17.
mai feiring i bygda
Svein
Ove Østrem
Eg
har sjølv gode minner frå barndomens grunnlovsfeiring. På skulen
hadde me høyrd om Eidsvoll i 1814, fargelagd flagg, som skulle
hengast opp i vindauga på Ny-skulen, laga 17. mai rosettar av
kreppapir og elles pynta så fint me kunne i klasseromma, for dei
skulle nyttast som kafé på den store dagen. Tavlene vart pynta med
farga kritt og vi gledde oss til pølser, brus og is. Men feiringa
har ikkje vore slik alltid. Før den 2. verdskrigen var det ikkje
like stor feiring som no. Det var først og fremst etter 1945 at det
tok verkeleg av, for no vart feiringa av frigjeringa frå tyskerane
langt på veg hovudfokuset. Samtidig som dette skulle vera bornas
dag, nett slik Henrik Wergeland ynskte det.
Feiringa før 1940
I
eit intervju med Sigurd Langleite kring 1984 let Mauritz Akslen frå
garden «Hålå» oss få høyra korleis det var då han var ung før
krigen:
«Det
var dårleg den tida. Det var ikkje mange som var interesserte den
gangen, enkelte gongar kunne noken ta seg fri og møte opp på
ettermiddagen, der kanskje kom ein foredragshaldar. Det var spakt.
Det var helst ungane som samla seg, det kunne også vere to
avdelingar, både utom elva og innom elva. En fortalde meg at han
gamle Negards-Lars som hadde forretning der Navelsaker har huset sitt
nå, og han hadde sveivegrammofon som han sette fram i glaset og
spelte nasjonalsongar medan ungane sto og lytta på. Og så gav han
dei kvar sin pose med sukkerbrød som det heitte den tida. Det var
ein 17. mai, eg hugsar me fekk ein 50-øring og det heldt til ei
brusflaske og ei halv sjokoladeplate og heime var det då også noke
godt på ettermiddagen. Eg hugser eit år nabokona tok initiativet
til å samle ungane i skulekjellaren og kokte sjokolade og me fekk
godkake, det var svære greier.
Når
det kom til ca 1924 blei det litt feiring, her var komen eit par
østlendingar som dreiv gartneri på Emblem og dei var vel komne
lenger uti kultur enn vi var her i bygda, så dei fekk ungdomslaget
til å arrangere ei litt større samling. Men me hadde ikkje musikk,
me song ein lite grann. Men dei hadde fått to gamlekarar med kvar si
fele og eg huskar at dei var spesialistar på Napoleons-marsjen, så
når me skulle marsjere inn på stemneplassen der utmed skulen, då
ville dei spele den, men då braut han inn ein av desse, "Vi kan
ikkje gå inn på stevneplassen til tysk musikk!". Han ville dei
skulle spele norsk musikk! Men så dovna dette vekk igjen, men
ungdomslaget forsøkte nå å halde tradisjonen igang. Eg var formann
i ungdomslaget ein gong og då var eg åleine vaksen som møtte opp
for å gå med barnetoget.»
Sigurd
Langleite: så barnetog var i gang heile tida?
«Ja, men det
var berre barnetog. Og så når me kom inn på plassen ved skolen så
var det vel ein som heldt eit lite foredrag, men eg hugsar ikkje godt
det. då var der også nokre eldre som møtte opp. Men det var
skrøpleg med songen. Og noken skikkelig 17. mai vart det ikkje før
i 1945, men då vart det også feiring.»
Korpsmusikken kjem
Det
Mauritz erindrar om musikken i toget, skulle fortsette også etter
1945. Det fanst ikkje noko korps i bygda og fele eller trekkspel var
det ein hadde. Ivar Flydal fortel at han gjekk ved sidan av Oddvar
Ramsvik i 17.maitoget i 1952. Truleg så snakka dei litt om Ivar sine
erfaringar som korpsmusikant då han budde på Stranda og Oddvar kom
på trua om at dette kunne vere noko for vår bygd òg. Oddvar
Ramsvik leigde så inn eit korps for eiga rekning til 17. maitoget i
1953, og det gav sanneleg meirsmak hjå sambygdingane. Resten er
historie og korps har me hatt i bygda sidan den gong, jamvel om det
nokre år har vore vanskeleg å samle nok musikantar. Me reiser
stadig meir og dei åra me har vore utan skulekorps, medan
Musikklaget har rekruttert stadig fleire utanfor bygda, har det
ikkje alltid vore så mange musikantar og stemmer som dirigenten har
ynskt seg.
Feiringa på byrjinga av 1980-talet
Me
skal no gjera eit hopp i tid fram mot 1980-åra og feiringa den
gongen, for den står i kontrast til
det
som Mauritz fortel.
Sjølve dagen vart starta med dynamitt-salutt kl.
7:00 og me kunne etter kvart høyra Gjallarhorn som vart bussa i
kring i bygda, stoppa opp og spela på strategiske plassar den
komande timen. Frå byrjinga på 1980-talet fekk Musikklaget også
hjelp frå det nystarta Skulekorpset og speleplassane vart endå
fleire. Sjølv på Hesseberg og i Ludvikdalen kunne ein nyta
nasjonale tonar.
Idrettslaget
hadde årlege 17. mai leikar for ungane på idrettsplassen kring
klokka 8-9 og alle borna som deltok fekk premie med seg heim. Det var
som regel friidrettsleikar med lengdehopp, 60-meter og so vidare. Me
kunne prøva mange gongar kvar, så lenge me stillte oss i køa. Så
vidt som eg hugsar så var det dei frivillege laga i bygda som delte
på sjølve 17. mai-arrangementet og overskotet. For enkelte familiar
kunne dette medføra årvisse opptrednader i enten komiteen, som
kakebakar eller seljar i kiosken. På S-laget hos Arne Liaklev, kunne
ein levera inn att det ein ikkje fekk seld. og kiosken vart plassert
ute under overbygget sør for biblioteket. (det vart fjerna då
skulen vart påbygd mot sør og erstatta med eit nytt overbygg mot
aust) Her var det store glasdører og på innsida var det kakesal og
kaffi for dei vaksne.
17. maitoget
Så
vidt som eg huskar så var det god tid, kanskje litt for god tid,
mellom barneleikane og 17. maitoget som starta omlag kl. 12. Dette
vart lenge å venta for oss borna, for det vart ikkje noko is og brus
før etter toget var komen attende til skulen. Først gjekk 17. maikomiteen med bowlerhattar, store sløyfer og flaggborg. Deretter gjekk Gjallarhorn, skuleborna saman med kvar sin klasseforstandar, med første klasse først og eigenproduserte faner. deretter kom skulekorpset og bygdefolket, Me gjekk stort sett
frå baksida på skulen ved fotballbanene, vestover til
Røssevollkrysset, attende på gamlevegen forbi S-laget, oppatt på
hovudvegen og vidare inn mot bussgarasjene. På 1980-talet var
byggefeltet og vegen bak Ungomshuset på plass, så då gjekk vi for
det meste denne vegen attende til skulen. Det har vore fleire
omleggingar av ruta opp gjennom åra og nokre gongar gjekk ein
motsatt veg også. Før ny-skulen kom var festplassen ei kort stund
på Blåskulen, men var lengst kring gamleskulen og Ungdomshuset på
Skaret. Eg veit ikkje heilt kva år feiringa vart flytt til
Blåskulen, men eg har i alle fall bilete frå 1971-72 utanfor
Ungdomshuset, og bilete av Arne Nowak med den nye skulefana og
slengbukse på skuleplassen ved Blåskulen.
Videospelaren
I
nyare tid har skuleplassen sør for gymsalen og vest for dei eldste
klasseromma vore nytta med stolar og jamvel dei gamle trebenkane frå
ungdomshuset. Den gamle talarstolen vart henta frå
ungdomshus-kjellaren og pynta med bjørkekvistar og farga kreppapir.
Ein lastebilhengar vart nytta til scene og Respons tok seg ofte av
lyden til 17. mai-talaren. Vart det styggevér kunne programmet
avviklast inne i gymsalen og for oss ungane var det stort å få sjå
teiknefilmar på ein nymotens videospelar i den eine garderoba. Eit
fjernsynsapparat på kring 17 tommar innkapsla i kunstig teak var
meir enn nok til å sjå godt for heile ungeflokken i bygda.
Apparatet vart sett så høgt at ingen vart forstyrra om nokon reiste
seg å gjekk. Tanken med det heile var at dei vaksne skulle få fred
og ro til å høyre talen og då stengde også kiosken og kaféen.
Etter
tale, musikk av korpsa og kora, endå fleire barneleikar med kasting
på boks, potetløp, sekkeløp, styltrer, trehjulsykling og kanskje
«fante-fotball» der dei vaksje hadde kledd seg ut, så vart det
omsider tid for å avslutte for dagen. Bygdefolket gjekk kvar til
sitt for å ete festmiddag, før kvelden vart avrunda med fest på
Bedehuset.