Matrikkelgarden Røssevoll
ligg høgare oppe i fjellsida, ovanfor gardsbruka som tilhøyrer
Emblem. Garden vart tidlegare rekna
som tungdriven og utsett for grønår. Det er ikkje så lett å seie
kor gamal garden er, men gardsnamnet er ei avledning frå det
gamalnorske ordet «ryssa», som tyder merr eller hoppe. Det er
nærliggande å tru at vollen kan ha vore nytta til
for eksempel hesteal. Om garden har vore der på den tida, er
vanskeleg å seie, men det er muleg. Røssevollen har vore
prestebolgods, og slike godssamlingar stammar som regel frå katolsk
tid, så garden kan ha eksistert før 1350. Etter Svartedauden låg
garden aude til ein gong ut på 1500-talet, før den vart rydda på
nytt. I 1603 finn ein 2 brukarar på garden, men allereie i 1609 fekk
garden dagens inndeling i 3 like store bruk. Etter 1860 vart det også
rydda 2 husmannsplassar.
Innmarka vart utskifta i
1837. Før den tid var det tradisjonelt teigbytte. Klyngetunet låg
mellom Hansgarden og Pe-garden. Husa låg tett saman, medan løene
stod ende mot ende i ei nord-sør retning. Hans i Hansgarden flytte
tunet sitt lenger aust, enn der dei står i dag, men eit snøras tok
stabburet kring 1880, og då vart tunet flytta nærare gamletunet
igjen. Innmarka hadde såpass stor kvalitetsforskjell at det ikkje
var mogeleg å dele garden inn i tre samanhengande stykker. Løysinga
vart derfor å dela inn slik at kvar gard fekk 2 teigar. Hansgarden
fekk eit stykke lengst aust og lengst vest, medan dei to andre
gardane delte på dei 4 teigane i midten. Det vestlegaste stykket til
Hansgarden vart i 1920 utskild som eige gardsbruk med namnet Voll. Fram og utanfor tunstaden låg gamleåkrane. «Fløtane»
var dei største, og på den beste jorda låg «Hampåkren». Det
vart dyrka mest havre og blandkorn. Frå 1800-talet satsa ein i
tillegg på bygg. Gardane låg sopass høgt at det ikkje kan ha vore
så lett å få kornet i hus før frosten. Det var nok først med
poteta at det vart lettare å sikra seg brukbar avling kvart år, men
likevel var det korndyrking på Røssevollen heilt til andre
verdskrig. Der finst fleire historier om naboar som gjekk opp dit med matkorger, sjølv tidleg på 1900-talet, så det kunne vere hardt å livberge seg der. Rett som det var, måtte ein gå svolten til sengs. Garden hadde eigne kverner i elva aust for garden som vart
nytta til om lag 1940. Vasskrafta vart og nytta til
tresking i nyare tid.
Utmarka til Røssevollen har
vore sams med dei øvrige emblemsgardane, før utmarka vart utskifta
i 1890-åra. Garden har og hatt eiga flaumsag tidleg på 1600-talet. Den skatta for 10-12 tylfter bord. Ei tylft er ei gamal mengdeeinig
som tilsvarar 12 einingar. Eg er ikkje så sikker på kor stor del av
den totale tømmermengda som skulle beskattast på den tida, men 12
tylfter kan svare til omlag 144 tømmerstokkar for året, medan det
reelle uttaket av skog må ha vore langt høgare, for allereie i
1667 er det berre vedaskogen attende. Flaumsaga kan ha stått ved elva
i nærleiken av kvennene. Røssevoll og Emblem har alltid hatt
oppdemmingsrett i Skjellbruvatnet, Strokevatnet og Høgstøslvatnet (kalla Auststølsvatnet i dag).
Denne retten gjaldt tresking, vasshjulsdrift, kvenndrift og sagbruk.
Som elles i bygda, så vart også skogen på Røssevollen uthoggen
mellom 16- og 1700-talet. Brennselet på garden var etter den tida mest torv, og garden hadde torvmyrane sine vest for tunet og nord for
Hynakken.
Garden hadde ikkje eiga
seter i 1723, og det var først i 1910 at dei bygde seterhus vest for
Skjellbruvatnet (Kalla Røssevollvatnet i dag). Garden låg dessutan så høgt at dei nok ikkje har
hatt behov for eiga seter tidlegare. Der er derimot talrike lokale namn som inneheld "legar" og "bulegar". Dei vitnar om kvar dyra la seg for å kvile, og kanskje også kvar dei vart mjølka i det fri.
Røssevollen har hatt nok fôr
til dyra sine på innmarka, så seterdrifta tok slutt i 1938.
Plassebrukarane har ikkje hatt like gode forhold, og dei måtte som
regel drive slått innover fjellet. Det vert fortalt om Lars og Ane,
på Nygjerdet, som saman med folket på Rognereiten dreiv
mykje utmarksslått innover fjellet på nattestid. Lars var
tømmermann på dagtid, og då måtte arbeid på eigen plass gjerast
om kvelden og natta. Ved sida av gardsdrifta, har fiske vore særs
viktig for brukarane på Røssevollen. Opplagsplass og naustrettar
har dei hatt ved Vågen i Emblemsvågen. Som regel har dei drive fiske med
færing, men Hans Røssevoll hadde kring 1900 ein åttring, og sidan
dekksbåt. I nokre tiår var der fleire med dekksbåtar og motortiserte fiskebåtar i bygda. Samstundes vart gardane oppdyrka for mskinell drift, så den klassiske fiskarbonden vart gradvis bytta ut med anten den profesjonelle fiskaren og fangstmannen, eller småbrukaren, som gjerne tok seg arbeid for kommuna attåt.
Etter 1945 vart det stadig
mindre gårdsdrift på Røssevollen og dei fleste brukarane fekk seg primært arbeid andre stader.
Det har ikkje vore like
mykje eigarskifte på Røssevollen, som elles i bygda. Garden har
truleg vore prestegods heilt attende til katolsk tid. Garden har hatt
uvanleg høg skyld, og i 1626 var denne på 2 1/2 våg, medan
Nedregotten berre hadde 1 1/2 våg. Dette kan vera ein rest frå føre
Svartedauden, der det var trangt om plassen og mange jordeigarar kunne
ta seg godt betalt frå undersåttane. Etter reformasjonen var det borgundpresten som åtte garden. Sjølv etter at brukarane fekk
kjøpe bruka sine i 1840-åra, så måtte dei tre brukarane fortsette
å betale 1 tønne bygg for året i avgift til presten i Borgund.
Avgifta er no for lengst innløyst.
Nærare opplysningar om kvart bruk på Røssevollen finn du på eigne undersider, litt lenger opp, i menyen på venstre side her på www.Emblemsbygda.com. Dei åpnar seg når du trykker på namnet til kvar matrikkelgard. Alle menysider, som har fleire undersider, er merka med ein kvit trekant til høgre for menynamnet.