BNR. 1 HANSGARDEN

Hansgarden på Røssevollen. Biletet er teke av Sverre Kvarme og lånt ut av Stein Kvarme
Hansgarden på Røssevollen. Biletet er teke av Sverre Kvarme og lånt ut av Stein Kvarme
F.v. Anna Iverd. (f. Furset) Røssevoll (1891-1968) og ektemannen Harald Røssevoll (1859-1974) framom kjellardøra på Røssevollen. Biletet tilhøyrer Gunvor Flydal Steinnes og Per Almar Steinnes
F.v. Anna Iverd. (f. Furset) Røssevoll (1891-1968) og ektemannen Harald Røssevoll (1859-1974) framom kjellardøra på Røssevollen. Biletet tilhøyrer Gunvor Flydal Steinnes og Per Almar Steinnes
Harald Røssevold var gift med Anna Iverd. Furset. Dei tok over Hansgarden. (informasjon Per Almar Steinnes) Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal: Arkiv/samling:  AM-95003.021120
Harald Røssevold var gift med Anna Iverd. Furset. Dei tok over Hansgarden. (informasjon Per Almar Steinnes) Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal: Arkiv/samling: AM-95003.021120
Frå "Norsk Kundgjørelsestidende" 2. april 1892. Hanna var streng talt ikkje frå Emblem, men det var faren, handelsborgar Ole Didrik Tidemandsen Røssevold (1812-1870) i Ålesund. Han kom frå Hansgarden på Røssevollen og Hanna fortsette i farens fotspor. Kjelde: Nasjonalbiblioteket

Familien Storhaug på besøk på Emblem 1930. Familien kan knyttast til Hansgarden via Lovise Agnete Hansdotter Røssevold (f.1853) som kom derifrå og gifte seg i 1878 med skipper Jakob Ananias Berntsen Storhaug frå Kinn. dei budde mellom anna i Ålesund og evakuerte til Røssevollen etter bybrannen i 1904. Foto: Sverre Kvarme. Biletet er lånt ut av Stein Kvarme

Frå Sverre Kvarme sitt fotoalbum frå Røssevollen. Biletet er lånt ut av Stein Kvarme
Frå Sverre Kvarme sitt fotoalbum frå Røssevollen. Biletet er lånt ut av Stein Kvarme
Fire av borna til slaktar Ivar karls. Furset (brukar på Eikenosa og Skorene) Framst sit Karl Johan Ivers. Furset som vart handelsmann på Høybråten i Oslo. Bak f.v. står Johanne (Petrine) g. Indreberg, Anna som gifte seg i Hansgarden med Harald Røssevoll og Inga Lovise Furset. ho vart trulova med ein gut frå bygda, men døde av lungebetennelse ca. 26 år gamal mot slutten av 1919. Orginalbiletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal: Arkiv/samling:  AM-95003.036103

La oss sjå litt nærare på Emblemsbiletet frå fotograf Sverre Kvarme. Her har eg zooma inn på "gamlegardane" på Røssevollen, med husa i Pe-garden, Tykjegarden (Mittetgarden) og Hansgarden. Dateringa er avhengig av stolpen mot venstre og Lundberghuset. Er det telefonlinjer som er festa på isolatorane så hjelp det ikkje så mykje, men er det straum så har vi passert 1923 og fått Tafjord Kraft sine kablar til bygda. Slikt var det ikkje alle som ville ha. Der var dei som syntes at det var "galematias". Tenk at folk var så galne at dei for heilt til Tafjorden etter ljos! Mange ville ikkje ha "styggheita" i hus. så mange var så skeptiske at leverandøren sleit med å bli av med straumen i begynnelsen. Dei forsøkte seg på å gje tilskot til kjøp av komfyr, men der var framleis dei som ikkje hadde elektrisitet i heimane sine før mot slutten av andre verdskrigen. Ein kan sjå Lundberghuset til Fredrik Emblem ovanfor taket på stabburet på Garsendhaugen. Det er også med på å bidra med dateringa til truleg etter 1924. Men det som eg undrar meg over er at der ser ut til å vere fleire gamle hus i tykjegardstunet i 1946 enn på dette biletet ca. 20 år tidlegare.

Hansgarden 1961. Foto: Raganr Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum.
Hansgarden 1961. Foto: Raganr Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum.

Jon Jonson er registrert på bruket frå 1609 til 1642. Han vart utkommandert i Kalmarkrigen 1611, og  er nok den første drivaren i Hansgaren. Om han kom utanfrå, eller vaks opp på Røssevollen, er  usikkert. I Pe-garden sat nemleg 1603 ei enke som vi enno ikkje veit namnet på. Det er mindre truleg  at han har vore i slekt med brukeren i Tykjegarden. Det kan sjå ut som om Jon kom heim frå krigen.

Lars Knudsen (f.ca.1615), kalla «Fjord-Lars», kom truleg til bygda ein annan stad ifrå. Han var  brukar i tidsrommet 1645 til 1690. Tilnamnet hans stammar frå skattelistene i samtida. Kanskje kom  han frå indre strok ein stad, som Sunnylvsfjorden, eller Hjørundfjorden. Mange flytta etter kvart til  Emblem frå desse områda.

 a) Johan (f.ca.1664) tok over bruket.

Sonen Johan Larssen Røssevoll(1) (f. ca.1664), vart nemnd i 1701-teljinga som 37 år gamal. Han  dreiv Hansgarden til 1706. Ein veit ikkje meir om han.

a) Lars (f. ca.1694) var 7 år ved 1701-teljinga. Det 

vart også notert at han hadde  «Schade på sitt Sinn».

b) Peder (f. ca.1698) var 3 år ved 1701-teljinga.

Niels Thorsen Sunde(II) (1673–1709) gifta seg med Ingeborg Kolbeinsdotter (1673-1726), utanfor  Borgund Prestegjeld. Dei budde på Sunde(II) i tidsrommet 1704 til 1706, før dei bygsla Hansgaren  frå 1706, og dreiv dette bruket til Niels døydde 1709. I arveskiftet vart nemnd hest, 5 kyr, 2 kviger,  kalv, 2 sauer og 6 geiter. Han hadde eige naust, kjempefæring og fiskevegn. Vidare hadde han  koparkjele, 2 jerngryter, smørkanne i tinn, 2 senger, 2 napperyer, øks og 2 spadegrev. Verdien av  skiftebuet var på 45 riksdaler, medan gjelda var på 15. Enka gifta seg opp att med neste brukar.

a) Inger (dp.1704) vart døypt på Sunde.

b) Martha (1707-1784) gifta seg i 1741 med 

enkemann Peder Arnesen Holmeset(2), og 

brukar  Holmeset(2).

Enka Ingeborg Kolbeinsdotter (1673-1726) gifta seg opp att med Knud Larsson (1688-1755). Han  kan ha vore broren til.  Dei dreiv bruket til 1715. Då sa han opp bygselskontrakta si, og vart  husmann under den samme garden. 1716 vart Knud dømd for leiarmål med Guri Jonsdotter Drabløs,  som tente på Slotsvik. Knud var då framleis ein gift mann og måte bøte «efter yderste formue», men  der var lite å hente. Heile eigedomen han sat att med, vart kun taksert til 1 riksdaler. Han vart tenar  på Eikenosa hos brukar 908 , og familien levde av «folks godhet». Etter kvart gjekk det betre med  han, reint økonomisk. Dei tok då over Nes(I) på Ellingsøya.

 a) Martha (1711-1711) vart berre 12 veker. Ho drukna 

kanskje i båtvelt. Sjå meir under Pe-garden

 b) Niels (dp.1712).

Gregorius Andersen (1669-1749) vart over 80 år. Han gifta seg 1747 med Birthe Olsdotter (ca.1670- 1768), som vart heile 97 år gamal. Dei kom truleg utanfrå bygda og dreiv bruket frå 1715 til 1747.

a) Malene (1710-1797) gifta seg først i 1747 med 

enkemann Axel Axels. Nedregotten(I), brukar i

Sjursgarden, Emblem(11). Ho gifta seg på nytt i 1756 

med  Ole  Ingebrigts. Emblem(9), brukar Emblem(11).

b) Anders (f.ca.1713) gifta seg i 1738 med Ingeborg Andersd. Voldsdal, brukar Voldsdal(2).

c) Ole (dp.1715-1762) gifta seg i 1755 med enke Berte 

Larsd. Hoff(4), brukar Hoff (4).

d) Peder (dp.1719-1755) gifta seg i 1747 med Guro 

Jacobsd. Rødset(1), brukar Rødset(1).

e) Lars (dp.1721-1770) tok over bruket.

Sonen Lars Gregoriuson Røssevold(1) (dp.1721-1770) gifta seg 1748, med Guri Olsdotter Nøringset  (ca.1722-1788). Lars gjorde det bra, og fisket gjekk også betre i hans tid. I arveskiftet etter han var  verdiane på 137 riksdaler, medan gjelda kun var på 39. Han eigde hest, 5 kyr, 3 kviger, 2 grisar,  geiter og kvern.

a) Ole (dp.1748-1826) gifta seg i 1780 med 

Marthe Ebbesd. frå Ebbegarden, Emblem(8).

Brukar Nordigard 338, Ålesund.

b) Gregorius (dp.1750-1830) tok over bruket.

c) Birthe (dp.1752-1825) gifta seg i 1782 med 

enkem. Peder Knuds. Giske i Knutgarden, 

døydde  der.

d) Ingebrigt (f.1753).

e) Anne (1755-1756) døydde 1 år og 17 veker 

gamal.

f) Arne (f.1757).

g) Maren (1760-1836) gifta seg i 1785 med. 

Hans Christens. Giskegjerde, brukar

Giskegjerdet(4). Dei gifta seg kanskje før 1787.

Sonen Gregorius Larsson Røssevold(1) (dp.1750-1830) var brukar frå 1773 til 1804. Han gifta seg  1773 med Karen Olesdotter Veibust(1) (dp.1742-1811). I 1814 gifta han seg på nytt med Martha  Olesdotter Furmyr (ca.1767-1832). Dei flytta til Uraplassen, Furmyr(5).

 a) Elen (dp.1774-1774) døydde 9 dagar gamal.

b) Laurentze (dp.1775) gifta seg i 1808 med 

Claus Nilsen, brukar Store Kalvøy(1). Ho var i 

1801 tenar  på Frantzholm.

c) Andriana (1777-1807) tok over bruket.

d) Ole (dp.1779-1779) døydde 13 veker gamal.

e) Arne (dp.1780) var i 1801 tenar på Ystebøen, 

Emblem(5).

f) Ole (1783-1837) gifta seg i 1825 med 

Synneve Jacobine Torbiørnsd. Godøy(16),

husmannsfolk på Godøya 1825-1830.

g) Gunner (1786-1844) gifta seg først i 1819 med 

Andrea Maria Andersd. Spjelkavikgjerde(1),  brukar 

Remvik. Han gifta seg opp att i 1832 med  Anne 

Halvorsd. Emblemsvåg( 1), brukar Digerneset i Remvika.

Svigersonen Timann Anderson Spjelkavikgjerde(1) (dp.1768-1850) gifta seg 1804, med Andriana  Gregoriusdotter Røssevoll(1) (dp.1777-1807) og tok over bruket det samme året. Timann gifta seg  opp att 1809 med Giertrud Hansdotter Urke(Y,5) (dp.1774-1850), frå Hjørundfjorden. Han kan i så  fall ha vore einsleg enkemann i om lag 2 år. Det var uvanleg på den tida. Han må ha hatt god hjelp frå  svigerforeldra sine. Timann dreiv bruket fram til 1845. I 1842 avla han 2 tønner bygg, 11 tønner  havre, 4 tønner blandkorn, og 12 tønner med potet. Dei hadde hest, 4 kyr, 2 ungfe og 6 sauer. Av  gardshus har presten registrert ei stove, stabbur, fjøs, stall og løe. Alle bygga var i brukbar stand.  Bruket vart kalla «Timanssgaren» etter han. «Sjurs-Ole» i Sjursgarden, ved foten av  Røssevollbakkane, huska Timann og naboen Baar i Pe-garden. Tuna låg då ikring Pe-stova, om lag  der bilvegen i dag deler seg mot vest og aust. Hovudhuset til Tykjegarden låg omlag der Tor Mittet  har huset sitt i dag, og to av løene stod på kvar side av bilvegen. Seinare vart tuna flytta lenger frå  kvarandre til dagens plassering.

a) Andrine Johanne (dp.1805) gifta seg i 1841 med 

Johan Hanss. Hauge(55b) frå Norddal, brukar

Valderhaug(6).

b) Dorthe Andrina (dp.1809-1809) døydde 8 

veker gamal.

c) Birte Malene (dp.1810-1881) gifta seg i 1839 med 

Carel Martines Johanness. Ystenes(II), brukar

Voldsdal(4).

d) Ole Didrik (1812-1870) gifta seg i 1857 med 

Andrine, Rasmusd. Blindheim (19), Vigra. Han

var handelsborger på Hellevikstranda i Ålesund 

etter 1854. Hengte  seg i sinnsforvirra tilstand, i 

følge kyrkjeboka. .

e) Hans Martines (dp.1817-1818).

f) Hans Berent Bretanus  (1819-1906) tok over bruket.

Sonen Hans Berent Bretanus Timansen Røssevold(1) (1819- 1906) gifta seg 1845, med Marthe  Petrine Jørgine Mattisdotter Østrem(1) (1830-1910), frå Mattisgarden på Østrem. Dei kjøpte garden  for 180 speciedaler i 1845, men måtte selge den att på auksjon 1880. Bernt «Gravar-Bern» Pedersen  Blindheim, på Vigra, kjøpte garden. Hans var bygselsmann dei siste tre åra, før han tok kår. Bygselen  gjekk over til svigersonen. Namnet «Hansgaren» er truleg etter han, og frå tida etter han vart  sjølveigar her.

a) Johanne Karen  Petrine ( 1846-1868) var ugift, 

busett på Røssevollen.

b) Marta Karoline (f.1848) var ugift. Arbeidde 

på hermetikkfabrikk i Ålesund i 1900. Ho var

bryggeriarbeider på Ysteneset i 1910.

c) Tidemine Andrea  Karoline ( 1851-1933) tok 

over bruket.

d) Lovise Agnete (f.1853) gifta seg i 1878 med 

skipper Jacob Ananias Berntsen Storhaug frå Kinn.

Dei budde ei tid på Røssevollen etter bybrannen 1904.

e) Thomas Gerhard  Lauritz ( f.1855) vart konfirmert i 1870.

f) Matthias (1858-1858) døydde 1/2 år gamal.

g) Matthias Peter (1859-1927) gifta seg i 1888 med 

Hanna Marie Johansd. Skjeggstad, busett Ålesund.

Han var fiskar og stuert.

h) Hans Lauritz (1862-1923) gifta seg i 1902 med 

Severine Marie Svendsen frå Eid i Romsdalen.

Han var fiskar, busett i Ålesund.

i) Markus Albert (f.1864) var  2 år ved 1865-teljinga.

j) Marie Lovise (1867-1869) døydde 3 måneder gamal

k) Johanna Marie  Lovise ( 1869-1872) døydde 3 år gamal.

l) (Hans Jørgen)  Elias ( 1872-1953) gifta seg i 1874 med 

Anna Laura Randine Olsd. Aarset, busett Årstad i

Bergen: Var fabrikkarbeidar der. Han fekk 1892 sonen Olaf

Henrik med Petrine Nicoline Caroline Iverd. Furholm frå

Eikenosvågen.

m) Jens Oluf (f.1872) drog i 1892 til Amerika og slekta i Mayville, North Dakota. I emigrantprotokollen  er han 

i 1914 nemnd som gift bonde, busett i  Ørskog og som amerikansk statsborger på veg til New York.

n) Johanne Marie (1875-1876) døydde 1 år gamal.

Svigersonen Hans Jacob Lauritz Larsen Alnes(8) (1856-1938) gifta seg 1880, med Tidemine Andrea  Karoline Hansdotter Røssevold(1) (1851-1933). Dei tok over bygselen og kjøpte så garden attende i  slekta 1913. Hans dreiv mykje med fiske, og hadde eigne båtar. Hans overlot garden til sonen i 1939.

a) Lars Kornelius (1880-1961) gifta seg i 1900 med 

Olivie Olsd. Østrem(4) frå Steinsgarden.  Budde ei tid 

på Røssevollen, før han emigrerte til USA og  Canada. 

Ho dreiv strikkeforretning i Ålesund 1900, før ho  flytta 

etter til slekta i Mayville, Nord Dakota 1904, og så til  Saskatchewan, Canada i 1917. Etter Olivia døydde 

der i 1942,  flytte han til Canoe, British Columbia. Fleire 

av sønene  arbeidde der.

b) Thomas Harald  Olaus ( 1885-1888) døydde av lungebetennelse.

c) Thomas Bernhard (1889-1975) var tvilling. 

Han gifta seg i 1914 med Henna Jakobsd. 

Emblemsvåg frå  Sandvik. Han fekk delt frå «Voll», 

Røssevollen(6).

d) Son (1889-1889) var tvilling, og dødfødd.

e) Harald Marius (1895-1974) tok over bruket.

Harald Marius Røssevoll(1) (1895-1974) gifta seg 1939, medAnna Iverdotter Furseth (1891- 1968), frå Skorene/ Eikenosa. Dei dreiv garden frå 1939 til 1956, og fekk ingen born. Far til Anna,  Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth, flytte opp frå Skorene ca.1933 og budde der dei siste leveåra.  Harald og Anna vart buande i loftsetasja, når neste brukar kjøpte bruket.

Einar Kvam (1918-2013) frå Hitra fekk skøyte på garden i 1956. Han var gift med Erna Rognvik  (1926-2017) frå Kvenvær/ Hitra. Einar er bror til Ingunn Marie, som gifte seg med Karsten  Anker Nedregotten på Skorene, Emblem 10, og Gudrun Sofie på nabobruket, Tykjegarden.  Søstera, Gudrun, var gift med Arne Mittet, som også kom frå Hitra. Dei hadde kjøpt Tykjegarden i  1947. Det var kanskje derfor også Einar flytte til Emblem og Røssevollen.

a) Sølvi (f.1949) tok over bruket.

b) Else (f.1954) er busett i Vegsund.

b) Arild (f.1955) er forlova med Åsne, busett i Skien.

c) Malvin (f.1958) gifta seg i 1984 med Åshild 

Magerholm frå Spjelkavik. Ho er borneborn

til Knud Magerholm frå Magerholmdalen og 

Nikoline «Nikka» Emblem(5) frå Ystebøen.

d) Harry (f.1958) gifta seg i 1983 med Reidun Mabel 

Sande frå Spjelkavik, busett i  Ålesund.

Dottera Sølvi Kvam (f.1949) er sjukepleiar. Ho var tidlegare gift med Willard Lamberg (1950-2017),  og overtok bruket 2002. Ho overlot bruket til sonen i 2017.

 a) Anita (1969-2002) gifta seg i 1991 

med Jan Inge Brusdal Reiten.

b) Kurt Henry (f.1970) tok over bruket.

c) Maria Angela (f.1977) er busett i Uppsala, Sverige.

Sonen Kurt Henry Lamberg (f.1970) tok over garden 2017, og er dagens grunneigar. Han arbeider på  «Vegsund Slip», og er sambuer med Cathrine Garbo Nilsen (f.1972). Dei har budd på Røssevollen i  Kurt sin barndomsheim frå 1975, med bruks-nummer 29, sidan 1992. Huset er no pussa opp og slått  saman med bruksnummer 1, som nytt hovudhus på bruket. Cathrine jobbar i Ålesund Kommune.

 a) Andrea (f.1992) er busett i Ålesund.

b) Henriette (f.1996) er student, busett i Oslo.

c) Marcus (f.1999) er ugift, busett på Røssevollen.