Arkeologiske funn på Emblem

Biletet syner den eine steinkista frå Ystebø-røysa som vart utgravd i 1922. Du finn også ein tekst frå denne utgravinga her på emblemsbygda.com. Den har fått ei eige underside under denne. Fotograf: Konservator Johs. Bøe

I tekstane knytt til dei arkeologiske funna på Emblem vil eg forsøke å samle informasjon om det som til no er funne og omskrive i ei rekkje publikasjonar frå omlag 1880 og fram til i dag. Nokre funn er sølvsagt meir spanande enn andre, slik som Ystebø-røysa og Skylehammaren, men det kan verke som om det er forbindingar mellom nokre av funna, slik at når dei vert sette opp mot kvarander, så får me også eit litt betre bilete av bygda vår i tidlegare tider. 
Eg har vald å først publisere dei ulike funna og tekstene for seg sjølve, som historiske kjelder. før eg vil sammenfatte ein del av desse funna i ein eigen tekst til slutt. Dermed kan ein også lesa det som finst av kjeldemateriale om ein ynskjer å gjere opp si eiga meining, eller fortsette granskinga.

I første omgong er det Ystebø-røysa og Kleberhammaren som vil få mest fokus, men etterkvart vil også dei andre funna få sin eigen underside og plass. Eg er heile tida på jakt etter nye opplysningar og publikasjonar og set pris på tips. Ta gjerne kontakt med meg om du har innspel.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett