EMBLEM KFUM OG KFUK


Då Tulla og Olav Nedregotten hadde bygd huset ferdig og sett opp flaggstong på 1950-talet så fekk dei hjelp av speiderane til å heise flagget. Eg er ikkje sikker på om det er ei spesiell markering som er foreviga her. Tulla skreiv berre: "Einar heiser flagget vårt". Det er truleg snakk om slekta og Einar Nedregotten frå Steffagaren.
Då Tulla og Olav Nedregotten hadde bygd huset ferdig og sett opp flaggstong på 1950-talet så fekk dei hjelp av speiderane til å heise flagget. Eg er ikkje sikker på om det er ei spesiell markering som er foreviga her. Tulla skreiv berre: "Einar heiser flagget vårt". Det er truleg snakk om slekta og Einar Nedregotten frå Steffagaren.
17. mai 1955 utanfor huset til Anne Betzy og Louis Vennersberg ved Jakobgarden.  søskena Kåre Emblem og Marit Emblem g. Birkelund. i speideruniform. Biletet tilhøyrer Eli Lundanes.
17. mai 1955 utanfor huset til Anne Betzy og Louis Vennersberg ved Jakobgarden. søskena Kåre Emblem og Marit Emblem g. Birkelund. i speideruniform. Biletet tilhøyrer Eli Lundanes.
Trygve Emblem i Negarden til høgre var ein av dei første speiderleiarane i Emblemsbygda. Eg har enno ikkje funne bilete frå den tida. Her sit han ved bålet på ein tursitforeiningstur til Hundeidvika i 1961. Akkurat her er det rast på Riksheimsetra. Dei to andre er Anders Aklestad i midten og sonen hans lengst mot venstre. Foto: Olav Østrem
Trygve Emblem i Negarden til høgre var ein av dei første speiderleiarane i Emblemsbygda. Eg har enno ikkje funne bilete frå den tida. Her sit han ved bålet på ein tursitforeiningstur til Hundeidvika i 1961. Akkurat her er det rast på Riksheimsetra. Dei to andre er Anders Aklestad i midten og sonen hans lengst mot venstre. Foto: Olav Østrem
Speiderane i flaggborg på 17. mai mellom 1960 og 1972 ein gong. Det er kanskje anten 1960 eller 1961 for det kan sjå ut som om Ivar Flydal var dirigent og han vart avløyst i 1961 av Harry Bjørkavåg. Det ser ut som og Trygve Emblem er speidarleiar på dette biletet. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Arne Nedregotten er dagens bileteigar
Speiderane i flaggborg på 17. mai mellom 1960 og 1972 ein gong. Det er kanskje anten 1960 eller 1961 for det kan sjå ut som om Ivar Flydal var dirigent og han vart avløyst i 1961 av Harry Bjørkavåg. Det ser ut som og Trygve Emblem er speidarleiar på dette biletet. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Arne Nedregotten er dagens bileteigar
Framsida på leirheftet frå Verdalen i 1978
Framsida på leirheftet frå Verdalen i 1978
Leif Hovde var leirsjef for mellom anna Emblem sine speidarar
Leif Hovde var leirsjef for mellom anna Emblem sine speidarar
Egge der Emblem hadde sin leir i Verdalen 1978 ligg i nederste del av bildet
Egge der Emblem hadde sin leir i Verdalen 1978 ligg i nederste del av bildet
F.v.: Cecile Aasen, Katrin Tafjord, Lisbeth Brevik, Alice Brevik og Berit Brevik kring 1982. Foto: Aslaug Østrem
F.v.: Cecile Aasen, Katrin Tafjord, Lisbeth Brevik, Alice Brevik og Berit Brevik kring 1982. Foto: Aslaug Østrem
Sigrun Ødegård på speiderleir kring 1982. Foto: Aslaug Østrem
Sigrun Ødegård på speiderleir kring 1982. Foto: Aslaug Østrem
Berit Brevik har fått besøk av småsøstrene Lisbeth og Alice på speiderleir ein gong kring 1982. foto: Aslaug Østrem
Berit Brevik har fått besøk av småsøstrene Lisbeth og Alice på speiderleir ein gong kring 1982. foto: Aslaug Østrem
Bilete er tatt på ein speiderleir kring 1982. Foto: aslaug Østrem
Bilete er tatt på ein speiderleir kring 1982. Foto: aslaug Østrem
Gerd Karin Langleite på speiderleir kring 1982. Foto: Aslaug Østrem
Gerd Karin Langleite på speiderleir kring 1982. Foto: Aslaug Østrem
Emblem KFUK/KFUM sin del av speiderleiren. Biletet er frå ca 1979
Emblem KFUK/KFUM sin del av speiderleiren. Biletet er frå ca 1979
Krinsleir KFUK-KFUM Gjermundnes 1980. Biletet tilhøyrer Birgitte Tafjord Pedersen
Krinsleir KFUK-KFUM Gjermundnes 1980. Biletet tilhøyrer Birgitte Tafjord Pedersen
Speidarar på 17.mai for nokre år tilbake. Det er mogleg at året var 1978 og festplassen var ved Blåskulen. Dette var truleg den siste gongen, for "nyskulen" var under bygging og stod klar den samme hausten. Gymsalen derimot var vel ikke fullført før årskiftet 1979. Bildet er henta frå ei sliten lysbilderemse og derfor ikke så skarp, men det ser ut som om det er snakk om 2. klasse, med 3. klassingane like bak. Her er det nok nokon som kjenner seg att. Foto Olav Østrem
Speidarar på 17.mai for nokre år tilbake. Det er mogleg at året var 1978 og festplassen var ved Blåskulen. Dette var truleg den siste gongen, for "nyskulen" var under bygging og stod klar den samme hausten. Gymsalen derimot var vel ikke fullført før årskiftet 1979. Bildet er henta frå ei sliten lysbilderemse og derfor ikke så skarp, men det ser ut som om det er snakk om 2. klasse, med 3. klassingane like bak. Her er det nok nokon som kjenner seg att. Foto Olav Østrem
Kan dette vere frå Holesanden kring 1979? Foto: Marit Østrem
Kan dette vere frå Holesanden kring 1979? Foto: Marit Østrem
Tålmodig laut dei vere som var foreldre og søsken også. Det er truleg frå ei speidersamling på Holesanden kring 1979 eller deromkring. Det var visst minst eit årleg arrangement der på denne tida. Stolar og mat tok ein gjerne med sjølve. F.v.: Svein Ove Dale Østrem på fanget til Olav Østrem og så Terje Tafjord. Dei arbeidde i lag på kontoret til Pla-Ma Trading "i alle år". Terje var ingeniør og Olav teknisk teiknar. Bedrifta byrja som søsterbedrifta til Porolon A/S og produserte først maskinene som produserte ulike former for skumgummi. Mot slutten hadde dei spesialkompetanse på det meste og utvikla gjerne nye løysingar til kvar og ein som mått ønske det. Terje fekk kjøpt seg tomt i "Røyse-nille gjerdet" frå garden til Olav og dermed vart dei gode naboar óg
Tålmodig laut dei vere som var foreldre og søsken også. Det er truleg frå ei speidersamling på Holesanden kring 1979 eller deromkring. Det var visst minst eit årleg arrangement der på denne tida. Stolar og mat tok ein gjerne med sjølve. F.v.: Svein Ove Dale Østrem på fanget til Olav Østrem og så Terje Tafjord. Dei arbeidde i lag på kontoret til Pla-Ma Trading "i alle år". Terje var ingeniør og Olav teknisk teiknar. Bedrifta byrja som søsterbedrifta til Porolon A/S og produserte først maskinene som produserte ulike former for skumgummi. Mot slutten hadde dei spesialkompetanse på det meste og utvikla gjerne nye løysingar til kvar og ein som mått ønske det. Terje fekk kjøpt seg tomt i "Røyse-nille gjerdet" frå garden til Olav og dermed vart dei gode naboar óg

Her er det truleg snakk om speidersamling i Borgundgavlen og naturamfiet ved den gamle scena. Første rekke f.v.: Berit Helen Bjørnhaug, Svein Ove Dale Østrem, Alice Brevik, Lisbeth Brevik Blengsli dels bak og Liv Brevik. Ann Kristin Østrem sit like bak. Kanskje er det snakk om 1980? speidarane er Berit og Ann Kristin. Er litt usikker på fotografen her. Det er kanskje Aslaug Petrine Magerholm g. Østrem som også var bestemor til heile denne ungeflokken frå Østrem.
Her er det truleg snakk om speidersamling i Borgundgavlen og naturamfiet ved den gamle scena. Første rekke f.v.: Berit Helen Bjørnhaug, Svein Ove Dale Østrem, Alice Brevik, Lisbeth Brevik Blengsli dels bak og Liv Brevik. Ann Kristin Østrem sit like bak. Kanskje er det snakk om 1980? speidarane er Berit og Ann Kristin. Er litt usikker på fotografen her. Det er kanskje Aslaug Petrine Magerholm g. Østrem som også var bestemor til heile denne ungeflokken frå Østrem.
1000-års markeringa av slaget ved Hjørungavåg i 1986 Ulvungane frå Emblem var sjølvsagt på plass. Rigmor Eide og Sigrun Ødegård var leiarar.  F.v.: Ragnhild Eide g. Akslen, Rigmor Eide, Svein Ove Østrem med oransj regndress, Øyvind Akslen med blå regndress, Eøivind Eide med hjelm og ryggen til, Per Ove Godø med grøn jakke. Foto: Marit Østrem
1000-års markeringa av slaget ved Hjørungavåg i 1986 Ulvungane frå Emblem var sjølvsagt på plass. Rigmor Eide og Sigrun Ødegård var leiarar. F.v.: Ragnhild Eide g. Akslen, Rigmor Eide, Svein Ove Østrem med oransj regndress, Øyvind Akslen med blå regndress, Eøivind Eide med hjelm og ryggen til, Per Ove Godø med grøn jakke. Foto: Marit Østrem
Ulvungar på tusenårsmarkeringa til Slaget ved Hjørungavåg våren 1986. F.v.: ukjend mann, Øyvind Akslen dels skjult bak mannen, Torbjørn Akslen dels i bakgrunnen, Svein Ove Østrem med gullmynt, sverd og skjold laga på sløyden på Blåskulen samme våren, Aleksander Berg og Øivind Eide. Foto: Marit Østrem
Ulvungar på tusenårsmarkeringa til Slaget ved Hjørungavåg våren 1986. F.v.: ukjend mann, Øyvind Akslen dels skjult bak mannen, Torbjørn Akslen dels i bakgrunnen, Svein Ove Østrem med gullmynt, sverd og skjold laga på sløyden på Blåskulen samme våren, Aleksander Berg og Øivind Eide. Foto: Marit Østrem

I ein slik liten tekst om speiderane på Emblem bør vel også opphavet takast med. Eg tenkjer då på Robert Baden-Powel, den seinare lorden av Gilwell ved adling allereie i 1929. Han var ein engelsk general som stifta speiderbevegelsen i 1907. Tanken med foreininga var å heve seg over rase, tru og politikk. Meininga var vidare å «fange gutten og skape mannen» ved å forme «en sund sjel i ein sund kropp». Idéen vann tidleg fram og bevegelsen spreidde seg vidare ut over heile verda. Det at Robert vart adla for arbeidet sitt etter berre 20 år seier sitt og suksessen.

I Norge var det Christian Dons og H. Møller Gasman som vart pionérane. Christian fekk innsikt i Baden-Powel sine speidar-idé allereie i 1908. Trua hadde då også fått plass i det første punktet i speiderløftet som plikta mot Gud og fedreland. Allereie på dette tidspunktet var det snakk om oppdeling i lag, eller patruljar, som eigentleg er av militært opphav. Ein skal no ikkje gløyme at opphavsmannen var general. På sett og vis hadde han nok tatt med det som han syntes var av verdi frå sine militære erfaringar. Det var også dette som Dons fremhevar i ettertid. Turar i naturen var viktig trening for å verte sjølvhjelpte og få øve på praktisk erfaringar i overlevelsesstrategiar. «Målet var å skape karakterfaste, rakryggede menn som når kampropet lød - «Vær beredt» - kunde svare «Alltid beredt». Dei første speidergruppene vart oppretta i Norge så tidleg som i 1909.

Det militære opphavet var ikkje noko nytt og eineståande for speiderbevegelsen. Fleire lag har liknande bakgrunn. Idrettsbevegelsen og skyttarlaga kan også knyttast til ein slik oppstart der det gjerne var offiserar som såg behovet for meir fysisk forstring hjå ungdommane eller folk flest. Dei første skiløpa inkluderte også militæreksersis og kan knytast til politikk og behov ein såg i samtida. Dei første skiøvelsane inkluderte foreksempel ei lang og ei kort ski. Slik kunne ein vende om på millitært vis. Norge vart eit sjølvstendig land i 1905, men det var ikkje sjølvsagt at det skulle verte slik. Fleire lag hadde dermed eit underliggande mål i starten der ein såg behovet for å få sunne framtidige soldatar når fedrelandet hadde behov for det. I det engelske speiderløftet finn ein også følgande: «I promise: To honour God and the King». Så særleg upolitisk var speideren heller ikkje, sjølv om det på norsk vart omskreve til «Jeg lover å gjøre mitt beste for at Norge aldri skal få skam av mig». (Norske Gutters Speiderkorps) og «Jeg lover efter evne å søke å gjøre min plikt mot Gud og fedrelandet» (Norsk speidergutt-Forbund). Når det er sagt, så fremheva Baden-Povel at speiderbevegelsen ikkje hadde noko med militarisme å gjere. Det trur eg så gjerne, sjølv om sunne unge menn med gode overlevelseskunnskapar neppe var noko ulempe ein gong i framtida. Av dei bilete og teikningar frå dei første åra kan ein også sjå speidarar marsjere med ein stokk omlag som eit gevær. I 1914 marsjerte dei slik opp Carl Johansgate på 17. mai også. På sett og vis kunne dei minne litt om buekorpsa i Bergen. Der fanst også ein variant i fleire andrebyar inkludert Ålesund nokre år. No var det rett nok eit flagg montert øverst på stokken. Det mangla ikkje på kritikk i oslo-avisene, men med åra vart delar av det som kunne oppfattast som militært tona kraftig ned.

Gradvis strekte speidersaka seg utover det ganske land i Norge med. Ein fekk fleire organisasjonar. «Norske Gutters Speiderkorps» var av dei første. I 1911 kom «Norsk Speidergutt-Forbund», der sistnemnde hadde klarare kristen profil. Gradvis kom der fleire lag og foreiningar som også skapte sin variant av speideren. Det kunne vere avholdslosjar og kristne trusamfunn som heiv seg på den populære bølga – særleg i mellomkrigsåra. Ikkje alle som starta opp varte like lenge. Fleire troppar vart lagd ned på grunn av mangel på vaksne leiarar.

I dag tenkjer nok mange på forkortelsane K.F.U.M. og K.F.U.K. I samanheng med ordet speider. Bevegelsen er eldre enn speiderbevegelsen. Allereie i 1823 vart lokale misjonsynglingeforeiningar starta av reisande handtverkarar i Tyskland. I 1843 vart Ynglingeforeininga starta i samme land og i 1844 vart YMCA, eller Young Men´s Christian Association starta av George Williams og 11 andre handelsbetjentar i London. Målet var å bedre «åndelige tilstander blant unge menn i manufakturbransjen og andre bransjer». I 1867 stifta presten Peter Hærem (1840-1878) Kristiania Ynglingeforening. K.F.U.K. I 1855 starta Emma Roberts bønnegruppe i byen Barnet i England der målet var unge kvinner. Med industrialiseringa var det mange som flytte frå familie og vener til byane. Roberts var lærar på ein jenteskule og ønska å følge opp ungjentene etter at dei var ferdige på skulen. Omlag samstundes oppretta Mary Ann Kinnard ein heim for sjukepleiar-elavar med vekt på åndeleg oppbygging. I Norge var det Sophie Pharo som stifta ei grein av K.F.U.K. I 1886 etter at ho hadde vore invitert som tilskodar på eit av ynglingeforeiningas møter året i forvegen. Etter kvart vart det også stifta idrettslag og Norges KFUK-KFUM har i dag vokse til ein av landets største kristne barne- og ungdomsorganisasjonar med 500 grupper og 17000 medlemmar. Speiderggruppene er det mange av. KFUK starta opp eigen speider-organisasjon i 1920 medan KFUM-speidarane først kom til som eigen organisasjon i 1945. Det betyr ikkje at dei ikkje dreiv speiderarbeid tidlegare.

Den eldste speidarforeininga finst i Ålesund

K.F.U.M i Ålesund kan knytte sitt opphav direkte til presten og ungdomsarbeidaren Peter Hærem sitt besøk i byen mot slutten av året i 1869. Han var komen for å snakke om organisasjonen i Ålesund Kirke. Allereie den samme dagen vart saka diskutert i atlieret hos fotograf Andreas Øvre og 6. januar 1870 vart Ålesund Ynglingeforening ein realitet. Mellom stiftarane kan ein finne fotografen saman med stortingsmannen Johs. Aarflot og lærerane Eriksen, Hovland og Frøland. Organisasjonen dreiv først med kor og idrett, før dei allereie i 1911 starta opp med dei første speidergruppene. Dette tilbodet vart svært populært i byen. Speiderleir var ein viktig del av aktivitetane til speiderane. Utfordringa var derimot at ein dei første åra nytta lokale skular til å overnatte på. Men det var utfordrande å flytte på alt utstyret i ei tid der få hadde bil og samferdselstilbodet var skralt.

I mai 1939 hadde garden Løvika vorte seld på tvangsauksjon for kreditoren "Den Norske Stats Småbruk og Boligbank". Mellomkrigstida var hard for mange. Gardeigaren-Elias Nedregotten skulda ikkje eit like stort beløp som garden var verd. Dermed var det slik at Banken fekk tilslaget for 6200 kroner og overtok bruket. Den 16. oktober samme året vart eigedommen seld vidare til organisasjonen K.F.U.M. i Ålesund for 7000 kroner og ein anmoda om at auskjonskøytet vart utskrive direkte dit. I jubileumsheftet til Ålesund K.F.U.M. frå 1940 kan ein lesa at dei hadde behov for ein fast plass å vere. salgsutlysninga på småbruket på Emblem kom soleis på rett tid og laget greidde å skaffe beløpet som vart krevd. Dei var ikkje den einaste organisasjonen som kjøpte seg gardsbruk til fritidseigedom på Emblem før krigen. Like ved låg Fossestova ved Trollfossen som først Ålesund Jern- & Metall foreininga åtte, før plassen vart seld til Ålesunds Barnehjem som feriebustad. Akslagjerdet hadde funksjonærforeininga i Ålesund kjøpt til same formål. Emblemsanden var ein populær stad for både bading, idrett. Det hadde tidlegare vore speiderleir der også. Emblemsfjellet var minst like populær sommar som vinter og der gjekk no rutetrafikk heilt til byen. Målet var med andre ord ein leirstad. Dei hadde då nytta Emblemsanden til leir allereie. Ein kunne i mange år etterpå sjå att spor etter speidarane i hovudhuset i Løvika. Eit av desse var ei serveringsluke.

På denne tida før krigen har eg ikkje funne spor etter nokon speiderforeining på Emblem. Eg skal ikkje sjå heilt vekk frå at avhaldslaga hadde eit slikt tilbod, men der manglar dokumentasjon på at noko slikt har funne stad. For Ynglingeforeininga skulle det verte eit kort opphald på Emblem. Allereie Hausten 1941 vart speiderorganisasjonane lokalt og nasjonalt tvangsoppløyst i Norge av NS-myndigheitene. Eigendelane vart konfiskerte og medlemmane vart pålagde å lever inn uniformer og distinksjonane sine. Det verkar ikkje som om Løvika vart inndrege, men utan medlemmar og inntekter vart det nok for dyrt å halde på Løvika. Dei venta rett nok til 1943, men framleis var der ikkje spor av fred og oppstart igjen. Dei valde dermed å selge bruket attende til Elias Nedregotten. Eg vil tru at det korte opphaldet på Emblem kan ha sett sine spor i positv lei. Den 18. april 1945 kan ein nemleg på side 4 i Sunnmørsposten finne ein takk til KFUK og KFUM Emleim. Dette er den første og foreløpig einaste staden ein kan finne speiderar frå Emblem nemnd i avisene. No er det nok slik at ikkje alle er tilgjengelege i digital form enno. Store delar av 1950-talet og fleire av avisene manglar enno. Eg er rimeleg sikker på at der ikkje var jentespeiderar på Emblem i 1939. I eit avisuklipp frå 3. juli det året var nemleg blåspeidarane frå Ålesund samla på Emblemsanden til leir saman med speiderar frå Sjøholt, Langevåg og ei frå Hareid. Omlag 20 telt fylde badeplassen. Dei kosa seg der i fleire dagar med utflukter underholdning og «forskjellig annet». Det regna om natta medan sola skein på dagtid, så dei var likevel fornøgde.

Det gryr på Emblem

Det er i det heile tatt lite me veit om speidergruppene på Emblem. Sjølv dei historiske sidene til det digitale speiderleksikonet på nett er tomme. Det einaste eg ber dags dato veit er at Einar Nedregotten frå Steffagaren var med på 1950-talet. Gunvor «Tulla» Nedregotten har foreviga han i speiderklede saman med ein annan gut medan dei heiser flagget i den nykjøpte flaggstonga utanfor huset som Tulla og Olav akkurat hadde bygd. Årstalet kan soleis ha vore 1956. Me veit også at Trygve Emblem frå Negarden var speiderleiar ei tid.

I fotoalbumet til Anne Betzy Vennersberg kan ein finne bilde av niesa Marit Emblem Birkelund i speideruniform i 1955, så der var truleg minst ein KFUM-tropp med jentespeidarar også. Speidergruppa var visst tidleg ute med å arrangere Sankthanskveld på Emblemsanden også, men kor lenge det varte er eg usikker på. I Emblemsbygda var det tidlegare mest vanleg at lag og foreiningar tok på seg å arrangere mellom anna 17. mai. Det var ei kjærkomen inntekt, men det kunne verte hektisk for den som hadde fleire ungar i ulike lag og kanskje var medlem ei eit eller to lag sjølve. I dag er det foreldre ved Emblem skule og faste skuleklassar som har ansvaret. Då vert også arbeidet betre fordelt. Det var nok ikkje samanhengande speiding på Emblem frå krigen til 1980-talet. Slikt trong leiarar og dei var ikkje alltid like enkelt å få tak på i ei lita bygd. Ofte var det slik at der var nokre få som tok på seg ansvaret på fleire frontar i styre og stell.

Gullalderen

På 1970-talet fekk speiderbevegelsen i bygda eit kraftig løft. Då hadde nok tilbodet lagt brakk ei tid. Trond Emblem minnest at Lars Akslen frå Høla var ein av leiarane. Trygve Emblem var også framleis med. Møtestaden var kjellaren på gamleskulen. Sidan 1955 hadde skulen hatt namnet «Husmortun» fordi husmorlaget hadde kjøpt skulen etter at Blåskulen lenger vest stod klar. Dei leigde ut kjellaren til speiderane slik at dei fekk seg ein permanent stad å halde til . På omlag samme tid vart dette lokalet pussa opp og sett i stand med eit lite kjøkken, stor åpen peis og ei open løysing med furupanel, nye mindre vindauge og stolar med hamptau som var så populære den gongen. I tillegg vart golvet tetta og isolert. Her skulle dei ha fast lager og møtestad i alle dei åra speidergruppene var aktive. I periodar var det fleire grupper samstundes med både jentespeidarar og gutespeiderar. Landsleirane var ei stor oppleving. I 1978 var 1. Emblem KFUM registrert i Verdalen. Det samme året var også fleire av jentespeidarane samla på Øysand. Leirsangen dei øvde på hadde melodi frå Pål sine høner og gjekk mellom anna slik: «Heisann og hoppsann til Øysand til Øysan, drar vi på landsleir patrulje og tropp..» Når leiren vart halde på Gjermundnes i 1980 så var vel alle gruppene untatt dei aller yngste med. Kretsleirar var der også. Eit år var den halden i Fausadalen. Som lillebror til to eldre søsken og speidarar minnes eg at der var arrangement på både Kjellsund, Rjåneset og Holesanden. Ikkje alle gongane var det like lett å få med nok folk Helge Slettedal var ein av dei som hadde flytta til nyfeltet på Flisnes og bygd seg hus der. At han var næraste nabo til ein av speiderleiarane, Liva Dyb, kan kanskje ha vore ei medverkande årsak til at han vart med før eigne born vart gamle nok. Jenny Ann Flø minnes landsleir på Lillehammer, eller Hamar tidleg på 1980-talet. Då var der kun ein handfull som meldte seg på. Turen vart dermed avlyst. Ein skal samstundes ikkje gløyme at det var langt å sende born frå omlag 3. klasse og oppover den gongen. Det verka nok mykje lenger då enn no.

Hilde Lillevold Håberg minnes at ho byrja på speideren i 1. klasse. Det var i 1974. Sigrun Smogeli Ødegård som var leiar og dei var så mange at dei hadde då 4 meisegrupper i KFUK. Det var Kjøttmeis, Blåmeis, Stjertmeis og Toppmeis. Sjølv var ho stolt Toppmeis. Ho fortsette fram til ho var ferdig med 5. klasse. Meisene var startgrupper for jentene, medan gutane var «ulvungar». Tone Anita Hoel Andreassen minnes at dei byrja med møta oppe i hovudetasja på gamleskulen. Det var vel omtrent på den tida at kjellaren vart pussa opp. I tilegg var Turid Langleite med i mange år. Ektemannen Sigurd Langleite var ein av dei ivrige sambygdingane som var med å pussa opp speidarlokala. Dugnad var ein vanleg arbeidsform i bygda den gongen, sjølv når sementgolv i bussgarasjene til bedrifta Emblemsbygda Billag A/S skulle støypast. Lillian Nederlid minnes at ho hadde småspeiderane, også kalla meisene, i omlag 10 år saman med Turid og Sigun Helset. I tillegg kjem patruljeførarane og gruppeleiarar som var yngre. Ragnhild Akslen fekk tidleg ansvar for Uglepatrulja. Søstera mi, Ann Kristin var med der og var ikkje så mange år yngre enn Ragnhild. Gruppa kan framleis hugsast på grunn av teikning i hytteboka til Larsgarden på Østremsetra som Berit Helen Brevik Bjørnhaug teikna då dei overnatta der på 1980-talet. Speidarar heilt ned i 5. klasse kunne ta patruljeførarkurs om dei ville.

I ei handskriven årsmelding for KFUK-speidarane 1978 kan ein lesa at der var 66 jenter det året fordelt på meiser, sifinnerar og vandrarar. Hausten hadde dei 8 vaksne leiarar og på vårparten 6. Turid Langleite var gruppeleiar fram til årskiftet før Liva Dyb tok over. Om organiseringa kan ein lesa følgande: «Alle innan same eining er samla samtidig. Kvar av årsklassane innan same eining har kvar sin vaksne leiar, som står for instruksjonane og legg til rette arbeidet. Andakt, underhaldning, konkurransar o.l. er felles. Denne arbeidsforma synest å fungera godt.» I tillegg var dei med å arrangere Tenkedaggudsteneste saman med speidarar i Spjelkavika og på Blindheim og «Meisenes dag» på Holesanden 28 mai det året.

1980-talet frå medgang til motgang

Frå årsmeldinga i 1980 kan ein få eit godt inntrykk av stoda i speiderarbeidet i bygda. EMBLEM I K.F.U.K. kunne då melde om heile 95 speiderjenter. Dei dreiv også speiderarbeid på Hatleholen. Der var Torunn Bildøy leiar for meiseringen, assistert av Kari Bjørkavoll og Leikny Flisnes. Inne på Emblem var Anne Marie Hustad med som assistent. Ho leia stifinnerane saman med Sigrun Smogeli Ødegård. Dei var då heile 4 patruljar med vandrerane som patruljeførerar. Rangerane hadde ikkje fast møte det året, men hjalp til der det var behov for dei.

I ein rapport frå K.F.U.K. datert 9. mai 1982, skrive av Liva Dyb, kan ein lesa at talet på medlemmar var betydelig redusert to år etterpå til omlag halvparten. 47 speiderjenter var no fordelt på 17 meiser, 20 stifinnarar, 7 vandrera og 3 rangerar. Samstundes får ein fortalt at likevel er 99% av alle jentene i bygda var med. Turid, Sigrun og Lillian var leiarar for meisene medan Sigrun leia stifinnerane og Liva var hjelpar for roverane. Den våren laga dei i stand eit «Miniarknad» til inntekt gruppa. Prisane på varer, aktivitetar, mat og drikke vart visst sett litt for lågt då fleire kunne gå heim att utan å ha brukt opp alle pengane dei hadde tatt med seg. Likevel vart det heile 1600 kroner i kassa og et var ikkje så verst inntekt den gongen. Nysteikte vafflar og safta var temmeleg populært og det samme var spåkone og smågodt på glas med fint dandert stoff på lokket. Sistnemnde var til salg for den «som hadde behov for litt glød og fornyelse» i forbindelse med kjærlighetsorg og mykje anna. Sal av påskeliljer til nedsett pris var også populært. Her var det vel kanskje Fru Eriksen og «Eriksen Gartneri» i Mattisgarden som var sponsoren. Dei samla også inn 1590 kroner ved julebukkaksjonen 13. januar det påfølgande året.

