 |
 |
|
 |
 |
Kartet syner dei største Gardane og plassebruka på Magerholm. I tillegg syner kartet omlag kvar Berntsenhuset låg, før det vart rive og dagens kai vart bygd. Du kan enno sjå delar av tørrmuren og beplanting som var kring huset
Søndagsettermiddag på Magerholmen under krigen. Ståande f.v.: Johan Emblem, Olger Garshol, Olaf Nedregotten, Harry Bjørkavåg, Leif Emblem?, mann bak med slips er ukjend, Karl Østrem, Oddvar Ramsvik, Arthur Østrem, Karl Akslen, Laura Akslen, Olga Østrem, Inge Emblem, Sverre Nedregotten, Erling Nedregotten (Stykkje?), Knut Akslen, Johanne (Jonna) Akslen, Nusse Lysfjord, Karsten Emblem, Judith Akslen (Kvangardsnes), Martin Torvik m/ hatt, Trygve Emblem, Ola og Leon Emblem. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes
Anna Klausdotter Magerholm. Ho var dotter til Klaus Olsen Emblem frå Negarden og Olave Jetmundsdotter Hjorthol frå Sykkylven. I 1910-tellinga var ho registrert som enke, med særskilt husholdning hjå søstera, Jensine Klausdotter på Magerholm. Det står elles at ho då var rentenist og livnærte seg i tillegg med strikking. Ho budde truleg saman med Lina Hansdotter Hesseberg som og var enke og strikka på oppdrag for andre.
Bilete av den første manuelle fergekaia i tre. Legg merke til korleis det såg ut før det vart fyllt igjen ut til sjølve holmen. Foto: ukjend
lengst til venstre sit Karoline Klausdtr. Magerholm, gift Tynes (1860-1949). Ho gifte seg i 1890 med Ole Amundsen Tynes som var fødd Velle (1864-1951), brukar på Tynes. Borna er f.v.: Adolf Olsen Tynes (1899-1989). butikksjef i Ålesund. Gift 4/11 1927 i Ålesund med Gurine Olsdtr. Hatlestad frå Norddal. Kornelia ("Konna") Olsdtr. Tynes, (1902-1996) gift med maskinmester Laurits August Olsen Osen ved Skarbøvik. Den eldste er Oskar Olsen Tynes, (1897-1975) Han var maskinist og var frå Åmundgarden, Tynes, Sykkylven.Oskar vart gift 1926 med Selma Olaviusdtr. Grytebust, (1901-1994) Ho var frå Leita, Grytebust. Oskar og Selma budde i Ålesund. Foto: Sigvald Moa Arkivref. i Fylkesfotoarkivet: AM-95002.15022
Matrikkelgarden
Magerholm er gard nummer 1 og bruk nummer 1 i Ålesund kommune.
Årsaka til dette, er at ein i si tid starta nummereringa lengst
aust, i det som ein gong var Borgund Herred. Årsaka til dette var at
Hesseberg har vore ein del av Skodje og vart ikkje del av Borgund før
i 1916.Det er
truleg ingen som enno har tolka gardsnamnet, men det er mogeleg at
namnet i fyrstninga vart nytta på kun holmen. Etter kvart har holmen
gjeve namn til heile garden.
Det er
funne ein dolk på garden som stammar frå bronsealderen, og slike
funn kan tyda på at garden har vore rydda før vikingtida. Til trass
for at Magerholm er av dei største gardane i området, så låg den
truleg brakk etter Svartedauden. Det er først i 1603 ein med
sikkerheit kan seie at garden var i drift att. På denne tida var det
2 brukarar på garden. Med unntak av ein kortare periode på
1600-talet, der det var tre oppsittarar, så var det 2 brukarar fram
til 1830-åra. Etter den tid har det vore kun ein brukar, men det har
i staden vorte frådelt fleire husmannsplassar. Den mest kjende og
største av plassane har vore Magerholmvika, som vart rydda kring
1730. Men ei rekkje mindre plassebruk har vorte rydda og lagt ned opp
i gjennom årtidene, utan at det finst særleg god historisk
dokumentasjon for ettertida. Det vert fortalt at det til og med stod
hus på sjølve holmen ei tid, og det har truleg vore fleire
«fjordastover» nede ved sjøen, der brukarane ikkje hadde noko
jord. Ein ser at det truleg har vore fleire slike små hus utover i
bygda og konsentrasjonen av husmenn kan ha vore størst kring
Magerholm, for her var det lunt og gode vekstvilkår sjølv på små
åkerlappar. Garden har lange skysstradisjonar og då særleg
båtskyss over fjorden til Tussvika, eller innover mot Glomset og
Solnør. Slike skyssoppdrag ha gjeve ei kjærkommen inntekt til
plassebrukarane der inne. Frå kring 1809 har det vore brukbart god
rideveg gjennom bygda og ei tid før 1850 var den både hovudveg og
postveg i Borgund. I dag er garden kanskje mest kjend som ferjestad,
med forbindelse til Sykkylven.
Magerholm
har stort sett vore del av større gods-samlingar i likheit med dei
fleste andre gardane i distriktet. I 1624 var Magerholm del av
Rosenkranz-godset. I 1646 var det borgar Rasmus Larsen som stod som
eigar, medan Prest Kristoffer Hjermann i Borgund åtte garden på
slutten av 1600-talet. Rasmus Smit på Giske hadde og eigelut i
garden, før den frå 1710-73 kom i familien Castberg sitt eige. Ein
tredjedel av garden hadde opphaveleg vore kyrkjegods og deretter
Giskegods i 1650. Amtmann
Lillienskjold, Chr. Sæd og amtmann Hans Hagerup hadde også
eigedomsinteresser i garden før Johan Heide fekk eigedomsretten til
heile garden via kona si. I 1814 vart garden seld til sjølveige og
har vore sølveigd etter det.
Når
det gjeld dei fyrste brukarane på garden så finst der ein grei
oversikt i Gardsoga for Borgund, så eg skal ikkje gjenta det her,
men det er likevel ei og anna artig historie som er verd å ta med
likevel. Jens
Jensen Heltne (f. ca 1770) kjøpte i 1814 heile Magerholm, inkludert
Magerholmvika for 542 dlr. I 1814. 200 hadde han lånt av handelsmann
Heide, som åtte garden før han. Jens må ha gjordt det svært godt
for han innfridde heile lånet allereie i 1815. Han var gift med
Gunnhild Pedersdotter (f. ca 1790) og var ein stri kar, som var
stadig i krangel med naboane sine. Jens var særleg i krangel med
bygselsmannen sin, på bruk 2, Knut Olsen (1780-1840) frå
Søre-Kaldvatn i Volda. Kvart år hadde dei saker gåande i
forlikskommisjonen, og mange av dei gjekk vidare til vanleg
rettargang også. Truleg var dette årsaka til at Jens skøytte frå
seg heile garden allereie etter 6 år og flytte derifrå, medan Knut
og kona Brite Knutsdotter vart buande og fortsette å driva bruket
sitt i ti år til. Knut
var visst nok ein stribukk han óg, og det var kanskje årsaka til at
desse to var i tottane på kvarandre så ofte. Dei kunne krangle om
det meste og det gjekk så langt at Jens lovde Knut eit anna
gardsbruk, som han åtte utanfor bygda, om Knut ville flytte.Det vart
ikkje noko av denne avtalen og til slutt var det Jens som måtte gje
seg.
Halvor
Pedersen Morken frå Apalset kjøpte heile Magerholm av Jens i 1820.
Halvor var ein særs velståande mann og hadde på same tida kårrett
på garden Morken som han hadde eigd tidlegare. Jens fekk overta
dette kåret som del av salsprossessen og flytte dit. Halvor eigde
fleire gardar på Sunnmøre, og i eit intervju med P. Stensager kring
1920 fortalte barnebarnet, Kristen Olsen Magerholm, at Morfaren
skulle ha kjøpt heile 18 gardar på ein gong. Halvor var kanskje den
rikaste på Sunnmøre på denne tida. I Emblemsbygda åtte han ei
tid både Eikenosa og heile Eikenosvågen med 3-4 gardar. Halvor slo
også saman bruk 1 og 2 i 1830. Knut og Brite på det andre bruket
fekk då kår og rett på å få bli buande i stova si på bruk
nummer 2, der også kårmannen Jakob Toresen (1755-1830) allereie
budde. Stemmer årstala så kan det vera etter Jakob sin død at
Halvor slo saman bruka. Kona til Jakob, Guri Nilsdotter, som truleg
kom frå Hesseberg, var allereie død i 1825. Det vart trulig ikkje
noko nytt giftermål på Jakob, så dermed passa det godt for Halvor
å slå saman bruka i 1830. Kristen Magerholm gav også ei anna
interessant oppysning kring 1920. Knut var visst farfaren til
Kristen Olsen Magerholmdet, og det stemmer, for far til Kristen var
Ole Martinus Knutsen Magerholm (1803-80), eller «Parat-Ole» som han
vart kalla. Ole var gift med Kirsti Halvordotter Apalset (1805-87).
Parat-Ole rydda både Krissenplassen under Magerholmvika og Bøen,
eller «Paraten», som plassen også heitte ei tid. Ole kunne ikkje
ta over farsgarden, bruk 2, sidan morfaren, Halvor hadde slått saman
bruka og overlete garden til svogeren Torkild Halvorson i 1843 i
staden.
Torkild og kona Olave Jetmundsdotter Hjorthol (1816-70) frå
sykkylven fekk ikkje meir enn to år saman før Torkild døydde, i
1845. Enka fekk taksert garden til 328 spd. og gifte seg oppatt
allereie same året med Klaus Olsen Emblem (1820-1907), som kom frå
Negarden og var son av Ole Olsen Kadhusdal (ca 1790-1866). Ole var
den fyrste sjølveigaren i Negarden, og Klaus var dermed også
onkelen til handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum. Kirsti
Halvorsdotter kom no langt bak i arverekkjefølga, men ho hadde
likevel fått med seg brukbar medgift. Riktig nok var Kirsti og
Parat-Ole plassefolk på Bøen, men ho åtte Magerholmvika og garden
Furset på Stranda, som ho hadde fått av faren. Dei fekk heile 13
born, og ein av desse var altså Kristen, som gav namn til
husmannsplassen «Krissenplassen» litt lenger vest for Bøen.
Klaus
Olsen Emblem vart og ein velståande mann, og åtte også fleire av
gardane i Emblemsbygda i 1865 var det 4 born boande på garden,
menhan hadde fleire born også, for det eldste bornet, Thomas, var
heile 20 år på denne tida og vart truleg buande så lenge fordi han
hjalp faren med gardsdrifta. Eg finn i alle fall ei Oline Klausdotter
Magerholm som vart fødd i 1848 og ho er ikkje nemnd i 1865-tellinga.
Det er mogeleg at Thomas var odelsguten på garden, men av ein
eller annan grunn så tok han ikkje over likevel. Det er mogeleg at
det vart for lenge å vente, for eg finn han attende på bruk nummer
13 på Emblem, kalla «Myrane» i 1900-tellinga. Garden ligg tett
intil Hovudvegen og midt mellom vegkryssa til Ystebøen og
Røssevollen. Han var då gift med Karn Larsdotter. Dei hadde ingen
born, men hadde ein pleieson i regi av fattigvesenet, som heitte Knut
Edvartsen Kolvig, og det er truleg at enka Marie Larsdotter Kolvig på
60 år, som også bur på samme garden, kan vera mor til guten. Ho er
truleg ikkje gift på dette tidspunktet og «Sysler dels med husligt-
dels også indhøstingsarbeide». Thomas har i tillegg tatt seg av
halvbroren sin, Halvor Torkildson Magerholm, som er ugift og lever
«paa forpleining af egne Midler». Mykje tyder på at Thomas og Karn
hadde stor omtanke for dei ikring seg som ikkje hadde det like godt.
Det vart den eldste dottera, Jensine Klausdotter (1856-1929), som tok
over og gifta seg med Lars Danielsen Honningdal frå Glomset
(1856-1929). Dei andre borna til Klaus vart også rimeleg godt gifte.
I 1900-tellinga finn me mellom anna at Oline vart gift med Lærar
Knut Furset og at Knut fekk kjøpe ein del av Negarden frå
svigerfaren. Knut og Oline fækk også kjøpe litt utmark frå
Auregarden attåt og fekk skild ut det nye bruket «Nybø» kring
1874.
I 1924
selde Lars Magerholm og Magerholmdalen til Engesetslekta frå
Dalsbygda i Norddal. Karl Engeset (1865-1940) var medeigar i Møllers
Tran, som mellom anna dreiv trandamperi i Nord Norge og i vårt eige
fylke. 1920-talet var ei usikker tid, reint økonomisk, og i 1922
hadde mellom anna aksjonærane til det Kooperative handelslaget i
Spjelkavika beslutta å selge både butikk og varelager til Hans
Iverson Furset frå Embem, då dei frykta at dei skulle miste
innskota sine. Familien til Karl Engeset valde truleg å selge seg ut
av traneventyret med same grunn. Utbyttet av salet valde dei å
investere i jordbrukseigedom, som var langt tryggare, for dei var ein
stor familie.
Så
vidt som eg veit så vart søskena til Karl medeigarar i Magerholm,
som var av dei største i Borgund. Avkastinga frå salet av Møllers
tran var ikkje nok i seg sjølv og dei måtte også låne pengar frå
sine tidlegare bankforbindelsar i Bergen. Opplysningane om salet
hadde nådd dei i Norddalen via emmissær Lars Olsen Austrem frå
Larsgarden som og tok oppdrag som prokurator, når han likevel var så
mykje på reise. Karl bygde forresten den fyrste fergekaia på
Magerholm i samarbeid med Doktor Weiberg-Aurdal som hadde kjøpt seg
ei privat ferge. Fergehistoria kan du for øvrig lesa meir om her på
emblemsbygda.com. Sidan 1927 har Magerholm vore i Engeset-slekta sitt
eige.
Kartet syner dei største Gardane og plassebruka på Magerholm. I tillegg syner kartet omlag kvar Berntsenhuset låg, før det vart rive og dagens kai vart bygd. Du kan enno sjå delar av tørrmuren og beplanting som var kring huset
Søndagsettermiddag på Magerholmen under krigen. Ståande f.v.: Johan Emblem, Olger Garshol, Olaf Nedregotten, Harry Bjørkavåg, Leif Emblem?, mann bak med slips er ukjend, Karl Østrem, Oddvar Ramsvik, Arthur Østrem, Karl Akslen, Laura Akslen, Olga Østrem, Inge Emblem, Sverre Nedregotten, Erling Nedregotten (Stykkje?), Knut Akslen, Johanne (Jonna) Akslen, Nusse Lysfjord, Karsten Emblem, Judith Akslen (Kvangardsnes), Martin Torvik m/ hatt, Trygve Emblem, Ola og Leon Emblem. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes
Anna Klausdotter Magerholm. Ho var dotter til Klaus Olsen Emblem frå Negarden og Olave Jetmundsdotter Hjorthol frå Sykkylven. I 1910-tellinga var ho registrert som enke, med særskilt husholdning hjå søstera, Jensine Klausdotter på Magerholm. Det står elles at ho då var rentenist og livnærte seg i tillegg med strikking. Ho budde truleg saman med Lina Hansdotter Hesseberg som og var enke og strikka på oppdrag for andre.
1
Bilete av den første manuelle fergekaia i tre. Legg merke til korleis det såg ut før det vart fyllt igjen ut til sjølve holmen. Foto: ukjend
3
lengst til venstre sit Karoline Klausdtr. Magerholm, gift Tynes (1860-1949). Ho gifte seg i 1890 med Ole Amundsen Tynes som var fødd Velle (1864-1951), brukar på Tynes. Borna er f.v.: Adolf Olsen Tynes (1899-1989). butikksjef i Ålesund. Gift 4/11 1927 i Ålesund med Gurine Olsdtr. Hatlestad frå Norddal. Kornelia ("Konna") Olsdtr. Tynes, (1902-1996) gift med maskinmester Laurits August Olsen Osen ved Skarbøvik. Den eldste er Oskar Olsen Tynes, (1897-1975) Han var maskinist og var frå Åmundgarden, Tynes, Sykkylven.Oskar vart gift 1926 med Selma Olaviusdtr. Grytebust, (1901-1994) Ho var frå Leita, Grytebust. Oskar og Selma budde i Ålesund. Foto: Sigvald Moa Arkivref. i Fylkesfotoarkivet: AM-95002.15022
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|