FOSSESTOVA VED TROLLFOSSEN

Fossestova. Biletet er lånt ut av Janne Morsund
Fossestova. Biletet er lånt ut av Janne Morsund
"Lysttur til Emblem". Utklippet er henta frå Sunnmørsposten ein gong kring 1934. Det var Ålesunds Kommunistiske Parti som inviterte til turen inn til Jern- og Metall hytta. Dette utklippet har eg hatt liggande i mange år. Det er nok eitt av svært mange slike turar til bygda. Andre som averterte var Godtemplarane. Så vidt som eg har høyrt så hadde dei ein eigedom nærare Flisneset. I tillegg veit ein at Akslagjerdet var kjøpt til feriekoloni, eller "Aalesunds Handels-funksjonærers Feriehjem" på 1930-talet. Etter kvart vart det så mykje bråk der at grannane protesterte. I 1938 vart garden seld til Kristian Leira. I tidsrommet 1939-1943 eigde K.F.U.M. speidarane i Ålesund Løvika og nytta garden som leirstad. Legg ein til alle landliggarane frå byen om sommrane, badeliv på Emblemsanden og mykje byfolk som byrja å gå på Emblemsfjellet året rundt frå 1930-talet så må det ha vore mykje liv i bygda. 

Ved ei tilfeldigheit kom eg nyleg over svaret på kvar Jern- og Metall-hytta var også. Det var rett og slett "Fossestua". Huset hadde husa mange før den tid også. Ein veit mellom anna at Ungdomslaget hadde møta sine her før ungdomshuset stod ferdig i 1934. Dei heldt også til i skulekjellaren etter 1904 og då Fossestova, med litt tilhørande utendørs areal, vart seld frå Margrete Emblem på Elvarum i 1931 til Ålesunds Jern- og Metall foreining som ferieheim. Om det då var det heilt slutt på ungdomslagsmøta der er ikkje så sikkert. Stova vart visst utleigd til mellom anna dans når den ikkje var i bruk til sitt hovudformål. Feriane var heller ikkje så lange og mange den gongen. I 1935 vart stova seld til Ålesunds Barnehjem og tiltenkt feriekoloni-formålet, men vart også nytta som rein barneheim frå omlag 1942 til krigen tok slutt. Tyskarane hadde nemleg rekvirert huset i byen.
"Lysttur til Emblem". Utklippet er henta frå Sunnmørsposten ein gong kring 1934. Det var Ålesunds Kommunistiske Parti som inviterte til turen inn til Jern- og Metall hytta. Dette utklippet har eg hatt liggande i mange år. Det er nok eitt av svært mange slike turar til bygda. Andre som averterte var Godtemplarane. Så vidt som eg har høyrt så hadde dei ein eigedom nærare Flisneset. I tillegg veit ein at Akslagjerdet var kjøpt til feriekoloni, eller "Aalesunds Handels-funksjonærers Feriehjem" på 1930-talet. Etter kvart vart det så mykje bråk der at grannane protesterte. I 1938 vart garden seld til Kristian Leira. I tidsrommet 1939-1943 eigde K.F.U.M. speidarane i Ålesund Løvika og nytta garden som leirstad. Legg ein til alle landliggarane frå byen om sommrane, badeliv på Emblemsanden og mykje byfolk som byrja å gå på Emblemsfjellet året rundt frå 1930-talet så må det ha vore mykje liv i bygda. Ved ei tilfeldigheit kom eg nyleg over svaret på kvar Jern- og Metall-hytta var også. Det var rett og slett "Fossestua". Huset hadde husa mange før den tid også. Ein veit mellom anna at Ungdomslaget hadde møta sine her før ungdomshuset stod ferdig i 1934. Dei heldt også til i skulekjellaren etter 1904 og då Fossestova, med litt tilhørande utendørs areal, vart seld frå Margrete Emblem på Elvarum i 1931 til Ålesunds Jern- og Metall foreining som ferieheim. Om det då var det heilt slutt på ungdomslagsmøta der er ikkje så sikkert. Stova vart visst utleigd til mellom anna dans når den ikkje var i bruk til sitt hovudformål. Feriane var heller ikkje så lange og mange den gongen. I 1935 vart stova seld til Ålesunds Barnehjem og tiltenkt feriekoloni-formålet, men vart også nytta som rein barneheim frå omlag 1942 til krigen tok slutt. Tyskarane hadde nemleg rekvirert huset i byen.
Frå barnedåpen til Noralf Hesseberg i 1959. Frå venstre Wilhelm Stuen, Norunn Stuen, Astrid Hesseberg (seinare gift Morsund) med sonen Noralf, Jakob Hesseberg opphaveleg frå Nerigar, Jakob Hesseberg si søster Johanne "Jonna" Hesseberg og Alfred Hesseberg frå Brennhaugen. Han var søskenbornet til Jakob
Frå barnedåpen til Noralf Hesseberg i 1959. Frå venstre Wilhelm Stuen, Norunn Stuen, Astrid Hesseberg (seinare gift Morsund) med sonen Noralf, Jakob Hesseberg opphaveleg frå Nerigar, Jakob Hesseberg si søster Johanne "Jonna" Hesseberg og Alfred Hesseberg frå Brennhaugen. Han var søskenbornet til Jakob
Fossestova. Biletet er lånt ut av Janne Morsund
Fossestova. Biletet er lånt ut av Janne Morsund

Denne sida er nyoppretta. Der finst også eit album i Facebook-gruppa Gamle Bilder fra Emblem på følgande stad: https://www.facebook.com/media/set/set=oa.1015478431470

6286&type=3 

Fossestova er også nemnd i innleiinga til teksten om Ungdomshuset i bygda på følgande stad: http://www.emblemsbygda.com/34569331

Har du bilete eller opplysningar så kan du gjerne ta kontakt på e-post: sveostrem@hotmail.com