Bruksnummer
7 på Emblem, heiter Jakobgarden, og var den austlegaste gardparten
av Steffågarden etter utskiftinga av innmarka på emblemsgardane i
1835. Før denne tida var gardane teigbytt i små åkerlappar, og eit
lappeteppe av slåttemarker som gardane bytta på å bruke i kortare
perioder om gongen. Tanken bak utskiftinga var at kvar gard skulle få
eit stort samanhengande stykke innmark kvar, og fleire valde å
flytte husa sine dit, ut frå det gamle klengetunet. Steffågarden
vart liggande der det gamle tunet låg, men det var ikkje mogeleg å
samla heile garden i eit stykkje. Garden vart delt i to av Negarden,
som kom i mellom. Garden var ikkje sjølveigd på denne tida, og vart
i staden delt i to bruksnummer. Steffågarden var bruksnummer 6 medan
det nye bygselsbruket, Jakobgarden fekk bruksnummer 7.
Gardsnamnet
kjem truleg av den fyrste bygselsmannen på bruket, som heitte Jakob
Sørensen Giske (1827-1921). Jakob var brukar på garden frå 1854-1972
og gift med Steveline (Lina) Karoline Kristofferdotter Sperre (1832-1915). I
folketellinga frå 1865 hadde ho vald å bruke namnet Lina K. Dei har på denne tida 3 born, Kristine, Knud og Karoline.
Kristine vart fødd i 1855, eit år etter at dei hadde fått bygsla
bruket. Tre år etter hadde garden like stor avling som Steffågarden,
og like mange dyr. Det betyr at garden gav rimeleg god avling. Dei
hadde både hest, 5 kyr og 15 sauer. Avlinga var på 6 tønner bygg,
15 tønner havre og 10 tønner med potet og 38 skippund høy. Av ein
eller annan grunn flytta familien frå bruket kring 1872. Jakob var
då berre 45 år, så det kan ikkje ha vore alderen som var årsaka.
Borna var heller ikkje gamle nok til å ta over, så det kan ha vore betre utkome som hadde freista. Dei flytte til Kvalstein på Ellingsøya og tok etternamnet Kvalsten. Dette var ikkje så lang frå heimstaden til Steveline på Sperre.
Den
neste brukaren var Ole Berntsen Skår (1840-1927), frå
Hjørundfjorden. Han var gift med Anne Knutsdotter Kvistad
(1845-1926), som også kom frå Hjørundfjorden. Ein finn dei i
1900-tellinga og truleg var dette det samme året som dei overlet
gardsbruket til sonen. I folketellinga for 1900, bur to av borna
fortsatt på garden. Knud livnærte seg som fiskar, medan den seks år
yngre søstera, Olivie,
er
registrert som 19 år, ugift og sysselsatt «med Husgjerning og
Kreaturstel». I tillegg har Ole
og Anne ei pleiedotter på 12 år, som heitte Hilda Johansdotter. Ho
var frå Ørskog og på forpleining for Ålesund fattigvesen.
Knut
Bernt Olsen Emblem (1876-1948) tok over Jakobgarden etter foreldra
mot slutten av 1900, eller 1901, og gifte seg med Emma
sivertsdotter Vegsundrabb (1871-1957). I 1910-tellinga finn me heile
huslyden, på 8, med kårfolket, borna Ole, Karl, Anne, og
tjenestejenta Inga J. Furholm på 16 år. Inga var også «elev av
forts. Skole». Dette var truleg
framhaldskulen, som vart halden på kveldstid på Emblem skuleåret
1910/11. Karl O. Emblem fortel dessutan at ho var lærerinne på
Emblem og Hatlehol skule, då han byrja i første klasse i 1914. Knut
var bygselsmann heile tida han var brukar. Andreas Johansen Emblem
hadde kjøpt Jakobgarden i 1913, men lot Knut få fortsette å bygsle
heilt til han tok kår hos sonen i 1934.
Karl
Knutsen Emblem (1907-1997) var den nest eldste sonen til Knut, og
jamnaldringen til Karl O. Emblem i Steffågarden og Peter på
Ystebøen. Han gifta seg med Petra Fylling (1919-2000) og kjøpte det
meste av Jakobgarden i 1935. Karl stod som eigar også i 1961, og
stykket til Karl vart skyldsett som bruksnummer 32, med namnet
Elvatun frå kjøpsdatoen i 1935. Hovudbruksnummeret (7) vart kjøpt
i 1945 som ein parsell til garden Solvang på Østrem. Kjøparen var
Alfred Andreassen Østrem frå Abrahamsgarden. Han hadde også kjøpt
attåt eit stykke frå Ebbegarden og Steinsgarden. Parsellen som ein
gong hadde vore del av Jakobgarden ligg i dag nedanfor huset til
Asbjørn og Anne Lise Østrem. Stykket som Karl kjøpte, ligg rett
vest frå denne parselen og er skild frå av eit gjerde, vegen i nord
og Ebbemyra stadion i sør. (sjå også på kartet i biletalbumet).