Matrikkelgarden Hatleholen

Hatlehol anno 1961. Foto: Ragnar Øverlid for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum

Garden ligg mellom Eikenosvågen nede ved fjorden og Eikenosa oppe mot fjellet. Namnet har truleg sitt opphav frå hatleskogen, som det er mykje av i Emblemsbygda. På Emblem finn ein også gardsnamnet «Hatlebakken». Den andre delen av Hatlehol-namnet kan tyde «rund høgde» eller «haug». Det høver godt, sidan garden ligg på eit høgdedrag og har hatt god utsikt mot Flisfjorden, Vegsundet og vidare utover Storfjorden.

Hatlehol består opphaveleg av to husmannsplassar, som er frådelt kvar sin gard. Det inste bruket, bnr. 1 «Hatlehol Indre», er delt frå gnr. 9 Eikenosa, medan bnr. 2 «Hatlehol Ytre» stammar frå gnr. 12 Øygarden, eller «Eikenos- øygarden», ved Puskhola. Dei to plassane har ikkje hatt felles utmark, eller felles tun- og teigblanding. Den inste garden har hatt utmarksrett saman med Eikenosa, medan den yste har hatt utmarksrett saman med Eikenosøygarden. Begge Hatleholbruka har truleg ikkje vore del av eit samla bruk under Eikenosa i eldre tid heller, for Eikenosa og Eikenosøygarden er omtrent like gamle. Ein veit derimot, med rimeleg sikkerheit, at matrikkelgarden Emblem kan ha vore «urbruket» i bygda, og at Emblemsbygda har vore samla som ein gard svært gamal tid. Då Emblemsbygda fellesutmark vart utskifta i 1890-åra, fekk Hatlehol Indre og Hatlehol Ytre ingen eige utmarksområde, men det skulle gå få år før dei likevel fekk sine eigne avgrensa utmarkstykke under bruksnummer 10 i 1912.

Seterdrifta

Garden hadde truleg inga seter, før Iver «Kjøt Iver» Furseth oppretta Eikenossetra 1900 ved Skjellbruvatnet. Dette vatnet vert i dag feilaktig kalla «Røssevollsvatnet» på offentlege kart. Brukarane på Hatleholen har benytta bøar og heimeutmark til sommarbeite, men desse områda var i mange år mindre god myr. Nærliggande stader som Puskeset og Ramsvika, ber óg bod om at dyra måtte gjetast for ikkje å ete vekstar som skjemde ut smaken på mjølka. Brukarane på Hatlehol har naustrett i Eikenosvågen, som også vert kalla «Vågane» lokalt.

Ein finn først omtale av plassane her i 1868. Hatlehol vart då rekna som lettdreven gard, men med fare for tørke. Bruka kunne hente litt furu i skogsteigane til Eikenosøygarden og Eikenosa for å stelle husa sine. Bruka vart skylddelte først i 1918 og vart ikkje registrerte som eigen matrikkelgard med bruksnummer 10 før 1890.

Næringsverksemd

På Hatlehol vart det kring 1900 etablert småskala produksjon i form av skredderverksemder. Frå gamle dagar var skomakaryrket den vanlegaste attåtnæringa på landjorda for husmenn. No vart også heimestrikk og konfeksjon noko som let seg gjere utan alt for høge kostnadar ved oppstart. 248 Mauritz Akslen (1911-2008) fortalde at det i hans barndom var vanleg å levere frå seg karda ull, og å leige andre i bygda til å strikke og sy det meste av kleda ein trong. Der var også nokre som hadde eiga strikkemaskin. På denne tida endra gardsdrifta seg for alvor frå sjølberging til pengehushaldning i Emblemsbygda. Ein kunne tene pengar på fiske, tørke fisk for andre, og levere mjølk til meieriet. Det er interessant å merke seg at ein også på Vatne finn gardsnamnet Hatlehol, og at namnet ofte har samanheng med nettopp skreddarverksemd, men der vart næringa mykje større og meir livskraftig enn i Emblemsbygda. Den første kjende skreddarmeisteren på Hatleholen kom også frå Vatne. Nokre tiår seinare kom 764 Reidar Arthur Krogsæter, frå dei samme traktene og starta skreddarverksemd, først på Aksla, og deretter på heime på garden Voll oppe på Røsse-vollen. I motsetnad til bygder som Vatne, Fiksdalen og Isfjorden, vart det aldri nokon stor konfeksjonsindustri i Emblemsbygda, men fleire i bygda vår har også i seinare tid hatt arbeid i konfeksjonsindustrien på mellom anna FIX konfeksjon og Møre Tekstil nærare Ålesund. Ein kan merke seg at ein på Emblem har tatt del i den samme gründer-and, og ein har starta verkstadar, båtbygging, møbelfabrikkar, og eksporthandel som så mange andre bygder på Sunnmøre, men det vart ikkje i eit like stort omfang som for eksempel nabobygdene Blindheim og Spjelkavika, eller Sykkylven.

Skulane

Den første skulen i Emblemsbygda vart bygd på Hatlehol sin grunn 1890. Dette var 13 år før Emblem skulekrets, lenger inne i bygda, fekk skulehus. I folketellinga 1891 vart dermed Hatlehol ein eigen tellingskrets mellom Emblem og Spjelkavik. Frå 1836 hadde Hatlehol og Emblem vore dei to skulekretsane under «Flisnes skuledistrikt», og hadde i eldre tid delt på omgangskulelæraren. I 1961 vart ein ny skule bygd oppe ved hovudvegen, nærare Puskhola. Det var den siste offentlege barneskulen på Hatleholen. Den neste skulen vart nemleg sett opp ved dei nye byggefelta lenger aust på Flisnes i 1984, og skulenamnet Hatlehol gjekk dermed ut av tida. Skulebygget vart etter kvart tatt i bruk som legesenter for indre bydel. Rett ved stod den kristlege folkehøgskulen, som hadde vorte flytta inn hit frå Nørve i 1971. Den skifta namn til Borgund folkehøgskule, men vart helst kalla «Borg» på folkemunne, og heiter no Ålesund folkehøgskole. I 1996 vart det etablert ein kristeleg ungdomskule i dei samme lokala, men elevtalet vaks raskt og den flytta etter kvart til bygget som tidlegare hadde husa Hatlehol Skule. Legesenteret hadde då fått nye lokale på Blindheim. Skulen vart pussa opp og utvida med nybygg for 100 elevar under namnet Møre Ungdomskule. Frå 2020 er det planar om å etablere ein barneskule også. Skuledrifta på Hatlehol har i alle desse åra gjeve arbeid til fleire i nabolaget, og har også påverka utbygging av området frå gardsdrift til byggefelt med einebustadar. For nokre tiår attende var det nemleg vanleg å utlyse lærarstillingar med tilbod om gratis bustad eller hybel. I tillegg vart det meir vanleg etter krigen å dele frå tomter til søsken, når den eine tok over garden. Soleis har fleire som bur i byggefelta på Hatlehol og Flisnes også tilknytting til gardane der. Skillet mellom kva som ein gong var bruka i Eikenosvågen, Ramsvika, eller Hatleholen Indre og Ytre, er ikkje lenger like lette å sjå. Samanliknar ein med biletet til Ragnar Øverlid frå 1961 ovanfor, med dagens busetnad, så har der vore store endringar.

Eigarane

Hatlehol Indre låg under Eikenosa fram til 1854, og vart kjøpt og seld saman med denne garden heilt fram til det året. Halvor Pederson Apalset på Magerholm selde Hatlehol Indre til Halvor Pederson Flesjesund for 100 speciedaler. Hatlehol Ytre fortsette å vere del av dei to bruka på Eikenosøygarden fram til 1882. Då fekk Rasmus Rasmussen kjøpe ut den eine halvdelen av bruket sitt. Den andre delen fekk han ikkje kjøpe, så det var først sonen som vart sjølveigar i 1930. Du kan lesa meir om brukarane under kvart bruk. 

Birgit Hatlehol 20.06.2019 20:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

Svein Ove 20.06.2019 20:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett