BJØRNEHISTORIE PÅ HESSEBERG

I det fyrste bandet av Bygdebok for Sykkylven, "Sykkylven i eldre tid" har Ola Tandstad funne tak i ei gamal historie om Bjørnevitjing på Hesseberg. Bjørnen hadde lagt på svøm over Stofjorden frå ein stad som heiter Buvika, nord for Ørsneset. Denne strekninga er omlag 3,5 km lang og ein imponerande symjetur for ein bjørn. Bamsen kom på land i Litlevika på Hesseberg. Den kvilte seg truleg litt, men så fortsette den vidare opp på storåkeren som låg like søraust for Oppigard. Hunden på garden hadde fått auge på bjørnen og sette av garde etter den. No er ikkje ein hund særleg motstand for ein bjørn, og det tok nok ikkje så lange stunda før den fekk seg ein klaps av bjørnelabben. Hunden vart slått i svime medan bamsen fortsette vidare mot fjøsdøra. Den slo mot døra på smalefjøsen, men den var så solid at den ikkje gav etter, til trass for fleire forsøk.Til slutt måtte bjørnen gje opp forsøket og no hadde også husbonden oppdaga kva som hendte. Han festa eit neverstykke i enden på ein staur, tende på nevera og sprang ut på tunet. Han skreik og ropte, slik at bjørnen vart redd og sette til skogs.

asbjørn skaar 21.04.2020 01:39

Interesann historie !
Det er trulig denne hendinga, som var opphavet til navnet "Bjønnalogen",
- og sannsynligvis konstruksjonen Bjønnalogen og bjørnen der ...

Svein Ove Østrem 23.04.2020 14:22

Der finst fleire børnehistorier frå den kanten av bygda også. Inkl. fleire gongar der bjørnen slo seg inn i fjøsar kring Eikenosa. Sjå i venstremenyen etter

"Dei eldste i bygda", eller "Bjørnejag og overtru". Dei finst på emblemsbygda.com dei også

Svein Ove Østrem 23.04.2020 14:21

Teikninga er laga av Kåre Magerholm som har slektsband oppe i Magerholmdalen like ved Hesseberg. Han illustrerte ei anna bjørnejakt like ovanfor Hesseberg. Du kan lesa meir om denne jakta på undersida som tek for seg historien om folket i Magerholmdalen.

Bjørnen vart seinare sett i Embleimsbygda, der den gjorde stor skade på buskapen. Kva som var årsaka til at bjørnen gjekk til åtak på husdyra veit ein ikkje, og symjeturen vitnar om at dette var ein særs frisk bamse. Kanskje var det eit ungdyr som hadde fått smaken på lettare byttedyr. Samstundes skal ein merka seg at Sykkylven var ein av dei mest bjørnetette stadane i landet på 1800-talet Årsaka til symjeturen kan dermed ha vore at ungbjørnen var på jakt etter eit eige revir. Var alt oppteke på Sykkylvssida, så vart det dermed behov for å symje over på den andre sida. Kor lenge den fekk herje i Emblemsbygda veit eg ikkje noko om, men til slutt sette bygdefolket ut gilder som var ei felle med sjølvskot, der bjørnen utløyste børseskotet sjølv, idet den byrja å ta for seg av åtet. Eit slikt sjølvskot vart etter kvart bana til bjørnen, og der vart den liggjande til han vart funnen og frakta til gards.