Matrikkelgarden Aksla

Utskiftingskart frå 1891

Garden har fått namnet sitt frå Akslanakken, som kneisar over garden på både godt og vondt. Skråninga bak gardshusa på hovudtunet er bratt og full av stein og laus jord, så det er ikkje heilt fårefritt å gå kring foten av nakkane til tider. Garden grensar mot Magerholm i aust og Østrem og Nedregotten i vest, der Sirielva er grenseelv. Namnet «Aksla» kjem truleg frå det gamalnorske ordet «oksl» som igjen har utspring frå namn på lekamsdelar. I ein periode har slike namn vore flittig brukt og ein finn fleire slike i vår eiga bygd og områda ikring. Akslanakken består soleis av dei to ledda «aksel» og «nakke», som båe er slike lekamsnamn. Vidare utgjer Akslanakken, saman med Mellomstenakken og Stornakken ei markant lita fjellrekke som vert kalla Nakkane, og som på mange måtar kan seiast å vere det geografiske kjennemerket på bygda for den som kjem vest ifrå. Vassnakken ved Akslasetra er eit anna eksempel på denne gamle namngjevinga.

Historisk sett, skal Aksla og Reiten, tidlegare kalla Østremsreit, høyrd saman, og det var først i kring 1640 at Reiten vart skylddelt som ein eigen gard. Reiten fekk då 1 våg skyld, medan Aksla fekk tilsvarande mindre, til 1 1/2 våg. Dei to gardane hadde teigbytte på innmarka og hadde felles utmark heilt fram til utskiftinga i 1890-åra.

Det er nærast umogeleg å seie med sikkerheit kor gamal garden er, og det er ikkje funne nokon fornfunn enno som kan gje oss nokre spor heller. Gardsnamn og kunnskap om grannegardane kan bidra til ein påstand om at garden vart rydda kring vikingtida, for så å verte lagd aude etter Svartedauden.Truleg vart garden teken opp att ein gong på 1500-talet i likheit med dei fleste andre audegardane i distriktet. Frå 1603 finst der skrivne kjelder som vitnar om at garden var i drift og at det var 2 brukarar. Mykje tyder på at Reiten vart rydda igjen først i 1620 og fråskild Aksla kort tid etter dette. Namnet Austreimsreit dukkar opp i byrjinga av 1700-talet i offentlege dokument, og årsaka er uviss, men det kan vera grunn til å tenkja seg at nokon enten har hatt liten kunnskap om historiske forhold, eller at gardstunet på Reiten har lagt so nært Østremstunet at ein var sikker på at dette var eit bruk som hadde vorte skild ut frå Østrem ein gong for lenge sidan. Det er uansett litt rart at ein i såfall ikkje visste betre, når det berre var kring 100 år sidan Aksla/Reiten vart delt.

Det verkar som om Reiten har hatt eit tunstykke og eit sjøstykke mot Nedregotten. Frå 1800, og sikkert tidlegare også, var det eit gjerde mellom dei to tuna. Alle brukarane og plassemennene skulle bidra til å halde dette gjerdet i stand. Aksla-bruka var så småbytte, i eit lappeteppe av teigar, at ein i 1824 forsøkte å få gjennomført ei utskifting: Men «man kunde ingen udsigt se til at gaardens parter kunde samles i et stykke». Jorda var rett og slett alt for ulik og brukarane fekk i staden kvar sin del av dei 14 engstykka og dei 6 åkrane. Denne løysinga vart ikkje godkjend av overoppsynet og ein måtte derfor gjera eit nytt forsøk i 1833. Det vart no bestemt at brukarane skulle få kvar sin halvdel av innmarka delt med ei skillelinje frå sjøen. Denne bestemmelsen vart ikkje gjennomført, for det fanst framleis ein rekkje teigar ved den offentlige utskiftinga i 1890-åra.

Når utskiftinga var over i 1894, fekk dei to bruka på Aksla samla stykka sine, medan Reiten fekk sine stykke delt i to som tidlegare. Gardane på Aksla og Reiten har ikkje fått like god omtale opp gjennom tidene, og har truleg slitt litt ved at dei har lagt i skyggen nedanfor Akslanakken. Dei har slitt tidvis med grønår på kornavlinga og har vore omtala som tungdriven. Truleg har slike årsaker vore medverkande til at det har vore vanskeleg med utskifting av garden og at ein difor har hatt behov for så mange rundar. Løysinga kan truleg ha vore auka satsing på beitedyr, for der får garden gode skussmål. Mot 1900 vart det også satsa meir på potet og krøterhald, samstundes som brukarane har visst å nytta dei moglegheitene dei hadde til litt ekstra innkome attåt.

I 1890 vart også utmarka utskifta. Før denne tida hadde Aksla og Reiten felle heimeutmark mellom Aksla og Magerholm innmark. Skogen på denne tida var mest til ved, og bruka fekk eigne skogsteigar, medan opplagsplassane for tømmer var sams. Magerholm hadde hatt beitefelleskap med Aksla tidlegare, men frå 1840-åra tok dette slutt. Då hadde Brennhaugen, Krissenplassen og Nygjerdet fått gjerda inn sine bruk. Dei stengde då for passasjen til Magerholm i nedre-utmarka. Aksla og Reiten sette samstundes opp gjerde på smånakkane for å frede beite og slåttemarkane der. Brukarane på Aksla måtte drive dyra sine gjennom tunet på Reiten for å få krøtera sine på beite i Reiteløypa. I 1811 klaga brukaren på Reiten over at dyra gjekk lause gjennom tunet hans. Forlikskommisjonen bestemde difor at dyra skulle følgast både morgon og kveld.

Brukarane på Aksla hadde eiga høyløe oppe på nakkane frå 1880 og dreiv ein del slått der oppe. I tillegg hadde både Aksla og Reiten eigne tømmerløyper, frå gamalt av, og fjøsar like ovanfor tunet på Reiten. Alle bruka hadde tidlegare seter austanfor Østremsetervatnet. Setra til Aksla heitte Urdastølen, medan Reiten kalla si seter for Reitesetra. Begge setrane vart flytta vestanfor vatnet då fjellvegen kom. Mauritz Akslen har fortalt meir om dette i både eit eige skriv om gardsdrifta og i intervju med Sigurd Langleite. Begge desse tekstane kan du lesa her på www.emblemsbygda.com. Gardane har óg hatt eigne kvenner i Storelva til omlag 1920. Aksla skal og ha hatt ei eiga flaumsag frå byrjinga av 1600-talet, som Borgund-presten åtte og dreiv. Her vart det skore årleg om lag 20-30 tylfter bord fram til skogen vart nedhoggen etter berre 30 år. Ein veit ikkje kvar Aksla-saga stod, men i nyare tid har Reiten fått seg eiga sag i Sirielva, og den same elva har truleg gjeve vatn til Akslasaga også. Då Reitesaga vart bygd, kring 1920, var den vassdriven, men etter kvart fekk den motordrift. Du kan også lesa meir om saga på Reiten på ei eiga underside.

Fiske har vore viktig for aksla-karane. I likheit med resten av bygda, har dei har hatt tørkeplassar for fisk på berga. Aksla hadde sine plassar frå Kvalen og vestover mot Nedregotten. Karl O. Emblem fortel også, i eit skriv om fiske, at Iver Østremsreit på Reiten var kaptein og hadde fiskebåt kring 1930. Aksla og Reiten har truleg alltid hatt felles naustrett i Stampevika, medan Brennhaugen hadde sitt naust på Nedregotten

Det finst ikkje opplysningar om eigarar på Akslagardane før i 1626 og då var det Borgund prestebol som åtte garden. Det verkar som om begge gardane har vore prestegods, for borgund-prestane heilt fram til brukarane fekk kjøpe gardane sine. Aksla var først ute i 1832 (og Høla i 1846), medan Reiten vart kjøpt i 1833. Bruka vart sidan hefta med ei årleg avgift på 1 tønne bygg kvar til borgundpresten, men denne avgifta er no løyst inn.

Du vil finne meir informasjon om brukarane og dei enkelte gardane på eigne undersider for kvart bruk.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett