MATRIKKELGARDEN FLISNES

Flyfoto av gardane på Flisnes i 1953 avfotografert av Magne Olav Strømme.

Matrikkelgarden Flisnes ligg mellom Emblemsvågen og Eikenosvågen. Det er nok neset, som har gjeve garden namn. Det er mogleg at namnet opphaveleg vart nytta på kun Flisholmen ved spissen av dette neset. Holmen kan ha heitt «Flisa» tidlegare og stammar kanskje frå det gammalnorske ordet «flis», i tydinga spon, men heilt sikker er ein ikkje. Slike namn er ikkje uvanlege på holmar og skjær i landet vårt, så det kan derfor vere hald i denne namnetolkninga.

Ein kan hevde at garden låg noko avsides til. Skikkeleg veg var der heller ikkje før 1928. Den første ridevegen gjennom bygda, frå 1809, gjekk frå Ystebøen og opp til Eikenosa, før den svinga ned til Eikenosøygarden. Vegen passerte ikkje Flisneset eller Hatleholen, som i våre dagar. Ein skal likevel ikkje gløyme at den viktigste ferdselsåra i uminnelege tider var fjorden og ikkje landevegen. Brukarane i bygda var stort sett motstandarar av den første vegen frå Blindheim til Magerholm fordi den gjekk på tvers av dei vegane som emblemsbygdarane såg nytte av, som var gardsvegen mellom tunet og naustet. At Postvegen skulle byggast og haldast åpen heile året av bygdefolket sjølv og tene embetsfolket og embetspost, hjalp ikkje akkurat på motstanden. Sjøvegen langs Storfjorden var gratis og farbar for alle med båt. Utfordringa var fjordstykket kring garden, som ein i lang tid har kalla «Flisfjorden». Her møtes Hjørundfjorden og Storfjorden. Resultatet er uberekneleg vêr med fare for at det raskt bles opp. I eldre tid var dette ei stor utfordring for småbåtane, som folk flest nytta utover fjorden. Dei var gjerne søkklasta med ved og andre varer som skulle byttast inn i det mest naudsynte ein ikkje produserte sjølve. Andre frakta dyr til og frå beite, eller leigde båsar og fôring i vinterhalvåret. Desse var ille ute om det plutseleg bles opp. Ein har ikkje tal på kor mange som har kolsegla og fått seg ei våt grav her. Sjølv postbøndene fekk ordre om å føre postbåten andre vegar enn forbi Flisneset. Mange utanom vår eigen region, over store delar av landet, visste om farene og kvar Flisfjorden låg.

I ein periode vart derfor Emblemsbygdarane omtala som «Innaumnesingar» i tydinga «dei som bur innanfor Flisneset». Dette vart også namnet på lagsboka til Emblem Frilynde Ungdomslag, som vart starta opp i 1904. Gardsfolket på Flisneset var alltid særs oppmerksomme på lydar frå fjorden når det var styggevér. Folk her har utført mang ein redningsdåd, men det var ei utfordring at nausta måtte byggast på ein trygg stad lenger inn i Vågane på vestsida av neset. Det tok dermed tid å komme seg dit og så måtte ein ro ut Vågane til Flisfjorden. Ein veit heller ikkje av noko storbåtnaust, så dei hadde nok berre færingen å hjelpe seg med. Særleg om vinteren var tida knapp, og Anna Jensine Ødegård(1), som vart fødd 1874 på bruk nr. 2, Rasmusgarden, kunne fortelle at der i hennar barndom knapt gjekk ein vinter utan at nokon omkom ved Flisneset. Ein snakka visst ei tid om å bygge naust for ein større båt på sørsidat, men det vart aldri noko av. Behovet vart også redusert etter kvart som båtane vart større, tryggare. Alminneleg ferdselen med små færingar minka også når bilvegen tok over for fjorden. Der vart sett opp ei fyrlykt på pynten av neset i 1921.

Gamal busetnad

Flisneset har truleg vore bebudd like lenge som der har vore fast busetting og der finst også spor etter midlertidig busetnad om sommaren i skylehammaren og på vestsida av Flisneset før den tid. Ein kan tenke seg at Neset har vore ein fin stad å markere si makt og sitt ettermele med symbol og gravhaugar som var godt synlege for farande folk, men ein er usikker på om dei kan knyttast til busetnad her, eller nabogarden Emblem, som reknast som sjølve «urgarden» i Emblemsbygda. På det gamle sjøstykket til denne garden, i Emblemsvågen, har der óg vore fleire gravhaugar. Flisneset er nemnd i ei segn om Olav den Heilage, som kjeda seg og befalte mennene sine å dorge med fiskeline i 1028. Dei var då på flukt innover Storfjorden. At dei kan ha fiska her, er kanskje ikkje så usannsynleg. Men segna handlar eigentleg om å forklare eit geologisk fenomen med ein stein på berga mellom Hesseberg og Heggebakk som liknar på ei elipseforma matboks, kalla «matbomme». Segna vart samla og skrive ned av den sjølvlærte folkeminne-granskaren Peder Fylling frå Skodje på 1800-talet.

Gardsdrifta

Omtale av garden og gardsdrifta finn ein først 1606 i skriftlege kjelder. Då var der berre ein brukar her. 1650 vart garden delt i to og slik har det vore fram til 1900-talet. Husmannsplassen «Skråvika» vart rydda kring 1815 lengst aust mot Emblemsvågen. Ein trur at garden har lagt ved dagens tunstadar, omtrent midt på neset, heile tida. Her har nok utsikta vore god, før skogen tok til å vekse fram mot vår eiga tid. Ein reknar med at dei gamle åkrane har lagt kring husa. Det er ikkje kjent om der har vore grensegjerde mellom gardane, men ei skikkeleg byttelinje har der vore. Ein veit ikkje av nokon blanding av teigane, eller klyngetun, på Flisneset. Brukarane delte likevel litt på dei beste åkerplassane  slik at den eine kunne ha åker på marka til naboen. For det meste var der myrjord fattig på kalk. Torva frå myrane kom godt med til brensel då der var lite skog, men det er ikkje alle vekstar som trivst like godt i slik jord. Det vart dermed mest havre og blandkorn dei dyrka. Den første malmmaskina kom til Flisneset i 1890-åra. Den vart handdriven, men likevel ein god avløysar for tust og skjedde, som ein hadde nytta til korntruskinga i tidlegare tider. I eit arveskifte frå 1746 er der nemnd ei kvern, men ein veit ikkje kvar den stod. Det kan verke som om brukarane på Flisneset tidleg leigde kvern hos andre, før dei 1900 sette opp si eiga som var sams for dei to bruka. Frå 1868 veit ein sikkert at det vart dyrka potet på Flisneset og dei starta kanskje med det allereie i 1850-åra. 

Brukarane på Flisneset hadde ingen storbåt sjølve og måtte derfor hyre seg inn hos andre ved utrorsfisket på havet. Dei hadde derimot fleire gode tørkeberg for fisk og tok tidvis også imot fisk til tørking for andre. På vestsida av neset var der tidvis godt laksefiske. Der var laksevarp på Verpeneset, som truleg har fått namn etter denne fangstmetoden. På Brureholmen vart det bygd gilje i 1840-åra. Leiga på mellom 12 og 36 kroner per år skulle betalast til brukarane på Emblem, som krevde hevd på fisket ved denne holmen, fordi dei alltid hadde fått inntektene frå dette fisket, og fiska der sjølve. Utskiftingsretten avgjorde at Flisnes og Emblem skulle ha delt rett og inntekt av fisket på Brureholmen og stranda mellom Flisnes og Emblemsvågen.

Setring frå gamalt av

Eit gammalt sagn fortel at Flisneset ein gong hadde seter søraust for Østremsvatnet på Emblemsfjellet. Det kan høyrest litt merkeleg ut at dei skulle ha stølshusa sine saman med Akslen og Østremsreiten på gamlesetra til desse bruka. Den heitte «Urastølen» og låg der Huldrestølen ligg i dag, kring ei hytte som er bygd på murane til høleselet . Flisneset har derimot hatt eigarar, som også har eigd den minste parten av garden Emblem og ein kan dermed undre seg over om kanskje det heller var snakk om ei seter som skal ha lagt ved Austølsvatnet nær Geitnausa. Der skal i alle fall Eikenosa ha hatt si seter, saman med Emblem og Eikenosvågen tidlegare. Dei gamle namna på vatna i området mellom Langevatnet og Blindheim si fjellutmark har nemleg vorte blanda i saman på nyare kart. Fleire vatn har fått nye namn av Ålesund kommune. Austølvatnet heitte eigentleg Høgstølsvatnet og vitna om setra «Høgstølen», som låg på sørsida av dette vatnet. Det vert fortalt at at den vart fråflytta då huldra vart så plagsom. Det enda med at Emblem og Emblemsvågen flytta sela sine ned i Emblemsdalen, like vest for demninga på Langevatnet og andre gardar let også vere å opprette ny seter. Soleis var det først 1900 at Eikenosa og Eikenosvågen fekk seter att på Emblemsfjellet. Brukarane på Flisneset har derimot vore så heldige å ha nok fôr nede i bygda. Dei hadde til og med nok til å ta på seg vinterforing av dyr frå Hjørundfjorden. Dyra skulle hentast 17. mai, uansett vêr. Om våren og hausten beita dyra på innmarka, medan dei om sommaren var i utmarka, like utanfor innmarksgjerdet. Dei vart også mjølka der, om det var fint vêr, eller heimteken for mjølking når det var ruskevêr. Dei hadde derfor ingen utfordringar med at dyra måtte førast gjennom tuna til andre gardar. I 1890-åra vart utmarka utskifta, slik at der vart eit samanhengande område frå innmarka til utmarka ovanfor bygdevegen. Då hadde den vorte lagd om frå den gamle ridevegen, langs «Hegrevegane», mellom Ystebøen og Eikenosa, og erstatta av enkel køyreveg nord om Langhaugen. Den vart seinare lagt sør for Langhaugen. Denne vegen vert i dag kalla «Langrabben», og går ovanfor Laader Berg sin fabrikk. Den fortsatte rett over tomta der Spilka Industrier a/a seinare bygde seg fabrikk. Dagens hovudveg, frå 1960-talet, er soleis den fjerde vegen som går gjennom Emblemsbygda og forbi Flisneset. I forbindelse med evakuering av gull og pengar frå Norges Bank i Ålesund 1940 køyrde ein av dei tunglasta bilane seg fast i teleløysinga der. Det var ein hemmeleg operasjon, der verdiane skulle flyttast til det nye hvelvet til Stranda Sparbank i frykt for bombing av byen.

Flisneset har vorte radikalt endra sidan 1970-talet. Dei gamle torvmyrene og heimeutmarka er i dag store byggefelt, med Emblemsbygdas einaste matvarebutikkar og eit område til industriformål, som strekk seg langs Langrabben. Delar av desse tomtene tilhøyrde gardane på Flisnes. Køyrer ein derimot mot gardstuna, så endrar landskapet seg dramatisk. Med eitt står ein på slåttemark, med litt spredt nyare bebyggelse ikring. Delar av ytre Flisneset er verna område, tiltenkt landbruk og kulturlandskap. Her finn ein også gravhaugar. Kontrasten til byggefeltet mot hovudvegen er temmeleg stor. Ein kan med eitt forstå kvifor dei tidlegare brukarane valde å sette opp husa sine nettopp her. Der er fritt syn innover bygda, utover fjorden og dels berggrunn, som gjev ekstra jordvarme og ly til tandre vekstar. Der er  framleis gardsdrift, med gammalnorsk villsau, som held markane i hevd både i Hansgarden og naboeigendommane.

Eigarane

I begynnelsen av 1600-talet var Flisneset del av «Margreta-prebendet». Seinare var det samme eigarane som på den minste gardparten av matrikkelgarden Emblem. Det var Noregs statthaldar og greve Hannibal Schested, før eigeluten vart del av Giskegodset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup vart dei neste, før Flisneset fekk andre eigarar enn Emblem igjen. 1758 kjøpte Ivar Høegh Flisneset og 1771 kjøpte Ingebrigt Nørve garden på ein auksjon etter Høegh. Ivar døydde 1805 og overlet Flineset til dottera Marie Stuvitz. Ho selde gardane til brukarane etter kort tid. Sjå meir om eigarane under kvart gardsbruk.


| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett