Opptak på Emblem ved Sigurd Langleite,
3. februar 1984:
KARL SIGFRED O. EMBLEM
,
fødd 21/2 1907
Eg begynte på skulen i 1914. Vi
var vel en 10-11 det året - vi var tre årgangar den gongen. Første
året eg gjekk på skulen var det bare han
Flydal
- me gjekk 2 dagar for vika. For han skulle ha alle klassane og det
var ein tredelt skule. Det blei nokså store klassar då. Året
etterpå allereie - fekk vi ei lærerinne og det blei holdt småskule
i kjellaren der inne på Gamleskulen. Den første lærerinna vi
ha`var ei som heitte
Inga
Furholm
.
der ha`vore ei lærerinne tidlegare, men det ligger langt føre mi
tid. Der var til og med framhaldskule på Emblem i 1910/1911. Eg
hugsar det for eldste bror min gjekk på den og det var nå svært
det. Og jeg trur fakta det var i den forbindelse vi ha`lærerinne. -
så blei det fleire skuleviker for året då, sia småskulen blei
utskilt frå dei 5 eldste klassene. Småskulelærerinna hadde både
Emblem og Hatlehol i ein delt lærarpost. -
Der var mykje skuleborn i forhold til bygde si størrelse den
gong, der var oppi 65 når det var på det meste, vi var oppe i 28-29
i same klasse og det var i grunnen det skulen hadde kapasitet til. Då
sat me to på kvar pult då. Så var det jentene då som sat attmed
omna, og han kunne av og te vere nokså heite. gutane sat meir uti
periferien. der var ikkje måla på skulen, der var svære sprekker i
timberet - ettersom det tørka så sprakk jo det. Likedan var der
svære sprekker neri pultane. Og når våren kom og det blei litt
varmt, så begynte desse store fluene å krype fram ut or veggå og
til dels utor pultane også. - Eg hugsar at det blei kjøpt ein
skjerm for omnen, det blei så varmt der borte at dei kunne ikkje
vere der når det skulle vere så nokelunde varmt lenger uti
skuleromet. Den skjermen var veldig god.
I den første tida så trur eg at
lærar Flydal
budde på skulen, der det er e kammers ved sida av som er der den dag
idag. Om loftet var brukt til noke, kan eg ikkje hugse. Så var der
eit stort skap
bortmed døra der læreren hadde bøkene og fysikk-instrumentane. Dei
var veldig spennande, me ha`
no ikkje så mange. Men vi hadde no dette: Me sat rundt heile
skulestova med hendene saman og så skulle då ein peike på noke som
var som ei kule - som ein anode - Og han Flydal sveiva og laga
elektrisk straum og så gjekk det som eit sjokk gjennom heile klassa.
Dette var svært. Elles så he e ta skulebøkene mine endå. Dei ligg
her og det tålest ikkje samanlikning med det dei he idag.
Vi ha forresten lang dag, vi begynde klokka 9 og slutta i 3 -
halv 4-tida på ettermiddagen kvar skuledag.Men me ha`nå eit
storfriminutt midt i. - Men for dei som ikkje var så interessert i å
gå på skule så kunne det vere trasige dagar. Men dei fann seg i
det, det skulle så vere. Det var ikkje så rart med skuleplassen
heller då, han rakk ikkje lenger enn tett innom trappa, men han
gjekk oppgjennom bakkja då utafor skulen, den muren som er der nå
var lenger ute. - det var ein gong i mellomkrigsåra - då var eg
med i tilsynet - så blei plassen utvida austover til der han er i
dag, og muren innate skulen blei trekt innover, slik at det blei ein
finare plan og så blei han innegjerda.
skulen var som ein samlingsplass for ungdomane, den vart brukt
laurdagar og søndagar. Det artige var at gamlekarane me`var ivrige,
på søndagane møtte dei opp på skuleplassen og slo lyre. På veien
- riksveien - det var ikkje mange bilar som forstyrde leiken. Eg
hugsar at han gamle Reite-Ivar, han var hissige, - litt hjulbeint,
men kjapp - og han slo lyre nesten innåt skare-veien, og sprang som
ein elding! Eldre karar i 40-50-års alderen, dei gav seg i lag med
ungdomen og borna.
Eg
hadde ein einaste lærar i heile mi barneskuletid, det var han
Flydal
.
ikkje ein time med andre.
Lars Flydal
,
far til Karl og Ivar. Han kom frå Sykkjelva, far hans hadde eit
småbruk på Skjerva, nordapå kyrkja der, men namnet Flydal kjem jo
frå Geiranger. Eg trur Flydal kom hit i 1905 og her skula han så
lenge han hadde helse til det, men han ha`no mykje vikarar på
slutten, men det var etter mi tid. så lenge eg gjekk på skule var
han frisk, han ha`dette småbruket då som han dreiv, hanblei gift
med ei jente herifrå bygdene, ho Gurine frå Eikenosa,
S.L.: Eg såg i ein av skulens protokollane at ein av elevene var
"borte i tjeneste" - då var ho 8 år gamal?
Åja, då. Men dette måtte vere nokså langt tilbake.
S.L.: Ja, dette var vel i ca 1860-åra.
Ja, det er då ein generasjon før, min far var fødd i 1866, men han
snakka i grunnen ikkje mykje om skuletida, han.
Det einaste var at før det vart skulehus, så vart det fast
skulestad på Magnusplassen, for der var to nokså rømslege stuer
der, med gang i midten. Det huset er vekke, det sto rett nordai den
jordbruksundergangen under den nye riksvegen utafor Gardsholhaugen,
mellom vårt bruk og Gardsholhaugen, der var ein plass som heitte
Magnusplassen som var rydda og dyrka, han låg under Ebbe-bruket. Der
var første postmannen også. Så lenge eg kan huske så var der ei
enkje som heitte Petrine, ei gløgg dame. Men stova blei revet når
plassen gjekk innatt under hovedbruket. Han blei forresten oppført
som hytte uttai Løvika og stend der idag. Ombygd.
S.L.: Men du gjekk berre på skule på Gamleskulen der Husmortun er
nå?
JA. - det var ikkje så enkelt alle tider, noke slikt som snøbrøyting
var her ikkje og når her var ei snøri då så hende det at dei kom
karane, og bar både ein og to ungar på ryggja for å greie å få
dei fram på skulen. Eg hugsar så godt han jakop på Stia - dei
kallar det Stampen nå - dei ha`tre jenter og ei er nå gifte med han
Oskar på Myrå og ho Hjørdis lver endå.- Han kom like der inna i
snøbrøytene og bar på to jentungar for å få dei på skulen.
S.L.: Alle hadde vel ikkje ski?
Jau, stort sett hadde gutane ski, som dei til dels hadde med på
skulen, så skisporten er av tidleg årgang her i bygdene. Men det
var ikkje så flotte saker som dei har no. Bindingane var nå enten
ler eller tau. Eg var no ein 8-9 år då eg fekk meg kjøpeski i
julegåve. Me gjekk mykje på fjellet og.
S.L.: Kva slags fag hadde dere på skulen?
Ikkje så mange fa som idag, det var kristendomskunnskap, geografi,
naturfag, norsk, skriving og lesing og rekning.
S.L.: Kva skreiv dokke med?
Så lenge me gjekk i barneskulen så hadde me vanlege blyantar og når
vi kom så langt at me ha` erverva ein del kunnskapar i skriving, så
fekk me blekk. På desse gamle pultane var der laga ei hole til
blekkhuset øvst, og så ei veite for penn og blyantar. Det var
pnnskaft med splittapenner
S.L.: Det var slutt med fjørpennene?
Nei det var lenge før. - Vi hadde tavle i huset, og eg skal ikkje
vere heilt sikker på om vi ikkje første året brukte tavle og
griffel på skulen. Men det var nok svært lite vi brukte det. Det er
berre såvidt eg huksar at vi hadde det. det kan vere at mine eldre
søsken brukte det på skulen, at det er det eg hugsar. Så var det
no song då, men noe som gymnastikk, det var ikkje fag. - Men vi var
så aktive ellers, det var no slik at når vi kom att, så var det
berre å få seg ein grannmat og så begynde å hjelpe til på
garden, iallfall vår, sommar og haust. Vinterstida så var det
kanskje noke småved som skulle huggast.
S.L.: Dokke hjalp til i fjøset kanskje?
Ja, vi hjalp til ein god del der, vi bar vatnet, frå ein brunn
attmed huset, og så hadde dei ein svær kopparstamp og oppå den
stod ei svær tynne med ein tapp nere. Så hakka vi halm - der var
mykje åkrar her då - Så hakkelsen hadde vi oppi der og så var det
å slå på vatn og så blei det som ei god løg, god drikke åt
dyra. Så laga dei surpe - strålte ei neve med mjøl på og ha`oppi
båsen åt dei. Så var det surpebytten då, det var vår jobb mykje,
og også å bere vatn. Ellers i fjøsen var det dei vaksne som
styrte. Dei våndla dei, og det kunne vel hende seg at vi kasta inn i
båsane dei våndlane som var ferdige, dei låg på rad og rekke
ettersom kyrne sto på båsene.
Noke sånn som drikke var der ikkje på skulen, skulle du ha vatn så
var det å springe nord for elva så sant som ho ikkje var attefrøsa,
så var det å slenge seg på magen og drikke i elva. Men det var jo
heilt reint vatn overalt,ikkje ein kloakk.
S.L.: Kva slags leikar hadde dokke?
Det var helst å slå lyre, norsk og engelsk ball. Det var
hovedleiken, og så var det å springe sundt huset og titte, og så
var det "kjil på tre" var nå ein leik vi hadde. Men det
fornemste var lyrespelet. Jentene var med.
S.L.: Du kjem ikkje på nokre artige episodar frå skuletida? Dokke
var vel veldig lydige?
Åla, det var no forskjell på ungar den tida som det er idag. Det
var ikkje alle som var like lydige. Men dei aller fleste var veldig
lydige og pertentlige. Det hadde vi innprenta fra barnsben at du
måtte vere lydige mot foresatte, det gjaldt foreldre og lærarar og
alle som hadde myndigheit.
S.L.: Eg såg i ein gamal protokoll at dei en gong hadde oppe dette
med avsraffelse på skulen?
Det hende aldri i mi tid, det kunne hende bort i skammekroken
kanskje, og var det nokon som var vanskeleg, så vart dei rett og
slett utjaga og bedd om å gå heim, men det var sver sjeldan. Og når
det gjeld episoder - det var ikkje alle som var like gløgge då, -
Eg hugsar ei jente som skulle stave fiskestang. Du veit me sag troe
her. Så ho stava i veg: S-t-a-n-g- troe. Eg hugsar det vekte mykje
latter. Og det var ikkje kjekt for henne som stava, men ho lærte det
no. Me stava på den måten der for å lære oss å lese den gongen.
S.L.: Her har eg med nokre gamle protokollar, du ser her i 1902 var
der møte 4. januar hos Ole Larsen?
Ja det var i Auregarden.
S.L.: Så her eit møte i august også hos Ole Larsen, men så i
1903 på Nedregotten skolehus. den
12. september 1903.
Då er dette huset oppført noke tidlegare enn det eg trudde. Her har
eg regnskap over det det kosta å bygge skulen. Men her er ikkje
årstall. Her er eit årstal - 1904, men det var brannskatt. så då
var det altså etter denne boka her også oppkome. Men her er
revisjonen, det var i 1907. Her er amtsbidrag - som dei fekk av
fylket til bygging av skulen, det var 600 kroner for desse tre åra
der. Ellers måtte dei låne pengar og skyte inn pengar, slik at det
var bygda som både bygde og eigde skulen. -det er ikkje godt å
finna ut av desse gamle papira, eg har rekna med at det var i 1905,
men det ser ut for at skulen var oppkome før.
S.L.: Her er noke frå Emblem og Spilkevig skoledistrikt?
Ja, dei hadde nokså vide områder - felles lærar.
S.L.: Her er alle stadene utover frå Magerholm - frå 1859 - heilt
ut til Vika, Åse og Naken. At der var så lite folk der ute?
Ja, der var berre gardsbruk. Emblemsbygda var av største stadar.
Dette er folketalet dette då?
S.L.: Dette er skuledistriktet, ein lærar som hadde omgangsskule.
skulekretsen gjekk heilt ut i Hatlane. Her står det: Formedelst
fattigdom - borte i tjeneste. Ho var 8 år og heitte Petrine
Pedersdatter. I Emblem krets. Men det står frå fleire plassar. Her
er første boka - 1863- Her står Jørgen Knutsen Magerholmdal.
Ja, Magerholmdalen var jo eit småbruk,eit bygslebruk ovafor
Magerholm, oppi dalen der, der bodde
4
generasjoner der - så det gjeng nokså langt tilbake. Dei kom i
grunnen frå Nordfjord og dei heitte Tjugen dei som kom der - og du
kan snakke om å gå på skule, men det fanst ikkje veg, om vinteren
å ta seg ned frå Magerholmdalen og vidare derfrå 2 kilometer ut
til skulen, det var i grunnen ikkje for små ungar på 7-8 år. Men
likefullt så hadde dei nå 3 born sjølve og dei tok åt seg to
born, desse siste som var der. Ein heitte Jonas og han kom vekk oppe
i Ishavet i 1917. så var det ei som heitte Inga og ho vart gift og
flytte herifrå. Men no er det nedrote alt der oppe. Denne gamle boka
her kunne vere gjenstand for ei bygdahistorie. bygdeboka vi har er
der bare nemdte den som vart atte
på bruket, dei andre er ikje nevnt. Du kan ikkje greie å fylgje med
dei. Her er så mange som he vore så forsynlege dei he brukt
mellomnavn, eg skulle ha kuna fylgje mange av desse! Men alle
husmannsplassene som var her, dei er ikkje nemnde her og ikkje noken
plass. Men me veit inderleg vel at dei he vore her for der er merke
etter dei. Der er tydelege merker nede med dokke og likedant på
magerholm.
S.L.: Du nevnte at du var tidleg ute og møtte opp når der var
kretsmøter?
Ja eg var tidleg ute og møtte opp. Det interesserte meg. Der var ein
kretsformann då som var i skulestyret frå kvar krets. Diskusjonane
dei hadde kunne vere temmeleg harde. Er det nokken tid spareånda he
vore virksom her i bygda så var det i den tida, spesielt når det
gjaldt skulen. Somme
ville nå det skulle vere skamlaust då. Dei skulle bestemme kor
mykje ved dei skulle levere frå kvar gard. Ein gardbrukar skulle
levere dobbelt så mykje som ein småbrukar som ikkje hadde hest. Det
var ikkje alle tider den var så turre denne veden. Ja det var no
verst for dei som hadde vask og fyrte opp. Det var godt frammøte på
desse kretsmøta. Det skulle gå på omgang det som ikkje var dagleg,
for eksempel nedvask, det gjekk på omgang. Det blei nå skittent då
av fyringa. så det var stor nedvask då ein gong for året og det
var vel sannsynlegvis når det skulle takast til på nytt skuleår.
Det var på omgang. Og så kunne det vere andre større arbeid, då
var det å kalle saman og gjere på dugnad. Det var svært lett å få
saman i alle anledningar. Sånn som å bygge bedehuset her inne -
og likedan kaia - det var dugnadsarbeid. Og vegen opp til Magerholm,
det var dugnads arbeid, eg hugsar eg var skulegut då. Det var vegen
frå fergeleiet - kjøreveg opp til Magerholm, der var berre ein
skarve veg om du kunne kjøre med slede. Likedan vegen på Eikenosa
var bygde på dugnad. Det er ikkje lenger sia enn i 1928/29 då dei
la om vegen gjennom Langhaugdalen - der har vore tre vegar der, den
gamle var gjennom djupaste dalen. så la dei den om sør om haugane
der - den gamlevegen går der den dag idag frå industrisenteret og
utover, den var mykje bygd på dugnad, kommunen hjelpte til og så
ydet gardbrukarane her inne så og så mange dagar - med hest då. Så
dei var vel vande med dugnad. Eg hugsar eg var med og gjerda gard på
fjella, då skulle det berast fram, staur og netting og spiker. så
kom der ein luskande med spikerpakke. Er det noke å bere? Ja, er det
ikkje så at ein skal arbeide etter skyld - han var småbrukar han,
og ville ikkje gjere like mykje som hine!
Når det gjaldt fag på skulen så nevnte eg visst tikkje soge, det
var eit viktig fag. Våre foreldre og besteforeldre hadde ikkje andre
fag enn kristendom, norsk og rekning. Første året eg gjekk i skule
-1914- då var det ikkje bestemt at det skulle vere nynorsk i skulen,
så då begynde vi å lære riksmål. Men for mitt vedkommende ver
det bare eit år. Så sia har eg hatt all mi opplæring på nynorsk.
S-L.: Læraren som var før Flydal, Furset?
Ja, han var frå Stranda. Og han hadde ein bror, han Iver på
Eikenosa. "Kjøt-Iver". Han var ein framgangsmann, han
Iver. Ein brytar. Han hadde to hestar og oppi 17-18 naut, ein svær
gard. Dreiv med mykje tenarar. Dei fortel at der kom ein mann med ei
kyr - dei reiste på Vågebåtane -VON-
Der kom ein mann med ei kyr - og han Iver gjorde ikkje meir føre enn
at han lot båten vente, så tok han seg ein stein utav garden og
stutte kyra og stakk henne og slakta henne og gjorde ferdig og fekk
henne ombord i båten og med til byen og selde ho. Han kjøpte - det
var handel som stod i haude på han. -Broren- han Furset- han var
ein dyktig lærar og han var brukt til alt slag. Var der eit kårbrev
som skulle skrivast, så var det å gå til Furset. Var det skøyter
som skulle skrivast, så var det å gå til Furset. Og det var ikkje
all tider så stort bekvendt, jeg har sett underskrifter her med
påholden penn, så det var ikkje alle som skreiv namnet sitt. - Han
var ein fin mann. Han var revisor i Borgund-banken i mange år sia
han slutta i skulen. Eg sat i mange år ved same pult i
ligningsvesenet som var overtatt etter hans. Han snakka så fint "vi
der oppe vi har intet hørt" sa han og peikte oppi bakkane.
S.L.: Var der ei positiv haldning til skulen i di tid?
Det var ikkje halde for noke viktigt å gå på skulen, men ein skal
ikkje laste borna for det. Det var ikkje populært blant foreldre at
ungane skulle takast ut av arbeidet for å gå på skule. Og ein mann
som forsette å gå på skule, han blei i grunnen ikkje halden for
noke. Tidsånda var sånn. Det var om å gjere å få dei snarast
muleg ut or skulen så dei kunne vere til hjelp - enten heime eller
få seg teneste. Når foreldra hadde den instilling, så låg det
lett for ungane å ha same innstillinga.
Eksamenstida var ei hard tid. Det var gjerne jentene som hadde dei
beste karakterane. Dei ville ha det til at han Flydal favoriserte
dei. - men det var no berre tøv. Eg trur dei fekk karakterar som dei
fortente. Eg hugsar ein gong det var eksamen og det var geografi og
ein blei spurt om elvar i Norge.
Han visste at det var ei elv sør i Norge som hadde omtrent same navn
som ei av elvane her i bygda - Sira (Sirielva) - men så var han snar
og brende til: Eitråna! Ein flink gut forresten. Det røynte nokså
hardt på nervane åt ungane å skulle vere oppe til desse prøvene.
Enkelte fekk ikkje virkeleg vise kva dei var gode for. Me var alle
sammen då. Men me var nå framskula då, dei fleste var då ferdige
med si skulegang, berre sjeldan at noken gjekk vidare på andre
skular.
Nytt spor:
Når det gjaldt belysning var det ikkje rare greiene i gamle dagar.
Når eg høyrer den julesangen: Det lyser i stille grender, kommer eg
til å tenke på Emblemsbygda i gamle dagar. Eg hugsar ein ong me sto
på Austremsbrua eg trur det var omkring juletider, eg og far køyrde
tømmer over Melsvatnet og me kom frampå der ein kveld - eg hugsar
ennå ag attletaover at eg ha´ikkje gjordt leksene mine. Me stod der
o såg utover bygda, og då var det berre ein og annan toren her
utover, då lyste det verkeleg i stille grender. Det var så silt,
ikkje ein bil, ikkje fly, - Og då var det ein einaste plass her det
verkeleg lyst godt, og det var nere på Mattisgarden på Østrem, då
hadde dei fått elektrisk ljøs der nede. Berre på det bruket. Det
står der nå endå, den kratstasjonen der
S.L.: Hadde han noko ekstra utdanning han då?
Nei, men han ha´ein svigerson som var maskinist, som eg trur styrte
myke med detta. Så ha´dei ledning då opp i elva ned på denne
generatoren. Vi var der ein gong, vi skuleunane o skulle sjå på
detta vidunderet. Men det var voldsomt kor vi blei anmoda om ikkje å
røyve nokon ting, for det var døden tilfølge! Eg trur sikkert det
lille huset står der endå, det var rett over vegen for løa. Men
der er mykje kratt. Dei som eig det er no i Amerika, men bruket er jo
bortleigd på 20 år til gartnar Eriksen.
S.L.: Vart det berre brukt til belysning?
Nei, dei kokte også. eg hugsar dei fortalte det konene i bygda når
dei var nå i drøs, kor fint ho hadde det ho gamlekona oppi
Mattisgarda, ho slapp endåtil å stå opp or senga for å koke seg
kaffi, ho slo berre på plata.
S.L.: når kunne dette vere då?
Å, eg kunne vel vere ein 8-10 år tenker e, så det var straks etter
verdenskrigen. - Men det var no ikkje så tidleg, Sykkylven ha´no
hatt strøm myke tidlegare enn me fekk det.
Desse gamle protokollane vil eg gjerne låne ein gong. dei er
verdifulle fordi der er farsnavn tatt med og det gjer at eg greier å
finne ut av slektene. Eg he kjøpt me bygdebøkene frå andre bygder
og kan finne folka att slik.
S.L.: Når det gjeld denne festen, så trudde me at skulen var bygd
då i 04 eller 05, men etter bøkene her så var den her i 1903 når
dei hadde møte i skulehuset?
Ja, det er no heilt sikkert. Og du ser når vi blar i desse
reknskapsbøkene så er der fleire år som er sammendratt. Ifrå
1904/05 og til 06/07 - dei første blada. Så at skulen vart bygde
før han blei betalt, det er jo klart. Han vart bygde inni
Hornindala, vart opptimbra der og så førde hit og sett oppå
murane. Det var han Marka-Hans og Vedahaug-Kristian som var
entrepenørar for murane. Dei skulle vere "skurefrie". dei
skulle ikkje berre vere plane framme slik du ser muren no, men det
skulle vere hogde stein. Dei skulle ikkje vere skura i bakkant. Men
det vart ikkje heilt etterkome, så der vart nokre syrlege
bemerkningar om at her har ikkje entrepenørane gjordt etter avtale,
at dei skulle leverast "skurefrie", folk visste den gong
kva det var.
S.L.: Då vi laga speidarlokale der og tok ned murveggen på sydsida,
var det betong mellom vindua, men under var berre ei røys, delvis
iblanda betong, vi tok ikkje bort noke fin stein derifrå. Vi prøvde
å bevare resten av muren.
Skulen tapte ikkje noke på det som vart gjort.
S.L.: I desse notatane dine, har du tatt med om kalkbrenninga?
Nei, men eg tenker å ta det med - det høyrer inn under industrien!
Eg trur desse kalkomnane står den dag idag inne med han
Magerholm-Peder. Det var ein som heitte Aksel-anders som begynte å
brenne kalk der og han bygde seg hus inne på Magerholmen og dreiv
som eit losji der for folk som rodde ut og inn fjorden, så kune dei
ta i land der og få seg mat og kanskje overnatte. Og dei brende
kalk.Og likeeins ute på Blindheim og den omnen er betre bevart og
skal nå fredast. Eg veit ikkje kor omnen her ser ut nå, men for en
40-50 år sida veit eg at han sto. Det kunne vært artig for ungane
ein vårdag å ta dei med inn og sjå. Peder veit kor han står. Han
står nedai huset nærmare sjøen. Det er same kalkådra som går
forbi her, kloss inni husveggane her. Frå Magerholm går ho i sjøen
og kjem att borte i Sykkylva. Ho kjem frå Blindheim og heilt ifrå
Humla og Vedde og ute på øyane, på voksa f.eks. Kor det ber med ho
etter å ha passert Sykkylven veit eg ikkje. På Eikenosa er der
kolossalt store forekomster. Heile vegen utigjennom, ein kan ikkje
vite kor djupt det er. Eg veit ingen som he selt - uten Reiten, dei
selde sine forekomster, og Aksla kanskje, men her på Emblem er ikkje
seld noke. Og det går inn over Torskehaugen der som skolen er. Han
står sikert på mykje kalk.
S.L.: Då me grov der inne under gamleskulen for å få betre
takhøgde, så skulle eg løyse ein stein og tok spettet under og der
for spettet ned i eit hol. Det var ikkje djupare enn at eg nådde i
spettet, men der var ope.
Ja, her renn ei elv gjennom her forbi huset vårt. Ei lita ei. Det
var der vi tok alt vatnet før. Det var godt vatn. Og det er det som
gjer at denne gamle garden beli ståande her akkurat. Eg veit kvar
tuftene var på alle desse husa, det viser merke etter dei endå.
Rundt omkring her var ca 30 hus, der var mange hus på kvar gard. Dei
hadde utmarka kloss nedåt husa her, og så hadde dei denne gode
vasskjelda her, og god utikt då, og så hadde dei samla desse gamle
åkrane rundt seg her. Det var det ideelle. Men så flytte dei ut då
frå 1835 og utover dit dei står idag, husa.
Ja når vi var ferdige med skulen så skulle me nå konfirmerast då.
Vi gjekk for presten i Borgundkirka, Eg veit første dagen gjekk oss
heile vegen frå Emblem og ut i Borgund kirke - i flokk. Og når vi
var ferdige der, så gjekk vi til byen og følgde VON i vågane og så
gjekk vi frå Vågå og hit inn. Eikenosvåga. Men seinare så gjekk
ikkje dette der, ikkje bilar! Det hende vi brukte færing når det
var god vind. - Men så var det at Elias Kvasnes begynde å gå med
oss, kom inn i vågane og tok med frå fastlandet, ut i Vegsundet og
indre delen av Sulalandet heilt ut til Vedde og så sette han
tversover.Og han gjekk med oss resten av tida. så når vi skulle
konfirmerast - så var nå det ein heil sermoni. Det var jo straks
etter krigen då. Tre koner her fekk seg nokke tøy ute i Langevåga
hos nokken slektningar dei hadde der. Då rodde oss frå Emblemsvågen
inn i Aure i Sykkylven, og vi hadde med oss far åt ein ta dei. Fekk
ta mål. Og så rodde oss innatt og passa - då var oss berre oss
gutane og så rodde oss inn og henta dressane. Det var nye moter det
året - 1921 - Andre forandringar var og skjedd. sangboka var
obligatorisk for alle - den har eg liggande her. Eg he nå forresten
så gamle som tilbake til Hans Nielsen Hauge. - Men det er ei anna
sak. Så fekk oss kappe, og skjoldalue. Det var ei vanleg
poplinskappe. Me var første kull som stilte på kirkebakken i kappe.
Før den tid ha´dei fått paraply.
S.L.: Det kunde bli dyrt for dei som var dårleg stilt?
Ja, men her var ikkje så dårlege tider like etter krigen, der var
mykje folk som tente gode penger. Det var først seinare det kom. Men
det var nokså vanskeleg å få tak i det. Varer. Den økonomiske
elendigheita kom først frå 1925 og utover. Kor jentene vart utstyrt
kan ikkje eg hugse nå, men det var sjølvsagt ein
konfirmasjonskjole. - Bunader fanst ikkje i den anledning. Men her
var val kanskje bunader i bygdene. Synst å hugse det. Men det var
vaksne jenter, de var ikkje den moten at dei skulle ha det til
konfirmasjonen. det var sjeldan du såg bunad i bruk, men der fanst
sorten.
S.L.: Det var kanskje store konfirmantkull?
Det året eg gjekk var vi 11 her frå Emblem. og så var vi sammen
med Blindheim, Hatlehol, Spjelkavik, og utover der, og så indre
delen av Sula. Det var et konfirmasjonslag. så var det Langevåg som
var ei stor bygd den gongen og Heissa og Ellingsøya.
S.L.: Borgund Prestegjeld gjekk vel lenger nordover?
Ja, men dei hadde egen kirke på Hamnsundet. så dei var ikkje saman
med oss om dei kirkelege handlingar.
S.L.: Fekk dere mykje gaver?
Det var ikkje mykje, men der var no sorten da. Det kunne vere klokke
eller klokkekjeie. men klokke
var no forresten sjeldent, jeg tror ikkje jeg hadde skikkeleg klokke
før eg var ein 25 år. O gkjøpte han sjølv.
S.L.. Så var det sjølve konfirmasjonen?
Ja, spørjesøndagen var værst, det tok nokså lang tid. Klokka var
nå både 1 og halv 2 før vi var ferdig. Og likedan når vi hadde
bispevisitas, det hadde vi også ein gang. Han hadde stort bispedøme,
han skull få betre tid bispen nå. Men eg må seie det at det ergrer
meg ikkje så lite at ikkje orgundkirka skulle bli bispekirke. For
det er virkelig ei kirke det!
S.L.: Du har arbeid med kaibygginga?
Ja. Eg har både rekneskapet og protokollen. Før kaia vart bygde så
måtte dei ekspedere dampbåten med færing. Han stoppa her utføre
der kaia er no. og så måtte dei ro bort og ekspedere båten. Dei ha
ein stor vør der borte som dei kallar storevøren den dag i dag og
det var ekspedisjonstedet - for både post, varer og folk. men så
vart nå kaia bygd då, mykje arbeid, det kosta vel ei kr. 6.-7.000
og det var pengar det i dei dage. Dei hadde eit andelslag, det var
vesentleg folk her frå Emblem, Emblemsvåg, og også frå Røssevoll
og frå Nedregota, som var medeigarar der. Kr. 60 pr. aksje og 103
aksjer trur eg det er. Men dei er komne i grava for lenge sia alle
saman. Så eg tok det over eg for nokre år sia, heile greia, har
passa godt på pengane, eg har avslutta regnskapet og no skal det
samankallast til eit møte for å få det i skikkelege former. Eg vil
ha klarheit i om ervingane til desse andelhavarane vil overta aksjene
- der kan bli problem. Oss sette inn eit svært avertissement over 2
spalter med Emblem Kai - dei som hadde andeler måtte melde seg. Men
det meldte seg berre ganske få. Det ble trua med at hvis dei ikkje
meldte seg så blei aksjane dratt inn igjen i selskapet. Men vi skal
no prøve, eg skal kalle saman desse unge nå, den tredje
generasjonen og så skal dei få overta. Her er planer om småbåthamn
der nede og då blir det spørsmål om kva dei skal gjere med kaia,
ho må vere utgangspunktet og så må dei bygge ein molo.
S.L.: Det er eit andelslag som er i live endå dette?
Det er i grunnen det, det eksisterer, dei eig kaia og tomta - alt
saman. det blei slutt temmeleg brått det der når bilane begynte å
gå. Det var i 1930. Der er nokon småbåtar som er festa der og
to-tre stykker leiger huset der til å ha saker i, men der er ikkje
bolverk. Kommuna har nå brukt ho ein del,
men der er ikkje inntekter på ho nå av betydning. - Men det var
litt av ein jobb å få ho bygd den gangen. Det var ein som heitte
Andreas Emblem son av gamle poståpneren her, og handelsmannen, han
Lars, som var sjef. Han blei seinare kaptein i Redningselskapet, på
desse store båtane og han bor innpå Ørskog.
S.L.: Det skulle nå skrekkeleg mykje stein til?
Ja, men dei ha´hammaren å ta ta, dei skaut ned høge hammaren, og
så ha´dei dykker. dei måtte ta henne att ein gong te, og bygge
henne fram i eine hjørnet, for det blei for grynt - det var store
dampbåtar som gjekk den gongen. "Jotunheimen" og
Norddalsfjord og "Geiranger" og desse. Og eg skal sei deg
at den gang det var mote blant sosieteten i byen å bo på landet på
Emblem om sommaren, då var her trafikk! Der var svart med folk
søndagane. Der budde byfolk omtrent i kvart einaste tun.
Sjølvefolket flytta ut, enten i stabbur eller uthus, der var nokre
kroner å tene på det. Og dei kom vel med, for her var store
barneflokkar. Det stod jo på heile krigen, her var masse folk
evakuerte hit inn då, og sia krigen og litegrann, men så blei det
meir pengar blant folk og då kunne dei reise og bo på hotell - og
så kom der opp ein masse hytter, og dei er her jo endå.
Tilbake til gamletida, når folk skulle varslast om eit eller anna
som skulle foregå p skulenm enten det var dugnad eller anna, så
gjekk det budstikke. Det vart skreve eit brev - av læraren, og denne
budstikka måtte ikkje brytast. Ho gjekk frå tun til tun og måtte
øyeblikkeleg leverast til neste tun. Dette var så seint at eg
hugsar det godt. Det var berre ein lappe - eit brev - der det sto
f.eks at det skal vere kretsmøte den og den tid på skulekjellaren
eller noke sånt. Eller det blei oppfordra til å møte på skulen
til den og den tid for å utføre eit bestemt arbeid. Dei slo ikkje
opp plakater, varslingsmåen var å sende ei budstikke rundt heile
bygda. Det skulle vere artigt å visst kor lang tid ho tok frå ende
til ende i bygda, det veit ikje eg, men eg vait at ho skulle
uoppholdeleg gå til neste tun og ruta var lagde på forhånd, slik
at der var aldri spørsmål om noken misforståelser eller
overlapping. Det var ingen som turte å bryte ei budstikke. Det var
berre ei lappe inni ei konvolutt og ho gjekk.
S.L.: Du skulle fortelle om deling av skulekretser?
elva har vore som ei magisk linje bestandig. Frå gammalt gjekk byte
mellom gardene til elva. Der var eit lite avbrekk der Navelsaker bur
nå, der gjorde elva ei sving, der var noke ta Emblemsgardane innom
elva, og så var det der skulen er nå, innpå skulen det som høyrer
Nedregotten til, der kom Nedregotten utom elva, men stort sett så
bodde folket innai eller utai elva. så det var konkurranse om kven
som skulle representere bygda, om det skulle vere folk utai eller
innai elva. Det blei no vald då av kommunestyret. så var det noen
utai elva ein gong som syns at det var no forferdeleg kor innai-elva
ha´rana åt seg tillitsverv. Ja, sa han, nå he dei no fått alt,
oss he berre eit einaste tillitsverv att utai elva, og det er ein
mann i varakomiteen! Dei hadde ein komite som dømde verane, tok ut
avlsverane. Men det gjekk så gemytlig for seg. Og folketalet var
temmeleg jamt - etter gammalt då.
- I seinare år har eg kjempa hardt i bygningsrådet når dei laga
til sonedelingane, kommunen er delt i soner og bygda her er sone 6.
og eg kjempa for at dei skulle skilje mellom Emblemsvågen og
Flisneset. Nei, det spiller ingen rolle! sa dei då. Og flytte byte
til kaiveien som går ned til Emblemsvågen. Det var ei grei linje.
Så alt som var vestafor denne kaivegen det gjekk til sone 5, til
Hatlehol og Blindheim, resten var sone 6. Eg sa at bygda er så lita
at vi risikerer at vi mister både det eine og det andre her inne.
Nei, det gjorde ingen ting. Når det er snakk om valmantal, så går
dei til gards og bruksnummer og då høyrer dei på gardsnr. 7 til i
manntalet her inne. - Eg ville ha stoppa på eit folketal på ca
1.000 - det vart passeleg på alle måter. då ville me kunne behalde
skule, forretning, postkontor og bussruter. -
Bestemor var veldig flink å fortelle, steds, navn og kor setrane
var, det har eg skrevet ned. Men så var det dene fjellheimen, ja, ho
gjenge no over tindane no, sa dei. Dei kalla heile greia Tindane. Dei
visste ikkje namna på dei, dei brydde seg ikkje med det. Eg har lagt
ein linjal frå fjelltoppane og hit og ser kva vi ser: Her ser du
Kolåstinden, Molladalstinden, Store og lille Sætretind, Breitinden,
Ramoen, Kjeipen - han gjeng heilt opp på Strandabøtinden, så ser
du Straumshornet, Hammarsttindane og Storehornet, ausekaret og desse
her. Når du kjem aldri så lite opp her så ser du fjella ut
Ørstafjorden etter eit skar der, om me ser Liadalsnipa tør eg ikkje
seie.