OM OPPSTARTEN AV IDRETTSLAGET

Idrettslaget i bygda vår har vorte feira og fått samla store delar av historia si mellom to permar Det første heftet kom ut til 50-års jubileumet i 1982. Det var eit omfattande arbeide som vart leia og forma av Per-Aslak Emblem, Olaf Hesseberg og Oddbjørn Aasen. I 1992 vart det gjeve ut eit hefte med lagshistoria frå 1983 til 1992. Det foreløpig siste heftet kom i 2007. Olaf og Per-Aslak var framleis i førarsetet og gav bygdefolket ei verdifull oversikt over Emblem idrettslag heilt frå starten i 1932. 

Det er med beundring eg les alt det dei har klart å samle av faktainformasjon, bilete og artige hendingar. Desse sidene på www.emblemsbygda.com er ikkje meint å vera nokon konkurrent, men snarare ei supplement og eit biletalbum som gjev rom for mange av dei bileta som det ikkje vart plass til i dei trykkte hefta. Eg er så glad for at Olaf har tatt seg tid til å hjelpa med bilettekstar, rettleiing og informasjon slik at  etter kvart kan få sitt digitale tillegg her på desse sidene. Arbeidet er på ingen måte ferdig og det vil ta ein god del tid før alle tekstar, bilete og bilettekstar er heilt ferdige. Eg har likevel vald å publisera slik at dykk kan vera med på dugnaden og komme med innspel, rettingar og kommentarar undervegs slik at alt vert heilt rett til slutt.

Nedanfor finn du ein  kommentar til stiftinga av EIL frå Ungdomslagets sitt eige blad, med namnet "Innaumnesingen". Sjølve ungdomslaget er no historie og ungdomshuset like eins, men minna lever fortsatt i handskriven utgåve mellom stive permar. Eg håpar at eg får moglegheita til å kopiere fleire av desse tekstane ved eit seinare høve for her finn ein mykje av kvardagshistoriene til både ung og gamal i bygda vår. Inaumnesingen starta opp i 1906 og heldt fram til slutten av 1960-talet. Denne teksten er nok ukjend for dei fleste.

EIL-veteranar vert heidra i gymsalen ved 50-års jubiléet på Emblem skule i 1982. Her finn du fleire av pionerane som var med å starte idrettslaget. Frå v: Bjarne Nedregotten, Petter Kaldhusseter, Knut S Nedregotten, Maurits Akslen, Karl K Østrem og Karl O Emblem.

Om oppstarten av EIL

(Fra Innaumnesingen 14. november 1933)

"Ungdom med tiltak i på emblem. Nystarta sportsklubb nyt ungdomshus og mange foreiningar og klubbar. Interjuv av ein kjend Emblemsbygdar ved bladets eigen korrespondent.

Ved ein tur paa Emblem møter eg ein ungdom paa burtiomot dei 30, eg presanterar meg sjølv, spyr og fer vite at han er aktivt medlem av ungdomslaget og dei diverse andre klubbar og er soleis den eg har bruk for. 

Dykk bygg nyt ungdomshus her paa Emblem spyr eg. Å ja me gjer jau det. Bygg dykk stort? Tja - nei ikkje for stort 8 x 16 seiest det.fortel meg litt meir om kor dykk driv det her på Emblem spyr eg og tek fram papir og blyant. Eg bryr meg ikkje so mykje om slike bladmenn men sidan det er Innaumnesingen som spyr kan eg fortellje lit om husbygginga og klubblivet so som det fortida er. Husbygginga her jå oss har gaat i arv fraa gamal tid. Det vil seia pratet om bygging. Pengar har det og vore indsamla og indset som fond. Valg av byggenemder har det vore minst ein gong om året. Det er i det store og heile vore gjordt mykje for husbygging fram gjennom tida. Imidlertid har me hatt Fossestova til avløising for overflod av enersji og livskraft. Dette hus har den store skavank at det er for kort veg opp paa lofte og det er noko som seier seg sjølv at me under husbygginga legg stor vekt paa og faa det høgt under taket og skikkelegt med ventiler og ( siste ord er vanskelig å tyde..) Er det so dykk set opp huset med pligtarbeid? og korleis går det? Jau takk det har gaat ganske bra. Det vil seie dei som har staatt som (ledar?) for arbeidet og har haft betaling har arbeidt ganske jamt seiest det. Dei andre har vore mindre arbeidshuga som venteleg kan vera. Desse tvo leidarne vore er uvanleg flinke folk og dei overgår kvarandre i og fortelje om seg sjølve og truverdige og snilde karar er dei baae tvo seiest det.

Dykk har ein nystarta sportsklubb og her paa Emblem spyr eg. Ja det har me og det er ein flokk spretne karar og maa vite. Du sku berre høirt naar dei stillar lag, det er gutar som kan bruke (kjepone?)  Men so kan dei bruke labbane og der skal vera enkelte som kan spenne ganske køgt seiest det. stundom treffe dei der dei vil og allvist naar dei har har kens på ein kjåklegg. Her i haust hadde dei ner tekje ut på turne. Dei hadde tinga baat, det var berre og spyrje han som aatte han att. Men so vart dei ikkje einige om entan dei sku feste før eller etterpaa. Til slutt vart dei einige om berre og feste. Det var tvillaus at dei valde ret for festen vart ein avgjordt suksé. Truneen derimot var meir burt i det blaa. At sportsklubben ber sit namn med rette og med ære viste ein flokk raske gutar forleden dag dei gjorde ei storferd opp i fjelle. Eg har høirt di var hilt op om (skoganakt?) og seint kom dei ned at so det er rimelegt dei var høgt. Regtignik kan mykje av æren for denne turen falle paa ei kvindeforening som foretok eit streiftog for og finne motiv og indtrykk til paategning av kaffedukar. Det seiest dei vart staaande ved eit motiv fraa ei seter med ein flokk svoltne og møide karar og den bibelske indskripsjonen som lyder omtrent so: Kom til oss dykk som er kvite møide og svoltne og dykk skal faa trøst kvile og mat. Kvindeforeiningane er etter mitt skyn ein svært edel institusjon og me har alt fleire her i bygda, somme for de stakkar sorte som tildels gaar utan skjorte andre for den gule mand som soler seg på kinastrand. Den som nyleg er starta er ein forholdsvis ny opfindelse og er nermast ein kombinasjon eller rettare sagt ein kombinert hils sy og følgmeihjem klubb som etter sigende gjeng ganske godt. Dei drikk med forkjærligheit Mokka java og etter det lysande andlet og dei tindrande augo er det tvillaust ein vederknegande og god drikk.

Her. 

(Det står ikkje noko fullt namn under teksten men skrifta liknar ein del på handskrifta til Herborg Austrem frå Larsgarden, om ein sammenliknar med andre sider i Innaumnesingen. Herborg vart dessutan gift med ein av desse idrettspionerane, Mauritz Akslen. red. anm)

Olaf Hesseberg 31.08.2012 14:01

Veteranane på bilde er frå v: Bjarne Nedregotten, Petter Kaldhusseter, Knut S Nedregotten, Maurits Akslen, Karl K Østrem og Karl O Emblem. Det er teke i 1982.