sjølv
sambygdingar innanfor Flisneset hadde behov for å søke ly her og
det var mange som passerte holmen på veg til anten kirka,
handelsmannen, fiske i Borgundfjorden eller utror på havet. Det ser
ut til at dei første som slo seg ned her etter Svartdauden kom mot
slutten
av 1600-talet. Tida før det
veit ein ikkje mykje om, men det er truleg denne holmen som har gjeve
Flisnes namnet sitt også. Det kan stamme frå gammalnorsk og betydde
nok det samme den gongen som no. Liknande stadnamn har ein fleire av
frå mellomalderen. Ei gravrøys er registrert på høgste punktet på
Flisholmen, men den var utkasta i midten og tømt for innhald. Der er
fleire gravhaugar på Flisneset og spor frå Steinalderen i vikane
like ved og i Skyleham-maren i nærleiken. Der kan soleis ha vore
folk innom Flisholmen i dei aller eldste tidene og kanskje ei
busetning av reisande fangstfolk i sommarhalvåret også.
Handelstad
Frå
1770-åra vart det starta opp handel og gjestgiveri på Flisholmen.
Då var nærmaste handelsmannen i Vegsundet og nærmaste skysstasjon
i Emblemsbygda låg heilt inne på Magerholm. Handelen varte i
omtrent 70 år, før Flisholmen vart liggande øyde og ubebudd igjen.
På slutten av
1800-talet fekk holmen på ny busetning ei tid. Ein av desse var 562
Knud Simonsen Hole(2)
(1843-1910) frå Hjørundfjorden. Han hadde kjøpt
husmannsplassen Tryggeset på Nedregotten lenger aust i Emblemsbygda, men i 1884 måtte han
flytte derifrå og busette seg på Flisholmen i staden. Etter
innsamling og hjelp frå bygdefolket fekk han flytte attende til
Tryggeset med familien sin kring 1890.
Hamnevika
På den tida fekk brukarane på
Flisholmen eit stykke på Flisnes i forbindelse med
utmarksutskiftinga for Emblemsbygda. Dette beiteområdet låg ved
Øllsvika (Olsvik), og fekk no gardsnamnet «Hamnevika». Den siste
brukaren ute på holmen hadde nemleg born i skulealder og meinte at
skulevegen vart for farleg. Dei flytta derfor husa sine hit. Ein er
ikkje heilt sikker på om dette gardsnamnet stammar frå ordet
«hamnehage», med tydinga beite, eller hamn for båtar, men namnet
erstatta det gamle og brukarane byrja å ta dette etternamnet i
staden, slik skikken var. Etter den tid vart holmen kun benytta til
beite og slåttemark. Hamnevika vart 1902 skyldsett som bruksnummer 2
under Flisholmen. I dag er holmen eit sameige av slekt etter Jensine
Åkernes, som i 1971 fekk grunnbokshjemmel på holmen.
Eigarane
Flisholmen har før
1771 hatt samme eigarane som Flisneset. I begynnelsen av 1600-talet
var Flisholmen ein del av «Margretaprebendet». Seinare var det
samme eigarane her som på den minste gardparten av matrikelgarden
Emblem. Dette var Norges statthaldar
og greve, Hannibal Schested, før holmen vart del av Giskegodset.
Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup vart dei neste
eigarane, før Flisholm og Flisnes fekk andre eigarar enn Emblem
igjen. 1758 kjøpte Ivar Høegh Flisneset og 1771 fekk Hans Pettersen
Høegh kjøpe holmen. Sjå meir om dei seinare eigarane i
teksten om brukarane.