Fritid i Emblemsbygda.

Fra Sunnmørsposten 12. mars 1934

Påska 1961 på Østremsetra. Frå venstre: Olav Østrem, Malvin Garshol, Anne Grete Karlsen, Marit Egge, Rønnaug Frostad og Per Kåre Østrem. Biletet tilhøyrer Per Kåre Østrem

Harald Bjarte Øyen i svevet på Østremsetra 1961. Foto: Olav Østrem

Hoppbakken på Østremsetra påska 1961. Foto: Olav Østrem

Olav Østrem sit foran skihoppet på Østremsetra påska 1961. Foto: Olav Østrem

Nils Kristian Magerholm på Østremsetra påska 1961. Foto: Olav Østrem

Randi Frostad. Påska 1961 på Østremsetra. Foto: Olav Østrem

Påska 1961 på Østremsetra. Frå venstre: Marit Egge. Randi Bjørge, Anne Grete Karlsen, Rønnaug Frostad og Per Kåre Østrem. Biletet tilhøyrer Olav Østrem

Påske på Østremsetra 1961. Bak frå venstre: Anne Grete Karlsen, Marit Egge, Rønnaug Frostad, Oddbjørn Aasen og Olav Østrem. Framme frå venstre: Nils Kristian MAgerholm og Odd Østrem. biletet tilhøyrer Olav Østrem.

Østremsetra tidleg på 1960-talet Nils Leon Emblem sit lengst til høgre. Foto: Per Kåre Østrem

Familien Hoel på vei opp Grønevollen. Mannen lengst til venstre er ukjend, Svein Arne, sonen Stig og Rønnaug. Foto. Per Kåre Østrem

Svein Arne Hoel med borna Stig og Birgitte på Emblemsfjellet. Foto: Per Kåre Østrem

Hoel-tvillingane Janne og Marte ein gong på 1960-talet. Foto: Per Kåre Østrem

Hoel-tvilingane saman med sin far. Foto: Per Kåre Østrem

Trygve Emblem (t.h.) tenner opp bål på ein turistforeningstur i Sykkylvsfjella. Anders Aklestad frå Spjelkavika sit i midten. Foto: OLav Østrem. Trygve var óg speidarleiar i si tid.

Bursdagsfeiring krin 1980 i Larsgarden. Frå venstre: Klara Sigvarda Eriksen. Elise (Myre-Elise) Nedregotten og Anne Vennersberg. Foto: Aslaug Østrem

Veging av fisk ved nausta i Løvika. Biletet er henta frå eit gamalt Tv-opptak frå 1989 og gjordt om til svart-kvitt. Frå venstre: Arne Nedregotten og Tor Måseide. Foto: Svein Ove Østrem.

Ein pause etter fisketur utanfor nausta i Løvika. Biletet er henta frå eit gamalt Tv-opptak frå 1989 og gjordt om til svart-kvitt. Frå venstre: Arne Nedregotten og Tor Måseide. Foto: Svein Ove Østrem.

Fantefotball på 17. mai ein gong tidleg på 1980-talet.

utsnitt av fantefotballaget på 17. mai tidleg på 1980-talet. Bak frå venstre, ..Gundersen?,Oddbjørn Krohn Dalen, sigurd Langleite. Framme frå venstre: Rune Røed Olsen, Arne Nedregotten, ?, Jarle Dyb.

Ragna Teigen. Biletet er frå eit TV-opptak hausten 1998 på Haustaksjonen på bedehuset

Sigbjørn Sæter solar seg på toppen av Blåfjellet ei påske tidleg på 1960-talet. Foto: Olav Østrem

Dette er mest sannsynleg frå Ungdomshuset på byrjinga av 1960-talet. Frå venstre: Margrethe Bjørkavåg, Anne Grete Karlsen? Turid Dalen, Anne Lise Frøland, Erna Hesseberg og Kari Terøy. Foto: Per Kåre Østrem

Geir, Jon Endre, Eli og Rune Røed Olsen på Emblemsfjellet ein gong tidleg på 1970-talet. Biletet tilhøyrer Rune Røed Olsen

Fritid har det truleg vore lite av i bygda vår, om ein ser vekk frå dei siste tiåra.
Folk flest dreiv både gard og fiske for å livberge seg. Før 1900 kunne gardsarbeidet vere både tungdreve og langdrygt. Borna måtte ta del i arbeidsoppgåvene så raskt som mogeleg. Arbeidsmengda voks jamnt med auka alder. Skule var det ikkje så mykje av på den tida. Ein trong heller ikke så mykje teoretiske grunnkunnskapar slik som no. På mange måtar var delaktigheit i det daglege arbeidet den viktigaste læringsarenaen for borna, for det var her dei fekk lære det dei trong til å forsørge seg og sine i framtida.

Med hamskifte i landbruket, overgongen til pengehushaldning, der ein kunne produsere det ein var best på, eller det kundane i nærleiken ville kjøpe, så kunne ein alltids bruke pengane ein fekk på resten av det ein trong. Utover 1900-talet flytte stadig fleire til sentrale strok og byane. familiefelleskapet vart bytt ut med arbeid i industrien. Etterkvart fekk me også arbeidstidsbestemmingar som gav oss både kviletid og fritid, utanom søndagspreike og stilesitting innandørs på søndagen.
Det harde fysiske arbeidet vart etter kvart bytta ut med stillesittande kontorarbeid for stadig fleire arbeidstakarar og overskuddet til å drive eigne aktivitetar på fritida
vart stadig større fram mot vår eiga tid.

På 1930-talet var det vanskelege tider. Ettervirkningar av både verdskrig og børskrakk fekk følgjer sjølv i Emblemsbygda. Det var stadig fleire ungdomar som fall utanfor arbeidslivet, og det var ikkje eingong nok arbeidsplassar med fiske for alle som ynskte det. Ungdomane vart gåande heime å "sparke i grusen", men på
den same tida såg også viktige fritidsinstitusjonar dagens lys på Emblem. Thomas Kristoffersen på Aksla-Buda (seinare "Ths. Kristoffersen Landhandleri") åpna lagerdørene for ungdomar som hadde interesse for boksing. På omtrent same tid 
vart Idrettslaget (1932) danna og det flotte ungdomshuset (1934) bygd. Ein skulle tru at å ta opp gjeld ville vere risikablet på denne tida, men innsatsen var upåklageleg. Fotballbane vart bygd og skiløyper trakka. Nedgangstida påverka ikkje det veksande fritidstilbodet. Vi har mykje å takke desse pionerane for. Fleire av desse har også vorte nemnd under både næringsliv og lagsliv her på www.emblemsbygda.com.

Målet med denne undersida er å syne bilete frå dei uorganiserte fritidsaktivitetane. Har du biletet du ynskjer å dela med sambygdingane dine, så er det berre å seie frå på følgande e-post: sveostrem@hotmail.com

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
25.05 | 17:31

Skulle gjerne visst mer om Johan, min bestefar.

...
11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE