Idrett i bygda

Montering av den eldste lysløypa i Emblemsbygda.

Den 6. september 1932 møttest ungdomar i Emblemsbygda i kjellaren på gamleskulen på Skaret for å diskutere «idrottsaka». Opplysningane kjem frå den første møteboka til Emblemsbygda Sportsklubb, som sidan fekk namnet EIL, eller Emblem Idrettslag. Venskapeleg kappestrid og skileik, ungdomane i mellom, har det nok vore drive i uminnelege tider, men eit eige idrettslag med organiserte aktivitetar i form av skirenn og fotballkampar etter oppsette terminlister, er av nyare dato.

Lagsaktivitetar i denne forma er i det heile noko som fyrst og fremst er moderne tankar i vårt land. Men en skal likevel ikkje gløyme at ein hadde aktive skyttarlag og seinare også ein frivilljug skytterlagbevegelse, frå 1880-åra, med klare nasjonale politiske mål. I 1855 såg Christiania Turnforening dagens lys, og i 1861 hadde den første landsdekkande idrettsorganisasjonen i Norge vorte stifta, med namnet «Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug». Centralforeninga pressa på for å få innført gymnastikk i skulen. Ski og skyting, var hovudinteressene til stiftarane av foreininga, som hadde fleire offiserar frå forsvaret blant medlemmane. Dei hadde forholdsvis god opplæring i både skyting og skieksersis, så det var nok ikkje så rart at desse greinene vart prioriterte i byrjinga.

Kvifor det tok so lang tid frå den spede begynnelse i Christiania, til ein fekk eige idrettslag i Emblemsbygda, er det ikkje så lett å finne svar på. Kanskje har det samanheng med tidvis meir fritid blant ungdommane på 1930-talet, for i 1934 fekk omsider ungdomslaget bygd seg eige hus også. Samstundes så var det ei vanskeleg tid, reint økonomisk for mange, men stifting av nye lag og bygging av ungdomshus, vitnar óg om eit positivt syn på framtida. Frå omlag 1900 reiste fleire av emblemsbygdarane til USA for å finne seg arbeid for ein periode. Andre fekk seg arbeid på båt og kunne då velge transport eller fiskeri. Når dei kom heim, kunne det verte nokre roligare periodar mellom slåttonnene eller tidvis problemar med å få seg arbeid i det heile tatt. Resultatet kunne verte auka engasjement i lag og foreiningar for ungdom, og slike var det ikkje særleg mange av før 1930.

Eit av dei store spørsmåla i idrettslaget si fyrste historie har vore å finne ein eigen plass til fotballbana. Det meste var temmeleg midlertidig før Ebbemyra stadion kom på plass. I våre dagar har bygda klubbhus, eit flott stadionanlegg for fotball, trakkemskin og gode løypemogligheiter på Emblemsfjellet. Denne undersida freistar å fortelle litt meir og korleis idretslaget har utvikla seg, og vera ei lite supplement til dei flotte jubileumshefta som Olaf Hesseberg og Per-Aslak Emblem har ført til pennen allereie. Her vil me freiste å få fram litt om dei enkelte eldsjelene og nokre opplevingane som har vore med på å forma idrettslaget til det det er i dag. Men skal ein klare å få til dette, så treng me di hjelp med både tekst, informasjon og bilete. Ta gjerne kontakt på e-postaddressa sveostrem@hotmail.com

-->

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett