Innledning

Lærar Knut Karlsen Furseth (1844-1934) var den siste omgangskulelæraren i Emblemsbygda. Knut kom opprinneleg frå Stranda og kjøpte eit utskilt stykke frå Negarden i 1874, som fekk namnet Nybø.Selgaren var Klaus Magerholm, svigerfar til Knut. Han kjøpte seinare eit stykke frå auregarden også og garden vert i dag kalla Fursetgarden.Knut var ein dugande og avhalden lærar i bygda i mange år. Han hadde og verv i Borgund Sparebank i ei årrekke. Biletet er henta frå jubileumsboka til nettopp Borgund Sparebank som seinare fekk namnet Sparebanken Møre.

Eit enkelt kart som syner kvar dei ulike skulestovene og dei to siste omgangskulestovene låg i bygda. Magnusplassen er diverre borte no.

 Her kan du finne ut litt meir om skulehistoria i Emblemsbygda. På dei ulike undersidene kan du lese om både den eldste skulehistoria, den første skulestova på Skaret frå 1903 og dei kommande skulane med tilnamna "Blåskulen" frå 1950-talet og "Nyskulen" som stadig er i bruk i ombygd utgåve. 

Det er også eit mål å samle flest mogelege skulebilete med namngjevne elevar og tilsette. Der er me godt i gong allereie. Me set stor pris på tips, opplysningar og tilbakemeldingar. Bruk gjerne følgande e-post: sveostrem@hotmail.com


| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett