Den 12.
januar 1905 vart det halde eit «forudgaaende berammelse møde» hos
Fredrik Emblem i Negarden. Målet med møtet var å få bygd ei
dampskipskai «fraa Aanesset i Emblemsvog». Det vart skrive i
møteprotokollen at dette ikkje var det første møtet om den saka.
Det var allereie teikna 67 aksjer i «Aktieselskabet Emblemvogs Kai»,
med ein pris på 25 kroner kvar. Selskapet hadde dermed lovnad om ein
aksjekapital på 1675 kroner, før møtet vart halde.
Den
anonyme referenten fortel at Sevrin Rasmussen Emblemsvåg
(1856-1952), opphaveleg frå Kvalen i Sande, var tilstades på møtet.
Sevrin åtte Antonesgarden og fekk spørsmål om han ville donere
grunn til veg og kaiplass. Utskiftingskartet i Borgundboka frå 1907
syner at Sevrin eigde fleire jordbøter på vestsida av sjøvegen og
den vestlegaste nausttomta. Lars Knutsen Emblemsvåg frå Knutgarden
var også like mykje berørt, men han hadde truleg gjeve sitt
samtykke allereie, og skulle visa seg å verte ein særs aktiv
aksjonær, med fleire års gjerning i styret. Det meste som er skrive
om kailaget, det fyrste året, gjev inntrykk av at ein ser for seg at
samtlege grunneigarar ville «godhedsfuld afgive» grunn til
aksjeselskapet. Sevrin er ikkje viljug til å gi frå seg si
dyrkamark og det verkar som om dette overraska møtedeltakarane.
Referenten går att på til så langt som å skrive at Sevrin gjer
dette «uden grund» . Det vart dermed bestemt at ein skulle foreta
eit «lensmann sjøn baade med hensyn til vei og grund til kaien».
Protokollen syner at veistykket det er snakk om, er fra enden på den
allereie eksisterande sjøveg, vestover bak nausta og videre ut til
kaia. Dette er truleg identisk med vegen til staden der dampskipskaia
ligg den dag i dag.
Lars O.
Emblem, Peter K. Emblem og Lars K. Emblemsvåg vart valde til
«bestyrelse», medan Hans P. Larsen Røssevoll vart vald som
«sufrliant». Bestyrelsen vart pålagde å fortsette arbeidet med å
få på plass veg og kai snarast råd. Møtereferatet vart godkjend
og underskrive av følgande frammøtte: Fredrik Emblem, Andreas M.
Emblem, Nils J. Emblem, Jakob L. Emblemsvåg, Elias K. Emblem, Lars
K. Emblemsvåg, Ole Johansen Emblem, Knut B. O. Emblem, Peter K.
Emblem, L. O. Emblem Hans P. Larsen Røssevoll og Lars Røssevoll.
Dette
er med andre ord ikkje den fyrste gongen kai-saka hadde vore
diskutert. Andre bygdelag hadde fått seg kai fleire år tidlegare og
dette var ein langt tryggare måte å losse varene på, enn å leggje
til ved sidan av dampskipa ute på fjorden i all slags vér. Ludvik
Ingebrigtsen på Ludvikplassen i Emblemsvågen var ein av
ekspeditørane som hadde hatt dette farefulle arbeidet. Han var
registrert som ekspeditør for «Søndmørskibene ved Emblemsvog» i
1900-tellinga, medan Lars Olsen Emblem på Elvarum var omskrive som
landhandler og poståpner i den samme forlketellinga. Lars var ein
pådrivar for å få dampskipa inn til land og forenkle lossinga. Som
poståpner måtte han borde dampskipa ute på fjorden, og som
handelsmann mottok han varer i store kvanta. Store sirupstønner på
2-300kg var vanskelege å losse opp i små robåt på den lunefulle
fjorden. Kring Flisneset hadde fleire liv gått tapt opp gjennom
tidene og jamvel postbåten skal ha koll-segla der. Den 8. august
1887 hadde mellom anna Peder, broren til Kristen Magerholm drukna då
han saman med Kristen, gullsmed Stamnes frå Ålesund og to andre
skulle forsøke å ro ut til Dampskipet D/S Robert. For bøndene i
bygda ville det vera ein fordel med kai når levande dyr skulle
fraktast med dampbåt og det var også mogeleg å ta seg betalt via
kaiavgifter, slik at ein kunne betale ned på byggekostnadane etter
kvart.
Årsaka
til at det tok såpass lang tid å få eiga dampskipskai i bygda, er
det vanskeleg å finne svar på, men ein kan lesa at ei rekkje
bygdelag hadde forbode dampskipa å leggje til kaia då dei byrja å
transportera folk og varer på fjorden. Ein frykta at gneistar frå
skorsteienen skulle antenna kaia eller husa ikring, så fleire
stadar fekk båtane forbud mot å leggja til land. Det skulle syne
seg at denne frykta var overdriven og eg veit ikkje om
emblemsbygdarane hadde vore redde for noko slikt i det heile. På
slutten av 1800-talet byrja gardsdrifta å «skifte ham», ved at
gardane gjekk meir og meir bort frå å dyrka alt dei trengde på
eigen gard, til å levere stadig fleire hushaldsvarer til byane mot
betaling. Ålesund var ein by i vekst og låg i nærleiken. Dette kan
ha medverka til at ein på Emblem såg nytteverdien av ei slik kai.
Med pengehushaldning ville det og verta auka behov for å kjøpe det
ein ikkje dyrka sjølve. R. P. Mork, i Ålesund, var nok allereie i
gong med å knyte alliansar og leveranseavtalar med mjølkebøndene
kring byen. Emblem var ikkje noko unntak. Frå 1906 skulle meieriet i
bygda leggjast ned og fersk mjølk skulle sendast med båt til byen.
Iver Karlsson Furset på Eikenosa dreiv dessutan stort med kjøp og
sal av livdyr og slakt. Han hadde torgrett i Ålesund som ein av dei
fyrste,og dei fleste i bygda såg nok kva veg det bar. Truleg er
dette nokon av årsakene til at det hasta å få seg eiga kai.
I
Sykkylven hadde ein beslutta å byggje kai i Haubukta allereie i
1894, men her var det kommunestyret som både fatta vedtak og stod
for omkostningane. S. C. Grebstad tok på seg oppdraget for 3000,- og
forplikta seg samstundes til at kaia skulle stå ferdig før St. Hans
1895.
Situasjonen
var altså heilt annleis på den andre sida av fjorden, og der hadde
kaia vore i bruk i 10 år allereie. På Emblem måtte bygdefolket
sjølve ta seg av både initiativ, bygging og finansiering og det tok
nok si tid å overbevisa sambygdingane om å påta seg slike store
kostnader. For den vanlege emblemsbygdaren så var nok ikkje behovet
for båtfrakt av varer særleg stor, og pliktarbeid på bygdevegen
var det heller ikkje nokon interesse for. Så vidt eg kan sjå, så
må mellom anna behovet for enklare frakt av mjølka vera noko som
dei fleste kunne sjå nytten av.
Det
gjekk berre 5 dagar frå det første kailagsmøtet til ein på ny var
samla for å velja kjøpmann Lars Olsen Emblem til formann. Dei hadde
ikkje gitt heilt opp håpet med å få Sevrin til å gi frå seg
grunnen gratis. Formannen fekk no tillatelse til å foreta «en reise
til Amtmanden i Sagens anledning paa egen bekostning,» om det ikkje
lykkes å komme til einighet med Sevrin. Eg er ikkje heilt sikker på
om dette vart nytta som ein slags trussel eller bekreftelse på at
her skulle det verta kai uansett, men det kan ha verka slik for
Sevrin i alle fall.
Arbeidet
med å få i stand kai forsette med full styrke. Lærar Knut Furseth
skreiv brev til Søndmøre Dampskibselskab den 28. januar. Han kunne
fortelle følgande: «Spørgsmaalet om Kai paa anførte Sted, samt
anlæg af farbar og til enhver Tid fremkommelig Vei til vanne, har i
flere Aar været omtalt Mand og Mand imellem og vundet almindelig
Interesse og og Tilslutning af tilstødende Opsiddere i Bygden, og
det er min personlige Formening, at saavel Kaien som ikke mindre Vei
til denne, for Tid og Fremtid, saavel for Bygden, som for Trafikk og
Færdsel i Almindelighed vilde blive et ikke saa lidet Gode, som at
dersom Spørgsmaalet om Grund og Grundafstaaelse i omhandlede Øiemed
kunde ordnes på rimelig Maade, vilde det øvrige sandsynligvis kunne
lade sig gjøre».
Berre to dagar etter brevet vart sendt, kom det i retur med positivt
svar frå ein G. Østlie, på vegne av Søndmørske Dampskibsselskab.
Østlie har merka seg at det va mange fiskarar i bygda som dreiv
fiske fra Ålesund. Deira hyppige turar mellom bygda og byen hadde
ført til «en ikke liden persontrafik paa Stedet. En Kai der anser
vi derfor høist paa Krævet, da det ofte er forbundet med fare at
benytte Baat til Landfarten fra Dampskibene, spesielt i vestlige
Vinde». Selskapet ville sende kaptein Skudvig på inspeksjonsrunde
for å utarbeide en videre uttalelse om kaistaden den 18. mai 1905.
Kva var det eigentleg som førte til at dampskipskaia skulle leggjast
til Emblemsvågen og at det i denne perioden ikkje var nokon
alternative plassar når grunneigaren sette seg imot. Kvifor ville
aksjonærane frå Emblem nytte både lensmann og amtmann i denne
saka? Svaret finn eg i eit anna brev, som truleg også er skriven av
lærar Knut Furseth. Han kallar dokumentet for «Udskrift» og det er
truleg ei avskrift av eit eldre dokument, som vitnar om ein
overeinskomst mellom brukarane på Emblem, Røssevoll og i
Emblemsvågen. Kor gamal denne avtalen er, er det vanskeleg å svare
på utan orginaldokumentet, men ein skal hugse at alle desse tre
matrikkelgardane har vore ein sams gard ein gong for lenge sidan.
Emblemsvågen kan ha vore sjøstykket til Emblemsgardane og dei har
derfor hatt behov for å sikra seg ein fortsatt veg- og naustrett når
Emblemsvågen vart frådelt.
Her finn ein namnet «Jagtvigen», der det var avmerka ei båtstø
med nausttomt og opplagsplass. Opplagsplassen og nausttomta var
tiltenkt felles nytte for brukarane på både Røssevoll, Emblem og
Emblemsvåg. Desse gardane hadde dessutan vegrett ned til tomta.
Aksjonærane, som hovudsakleg var frå desse gardane, meinte difor at
dei hadde retten på si side når dei ville byggje veg og felles kai
på denne staden. Forfattaren av denne kopien fortel vidare at tomta
var tydeleg oppmerka og låg mot Sydvest der ein i 1905 kunnen sjå
restar av ein gamal naustmur. Den var også merka med nedsatte
vinkelsteinar og grensene er beskrevet særs nøyaktig i dokumentet
slik at ingen skulle vera i tvil. Dokumentet gav også rett til å
planera ut opplagsplassen, så det passa nok godt inn i planane til
forkjemparane for dampskipskaia.
Den
tiande februar helt Kaiselskabet på nytt møte hos Ole K. Emblem,
med 12 av dei ivrigaste aksjonærane på plass. Det hadde enno ikkje
lukkast å komme til einigheit med Sevrin i Emblemsvågen, men
kaiplanane heldt fram som før. Ein beslutta å byggje ei trekai med
planert opplagsplass i bakkant. Styret vart nok ein gong pålagd å
få fortgang i planlegginga. Den 18. februar 1905 var 17 aksjonærar
samla, i håp om å verte einige i tomtesaka. No vart det diskutert å
betala erstatning til berørte grunneigarar, men dei klarte likevel
ikkje å verte einige og måtte avslutte møtet utan resultat. Det
verka nok temmeleg håplaust på dette tidspunktet. Styret fekk ingen
nye krav eller pålegg og ingen diskuterte utforming på nokon kai.
Eg finn ikkje fleire møtereferat og vel å tolka det slik at ein
kanskje var i ferd med å gje opp. Truleg var dei litt for ivrige på
å få Sevrin til å gje frå seg mark vederlagsfritt, og fekk han
vite at dei både ynskte å bruke lensmann og Amtmann til å få det
slik dei ville, så er det ikkje så rart at han ikkje var like
viljug til å forhandla om nokon erstatning heller. Samstundes finnst
det eit skriv med godkjenning av planane frå kaptein Skudvig, som
har møtt opp ein og ein halv månad tidlegare enn den oprinnelege
planen. Noko meir har også foregått i kulissane, for på den neste
sida i møteprotokollen finn eg ei handskrive kontrakt datert den 27.
september 1905:
«Jeg
underskrevne Iver Karlsen Ekornaas erkjender herved Dags Dato at have
solgt og overdraget til Lars Olsen Emblem den af mig af Emblemsvoogs
Opsiddere kjøbte Kaiplads og Tomt for den samme Kjøbesum som i
Kontragten er vedgaaet, mod at jeg forbeholder mig Ret til at tage
indtil ti Aktier i Anlægget.
Nævnte
Kjøber faar samme Adgang og Ret, som jeg i Henhold til Kontragt er
indvilget, dog bemerkes, at der ikke maa opføres andre Hus end i
Kontragten benævnt. Kjøbesummen betales til Grundeierne til 24de
Juni 1906 mod Skjøde. I tilfælde man ikke til den Tid ser sig Udvei
til at paabegynde Kaianlæg forbeholder jeg mig Ret til at have
nærverende Kontragt.
Emblem
den 27de September 1905.
Som kjøber Som Sælger
L.O. Emblem Iver K. Ekornaas»
Kva som har hendt dette halvåret er det vanskeleg for meg å
spekulera i, men no vert det i alle fall på ny fart i planlegginga.
Andreas Emblem frå garden Hatlebakken blir vald til leiar, og
samstundes leiar for kaibygginga. Han får ei vekeløn på 15 kroner,
rekna frå den dagen han forlet heimen og til han kommer heim igjen.
Reiseutgiftene dekkes også av selskapet. Andreas skulle kontrollere
at alt arbeidet med dampskipskaia vart utført fagmessig og han fekk
rett til å bestille material og redskap, om dette vart skaffa «paa
billigste maade». Løna for 8 timars arbeid på kaia vert sett til 2
kroner for ein fullt ut arbeidsdyktig mann, medan formannen får
bestemme løna til dei som enten er for unge eller for gamle til å
utføra eit skikkeleg dagsverk. Formannen skulle utarbeide liste over
arbeiderane, løna deira og sørge for å betale ut løna kvar månad.
Formannen måtte leggja fram planar for styret og få desse godkjent,
samt rette seg etter pålegg frå styret. Formannen skulle heile tida
ivreta selskapets interesser. Lærer Knut Furseth vart vald som
kasserar.
På generalforsamlinga for Emblem Kaiselskab den 9. april 1906, hos
Fredrik Emblem, vart rekneskapen godkjent. Lars Olsen Emblem
overførte tomta, som han hadde kjøpt frå Iver på vegne av
kaiselskapet og ein hadde allereie leigd ut kaia for eitt år, frå
den datoen den stod ferdig. Leigetakaren skulle betala 200 kroner for
leigeretten i to jamnt fordelte halvårlege rater. Lars fekk også
utbetalt 25 kroner av kasseraren for «haste-udlæg». Som poståpner
fekk han rett til fri adgang på kaia, «men i tilfelde han løser
Billet svares Kaipenger.» Den siste setningen gjeld truleg dei
gongane han som privatperson eller landhandler fekk eller sendte
varer via kaia. Det står ikkje i protokollen kven som har leigd kaia
for eit år og det er mogeleg at det er eit dampskipsselskap, men det
interessante er at det siste punktet på saklista er streka ut: «6.
Da Iver Karlsen Ekornaas har leiet Emblems Kai.» Det er særs
mogeleg at det er han som var leigetakaren. Kvifor dette vart streka
ut etterpå, er eg ikkje sikker på, men eg finn fleire slike spor i
seinare møtereferat.
Ein måtte kalle inn til nok ei generalforsamling to veker etterpå,
fordi ein i diskusjonen etter opplesinga av statuttane kom fram til
at styret ikkje hadde vore lovleg valgde tidlegare. Eit nytt val var
såleis nødvendig. Iver vart no vald til formann. Ole Larsen Emblem
fekk 32 stemmer, Lars K. Emblemsvåg fekk 24, medan Peter K. Emblem
fekk verte vara med 23 stemmer. Ein beslutta vidare «at indgaa til
Sundmøre Dampskibsselskab med Begjæring om at få Ekspedisjonen
overdraget til den som har leiet Kaien.» Her er nok ein gong namnet
til Iver vorte stroke over i protokollen. Og erstatta med «den som
har leiet Kaien». Styret vart også pålagt å få i stand dette så
snart som mulig. Kva som var årsaka til at Iver sitt namn vart
stroke over, er eg ikkje sikker på, men det er mykje som tydar på
at det var nettopp Iver som var leigetakaren, og det må i såfall
alle dei frammøtte aksjonærane ha visst. Årsaka til at «leigaren»
ynskte ekspedisjonen, var truleg at det var litt pengar å hente i
dette. 200 kroner i leige var den gongen ein stor sum og då vil eg
tru at det var ynske om å få litt attende også.
Den 9. mai vart den tredje generalforsamlinga våren 1906 halde. Då
det var behov for å drøfte spørsmålet om «ydderligere Uddybning
af Grunden». Det må ha vist seg at det ikkje var djupt nok for dei
store dampbåtane, eller kanskje det var snakk om hindringar i den
næraste leia ved kaia som dei ikkje hadde oppdaga tidlegare. Dei 14
frammøtte beslutta å forhandle med ein dykker og arbeidarar snarast
råd. Ein måtte også få tak i arbeiderar som kunne utføre sjølve
arbeidet. Den 19. juni måtte generalforsamlinga ta stilling til om
kaia skulle forbli ubenytta til dampskipsanløp fram til utdjupninga
var ferdig. Styret då fekk beskjed om å få fortgang på arbeidet.
Den 22. august var arbeidet fullført av dykker A. O. Tjærvaag, og
nok ei generalforsamling var halde. Ein bestemte seg no for å leige
inn 2 murarar og forsøke å få tak i resten av arbeidskrafta i eiga
bygd. Formannen fekk tillatelse til å søke om lån på selskapets
vegne slik at ein kunne betale for arbeida som allereie var utført.
Den 31. oktober 1906 vart årets siste generalforsamling halden og
ein vart einige om «at sende en Skrivelse til formanden i
Diriksionen for Søndmøre dampskibsselskab og oplyse om at Kaien er
færdig og at samtlige Skibe læger til og ordner Expedisionen efter
Kaiselskabets ønske». No stod altså kaia klar og møta vart
færre, men først måtte ein få orden på rekneskap og delt ut
aksjebreva:
Den 7. januar 1907 vart dei frammøtte på generalforsamlinga
orienterte om rekneskapet. Kostnaden var på 6140,- og ein hadde
teikna 106 aksjer. Opprinneleg hadde ein håpa på å selge sopass
mange aksjer at dei kunne settast til 25 kroner stykket.Ingen hadde
tenkt seg at kaia skulle verte så dyr. Etter ein diskusjon vart det
einstemmig beslutta at kostnadene på kaia skulle fordelast i forhold
til kor mange aksjer som var seld, når ein fekk fullstendig oversikt
over anleggskostnadane.
Styret skulle deretter skaffe aksjebrev til kvar aksjonær som skulle
overrekkast snarast råd.
E
in
beslutta å innbetale 3 kroner, fordelt i to like deler, med frist i
januar og 1. juli 1907.
Knut Furseth ynskte ikkje å forsette som kasserar, og vart avløyst
av Andreas Magnussen Emblem etter at revisjonen var ferdig. Ole
Knutsen Emblem vart vara-kasserar, medan Lærer Lars Flydal og
Steffen Knudsen Nedregotten vart valde som revisorar. Det vart ikkje
så mykje fortgang i aksjebrev-saka, for det var først den 27.
november 1907 at eit forslags til aksjebrevtekst vart lese opp. Lars
Olsen Emblem fekk leige kaia i 5 år mot ei avgift på 350 kroner per
år.
Frå 1908 byrja ein det fyrste normale driftsåret etter at alle
arbeidslister hadde kome inn og lønningane vorte utbetalt. Frå no
av vart det færre møter og generalforsamlinga behøvde no først
og fremst å verte einige om revisorar og årleg innbetaling av
aksjeinnskudd. Ved generalforsamlinga i 1909 vart aksjeinnskuddet
redusert til 1 krone. Lars Olsen orientert forsamlinga om at
inntjeninga på kaia ikkje var så god som planlagd. Leieutgiftene
hans var høgare enn inntektene og han fekk lov til å redusera
leigesummen til 330 kroner per år. Selskapet heitte no «Emblems
Kai».
I 1911 får generalforsamlinga og den nye formannen Peter K. Emblem
søknad om å redusera leigekostnaden til Lars O. Emblem med 30
kroner til 300,- Dette ville verte eit totalt avslag på 50 kroner
frå den opprinnelege summen, og søknaden vart ikkje innvilga. Det
vart også halde ei ekstra generalforsamling knytt til ein skriftleg
søknad i anleiing Nils Rasmussen Nedregotten sin bortgang.
Bostyraren ynskte å betale kontant heile gjelda som Nils hadde vore
ansvarleg for i eit eingongs-beløp mot å avslutte ansvaret for
vidare gjeld på dei tre aksjene.Dette vart enstemmig vedteke.
I 1912 gjekk leigeavtalen på kaia ut og Lars Olsen Emblem fekk no
levera anbod på leige av kaia. Det verka som om inntektene ikkje
hadde auka særleg, for no ynskte han berre å betale 250 kroner per
år i 5 år. Vidare hadde det truleg vore ein disputt om kaipengar
for passasjerar som skulle i land eller ombord på dampskipa til
«Søndmørske». Generalforsamlinga såg ikkje at dei på dette
tidspunktet kunne kutte avtalen med selskapet om kaipengane for
«Passasjerer med Baatene» Ein avtale om forbehald ved sjukdom eller
død vart derimot godkjent. Samstundes vart det krevd at dersom andre
selskap ynskte å leige plass for anløp på emblemskaia, så kunne
ikkje Søndmørske eller leigetakaren nekte dette. Det kan bety at
Lars hadde hatt ein eigen klausul og at han var ekspeditør for
nettopp «Søndmørske» sine båtar. Det var ikkje uvanleg å ynske
einerett, men etter kvart som konkurransen auka, så kunne det vera
to konkurrerande ekspeditørar på kaiene og i Ålesund kjempa fleire
selskap om å få passasjerane til å velje nettopp deira båt
innover fjorden. Det hadde med andre ord utvikla seg konkurranse om
transporten. Dei siste åra hadde ein nytta motorbåt i staden for
dampskip til Emblem, med stoppestad i Straumgjerde. Dermed vart
rutetilbodet auka, men det hadde også vorte enklare å konkurrere.
Omlag på samme tida kan motorbåtforbindelsen til Glomset ha tatt
til og dei la til ved sjøboda til Mattis, like aust for nausta til
Østremsgardane. Aktieselskapet Von frå Sula hadde starta opp i 1909
og hadde eiga rute frå Vegsundet og etter kvart Ekornåsvågen med
motorbåten Vidar. Så no kunne emblemsbygdarane velje og vrake i
tilbod. Dette var neppe ei heldig utvikling for eigarane av
emblemskaia, men dei hadde i det minste ansvaret for
mjølketransporten intil vidare, og truleg den beste kaia for større
vareleveringar. Kjøpmannen i bygda hadde også eiga interesse i å
fortsette å bruke kaia, så rekneskapen gjekk enno i belanse, men
noko stor inntekt var det ikkje.
Frå 1913 byrjar ein å merke behov for reparere. I 1915 vedtok ein å
støype ein betongplatting der varene skulle lossast og elles i den
utstrekning som styret føler er påkrevd og nødvendig. Fænderverket
behøvde også ein reprasjon og utgiftene skulle fordelast på
aksjonærane. Det er mogeleg at ein ynskte å halde på dei største
kundane sine og å konkurrere på gode kaiforhold. Om prisane var
like konkurransedyktige, veit eg ikkje, men nokre år seinare finn eg
dei fyrste spora av korleis avgiftene vart fordelte på dei ulike
vareslaga, for i 1919 vart kaiavgifta revidert.
For last på 100kg vart kostnaden 20 øre og meir eller mindre etter
varenes vekt eller størrelse, med en minste avgift på 10 øre.
Oljefat skulle no koste 40 øre, 1 sirupsfat 60 øre, hest 1,-, ku 50
øre, småfe 15 øre, støpegods fekk avgift på 25 øre pr. 100kg.
Mjølk som det vart sendt mest av, skulle frå nyttåret 1920 koste
2/10 øre per liter.
Formannen fekk i oppdrag å forhandle med Sevrin Emblemsvåg om ny
ekspeditør på kaia. Det endte likevel med at Lars O. Emblem fekk
fortsette som før mot ei godtgjering på 50,- i 1920. Det vart
vidare bestemt at han skulle besørge alt med ekspedisjonen, men fekk
fritak for å innkassere kaipengane for ekspediterte varer. Varer som
ikke var ekspederte kunne førast i ei eiga bok. Ein hadde no gått
bort frå å kreva kaileige og heller byrja å betala ekspeditøren
for jobben. Dette verkar ikkje som noko godt teikn, med tanke på
inntjeninga på kaia og låna som trass alt skulle betalast i faste
avdrag til Borgund Sparebank.
I 1921 vedtok generalforsamlingen at reprasjon fortsatt skulle vera
pliktarbeid for aksjonærane og at plikta skulle tilpassast antal
aksjer. Ein vedtok å bruke sement til å lage ei bane mellom kaia og
kaihuset, for dette vart billegast. Ein gav også styret rett til å
lage betongplatting for lossing av varene og ei kaiavgift på 50 øre
for matrialar som skulle lossast eller lastast. Ekspeditøren vart
dessutan pålagd å utøve skjønn i slike tilfelle. Den 30. desember
vart den andre og siste generalforsamlinga halde i 1921. Ein hadde
hatt ei inntekt på 783,38,- det året, før utgiftene vart trekte
ifrå, og ny ekspeditør vart Joakim J Emblem. Han skulle ta til i
arbeidet frå nyåret 1922. Han tok også over postopnaransvaret frå
Lars Olsen Emblem. Joakim fekk no ansvar for å krevja inn alle
godsinntektene frå kaia og ta vare på pengane som skulle
overrekkast kasseraren 1. juli og 1. januar. I 1922 vart det i
tillegg beslutta at bilettane for passasjerar skulle reduserast frå
20 til 10 øre. Truleg hadde dette samanheng med at sambygdingane
heller valde å gå til Ekornesvågen for å få billegare skyss.
I januar 1925 hadde gjelda til Borgund Sparebank vorte redusert til
1400 kroner. Hans Furset søkte generalforsamlinga om å få leige
boden på kaia. Leigesummen vart sett til 5,- per år. Det som er
interessant her, er at han gav seg som kjøpmann i Emblemsbygda eitt
eller to år tidlegare. Hans var sonen til den tidlegaren nemnde Iver
Karlsen Furset, og hadde drive butikk både på Skorene og på
Magnusbakken. I 1922 kjøpte han opp eigedom og varebehaldninga til
det fyrste kooperative handelslaget i Spjelkavika og selde etterkvart
butikken i Emblemsbygda. Han skifta også namn til Hans Iversen og
flytta dit ut. Kvifor han ynskte å leige boden på kaia i 1925, og
ikkje tidlegare, verkar litt rart. Inntekta til ekspeditøren på
kaia vart fastsett til 5% av kaiinntektene frå 1.1.1925. Den 20.
juni vart det halde ei ny generalforsamling hos Johan J. Emblem.
Formannen, Lars Olsen Emblem var no død og vart erstatta av Ole
Larsen Emblem. Det same året vedtok ein også å kjøpa seg brukt
kran frå Overud og Aspesæter for 100 kr.
I 1926 vart det innkalla til generalforsamling den 2. februar.
Emblems Landhandel ynskte å leige eit rom i ekspedisjonshuset.
Søknaden vart godkjend mot ei årleg leige på 25 kroner i to rater.
Kven eigaren av Emblems Landhandel var, er eg ikkje sikker på, men
det var i alle fall før Samvirkelaget si tid, og det kan då vera
enten Sevrin Emblem, eller L.K. Akslen som hadde kjøpt butikken på
Magnusbakken ette Hans. Så vidt som eg veit, så starta ikkje Sevrin
opp før 1929-30 og då var det nok Lars K. Akslen som kalla butikken
sin for Emblem Landhandel. Han dukkar også opp 2 år seinare i
referatet frå den 11.1.1928 der generalforsamlinga kom fram til at
sjøboden som stod på kaia og som eies av Lars K. Akslen skulle det
betales 30,- per år for i grunnleie. Var eigaren ikkje interessert i
å betale, «så maa huset fjernes innen utgangen av april måned.
Frem til så skjer skal leien betales til kailaget.» Det er grunn
til å tru at dett er etter at butikken på Magnusbakken hadde brent
ned. Ein ny butikk vart riktig nok bygd på omlag samme plassen, men
det varte ikkje lenge før Lars gav seg og selde til Per Myrstad &
Co i Spjelkavika. Så lenge Lars ikkje var kjøpmann lenger, så fekk
han truleg ikkje like gode rettar på kaia, og det er det ein her ser
eit eksempel på.
I 1931 ser ein at noko har skjedd. Avgift, i forbindelse med lagring
av saltfisk på kaia, blir satt til 50 øre pr 1000 stk i 1931. No
var det liten trafikk på kaia og Emblemsbygda Billag hadde starta
opp drifta. Utleige av lagerplass på sjølve kaia vitnar om dette.
Fortsatt var det ei båtrute som gjekk innom kaia og i 1932 vedtok
ein å sette kaia i stand igjen slik at den vart like bra som før og
at ein skulle kontakte Møre Fylke om å få rute til Emblem slik som
før og å kontakte Møre Fylkes Direktion om å få nedsatt
kaipengane for billetten frå 20 til 10 øre pr. billett. Joakim J
Emblem sa opp stillinga si som ekspeditør dette året, fra og med 1.
juni. «Man diskuterte spørsmaalet om ekspeditør men ingen var
villig at paatage sig stillingen da indtegterne paa kaien er saa
liten at det vil ikke svare sig for nogen efter som det har vært til
denne tid. Det blev sat forslag fra formanden om, at den som vilde
paata sig expeditionen skulde faa den indtegt som kaien gav til løn,
saa selskapet slap nogen ekstra utgift til expeditøren. Dette blev
enstemmig vedtat og møte hevet.» Kassaboka til kailaget syner også
at det er liten inntjening, og at det stort sett er litt kaileige og
aksjonærane sjølv som står for det meste av inntektene i
aksjeselskapets levetid. I 1931 finn eg den siste innbetalinga med
kaiavgift for frakt av mjølk til Sunnmøre Meieri.
Kassaboksidene frå tida 1932-1940 er desverre rivne ut så det finst
ikkje noko som er skrive før 27. august 1940. Då er det fortsatt
generalforsamlingar det er snakk om, men namnet er no A/S Emblems
Kaiselskap og det er reprasjonar av kaia som vert diskutert og
godkjend. Kassaboka syner at det i perioden 1932-1950 er lite som
skjer. Frå 1942, når den siste båtruta til kaia vert nedlagd, finn
eg heller ingen eksterne inntekter. Kailaget var truleg meir eller
mindre innaktivt fram til 21. november 1945. Kailaget gjekk i balanse
desse åra med 79,33,- netto, men det er mest snakk om innbetalingar
frå aksjonærane, samt Knut og Per Nedregotten som leigde kaia til
opplagsplass for material. Avgifta vart sett til 10,- for kaia og
10,- for kaihuset, tilsaman 20 kroner per månad. Kor lenge dei heldt
til på Emblemskaia er eg ikkje sikker på, men det vart i alle fall
forhandla fram ny leigekontrakt med nye leigetakarar frå 1952 og då
er kanskje Per og Knut etablerte inne på Magerholmen.
På ny vart det ein lang pause og inga generalforsamling før den som
vart halde 26. april 1951 på postkontoret i kjellaren til Eddy og
Johan J. Emblem på Garsendhaugen. Johan var sonen til tidlegare
kaiekspeditør og postopnar Joakim J. Emblem. Det står i protokollen
at Gullik Heitmann ynskte å leiga kaia, men i kassaboka finn eg
berre leigeinntekter frå Flemsøys Rederi på Hareid med årlege
innbetalingar frå 1953-1959. Seinare korrespondanse mellom rederiet
og formann Karl O. Emblem 31.8. 1971 gjev informasjon om at
leigeavtalen frå 1952 gjaldt oppbevaring av spekktankar på Emblem
Kai. Det tydar på at kaidrifta hadde meir eller mindre stagnert, med
unntak av langtidsutleige av kai og kaihusa. Det var nok vanskeleg å
drive kai når Emblemsruta hadde tatt over det meste av
varetransporten og båttrafikken var nedlagd. Kailaget hadde litt å
gjere dei fyrste åra med busselskap i bygda, for vegane var temmeleg
dårlege og særleg om vintern og våren i teleøysinga. Billaget såg
det som påkrevd å ha alternativ båtskyss for å få mjølka
tidsnok av garde. Men frå 1932 var vegane truleg brukbart betre ute
i Myrabakken, og då var det berre Akslabrauta som baud på problem
for bussane. Så lenge bussen kunne køyra frå bygda heile året, så
var det ingen behov frå beredskap lenger og mjølka frå Magerholm
kunne ein alltids kjøre litt med hest om det vart behov for det.
Sidan Kaia stod ferdig i 1906 hadde varehandelelen og antal butikkar
auka, men kaiselskapet møtte konkurranse med både motorbåtfart frå
Østremsvika og Von-båtane frå Sula som la til i Ekornåsvågen frå
omlag 1909. Samme året vart dampskipa erstatta av Motorbåten M/B
Aure, men motorbåtane frå Von hadde billegare billettar og ein
kunne spare 20-25 øre på å gå dit ut, raskare vart det óg.
Østremskarane brukte som regel «vågabåtane» ute i Ekornåsvågen
og var heller ikkje aksjonærar i Emblemskaia. Dei nytta nok også
Mattisbrygga. Frå 1930 var det skyss berre to gongar frå
Emblemskaia og i 1942 var som sagt all båtskyss lagt ned.
Den neste generalforsamlinga vart ikkje halde før 25.10.1971 i
følge møteboka, men referatet syner likevel til eit ekstra årsmøte
den 16.12 1966, så det tyder på at alt ikkje vart notert skikkeleg.
Årsmøtereferatet frå 1966 finn eg etter kvart i kassaboka. Dette
året finn eg også ei rekke brev til Flemsøy Rederi med påfølgande
svar, brev til Johan Johansen Emleim, krav om livbøye og lys på
kaia samt vidare korrespondanse. Saldoen 1.1.1971 var på 1199,63
kroner , medan det den 25.10 1971 kun er 261,- att etter at lys og
livbøya var på plass. No er det Karl O. Emblem frå Steffågarden
som tok tak for å få oppdatert leigeavtalar og kassarekneskap. Dei
frammøtte andelseigarane var:
Karl O. Emblem, Petter P. Emblem, Johan E. Emblem, Fritjof Emblem,
Karl K. Emblem, Edvin E. Emblem, Lars Emblemsvåg, Ivar Flydal og Odd
Ørbech. Det var truleg på denne tida ein beslutta å leggje ned
heile aksjeselskapet. For å få orden på eigartilhøva skulle
arvingane til alle kjende eigarane av gamle aksjar tilskrivast. Dette
skulle vera eit krav om oppgåve over kvenn av arvingane som skulle
overta aksjane. Dersom desse ikkje svarte innan fire veker, skulle
aksjane overtakast av kailaget utan noko vederlag til arvingane.
Karl K. Emblem, Petter P. Emblem, Fritjof Emblem og Ivar Flydal vart
valde til å setja i gong det mest nødendige vølingsarbeidet av
kaia og kaihuset for selskapets rekning. Karl O. Emblem førte den
siste rekneskapen for kailaget i 1984. Pengane som var til overs vart
tatt ut av banken og kontoen avslutta. Sidan har det ikkje vore nokon
kommersiell drift av kaia.