BNR. 13 MYRANE

Eit fint gammalt postkort som syner Myrane og litt til. Truleg er dette del av den samme serien som postkortet frå Østrem er en del av. Stemmer dette så er årstalet ein stad kring 1905. Biletet er lånt ut av Roar Emblem
Eit fint gammalt postkort som syner Myrane og litt til. Truleg er dette del av den samme serien som postkortet frå Østrem er en del av. Stemmer dette så er årstalet ein stad kring 1905. Biletet er lånt ut av Roar Emblem
Myrane. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Myrane. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Ungdomsbilete av Oskar O. Emblem. Utlånt av Roar Emblem
Ungdomsbilete av Oskar O. Emblem. Utlånt av Roar Emblem
Bryllaupsbiletet til Oscar O. Emblem og kona Lovise. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Bryllaupsbiletet til Oscar O. Emblem og kona Lovise. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Biletet er frå Myrane kring 1925. Dei fotograferte er f.v.: Laura Emblem (g. Akslen inne på Gjerdet), den gamle dama er kårkona Karen Larsd. Emblem frå Auregarden som gifte seg med Thomas Klauss. Magerholm. Dei oppretta Myrane som kårstad. Dei to neste konene er Olga Hansen (f. Kristoffersen) og Laura Kristoffersen. Borna fremst er søskena Mary og Harry Akslen. Dei var borna til Laura. Biletet er teke før Laura døydde i 1927. Orginalbiletet tilhøyrer sonen Harry Akslen. Sidan Mary vart fødd i 1921 så kan biletet vere frå ca. 1925
Biletet er frå Myrane kring 1925. Dei fotograferte er f.v.: Laura Emblem (g. Akslen inne på Gjerdet), den gamle dama er kårkona Karen Larsd. Emblem frå Auregarden som gifte seg med Thomas Klauss. Magerholm. Dei oppretta Myrane som kårstad. Dei to neste konene er Olga Hansen (f. Kristoffersen) og Laura Kristoffersen. Borna fremst er søskena Mary og Harry Akslen. Dei var borna til Laura. Biletet er teke før Laura døydde i 1927. Orginalbiletet tilhøyrer sonen Harry Akslen. Sidan Mary vart fødd i 1921 så kan biletet vere frå ca. 1925
F v.: John O. Emblem sittande på fanget til mora, Lovise Emblem. Namnet på dei to andre er truleg søstera Ragna (g. Terøy) og oldemor til John, Lisa Thomassine Larsdatter f. Emblem (1854-1936), gift på Øvste-Aksla. Bildet er truleg frå Stigeplassen inne på Aksla. Biletet er truleg teke midt på 30-tallet, for John var født i 1932. Biletet tilhøyrer
Roar Emblem. Der finst også eit bilete frå samme dag i albumet til Stigeplassen.
F v.: John O. Emblem sittande på fanget til mora, Lovise Emblem. Namnet på dei to andre er truleg søstera Ragna (g. Terøy) og oldemor til John, Lisa Thomassine Larsdatter f. Emblem (1854-1936), gift på Øvste-Aksla. Bildet er truleg frå Stigeplassen inne på Aksla. Biletet er truleg teke midt på 30-tallet, for John var født i 1932. Biletet tilhøyrer Roar Emblem. Der finst også eit bilete frå samme dag i albumet til Stigeplassen.
 John O. Emblem og broren Olav O Emblem. Biletet er utlånt av Roar Emblem
John O. Emblem og broren Olav O Emblem. Biletet er utlånt av Roar Emblem
I albumet har orginalbiletet fått namnet "pang.pang gjengen". 
Bildet er ved haugen vest for der som skørehuset ein gong stod. Årstalet er usikkert.
F.v.:Ove Flø, Ivar Flø, Kjell Emblem, Lars Emblemsvåg, Jostein Flydal, Øyvind Emblemsvåg, Kjell Solevåg, Kristoffer Emblem og en med etternavn Myre? Biletet og informasjonen kjem frå Roar Emblem
I albumet har orginalbiletet fått namnet "pang.pang gjengen". Bildet er ved haugen vest for der som skørehuset ein gong stod. Årstalet er usikkert. F.v.:Ove Flø, Ivar Flø, Kjell Emblem, Lars Emblemsvåg, Jostein Flydal, Øyvind Emblemsvåg, Kjell Solevåg, Kristoffer Emblem og en med etternavn Myre? Biletet og informasjonen kjem frå Roar Emblem
Olav O Emblem utanfor huset på Myrane med ny sykkel kring 1950. Biletet tilhøyrer Roar Emblem
Olav O Emblem utanfor huset på Myrane med ny sykkel kring 1950. Biletet tilhøyrer Roar Emblem
Oskar,Lovise,John,Olav.Kjell og Kristoffer Emblem utanfor huset på Myrane. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Oskar,Lovise,John,Olav.Kjell og Kristoffer Emblem utanfor huset på Myrane. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Kjell og Kristoffer i snøballkrig, nedanfor Myrane,vinteren 1952-53. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Kjell og Kristoffer i snøballkrig, nedanfor Myrane,vinteren 1952-53. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Myrane ein gong tidleg på 1970-talet. Legg merke til den flotte fruktblomstringa. 
Biletet er utlånt av Roar Emblem
Myrane ein gong tidleg på 1970-talet. Legg merke til den flotte fruktblomstringa. Biletet er utlånt av Roar Emblem
Biletet er utlånt av Roar Emblem
Biletet er utlånt av Roar Emblem
!7. maitoget passerar Myrane. Biletet er utlånt av Rune Røed Olsen
!7. maitoget passerar Myrane. Biletet er utlånt av Rune Røed Olsen
Myrane i 2010. Foto: Svein Ove Østrem
Myrane i 2010. Foto: Svein Ove Østrem
Myre-gutane Kistoffer, Olav og Kjell Emblem ved gamlehuset på Skorene tidleg på 1950-talet ein gong. Hesten, Brita og elghunden Gubbe høyrde til på Myrane. Biletet tilhøyrer Roar Emblem
Myre-gutane Kistoffer, Olav og Kjell Emblem ved gamlehuset på Skorene tidleg på 1950-talet ein gong. Hesten, Brita og elghunden Gubbe høyrde til på Myrane. Biletet tilhøyrer Roar Emblem

Den første gongen eg finn Myrane i skrivne kjelder er i 1892. Dette året vert Myrane skrive inn i panteregisteret som bruk nummer 13 på Emblem. Dei fleste nye gardane på 1800-talet vart registrerte i dette registeret det året dei vart skyldsett eller når skøytet vart tinglest. Ein kan difor rekna Myrane som frådelt Auregarden nettopp dette året. Leitar ein vidare i panteboka for Borgund, så finn ein at det vart halde skylddelingsforretning den 6. oktober 1894. Her vart "Parcellen, der blev givet navnet Myrene" tildelt grensene sine til nabobruka og skyldset til 22 øre frå Auregarden si opphavelege skyld. I tinglysinga den 18. oktober 1894 vert det også opplyst at skjøtet på Myrane vart utstedt 18.1.1892, og kårbrevet frå Ole Larsen Emlem til Thomas Klausen Emlem og Karen Larsdotter Emlem vart også tinglest 18.10.1894.

Årstala heng godt samman med opplysningane i Borgundboka band II der Thomas Klaussøn Emblem overlet drifta av bruket sitt, Auregarden, til Ole Larsen Emblem og tok kår. Thomas kom opphaveleg frå Magerholm, og var son av Klaus Olsen Magerholm (1820-1907) som var ein av dei rikaste i distriktet. Klaus var ikkje akkurat født til rikdom på Negarden og han var heller ikkje odelsguten der. Han gifte seg derimot til betre kår i 1845 med enka, Olave Jetmundsdotter (1816-1870), opphaveleg frå Hjorthol i Sykkylven. Saman kjøpte dei ei rekkje gardpartar i bygda.

Thomas Klaussøn (1846-1907) var heller ikkje odelsgut, for Olave hadde minst eit born frå før. Thomas var likevel eit godt gifteemne og fekk seg både jordajente og gard. I 1869 finn me han i Auregarden saman med kona Karen Larsdotter Emblem (1843-1927). Faren til Karen var den første sjølveigaren på bruket, og ho var dessutan søster til lærar og organist Knut Emblem. Han hadde budd heime og drive garden etter at faren døydde i 1863, men når Karen tok over så fekk han følge sine eigne vegar via Stord lærarskule til lærarpost på Åse. Han gifte seg aldri og flytte heim til Auregarden etter at han pensjonerte seg.

Thomas og Karen fekk ingen born og dei tok difor kår hos bror til Karen, Ole Larsen Emblem (1858-1952) i 1892. Han var 12 år yngre enn Thomas og hadde difor nokre år att før han sjølv trong kårbrev. Med frådelinga av stykket Myrane i 1892, så flytte Thomas og Karen ned dit etter kvart. Eg har ikkje funne eksakt årstal på flyttinga, men hausten 1893 var i alle fall alle tinglysingar og det formelle på plass. Tuleg var også hus og løe sett opp på denne tida. Eg skal ikkje seie for sikkert om husa var nye eller kjøpt brukte. Det var i alle fall vanleg på denne tida å kjøpa seg hus og flytte dei til garden. I 1868 var det i alle fall ikkje nemnd noko om tømmer på emblemsgardane, berre nok bjørkeskog og torv til ved. Det er også mogeleg at dei hadde råd til å kjøpa seg ferdiglaft inne på Glomset, men dette var nok ikkje så vanleg før ein bikka nærmare over mot 1900. Hus på både Nedregotten og Røssevollen er beskrivne som flytta frå «inni fjordane».

Det er også interessant å merke seg at det ikkje vart tinglyst noko skøyte på Myrane eller Auregarden. Det er difor grunn til å tru at Thomas og Karen fortsette å eige begge bruka ei tid. Eg har ikkje funne eksakt kva år dei skøytte frå seg Auregarden, men det var i alle fall før Thomas døydde i 1907. Årsaka til denne påstanden er at då Karen skøytte frå seg Myrane i 1907, så vart det opplyst at ho sat i uskift bu etter Thomas. Det er vert å merke seg at faren Klaus heller ikkje selde Elvarum i 1892, når han delte frå denne gardparten frå Negarden til brorsonen Lars Olsen Emblem. Han valde heller å bygsle vekk stykket. Kanskje kan dette ha påverka Thomas til å behalde eigedomsretten på Auregarden også.

I 1900-tellinga finn ein følgande opplysningar om Myrane, som no vart nemnd i ei folketelling for fyrste gongen: Thomas og Karn som husfader og husmoder, pleiesøn Knut Edvartsen Kolvig på 13 år «Til forpleining for endel af Fattigvesenet», enke Marie Larsdatter Kolvig på 60 år som «sysler dels med husligt – dels også med Indhøstingsarbeide» og Halvor Torkildsøn Magerholm som var 57 år, halvbroren til Thomas og «paa Forpleining af egne Midler» Eg veit ikkje kva som feila Halvor, men han levde i alle fall heilt til 1922 og i alle fall dei siste 12 åra på Magerholm. I 1910 finn me han der «for egen forpleining» og i klokkarboka står han oppgjeven som ugift fattiglem. Det må ha tæra på økonomien å ikkje kunne forsørge seg sjølv i so mange år. Thomas og Karn fann også husrom til dei som hadde behov for husrom og hjelp. Kanskje er det også ei forbinding mellom pleiesonen Knut og enka Marie?

Våren 1907 døydde Klaus inne på Magerholm og hausten det same året følgde sonen Thomas etter. Begge måtte gi tapt for kreften og no vart det ikkje like lett for enka Karn som sat attende. Ho hadde rett nok pengar å greie seg på, samt kårbrev fra Auregarden, men på Myrane hadde dei nok sett føre seg å vere sjølvhjulpne ei god ri då dei delte frå sitt eige kårbruk. Dei fekk nok likevel nokre gode år der nede på Myrane og kirsebærtrea hadde vakse seg brukbart store kring stova.

I 1910 er det berre Karen og tjenestejenta Laura Olsdotter Emblem på 16 år som er registert på Myrane. Ti år tidlegare hadde det vore både korn, potet, krøter og frukthage, men no nærma Karn seg 70 år og då laut andre snart ta over om det ikkje skulle gro att. Laura var brordottera til Karn, men saman kunne dei ikkje makte gardsdrifta. Rett nok var det seinhaustes at tellinga vart gjort og det påverka truleg kven som vart registrerte på Myrane, men Karen hadde likevel byrja å tenkje på framtida.

Den 21.1.1914 tingles ein at Karen selde Myrane til broren Ole Larsen Emblem for 450 kroner. Ho sat, som tidlegare nemnd, framleis i uskifta bu etter Thomas. Ho ville også ha på plass testamentet sitt i same slengen. Myrane gjekk attende til kvar tomta ein gong kom ifrå og no var det aurefolket som stod for drifta, medan Karen fekk fortsette å bu i kårhuset sitt på Myrane.

