Gardane
i Emblemsbygda har neppe vore den einaste næringsvegen for
brukarane. Så langt attende som me kan finne hald i skriftlege
kjelder, har emblemsbygdaren hatt behov for ei attåtnæring av eit
eller anna slag. Eg kallar ikkje alt for næringsliv i moderne
forstand, men på ein eller annan måte, har folk i bygda hatt behov
for å enten skaffa seg meir mat, eller bytte varer mot pengar eller
varer, slik at ein kunne få fatt i det ein behøvde.
Fiske
har nok vore den næringa som har lengst tradisjon. Det er grunn til
å tru at dei fyrste menneska som kom hit, var nettopp fangstfolk,
med fisk som hovudsyssel. Det er funne ein bearbeida stein ved
Trollfossen som kan vere heile 7000 år gamal, og i Skylehammaren har
ein funne spor etter menneske frå før folkevandringstida. Etter
kvart vart sesongbaserte fangstturar til Sunnmøre endra til fast
busetting og gardsdrift, men me ser at dei fortsette å drive sjøen
attåt. Kaupangen i Borgund fortel om ein levande handel før Ålesund
vart handelstad, og varer som mellom anna skinn og tørrfisk hadde
kjøparinteresser langt frå vårt eige land. Nokon måtte drive
denne fangsten, og det var som regel kystbøndene som selde fisken
til oppkjøparane på handelstadane. Kring 1630 våga stadig fleire
av sunnmørsbøndene seg heilt ut på Storegga i åpne robåtar med
segl, og frå denne tida er det truleg at husbonden sitt ansvar gjekk
meir og meir i retning av å ta seg av sesongfisket, medan husmora
dreiv garden og tok seg av borna i lengre periodar av året mellom
onnene. Fisket var større enn behovet og dermed må det ha gjeve ei
ekstra inntekt også. Denne attåtnæringa var særs vanleg før dei
store trålarane og fangstskutene eter kvart tok over ut på
1900-talet.
På
1600-talet vart sal av tømmer og sagbruk ei god attåtnæring, men
her var det etter kvart eigarane ,og ikkje så mange av brukarane,
som fekk fortenesta. Interessa for plank og rundtømmer var så stor
i Europa at ein hogde ned nesten all skogen som fanst på Sunnmøre.
Før den tid var det god skogvekst på nesen kvart øy og kvar nes,
men etter den tid vart ein mest avhengig av å tørke torv til
brensel. I Larsgarden på Østrem nytta ein torvbrenning langt ut på
1900-talet og ein kan sjå på bilete frå bygda kring 1910 at det
var temmeleg snautt oppe i fjellsidene. No er dette ikkje heile
sannheita, for ein kan finna at skog til brensel har vore nytta frå
1868, men ser ein attende til 1803, så har gardane på Østrem kun
hatt einekratt, torv og lyng til brensel, medan ein hadde nok brensel
i 1723 og likeeins i 1667. Det er ikkje nemnd noko om gardane har
hatt skog til tømmer frå 1600-talet og fram til slutten av
1700-talet. Frå 1803 og til 1868 er det derimot påpeika at det
ikkje er tømmer på garden, og opplysningane er identiske for
gardane Nedregotten og Emblem. Magerholm var den einaste garden, der
skogsaudingane ikkje var like omfattande. og Der inne har dei hatt
skog i 1723, samt «ein del skog til husreparasjon» allereie i 1803.
Alle gardane hadde flaumsager og skatta for mellom 20 og 40 tylfter,
men frå slutten av 1700-talet var dei fleste sagene truleg vekke.
Dette er eit godt teikn på kor det stod til med skogsdrifta óg.
Sjølv om det var eigarar som prestar, godseigarar og amtmenn som tok
det meste av gevinsten frå trelasthandelen, så har det nok like vel
vore behov for tømmerhoggerar og folk på sagbruka. Det vart dermed
litt inntekt på brukarane og husmennene også. Kanskje kan slikt
arbeid ha hatt ein positiv påverknad på dei små husmannsplassane
og fjordastovene, utan noko jord, som vaks opp kring 1600 også.
Utover
1800-talet, mot vår eiga tid, har nye attåtnæringar kome til. På
Magerholmen har det vore drive både overnattingstad på sjølve
holmen, skyssstasjon med båt, kalkomn, trelasthandel og sjølvsagt
fergestad. I tillegg kunne ein på byrjinga av 1900-talet finna
snikkerverkstad i kjellaren i Berntsenhuset. Ludvik hadde vore i USA
og lært seg å lime glas. Denne kunnskapen nytta han til å lage
butikkinnreiing på oppdrag. Like ved satt Kristen og laga treskaft
for ljå og stuttorv. Han dreiv som så mange andre plassemenn også
med kolmine i utmarka. Kristen hadde funne seg ein smart måte å
male dei på og han hadde sin eigen farge, «kristenblå». Nede ved
trekaia var det kafé og Tore i Mageholmvika var skipper på den
fyrste ferga, «Raana». Her har eg berre nemnd nokre få av dei som
budde på Magerholmen, men som du kan sjå så dreiv mange av dei med
småskala produksjon, eller leigde ut arbeidskrafta si. På
hovudbruket kunne ein mellom anna finne enkene Anna Klausdotter
Emblem og Lina Hansdotter Hesseberg, som hadde særskild husholdning
og strikka på oppdrag for folk i bygda. Ungane vart sendt av garde
med heimelaga garn, og dei gamle damene var ikkje så heilt nådig om
tråden var for tjukk eller «full av kalvehaud», som var dårleg
spunne garn. Det er mogeleg at desse to hadde strikkemaskine også.
Bygda var med andre ord full av folk som baud på tenestar ved sidan
av gardsdrifta i enten periodar eller heile året i gjennom. Vi har
hatt ei rekke skomakerar, smed, skipperar, båtbyggjerar, og då har
eg enno ikkje komen fram til dei mest opplagte næringsdrivande, slik
som handelsmenn.
På
denne undersida vil eg forsøke å fortelje litt om alle desse,
store som små. For å få til dette, så treng eg hjelp av deg. For
fleire av desse har eg enno ikkje noko bilete eller informasjon om,
så har du noko som kan nyttast, må du ta kontakt med meg på
sveostrem@hotmail.com.