Matrikkelgarden Nedregotten

Biletet syner Steffagarn i framgrunnen og garasjebygget til Emblemsruta i venstre biletkant. Det var kring steffågardstunet at det gamle klengetunet på Nedregotten låg. Biletet er utlånt av Britt Janne N. Abelseth

Nedregotten var den femte matrikkelgarden i gamle Borgund Herred. Ein starta nummereringa på Magerholm, for den var i si tid grensegarden mot Skodje. Etter kvart vart også Hesseberg rekna inn i den store landkommuna, Borgund, men matrikkelnummereringa endra seg ikkje. I 1906 vart Nedregotten skrive med kun ein t og uttala ne^regøtå, og s å langt som kjeldene rekk, så har gardsnamnet vore temmeleg likt med små variasjonar, som ein eller to t-ar eller n-ar på slutten. Det er vanskeleg å vere skråsikker på korleis gardsnamnet vart uttala før 1900, men det er mogeleg at uttalen ikkje endra seg særleg mykje gjennom tidene. «Nedregotten» finn ein allereie i 1617, før namnet vart stadig meir forfina i dei skriftlege kjeldene. Det heile kulminerte i «Nedre Gaatten», før ein fann attende til noko som likna meir på den opphavelege skrivemåten.

Truleg var Nedregotten ein del av Matrikkelgarden Østrem, som mest sannsynleg rakk heilt til sjøen og inkluderte det som i dag er Nedregotten. Kva tid Østrem vart delt er enno uklart, men me finn i alle fall ein brukar på -nedregotten i 1603, og då er det mogeleg at garden kan ha vorte utskild på 1500-talet, når gardane vart folkesett att etter Svartedauden. Dette kan då forklare kvifor brukarane på Østrem vart kalla «Øfre Østrem» tidleg på 1600-talet. Det er óg interessant at Nedregotten og Østrem hadde same eigarar til langt ut på 1700-talet.

Det er ikkje registrert nokon fornfunn på Nedregotten, i motsetning til nabogardane, og namnet er truleg uttleia frå «gote» som tyder krøtersti med gjerde på begge sider. Det finst ingen spor etter nokon «Øvregote», men Nedregotten har fortsatt rett på å drive dyra mellom gardstuna i Mattisgarden og Larsgarden på veg til utmarka, eller til sommerfjøsane ovanfor Storelva. Mangel på skriftlege funn av ein øvregote kan tyde på at namnet kjem frå ei tid der østremskarane nytta beitemark nede ved sjøen, og hadde krøterveg omlag der Nedregotten-tunet vart bygd seinare. Denne forklaringa kan passe godt, for det er omlag der vegen opp til Østrem går i dag.

Nedregotten låg opphaveleg i eit klyngetun fram til 1857 og dette tunet låg der Steffagarn, bruk nummer. 5, ligg i dag. Det er godt mogeleg at tunet har vore på same plassen frå 1603-1857.

Frå byrjinga av hadde Nedregotten kun ein eigar, og det er mogeleg at det starta som ein husmannsplass, lik dei fleste andre gardane i nyare tid. Den fyrste som ein fin skriftlege kjelder etter, er Jon Nedregotten. I 1603 vart han skattlagd for 20 tylfter bord. Det må derfor ha vore sag på garden og dette var på ei tid der sagene spratt opp i rekordfart på Sunnmøre. Skotske og nederlanske skip gjekk i skytteltrafikk mellom Nordvestlandet, og det heile endte med nesten total avskoging. Dei ivrigaste var gardeigarar som prestar og amtmenn. Etter ei tid kan ein finne at Jon dreiv saga for eigaren Pål Helgesen Brandal. Jon Nedregotten vart óg utkomandert til Kalmarkrigen i 1611, men han sendte sonen sin, Peder, i staden. Peder var truleg ikkje det beste soldatemnet, for i 1614 vart han bøtelagt for å ha reist heim, utan lov, frå Svinesund i 1612. 6 år seinare vart han på ny bøtelagt, men denne gongen var det nok litt meir harmlaust, for han vart då sikta for leiarmål med ei trulova jente.

Frå 1623 vart garden delt i to bruk. og eg vil forsøke å gje ei kortfatta oversikt over desse to bruka fram til dei vart delt vidare i dei bruka som me kjenner i dag som Steffagarn, Sirigarden, Skaret og Guttormgarden. Dei nyare plassane vil få sine eigne sider og historie etter kvart.

Bruk I

Det er truleg den tidlegare nemnde Peder Jonsen som overtok halvparten av det bruket som faren Jon hadde drive. Han dreiv garden i omlag 36 år og gav seg ein gong kring 1660. Det stod ikkje så gale til med Peder for han hadde både hest og 6 kyr, som han vart skattlagd for i 1658.

Det verkar ikkje som om garden fortsette i same familie etter Peder, for kring 1660-94 var det ein Lars Akselsen (ca. 1625-94) som dreiv garden. Lars var gift med Brite Eiriksdotter (d.1709) og vi veit ikkje meir om dei enn kva som er rapportert i skifteprotokollen etter Lars. Om Peder gjorde det brukbart godt, så hadde Lars makta å auke buskapen enda meir før han døydde. Lars og Brite hadde 6 kyr, 6 geiter, 4 sauer, 1 ukse, 2 kviger og ein kalv. I tillegg hadde dei 2 færingar, kastenot og laksenot. Brite fortsette å drive garden i heile 13 år fram til ho døydde, så ho må ha hatt vaksne born til å hjelpa seg om det skulle gå rundt.

Ein av desse borna var truleg Aksel Larsen som kan ha vore kring 34 år, når faren døydde, og då trong ikkje Brite å gifta seg opp att for å klare å få endane til å møtast. Brite står oppført som eigar av hest, og dette er eit av teikna på at det gjekk temmeleg bra tross alt. Aksel tok også over som brukar, då mora døydde i 1709, men då var han truleg 49 år og gav seg i 1733. Aksel vart gift med Johanne Olsdotter Solavågseidet og dei etterlet seg 11 vågar tørrfisk, ein del tran, noko tjøre, hest, 3 kyr, 2 kviger, 3 geiter og 2 sauer. Det verkar som om dei var flinke til å finne seg alternative intekter ved sida av garden og fisket.

Den siste brukaren var sonen Ole Akselsen som overtok etter faren, men han fekk ikkje drive så lenge. Årstala er litt utydelege på dette punktet, for samanfattar ein informasjonen om at Aksel gav seg i 1733, med informasjonen om at Ole dreiv bruk I eit par år til, så ser det fornuftigt ut. Ser ein vidare på dei to nye bruka som bruk I vart delt i, Steffagarn og Sirigarden, så er det noko som ikkje stemmer. Det står at Steffågarden og Sirigarden vart skilt ut i 1730 og at Ole Akselsen overlet Steffågarden til bror sin, Sjur Akselsen, medan han sjølv sat på Sirigarden til han gav seg i 1733. Det er mogeleg at han vart sittande kring 2 år på restane av bruk I som var Sirigarden, men 1733 kan ikkje stemma slik det er skrive i Borgundboka. Sirigarden vart skilt ut først fordi bruket fekk bruksnummer 3, men det må vera noko lauseleg research på dette skiftet før Borgundboka gjekk i trykken i si tid.

Bruk II

Det var ein Henrik Knutsen som bygsla denne gardparten i 1623. 10 år etterpå overlet han bruket til Ole (f. 1605), som kan vera broren til Henrik. Ole (Knutsen?) dreiv garden fram til ca 1660 og vart skattlagd for hest og 7 kyr i 1658. Dei siste åra dreiv Ole garden saman med sonen Knut Olesen.

I åra frå 1660-80 var det Kaptein Jørgen Knag på Slinningen som eigde og dreiv bruket og fleire andre gardpartar i Borgund. Historikar Bjørn Jonson Dale skriv på det nettbaserte historiemagasinet «Grova» (http://www.soga.no/bjodale/borgarboka/slinning.htm) at Knag, som i 1657 var løytnant, brukte garden Slinningen. Han har også funne at Presten Hans Strøm gav Knag æra for å ha dyrka opp Slinningen, sjølv om dette ikkje stemte heilt. Strøm skreiv også at Skanseneset vart oppført «af en Capitain, navnlig Jørgen Knag». I 1673 selde Knag Slinningen til Prost Hiermand som også skulle vise seg å ha interesse av å eige gardar på Emblem. Prost Hjermann eigde ei tid blant anna Emblem og Magerholm, medan Knag åtte Østrem og Nedregotten.

Årsaka til at Knag selde seg ut, kan ha vore at han moglegeins vart overført til det Norfjordske Kompani og då vart vegen lang.

Sjølv om Knag åtte og brukte gardane sine, så såg han seg likevel tjent med å ha bygselsmenn.

Peder Larsen (ca 1660-1745) bygsla bruk II i 1695, og var brukar frå 1733. Han var gift med Mari Jonsdotter Alnes (d. 1746) Mari vart heile 90 år.

Den eine sonen til Peder og Mari, heitte Knut Pedersen (1702-67). Knut tok over garden, og gifta seg med Anne Ingebrigtsdotter (ca 1705-69) Dei var velståande folk for si tid, og buet etter Knut synte 135 rdl. og nesten inga gjeld. Dei hadde sjølvsagt hest, kyr, 3 sauer og 3 geiter, eige naust, eigepart i heile 4 båtar og mykje fiskevegn. Når Knut døydde vart garden delt i to delar og overlete til to av sønene, Lars og Peder. Dei nye gardane kjenner vi i dag som Skaret og Guttormgarden.

Eg nemnde Kaptein Jørgen Knag som eigar litt tidlegare, men der har vore fleire av dei, før tre av bruka vart kjøpt av bygselmennene i 1772. Østrem og Nedregotten hadde lenge samme eigarar og i 1670- og 1680-åra brukte «Capitainen» 1 våg fiskeskyld i garden. Dette var forøvrig skattefritt.

Sirigarden vart ikkje kjøpt ut i 1772, og den eigde Jørgen Apalset til han døydde. Etterpå var det futane Nordløv og Landmark som sat på garden før brukaren Knut Hansen fekk kjøpa den i 1806.

Dei 4 Nedregotten-bruka var jamnstore heilt fram til 1860-åra, men då vart det skild ut fleire plassar frå dei eldre gardsbruka. På 1960-talet kunne ein framleis sjå spora etter det gamle Klyngetunet kring Steffagarn. Der var eiga vasskjelde og kring husa låg dei beste åkrane. I 1857 vart teigbyttet oppheva og kvart bruk fekk to store teigar i staden. Det var skaret som flytte husa sine først. Du kan lesa litt meir om dette i intervjuet med Ole L. Nedregotten.

Nedregotten hadde eigne kverner like ovanfor Østremsgardane fram til ca 1920, og frå klengetunet var det geil med krøterveg til Storelva. Denne råsa var nytta også etter utskiftinga, men det er ikkje så mange spor etter den orginale råsa i dag. Råsa hadde truleg omlag same retning som dagens bilveg til Østrem, men den fortsette rett fram mellom Larsgarden og Mattisgarden omlag der den nyaste fjellvegen fortset til Grønevollen i våre dagar. I Storelva like ovanfor tunet på Østrem stend restane av den gamle trebrua som forskaling til den nyare sementertet brua over Storelva, og herfrå er gamleråsa synleg for første gong, før den kjem opp til vollen der dei gamle sommarfjøsane til Nedregotten låg.

Fleire av oppsittarane på Nedregotten gjorde det rimeleg godt etter dåtidas målestokk, men det var naudsynt med fiske for å klare seg. Dei dreiv visst både med fjord- og kystfiske, men det skal óg ha vore laksevarp ved Kleberhammaren så lenge ein kjenner til. I byrjinga dreiv dei to fyrste brukarane varpet i lag, men i 1775 vart det sak om kven som hadde eigedomsretten. Ein «Heinrich Løndal, boende i Volden» teikna då eit eige kart som synte heile Østrem og Nedregotten, og retten kom fram til at eigaren av Østrem og Sirigarden, Jøgen Apalset, var den som hadde rett til dette varpet. Retten gjekk i arv i Apalsetslekta fram til Lars Einarsen Nedregota frå Steffagarn kjøpte retten i 1867. Desverre har kartet komme bort sidan den gongen.

Vil du vite meir om kvar særskild gard, må du lesa vidare på undersidene til Matrikkelgarden Nedregotten. Har du informasjon eler lyst til å vera med på skrivinga om ein eller fleire gardar, så er det berre å seie ifrå. Har du andre innspel eller ytterlegare opplysningar og rettingar så er det berre å seie frå. Nettsida er enno berre i startgropa og då kan det tidvis verte litt uklart og ein del skriveleifar før me får tid til å ta fatt på den store korrekturjobbinga.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett