BNR. 3 BRYGGÅ PÅ HESSEBERG

Lars Blindheim og Ane, fødd Hesseberg hos fotograf Sponland 1911. Bildet tihøyrer Aalesunds Museum AM-95003.015006
Lars Blindheim og Ane, fødd Hesseberg hos fotograf Sponland 1911. Bildet tihøyrer Aalesunds Museum AM-95003.015006
Leif Blindheim hos fotograf Sponland 1912. Det var adoptivfar, og onkelen Lars Blindheim som var bestillaren. Glasplata tilhøyrer Aalesunds Museum og har arkivref.: AM-95003.017855.
Leif Blindheim hos fotograf Sponland 1912. Det var adoptivfar, og onkelen Lars Blindheim som var bestillaren. Glasplata tilhøyrer Aalesunds Museum og har arkivref.: AM-95003.017855.
Ane Hesseberg Blindheim med nevø/adoptivsonen Leif Blindheim hos fotograf Sponland 1912. Bildeeigaren er Aalesunds Museum AM-95003.017856
Ane Hesseberg Blindheim med nevø/adoptivsonen Leif Blindheim hos fotograf Sponland 1912. Bildeeigaren er Aalesunds Museum AM-95003.017856
Eg har grunn til å tru at dette er Ole Laurits Ludvigsen Hesseberg (1887-1964) frå Bryggå bnr. 3 på Hesseberg. Han var mellom anna kjøpmann og amerikafarar. Han gifte seg med Ragna Dorthea Petersd.Ekreim(3) (1890-1954) frå Syvde. Dei er gravlagde i Borgund. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivref.: AM-95003.019539

Familien til Petter Paulsson, lærar og emissær, frå Eikrem i Syvde. Ragna Eikrem  er nr. 2 f.v.: i bakerste rekke. Ho gifte seg med Ole Laurits Ludvigs. Hesseberg, som var kjøpmann og busett i Borgund. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkiv ref. FAKf-100100.112826

Dei to lengst til venstre er Olivie Hesseberg, frå Bryggå, med ektemannen Ludvig Berntsen rett bak. Han står ved sidan av Olivia sin bror, Ole, bak til høgre. Dei to andre er enno ukjente. Bildet er signert Sponland i 1911, og bildeeigar er Aalesunds Museum AM-95003.016135

Det er usikkert når denne plassen vart rydda den første gongen. Det vert fortalt om husmenn på Hesseberg allereie på 1600-talet, men dei kan ikkje utan videre knyttast til dette bruket. Det verkar som om dei første var «strandsitterar» utan jord. Det er difor truleg at Bryggå først vart rydda som husmannsplass under Oppigar, mot slutten av 1700-talet. I 1883 vart plassen skylddelt som eige gardsbruk. Bryggå ligg ein del lavere, og lenger vest, enn dei to opphavelege bruka på Hesseberg. Plasseringa har nok samanheng med namnet på bruket. Sjå også side 26 og 27, der vi har nemnd nokre av dei ein ikkje har klart å plassere med sikkerheit på rett gard. Nokre av dei kan også ha hatt tilhald her.

Den første brukaren vi veit om var Lars Jonson Akslen(4) (ca.1758-1835). Han var kanskje fødd på Alnes(4). Ved forlovelsen i 1788 vart han kalla «Akslen fra Giskegjerde», men det stemmer kun om han var tenar der. Lars var ungkar og dreiv nokre år garden Hølå, Akslen(4), før han fekk delt frå einhusmanns-plass under Oppigar etter 1796. Han hadde gifta seg i 1789 med enka, Malene Jacobsdotter Akslen(4). (dp.1757). Malene vart døypt Ringdal. Ein veit ikkje eksakt dødsår, men ho vart registrert i 1801-teljinga. Lars hadde tilnamnet «Halte-Lars». I folketeljinga er han nemnd som husmann med litt jord. Då budde andre-gongs-enka 07c Martha Knudsdotter Hesseberg(1) frå Oppigar på plassen som innerst. Sjå  også Høla, Akslen(4). I 1803 vert det opplyst at plassen avla 1 tønne med korn, at dei hadde 1 ku og  2-3 småkveg. Den årlege avgifta var på 1 riksdaler, 2 skilling og 3 arbeidsdagar.

a) Synneve Pedersd. (1783-1838) Ho vart fødd i Sunnylven Malene si dotter frå tidlegare ekteskap. Ho tok over plassen. 

b) Karen Petrica Pedersd. (dp.1786-1853) vart fødd i Sunnylven. Ho er Malenes dotter frå eit tidlegare ekteskap. Ho gifta seg først i 1820 med Jon Gunders. Mørch, busett Valle(5). I 1831 vart ho gift opp att med Jakob Larss. Valde(5). Dei busette seg på Valle.

Svigersonen Lars Jakobson Magerholm(II) (dp.1793) gifta seg i 1830 med Synnøve Pedersdotter Hesseberg(3) (1783-1838). I 1839 gifte han seg om att med Marte Severine Isaksdotter Myrset(2). (dp.1805). Det er ikkje kjent om nokon av dei fekk born, eller kor lenge Lars og Marte levde, men begge er nemnd i 1865-teljinga.

(Johan) Ludvig Larsson Kjempehol(3) (1850-1890) gifta seg i 1875 med Petrine Karoline Magnusdotter.  Løset(R,1) (1850-1944). Dei kom hit og tok over plassen i 1875. Det var dette året Bryggå vart skyldsett til eige matrikkelbruk. Frå no av vart bruket også verande i same slekta.

a) Lovise Marie (1874-1938) gifta seg med  lærar Ole Kristian    Løkse frå Salangen. Ho vart gødd på Kjemphol, og flytte tilTroms 1903. Sist busett frå 1917 på Nøtterøy.

b) Olivie Regine Lovise (1876-1924) gifta seg i 1905 med møbelsnikkar Ludvig Adolf Berntsen Lillevold, Sandøy. Etter ei tid i Borgundvegen, bygde dei eige hus ovanfor Gasseneset på Magerholm, kalla «Berntsenhuset». Det vart reve, for å bygge ny fergekai i 1997. Sjå også «Skogly» bnr. 4, under Magerholm.

c) Ane Johanne Sevrine (1879-1960). Han tok over bruket.

d) Ole Laurits (1887-1964) gifta seg i 1924 med Ragna Dorthea Petersd. Eikrem(3). Han var kjøpmann, og starta butikk på Gåseid i 1923.

Svigersonen Lars Olaus Britanus Berntson Blindheim(1) (1858-1931) var sjømann. Han gifta seg 1900 med Ane Johanne Sevrine Ludviksdotter Hesseberg(3) (1879-1960). Med Lars, tok brukarane til å nytte Blindheim som etternamn, i staden for gardsnamnet, slik skikken var tidlegare. Etter at han døydde av lungebetennelse, dreiv Ane bruket ei tid saman med adoptivsonen.

a) Leif Sevrin (1911-1982) tok over bruket. Han var adoptivson,  og eigentleg Anes søskenborn. Han fekk etternamnet Blindheim.

Adoptivsonen Leif Sevrin Blindheim (f. Kjemphol) (1911-1982), var nevøen til Ane ovanfor. Faren, Lars, kom frå Kjemphol og gifta seg i Tusvika. Lars fekk mange born, og kona hans døydde i barselseng, når Leif vart fødd. Ane Johanne, tok han derfor med seg heim att etter begravelsen og adopterte han som sin eigen son. Leif gifta seg i 1943 med Ingeborg Heggebakk(2) (1916-1999). Ho var søstera til Sofie Regine i Nerigar, Hesseberg(1). Han fekk skøyte på bruket frå Ane i 1949 for kr. 3000,-. Leif var i fleire år kvalfanger attåt gardsdrifta. Han søkte også Borgund herredstyre om lån til bulldoser i 1949. Det var samme året som Hessebergvegen vart klar til bruk for tyngre kjøretøy og buss.

a) Lars Anders (f.1944) tok over bruket.

b) John Noralf (f.1946) tok over garden på Heggebakk(2) i    1975,  etter onkelen sin. 1977 g.m. Laila Molnes frå Harøya. Sonen ,Peter, tok over Nerigar, Hesseberg(1), etter tanta til John.

c) Anne-Lise (f.1950) gifta seg 1970 med Gunnar Aspehaug. Dei bygde eige hus på bruket. Sonen Geir Bertil kjøpte i 2016 Oshaugen, Emblemsvåg(3+4). Sjå meir om han der.

d) Svanhild Lovise (f.1954) Ho gifta seg 1979 med Ove Farstad (1953-2019). Dei busette seg lenger ute i bygda, ved gamleskulen på Hjellhaugreset.

Sonen Lars Anders Blindheim (f.1944) er dagens brukar og gift med Marit Louise Hessen (f.1948). Han tok over i 1987 og satsa på griseavl, ved sida av arbeid i Ålesund Kommune. Ingeborg fekk livsvarig burett med kårytingar, når Lars tok over garden. Han bygde seg nytt hus oppe ved hovudvegen.

a) Anders-Morten (f.1973) 2006 g.m Gunn Gillesvik frå Emblem, busett i Ramsvika.

b) Bjørn Sindre (f.1975). Han er sambuar med Lisa Malén  Fjørtoft og busett i Ålesund.

c) Thor Christian (f.1981) Sambuar med Stine Bjørstad  Kipperberg, busett i Vegsundet.