Lagsliv i bygda

To sider frå det handskrivne medlemsbladet Inaumnesingen, året 1929. Det var Ungdomslaget som stod for dette arbeidet og det var vald eigne bladstyrarar. Foto: Svein Ove Østrem

Paul Gerhard Sand (1848-1911) stod for den pietistiske vekkelsen i bygda kring 1890. Den omreisande predikanten framkalla ei slik vekkelsesbølge at den fekk namnet "Sandstormen". Med ett vart husa i bygda for små og ein måtte nytte mellom anna Mattisløa til samlingstad, før ein fekk sett opp sitt eige bedehus i bygda.

Sin høge alder til trass, bygda vår har ei relativ kort lagslivshistorie. Ei foreining av Det Norske Misjonselskap, vart danna i Mattisløa på 1890-talet. Det hadde kome ei vekkjelsesbølge på slutten av 1880-åra til Sunnmøre, som fekk namnet «Sandstormen» etter predikant Paul Gerard Sand. Vekkelsen i bygda hadde vorte så stor at forsamlinga kun fekk plass samstundes i løa.

Før 1880-åra var det lite lagsliv å spore. Folk rodde sjølvsagt til kyrkje, som dei hadde gjort i lang tid føre 1800-talet, men noko meir var der ikkje. Etter Sandstormen vart fleire misjonsforeiningar etablert og like før 1900 vart det også etablert eit ungdomslag i bygda vår. I 1932 vart Emblemsbygda Sportsklubb danna og etter andre verdskrigen fekk vi etter kvart 2 korps også. Det er meininga at du skal få vita meir om alle dei ulike laga, store som små, her på emblemsbygda.com

Det har diverre vore skrive svært lite om denne viktige delen av bygdehistoria vår, og det vil nok ta tid å få på plass alle tekstane, samt historiske bilete til. Eg har vald å lage ei eiga underside for idrettslaget, sjølv om det også er lagsliv, så du finn dermed ikkje noko om idrettslaget under overskrifta «lagsliv». God lesnad.

-->

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett