HUSMANNSPLASSEN SAGLED

Kopi av den tingleste bygselskontrakta til Ole Andreassen Eidsvig frå tingprotokollen 1. november 1825.
Kjelde: Digitalarkivet
Kopi av den tingleste bygselskontrakta til Ole Andreassen Eidsvig frå tingprotokollen 1. november 1825. Kjelde: Digitalarkivet
På biletet kan du sjå Røssevold-elva krysse vegen som ein gong var trasséen til postvegen frå 1809. Brua er av nyare dato, og skal ha brukar som ein gong var del av grunnmuren på smørmeieriet i bygda. Det låg lenger nede i elva og vart nedlagd i 1906. På høgre side av vegen er markane til Bruksnr. 32. Det er her det gamle tunet skulle ha lagt ved elva. Om det er heilt oppe ved vegen eller litt lenger unna vegen at Sagled-tunet låg, er eg ikkje sikker på, men vegen låg der allereie og det var vanleg å legge enten vegen inntil tunet eller motsatt om vegen allereie var på plass. Det var ikkje alltid at husmannsplassane fekk like god plassering, men dette skal ha vore utmarka i 1825. Foto: Svein Ove Østrem
På biletet kan du sjå Røssevold-elva krysse vegen som ein gong var trasséen til postvegen frå 1809. Brua er av nyare dato, og skal ha brukar som ein gong var del av grunnmuren på smørmeieriet i bygda. Det låg lenger nede i elva og vart nedlagd i 1906. På høgre side av vegen er markane til Bruksnr. 32. Det er her det gamle tunet skulle ha lagt ved elva. Om det er heilt oppe ved vegen eller litt lenger unna vegen at Sagled-tunet låg, er eg ikkje sikker på, men vegen låg der allereie og det var vanleg å legge enten vegen inntil tunet eller motsatt om vegen allereie var på plass. Det var ikkje alltid at husmannsplassane fekk like god plassering, men dette skal ha vore utmarka i 1825. Foto: Svein Ove Østrem
Trasséen til den gamle postvegen  og brua i Røssevold-elva, sett vestover mot løa i Negarden. vegingeniørane kring 1809 var kjende for å stikke rette vegar uavhengig av naturlege hensyn. Vegen her har derimot ein sving. Kanskje låg gamlebrua litt lenger mot høgre? Uansett, så er det sannsynlig at Sagled kan ha lagt ein stad omtrent midt på biletet, eller kanskje litt lengre mot venstre. Men det forutsetter at opplysningane i bygdeboka er korrekte. Foto: Svein Ove Østrem
Trasséen til den gamle postvegen og brua i Røssevold-elva, sett vestover mot løa i Negarden. vegingeniørane kring 1809 var kjende for å stikke rette vegar uavhengig av naturlege hensyn. Vegen her har derimot ein sving. Kanskje låg gamlebrua litt lenger mot høgre? Uansett, så er det sannsynlig at Sagled kan ha lagt ein stad omtrent midt på biletet, eller kanskje litt lengre mot venstre. Men det forutsetter at opplysningane i bygdeboka er korrekte. Foto: Svein Ove Østrem

Du har kanskje ikkje høyrt om den eingong, husmanssplassen Sagled, ved Røssevollelva. Frå kring 1800 vart det frå høgare hald tatt til orde for å rydde nye plassar. Sunnmørsfuten, Ole Christian Bull ivra for ei ordning der så mange bønder som mogeleg sette av stykker i utmarka si, slik at husmenn kunne rydde seg eigne plassar. På denne måten kunne det verte stadig meir dyrkningsjord. Historikaren Atle Døssland fortel at både amtmann og fut ga husmennene mykje av æra for nydyrkninga utover 1820- og 1830-åra. Dette stemmer rimeleg godt i vår eiga bygd også. I 1801-teljinga var det 30 gardsbruk og plassar på Emblem, medan talet hadde auka til heile 44 i 1865. Held ein frå dei særskilde åra med hungersnaud og napoleonskrig, ved byrjinga av 1800-talet, så vaks folketalet jamnt og trutt frå slutten av 1700-talet. Antal på born som døydde gjekk gradvis ned, og stadig fleire levde opp samanlikna med tidlegare tider.

Dei gamle gardsbruka kunne ikkje brødfø alle saman lengre. På Magerholmen ser ein mellom anna at sjølv dei som hadde vorte fødde inn i ei rikmannsætt, måtte finna seg ein husmannsplass for å klare seg. Plassebruka og fjordstovene til dei som ikkje hadde jord låg ofte nede ved fjorden, for der kunne dei spe på med fiske. I bunn og grunn var kosthaldet tufta på fiskemat i ein eller anna variant. Etter kvart vart vart også potetåkrane introduserte, og det vart lettare å brødfø seg. Det vart også rydda fleire husmannsplassar opp mot fjellet.

Kring 1800 hadde ein kar frå Geiranger slått seg ned som gardbrukar i Steffågarden, den gamle tunstaden til matrikkelgarden Emblem. På den tida var alle desse gardane samla i eit felles klyngetun, og Steffen Steffensen Gjørva (ca. 1771-1832) budde der som gamlehuset i Steffågarden stend den dag i dag. Rett nok har røykstova vorte riven, og huset bygd på i høgda i fleire byggetrinn seinare, men murane er dei same. I 1801 var det berre Steffen, kona Anne Ellingsdatter Vesterås (ca 1774-1825), frå Geiranger, ei eldre tjenestejente på 52 år som heitte Birte Pedersdatter og Ingeborg Olesdatter på 72, som var registrert som legdslem og «inderste». Steffen og Anne var på denne tida kun 30 og 27 år gamle, så dette var truleg den første plassen dei bygsla saman. Det gjekk så bra med dei, at Steffen kunne kjøpe gardsbruket for 800 riksdaler frå handelsmann Heide i 1812. Dette var den same Steffen som vart fengsla og henta ut av fengselet i Kolvika med makt under «Borgundopprøret» i 1817. For dette vart han sidan dømd til tre års fengsel, og sendt til soning på vann og brød i Bergen i 1818. (Du kan lesa meir om han på denne heimesida) Det kan ikkje ha vore enkelt for Anne å greie seg på eiga hand i tre år. Truleg fekk ho hjelp av grannane, og det var nok også til stor hjelp at Emblem framleis var eit klyngetun, der alle måtte samarbeide om onnene på garden. Steffen måtte i tillegg betale bot til arrestforvararen i Kolvika, så det må ha vore knapt om pengar etter kvart.

Det er mogeleg at Steffen si beslutning om å legge ut eit stykke av utmarka til nyrydding av ein husmannsplass var økonomisk betinga. Brannen i 1820, som reiv med seg to hus, sette nok også ein støkk i brukarane. Ystebøfolket var av dei første som fekk utskifting av jorda si og flytte husa til dagens plassering. Samstundes skal ein merke seg at kona Anne døydde i 1825. Arveskiftet vart tinglyst i august det same året, medan bygselskontrakta på den nye husmannsplassen vart underskrive 25. oktober 1825. Det var med andre ord mykje som hende på ein gong den somaren og hausten. I følge skifteregistreringa etter Anne i panteregisteret, så hadde dei då tre born som vart tilgodesett med arv. Elling var truleg den eldste, og den som overtok garden nokre år seinare. Dei to andre var Peter Martinusen og Oline Marthe. Steffen var på denne tida 54 år og byrja å verte klar for å ta seg kår hos eldstesonen.

I november 1825 vart bygselskontrakta på husmannsplassen «Sagled» tinglest. Problemet er at den avfotograferte kontrakta er omtrent umogeleg å tyde. Så langt som eg maktar å tyde den, så var det plasseman Ole Andreassen Eidsvig som fekk rett til å dyrke opp 2 utmarkstykke på Steffen sitt gardsbruk. Det seier litt om utfordringa med den handskrevene teksten, for Ole heitte eigentleg Ole Anderson Gedevig (dp.1788-1834) og  tok med dette på seg å dyrke opp plassen til ein god standard. Samstundes skulle han årleg ha 8 arbeidsdagar på hovudbruket, og betale ei årsavgift på 1 speciedaler. Kontrakta vart bevitna av naboane Ole Olson Emblem og Ingebrigt Hanson Nedregotten. Den tinglyste bygselskontakta er temmeleg kort og rimeleg fri for spissfindigheiter eller detaljar. Det er også verdt å merke seg at eg ikkje klarer å finne namnet «Sagled» nokon stad. Sidan dette er den tinglyste kontrakta, så kan det stå meir i sjølve bygselsbrevet. Det er også mogeleg at området allereie hadde dette namnet, eller kanskje det var Ole sjølv som ga plassen namn? Eg har leita etter tilsvarande namn utan hell, og eg kan heller ikkje finne at Emblemsgardane har hatt eiga sag i elva. Derimot så ser eg at Røssevollen har hatt si eiga flaumsag på 1600-talet, i den same elva. Om namnet sagled har noko som helst med sag å gjere, skal eg ikkje seie for sikkert, men det kan vere grunn til å gjette på ei tyding av typen "saglei", eller "Saglede". Det kan dermed vere namnet på vegen til røssevollsaga, eller grinda ein stas nedanfor saga. På eit eldre kart har eg også funne namnet "Røssevollgjerdet" like ved, så der var kanskje ei rås opp til indste delen av Røssevollen, slik som i våre dagar. I tidsrommet 1667-1800 finst der ingen spor etter tømmersag på Røssevollen, og det er kanskje vanskeleg å tru at ein har tatt vare på minnet om saga i stadnamnet så lenge i ettertid, men på den andre sida så har tilsvarande gamle stadnamn vorte halde i hevd ellers i bygda. Ein veit framleis om den gamle tømmerløypa Til Østremsgardane som gjekk langs Storelva og endte der som inste kriken på Emblemsanden ligg i dag. I det heile så finst der opphaveleg ei rekkje lokale stadnamn i bygda vår, som anten har vorte skifta ut etter 1900, eller har vorte gløymde for ettertida. Om Sagled har hatt eldre opphav er det desverre vanskeleg å seie noko sikkert om i våre dagar.

Den eldste gardsoga for Emblem gjev ytterlegare opplysningar om husmannsplassen, som stemmer temmeleg godt med det eg har klart å finne. Ole Andreason Giedevik kom få Volda og gifta seg i 1820 med Berte Johansdotter Løndal (dp.1790-1853) frå Volda. Ein veit av to born etter dei. I det orginale festebrevet er følgande opplyst om kvar plassen og dei to utmarkstykka låg: «....to udmarkstykker, hvoraf den ene er ved elven, hvor han har sine huse, og det andre i den inderste myr».Husmannsplassen skulle ligge ovanfor bygdevegen på stykket til det som i dag er bruksnummer 32. (av Ragnar Øverlid, frå den gamle bygdeboka for Borgund og Giske frå 1961). Det er grunn til å tru at bygdeboka henviser til det som var hovudvegen gjennom bygda i 1960, og ikkje på den tida då husmannsplassen vart rydda, for på den tida låg truleg vegen ovanfor Sagled. Det er Negardsvegenvegen som går forbi Negarden, like nedanfor Fursetgarden, og inn til grensa til Solvang og Østrem den dag i dag. Her finn du framleis solide restar av steingjerda kring delar av vegen. Bruksnummer 32 ligg nemleg nedanfor denne vegen, som eit samanhengande stykke frå Røssevollelva i vest, vegen mot nord, Solvang mot aust og Ebbegarden med Ebbemyra stadion i sør.

På om lag same plassen låg også Jakobgarden etterkvart, men det var først etter innmarksutskiftinga, og då var Sagled allereie nedlagd. Jakobgarden er den andre delen av det som var Steffågarden på Steffen Steffensen si tid. Sidan husa stod lengst vest mot elva, så låg kanskje myrstykket nord for det nordvestre hjørnet av dagens kunstgrasbane på Ebbemyra. Området hadde også ei heilt anna oppdeling og fordeling på klengetunet si tid i 1825, så det er mest uråd å finne ut kven som åtte stykket i midten den gongen.

Ole døydde på sjukehuset i Ålesund 19. september 1834. Utgiftene ved opphaldet der, og ein forsørgar mindre vart fatalt for husmannsfolket på Sagled. Bygselskontrakta vart avslutta kort tid etter at Ole døydde, 44 år gamal. Ole og Brit fekk altså to born. 

a) Andreas (f.1820) vart fødd i Volda. Ho tente 

på Giskeødegård i 1834.

b) Johanne Petrine  Andrina ( 1828-1898) gifta seg 

i 1872 med Peder Haavert Ols. Vagelseth(2+3), frå Hjørundfjorden. Ho vart f ødd på Emblem, og var 

busett   i Skutvika, Ålesund i 1875.

Dottera Johanne Petrine Andrina vart altså fødd på Emblem den 13. mars 1828. Ho tente mellom anna på Fjellgjerdet på Valderøy i 1865. Kanskje var det der ho møtte unkaren Peder Haavert Olsen Vagleseth frå Hjørundfjorden? Han er i allefall nemnd som tjenestedreng hos Siverin Løeg på Valderhaugstrand det same året. Saman fekk dei sonen Ole Britanus Joakim Valderhaugstrand i 1866. Dei gifta seg i Ålesund kirke i 1872, og budde i Skutvika i 1875. Peder finn ein også att i 1900-teljinga, som enkemann på fattighuset i Kippervikgata. Det er soleis mogeleg at dei vart verande i Ålesund.

Kva som fekk Ole og Brit til å flytte frå Volda til Emblemsbygda, veit eg ikkje, men ein skal ikkje gløyme at Steffen på denne tida kan ha vore ein kjend person, og endå til sett opp til for sitt vågemot då han sette seg opp mot sjølvaste futen. I 1818 vart han også ført i lenker med seksrøring til Bergen. Her kan han ha blitt kjend med fleire på vegen sørover, eller vegen heim som ein fri mann i 1821. Men mest sannsynleg var det at Ole hadde behov for eit levebrød når han hadde tenkt å gifte seg og stifte familie. Han var 35 år gamal allereie. Han løyste difor festebrev der han fekk mogelegheit til det. Dei var heller ikkje dei einaste som flytta til bygda frå Volda. Der var også fleire som kom heilt frå Eid og Jølster på samme tid. Nokre av desse var truleg haugianerar, medan andre var handtverkarar. Fleire var båtbyggjara, men Ole vart nok ikkje ein av dei.

Plassen var ikkje stor. I 1834 vart det bokført ei lita røykstove med kammers, fordør og to svaler. Løa var bygd opp at tradisjonell stavkonstruksjon, men veggane var av ris, eller tynne greiner og krattskog som var kutta opp og festa samman ved sidan av kvarandre. Det gav sikkert god høytørk, men korleis veggane stod seg mot snøbygene og klarte å halde graset tørt vinterstid, det er eg meir usikker på. Dyra fekk i alle fall litt betre vern mot kulda. Fjøsen bestod av ein trevegg og tre steinveggar. Det vert ikkje gjeve nokon opplysningar om kor mange dyr dei hadde hatt tidlegare, men det var i alle fall ingen dyr i fjøsen då Ole døde. Truleg måtte Brit selge dyra for å forsøke å greie seg som best ho kunne når Ole vart sjuk. Dei hadde truleg hatt minst ei ku, kanskje ein gris og nokre geiter i tidlegare tider. Hest var ikkje noko som husmenn vanlegvis kunne ta seg råd til. Var dei heldige, så fekk dei anten leige eller låne hest på hovudbruket. Gjekk ikkje dette, så måtte dei i verste fall drage plogen med handemakt, slik dei måtte gjere nokre gongar oppe på Daleplassen i Magerholmdalen. Størrelsen på årsavgifta for leige av plassen vitnar om at det neppe var mogeleg å livberge seg av gardsdrifta åleine. I følge opplysningar frå dødsbuet, kan ein sjå at Ole har vore både fiskar og snikkar attåt. Dette var ikkje uvanleg. Mange av husmennene i Emblemsbygda var tømmermenn, og fiske var ei nødvendig attåtnæring for dei aller fleste i bygda på den tida.

Ole vart altså ingen gamal mann. Han var sjuk og måtte leggast inn på sjukehuset i Ålesund. Kor lenge han vart liggande der, er uvisst, men rekninga vart alt for stor for den vesle husmanns-familien. Då Ole døydde den 19 september 1834, så gjekk det gale for dei som vart sittande attende. Arveskiftet syner at dødsbuet var fallitt som ei følge av rekninga frå sjukehuset. Ute av stand til å greie forpliktelsane, så vart husmannsplassen drege innatt under hovudbruket, Steffågarden. 

No hadde også Ystebøen starta utskifting av innmarka til det gamle klyngetunet, og det var kanskje viktig at bruket hadde størst mogeleg areal for å få mest mogeleg når dei gjenverande gardsbruka skulle utskiftast. Kvar det vart av enka  til Ole har eg ikkje klart å finne ut av enda. Det vert fortalt at Brit fekk heimatt ei gamal trøye, buksa og ein vest frå sjukehuset. No var ho like gamal som Ole og dermed 40-åra ho óg. Dottera, Johanne, var berre 6 år på denne tida, medan sonen Andreas var 14 og hadde truleg vore i teneste i fleire år allereie. Eg finn ingen spor etter henne i 1865-teljinga, og det var ingen plass å ta over for borna heller. På den positive sida så finn eg ingen registrerte med dette, eller liknande namn, som har vorte lægdslem etter 1830. Ho gifte seg kanskje opp att og bytta vekk Emblemsnamnet, som ho hadde nytta frå 1825. Desverre så gjev ikkje bygdeboka nokon spor eller forslag til når ho levde, og kvar ho kom frå. Då vert det også vanskeleg å finne henne att.

I dag er det lite å finne att etter husmannsplassen Sagled, men ein har i alle fall litt kunnskap om kva som ein gong har vore.

Kjelder:

Egil Rabbevåg

Døssland, Atle: «Med lengt mot havet», Fylkeshistorie for Møre og Romsdal: 1671-1835. Oslo: Samlaget 1990.

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske II, Gardsoge gardsnr. 1-51», Borgund og Giske bygdeboknemnd 1961

Emblem, Karl O.: «Om Steffågarden og gardsdrifta»

Østrem, Svein Ove.: «Om bondeopprøret i Borgund 1816, fritt etter Peder Fylling»