I 1923 vert det endringar på det vesle tunet. Karen bur der framleis, men Laura hadde vorte vaksen og gifta seg med Lars Hansen Akslen. (1893-1983) Karen budde på kamerset medan Lars, Laura og sonen Harry styrte i resten av huset. Gardsdrifta hadde dei ikkje noko med, for det tok brørne til Laura, Oskar, Lars og faren hennar Ole Larsen seg av. Ektemannen Lars var nemleg mykje på sjøen og då vart dette ei god ordning for båe partar. Harry minnest fortsatt dei store kirsebærtrea kring stova. Ein gong var han uheldeg då han klatra i desse trea. Dei vart mellom anna nytta til å henge opp garna og nokre store kveitekroka til å henge opp fisk. No hadde han fått ein av kveitekrokane fast i den vesle handa. Gode råd var dyre og ei brukandes hand var uvurderleg. Faren tok han med seg opp på Ystebøen til Klaus, Sonen til Peter Knudsen (1869-1942) og Antonette Klausdotter Emblem (1874-1955). Klaus var som ein slags bygdelege utan nokon formell utdanning i faget. Sjølv han var i tvil om det beste ville vere å ta Harry med på sykkelen til doktoren. Til slutt tok han eit barberblad, sterilliserte det med ei tend fyrstikk og åpna såret forsiktig for å få ut kroken. Operasjonen gjekk bra og såret vart forbunde med ei bløytt fluorhaldig forbinding. Den dag i dag kan ein sjå eit lite merke etter kveitekroken ved tommelrota på handa til Harry.

Lukka for den vesle familien på Myrane skulle verte kortvarig. I den 25. juli 1927 døydde Laura av tæring.Lars dreiv fortsatt sjøen som kaptein og den einaste råa var att Harry og søstera Mary fekk flytte opp i Auregarden til morfaren og mormora. Kun to månader etter døydde også Karn. Så det vart mykje på ein gong for aurefolket, og ikkje minst borna til Lars og Laura. Dei vart buande i Auregarden heilt til 1933. Den seinsommern flytte dei inn på bruket Gjerdet saman med faren og stemora Karen Petra frå Sande, som hadde gifta seg med Lars året i forvegen.

Den 7. desember 1932 skøytte Ole Larsen Emblem (1858-1952 )frå seg både Skorane og Myrane til sonen Oskar Olsen Emblem (1902-1995). Skøytet vart tinglest 9. januar 1933 og no kunne onkelen til Harry busette seg på Myrane.Rett nok så eigde han no Skorane (kalla Skørene) også, men ikkje gardshusa der. Det var kun på Myrane han åtte stovebygninga og løa attåt. Det påverka nok valet for kvar han slo seg ned, og han hadde nok å henge fingrane i for han var i startfasen med Emblemsruta og det var ikkje så reint få utfordringar dei stod ovanfor på dårlege vegar, vinter som sommar. Det var først kring 1933 at dei slapp å leige inn rutebåt i staden til mjølketransporten når snøen kom i for stort monn eller teleløysinga gjorde vegane uframkomelege med buss. Saman med kona Lovise Karoline Jakobsdotter Aksla (1905-1987) frå Stigen, bruksnummer 2 under garden Reiten. Fekk han sønene John, Olav, Kjell, og Kristoffer. Fleire av gutane fortsette i farens fotspor som bussjåførar i Emblemsruta.

Jon bygde på og utvida det vesle huset til ein stor og moderne bolig og den utforminga som det har fått i dag.  

Kjelder:

Bilete: Roar Emblem, Rune Røed Olsen og Svein Ove Dale Østrem

Folketellingar for Borgund 1865, 1900 og 1910

Gravminneregisteret til DIS Norge på nett

Intervju og telefonsamtalar med Harry Akslen hausten 2012

Kirkebøkene for Borgund Kirke i tidsrommet 1813-1940

Pantebok for Nordre Sunnmøre 1891-1894

Panteregistera for Nordre Sunnmøre i tidsrommet 1890 til 1894

Stensgager, P.: Intervju med Lars Olsen Emblem kring 1920

Telefonsamtalar med Ola og Leon Emblem hausten 2012

Øverlid, Ragnar: "Borgund og Giske II, Gardsoge Gardsnr. 1-51". Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961

Per Østrem 15.12.2012 21:43

Dette var jammen interessant lesing Svein Ove,det er jammen mye fra bygda vår du får tak i, !! !! Håper du har anledning å stå på videre.

Svein Ove 16.12.2012 18:23

Takk skal du ha
Håper stadig å finne mer eller få tilsendt informasjon og tekster. Har du artige små historier eller info så er det bare å si fra.