Garden ligg i eit
dalsøkk lengst vest i Emblemsbygda og er grensegard mot Blindheim.
Den vesle elva som renn ned dalen vert kalla «Puskelva».
Området
har truleg hatt busetting svært langt attende. 5 steinøkser er
funne på garden. Fire av desse er funne i Ramsvika nærare sjøen og
ei skaftholøks vart funne i brattbakken mellom elva og gardsvegen,
sør for stova til Peder Åkernes på bnr. 1 Utigard. Funnet er
omtala i Bergen Museum si tilvekstliste frå 1933. Gardsnamnet
stammar truleg frå slutten av 1500-talet då bruket vart rydda på
nytt under Eikenosa etter Svartedauden.
Om gardsnamnet
Den første kjende eigaren betalte øydegardskatt, men kalla seg Puskeset. Det er truleg eit enno
eldre namn på bruket og vitnar om at garden kan stamme frå
Vikingtida. Eikenosøygarden er med andre ord omtrent like gamal som
Eikenosa. Puskeset-namnet vart stadig nemnd utover 1600- og
1700-talet, og stadnamnet «Puskhola» er framleis i bruk. Det er
vanskeleg å seie sikkert kva namnet stammar frå. «Pjuskete», i
tydinga stakkarsleg eller stusseleg har vore nemnd, medan
namnegranskaren Oluf Rygh hevda at det stamma frå det gamalnorske
ordet Puki, som tyder «smådjevel». Det vart nytta som tilnamn på
folk i middelalderen. Frå svensk kan ein også ta med betydninga
«pukkel» eller «pukkelrygg». I nyare tid har den lokale
namnegranskaren Johan Krogsæter lagt til to nye tydingar frå
tilsvarande namn i fylket vårt. Den eine er at det kan ha noko med
hulder eller underjordiske å gjere. Det liknar også på tilnamnet
smådjevel ovanfor. Den andre tydinga har han henta frå presten Hans
Strøm. Det var visst slik at hestefolk måtte passe på at dyra
ikkje åt eit slags skadeleg gras på veg gjennom Pusken. Det kan
minne litt om bruken av namnet til bruk nummer 2 ,«Ramsvika», nede
ved sjøen. Åt kyrne ramslauk, når dei beita der, så sette det
bismak på mjølka. Dyra måtte derfor passast på i det området.
Kan det ha vore slik ved Puskeset også?
Frå eitt til fleire bruk
Der var kun ein
brukar på Eikenosøygarden før 1640. Etter den tid vart bruket delt
i to like bruk, Utigard og Framigard. Kring 1760 vert den første
husmannsplassen, «Hatlehol Ytre», nemnd under garden. Den var ein
del av Eikenosøygarden heiltfram til 1890. Ramsvika vart frådelt
kring 1830, mens Bjørkavollen vart delt frå Utigard i 1907. Bruk
nummer 5 er i dag det bruket som ligg nærmast Blindheim. Det eldste
tunet er truleg Utigard og låg høgare enn dagens gamletun frå
1840-åra. Det skal ha lagt nær utmarksgjerdet. På 1960-talet var
det framleis mogeleg å sjå merke
etter murane. Om
Framigard hadde husa sine der i byrjinga er uvisst, men staden har
sikker vassforsyning og heiter framleis «Gamletuftene». Eit stykke
der oppe vart også kalla «Løåkeren».
Gamletunet
Det eldste
innmarksområdet vart rydda oppe i bakkane kring dei gamle tuna, for
der var jorda betre drenert og lettare å dyrke. På flatene nærmare
sjøen var der meir myr, som krevde meir arbeid. Fleire av desse
områda vart derfor først drenerte i nyare tid. Flata der «Nextcar»
nyleg bygde bilforretning, vest for «Ødegård Karosseri», vart
truleg dyrka opp og grøfta til inngjerda slåttemarksteigar etter
1850-åra. I 1896 vart Eikenosøygarden del av utskiftinga i
Emblemsbygda. Den vesle «Puskelva» kan ha delt Utigard frå
Framigard, men der fanst unntak frå denne regelen, slik at også
Utigard skulle få nok partar av den beste åkerjorda. Ein kjenner
ikkje til teigblanding mellom dei to første bruka. «Byteelva», er
ei anna elv, som går oppe i utmarka nordvest for heile Øydegarden
og skiller Blindheim frå Emblemsbygda i vest. Byteelva møter
Puskelva i Kvernhusdalen nedanfor dagens Hatlehol kirkegard.
Utmarka til
Eikenosøygarden har vore felles med resten av Emblemsbygda i eldre
tid. 1890 vart det halde utskifting og då fekk gardane eigne
fjellteigar i staden. Garden fekk då eit samanhengande stykke frå
fjord til fjell ved grensa mot Blindheim. Brukarane har stort sett
hatt nok skog til eige bruk og dei leverte også trevare frå eiga
sag på 1900-talet. Den vart sett opp der kvernhusa stod tidlegare.
1233
Ole
Ødegård frå Framigard starta det som kan ha vore den første
snikkarverkstaden i Borgund 1912. Han starta også opp
karosseriverkstaden i Puskhola. 1942 vart Brevhuset i Eikenosvågen
flytta frå Torevågen til Bjørkavollen. Marie Bjørkavoll dreiv
brevhuset frå kjøkkenbordet, som var tilpassa formålet med skuffer
til stempel og det ho elles behøvde. Posten vart på den tida levert
med Emblemsruta og henta nede ved bilvegen, som låg litt nærmare
tunet enn i våre dagar. Eikenosvåg Brevhus vart lagd ned 1965.
Seterdrifta
Kyrne
vart gjerne mjølka sommarstid ved Bulegane, omlag der den øvste
slåttemarka til Eikenosa ligg i dag, på vegen til hytta til
ungdomslaget Ivar Aasen. Dyra vart ført opp til utmarka like vest
for dette stykket mot turparkeringa, som ligg ovanfor Eikenostuna i
våre dagar. Sauene vart helst sendt innover til Ørskog på beite
der. Årsaka var at dei elles helst ville beite på emblemsgardane
sine fjellbeite. Ein har også hatt sommarfjøsar i Seterdalen mellom
Bjønnalogen og Røssevollvatnet. Sommarfjøsane vart etter kvart
innreidde for overnatting, men mjølka vart tidlegare bore ned til
garden etter kveldstellet. Går ein lenger attende i tid, så må
gardane ha hatt meir solid innkvartering. Lokale namn som Bjønnalogen
ber bod om bjørnen, som var ei plage fram mot midten av 1800-talet.
Den la seg ofte ned opp under fjellhammaren på Eikenosa og slo seg
fleire gongar inn i fjøsen der. Framigard
hadde ein gamal sommerfjøs i
nærleiken.
Bjørnen klarte ofte å komme seg gjennom taket der for å drepe
kviger eller småfe.
1232
Johan
Rasmussen Ødegård (1853-1940) fortalde at det fortsatt var merke
etter bjørneklørne på 1920-talet.
Eigarane
Rosenkrantz-godset
eigde garden, som vart kalla «Eikenoshol» i 1624. Etter dette fekk
garden samme eigar som Emblemsvågen. Det var borgarmeister Rasmus
Larsen i Bergen 1645. Så tok sonen hans, Otte Rasmussen Stud, over
før borgundpresten Kristoffer Hiermann kjøpte eigedommen 1683.
Neste eigar var Johan Finde 1699, før Jørgen Høgh vart eigar til
Eikenosøygarden ved makeskifte med prost Peter Finde 1721. Ole
Honningdal kjøpte så garden for 122 riksdaler i 1771 på auksjonen
etter Høgh. Han selde Framigard bnr. 3 til brukaren Halvor Jakobsen
Emblemsvåg det samme året. Du kan lesa meir om eigarane der i
teksten om brukarane. 1771 kjøpte Ole Olsen Gjøsundseter Utigard
bnr. 1. Han skøytte bruket vidare 1806 til Knut Olson Blindheim.
Petter Hansen Riksheimgjerde vart neste eigar på bruket i 1837 og
garden vart først seld til brukaren, Andreas Jensen, av
etterkommarane til Petter i 1873. Resten av historien om eigarane her
kan du lese meir om under kvart enkelt bruk.