Eg trur at eg byrja seint i speidaren. Det er også mogeleg at aldersgrensa var litt høgare for gutar på 1980-talet enn i 1970-åra, men eg veit i alle fall at eg var ulvunge i 1986 ved tusenårsmarkeringa for Slaget ved Hjørungavåg, for det har eg framleis bilete av. Eg vil tru at markeringa var på vårparten, så då var det vel hausten 1985 at eg byrja å speide. Det betyr at eg gjekk i 3. klasse og talet på speidarar hadde byrja å avta. Dei to eldre søskena mine hadde då vore med i mange år sidan dei var 5 og 8 år eldre enn meg. Eg huskar at eg gjekk saman med Torbjørn Akslen og Øivind Eide som er av 1976-årgangen, så det var nok mogeleg å byrje tidlegare også. Leiarane våre det året var Sigrun Smogeli Ødegård og Rigmor Eide, så det er mogeleg at det var litt utfordrande å finne nok mannlege leiarar på den tida. Sigrun hadde i alle år vore leiar frå jentespeidarane, og det ville nok ha vore vanskeleg å starte opp den hausten uten henne. Rigmor var vel kanskje ny speidarleiar det året som mor til Øyvind. Vi hadde ei flott tid med mange spanande møte i den gamle skulekjellaren. Noko av det eg hugsar aller best var då vi samla oss i jui 1986 i Løvika for å lære å lage bord og benkar av tau og treverk. Det var del av forbereiinga til å kunne dra på speiderleir seinare. I tillegg var opptakinga frå ulvunge til storspeidar spesielt spanande. Kjellaren var kun opplyst av levande kjerteljos og eg meina at vi skulle krype gjennom ein slags tunell mellom nokre stolar for å kome ut av «ulvehiet» avgi speidarløftet og bli ekte storspeidar. Dette var vel kanskje like før sommarferien ein gong. Sansen for knutar og speiding hadde eg hatt lenge. Storesøstera mi var speidar før meg og so pass mykje eldre at eg fekk hjelp til å læe meg knutar når me skulle bygge indianarleir oppe på Østrem. Tipiar i fleng vart bygde av hesjastaur og nylontauet som elles skulle nyttast til å stramme kantane på høyvogna. Det gjorde vi berre in gong for året uansett, så det var liten konkurranse om det. Etter kvart var der så mange «indianarar» på Østrem og teltstengene måtte settast so breitt att teltveggane nesten låg vannrette til slutt. Vi fekk ein heller brå overgong til storspeidarane hausten 1986. Frå ei roleg og skjerma grunnopplæring var ikkje alt like roleg i storspeideren. Helge Fugelset hadde då leia gutespeidarane så og seie heilt åleine ei tid. Flokken var stor og mange var av gutane var nok heller av det mest rastlause slaget. Eg meinar at han fekk hjelp av Kjetil Flisnes, men det var dessverre ikkje alle som kom for å lære seg knutar og anna viktig kunnskap. Det kan vere årsaka til at der ikkje var så mange leiarar attende, men det er ikkje noko eg kan seie for sikkert.

Vi fekk ei fin oppleving på «haustmanøver» med oppstart ute på Flisneset og avslutning nede på Emblemsanden der me mellom anna skulle klare å koke eit egg utan medbrakt kokekar og fyrstikkeske. Vi hadde berre ei fyrstikk og måtte finne fram til løysing på problemet sjølve. Å orientere seg ute i dels regn og mørke med lommelykt var ei artig oppleving. St. Georgsløpet i Ålesund våren 1987 er ei anna oppleving som er vert å nemne. Mi patrulje inneheldt mange av dei tidlegare ulvungane frå 1985/86 og vi var som emblemsgutar flest på den tida gode til å springe. Vi hadde vel stort sett alle erfaring frå både fotball og ski, for å nemne noko, men vi var kanskje ikkje like dyktige på å knyte knutar. Sjølv skulle eg som lavast og den lettaste i flokken mellom anna firast eit par etasjar frå taket av Stallane og ned på fortauet ved utstillingsplassen. Eg må innrømme at eg var temmeleg redd då eg visste litt for godt kor skralt dei ulike knutane sat på møtet veka i forvegen. Eg må innrømme at eg såg for meg eit heller brutalt møte med asfalten. Til alt hell vart ingen sendt utfor kanten før knutane var skikkeleg kontrollert og retta opp. Det gjekk bra med firinga, men nokon god plassering vart det neppe. Vi sprang meste av Ålesund sentrum på langs og tvers med oppgåve-stopp både ved det gamle fergeleiet ved Buholmen og på Kremmergården. Eg kan ikkje hugse namnet på patruljen min, men veit om ei som kalla seg for «Beverparuljen». Dei hadde eigen song basert på melodien om Daniel Duppsko som var ein barne-TV-helt i samtida. Teksten var slik: «Beeeeever, liker å plaske med halen i vann, en hytte i en dam – og så en liten dram så er hele beverpatruljen i land. Beeeever.» Siste delen var kanskje ikkje heilt i tråd med KFUM-speidarane sine formålsparagrafar, men kreativiteten var stor.

KFUM-gruppa på Emblem leggast ned

Hausten 1987 kom brevet om att K.F.U.M.-gruppa med storspeidarar på Emblem skulle leggast ned. Etter fleire år som einsleg leiar hadde Helge no nok å henge fingrane i på heimebane med små born og der var ingen som ynskte å ta over eine-ansvaret. Det vart ein trist dag, men ikkje særleg overraskande for vi visste så inderleg vel at eit slikt viktig arbeid ikkje var noko for kun ein leiar åleine. Vi hadde sjølvsagt håpa at der kom fleire med på ansvarsida, men no var det uansett berre jentene att. Der gjekk det derimot strålande. Jentene var no kanskje litt meir vaksne i oppførselen enn gutane og meir sjølvstendige. Fleire vart gruppeleiarar i ung alder.

K.F.U.K. det siste halmstrået

Av dei siste gruppene som eg har funne spor etter er «Svane» og «The Knøts» sine møtebøker frå 1983. skriftleg materiale etter gutespeidarane manglar totalt. Dette var jentegrupper. Liv Solveig Gjørtz tok over som meisemor etter Sigrun Helset, Liva Dyb og Sigrun Smogeli Ødegård på slutten av 1980-talet. Tone Habostad var med og hjalp til. Etter nokon år var det ingen som ville ta over som leiarar for jentene heller, og med det vart også K.F.U.K.-speidarane på Emblem historie. Kjellaren fekk nye leigetakarar og der vart også drive barnehage i fleire år. Dei heldt vel hovudsakleg til i hovudetasjen, for eg minnes at der var drift då naboen vår Øystein Eriksen i Mattisgarden døydde i 1980. Då var eg der nokre timar medan begravelsen vart halden, for heile bygda skulle dit og då var der ingen andre att til å passe borna. Om dei også nytta kjellaren frå 1990-talet veit eg ikkje sikkert. Allereie i årsrapporten for 1984 kan me ane at noko var i ferd med å skje. Liva Dyb skreiv då at medlemstalet var synkande dei siste åra. K.F.U.K. hadde hatt ein topp på 101 medlemmar i 1980, medan dei i 1984 hadde omlag det samme antallet som når jentespeidarane starta opp i 1970 med 21 meiser og 21 stifinnarar. Det var meir enn ei halvering på fire år. Ho skriv vidare:

«Jentene har mange gode tilbud her på Emblem og speideren har ikkje nyhetens interesse lenger. Tema for forbundsveka var HÅP. Uten håp døyr speiderarbeidet vårt. K.F.U.K. speidernes mål og vårt ønske og håp er at vi ved Guds hjelp kan få vere med på å oppdra jentene til kristne kvinner som kan gjere sin innsats for heim og samfunn.»

Det var ikkje noko å seie på akivitetstilbodet som speidarane på Emblem hadde det året. Der var også felles krinsleir for gutar og jenter på Raudøya frå 3. til 9. august det året. Emblem sin haustmanøver vart arrangert av gutespeidarane for heile speidargruppa 10. oktober. Aktivitetslista ellers er for lang til å nemne alt her. I tillegg til dei tidlegare nemnde leiarane Turid, Sigrun, Lillian og Liva var også Kristine Bildøy stifinnar-assistent. Den rolla hadde ho hatt tidlegare også. No er ikkje fallet i medlemstal like dramatisk som det kan framstå i først omgong. Ein skal ikkje gøyme nedgongen frå 95 til 47 medlemmar frå 1980 til 1982. Likevel var 99 prosent av alle jentene i aktuell alder med i speideren.

På den andre sida så er der ein forskjell likevel. No hadde nemleg innbyggartalet byrja å gå opp på Emblem, Nye byggefelt var lagt ut og utbygd fleire stadar, men der var sjølvsagt ikkje alle som var i rett alder enno. Dei såg tendensen når dei samanlikna størrelsen på årskulla opp mot kor mange som melde seg inn i speidaren og der var noko i ferd med å skje. Resultatet kjenner vi dessverre litt for godt. Frå tidleg 1990-tal var speiderbevegelsen på Emblem lagt ned og ingen har sidan teke opp att dette arbeidet. Effektane vart ei tid lagra på loftet på Blåskulen før det meste vart seld til speidergruppa på Blindheim. Berre nokre handskrivne kopiar av årsmeldingar låg igjen då skulen vart brend ned av Ålesund Brannvesen som brannøving. Nedgongstida for speidargruppene kring slutten av 1980-talet var ikkje noko eineståande for Emblemsbygda. Sjølv speiderane i Ålesund, som no er landets eldste speidergruppe med sine 107 år i 2017, sleit mot slutten av 1980-talet. På det meste var det 13 grupper og mange hundre speidarar innom Speidernes hus i Kipervika 25. Ved byrjinga på 1990-talet var dei berre tjue medlemmar att og det var store utfordringar med å skaffe leiarar. I Ålesund klarte dei seg over kneika medan speidergruppene på Emblem vart lagt ned. På den positive sida kan det nemnast at ein i våre dagar kan sjå ei auka interesse for speider og friluftsliv. Me har fått stor tilvekst med nye byggefelt i bygda, så kanskje det er nokon som får lyst til å starte opp att?

Heilt til slutt

Eg skulle gjerne hatt tilgong på møteprotokolar og anna skriftleg materiale frå den tida for å kunne skrive ei litt meir fullstendig fortelling. Eg vonar derfor at den som måtte ha noko slikt, eller ytterlegare opplysningar tek kontakt med meg på føgande e-post: sveostrem@hotmail.com

Skriftlege kjelder:

Hauger. Erling: «Norske Speidere, Norsk speidergutt-forbund gjennem 25 år 1911-1936» Utgitt av Norsk Speidergutt-Forbund 1936.

Livsminne delt via Facebook-gruppa «Gamle bilder fra Emblem» av: Trond Emblem, Berit Hustad Birkeland, Hilde Lillevold Håberg, Tone Anita Hoel Andreassen, Jenny Anne Flø, Lena L. Bjørdal Kjerstad, Lisbeth Brevik Blengsli, Trine Valaker, Lillian Nederlid, Liv solveig Gjørtz, Gerd karin Langleite og Janita Rye og Sveinung Nedregotten.

Ålesund Ynglingeforening: «Ålesund Ynglingeforening 1870-1940 K.F.U.M 70 år». Jubileumshefte frå 1940

Vartdal, Solfrid/ Sunnmørsposten: «Speiderliv bak nymalt fasade» reportasje om oppussing av Speidernes hus og litt om speidergruppa som er landets eldste. Sunnmørsposten 3.november 2017

Digitale kjelder: