ALBUMET TIL KAROLINE MAGERHOLM ØDEGÅRD
Nils Sjøholt som soldat.
Dette er morbroren til Karoline Magerholm Ødegård
Sofie og Petter Knudsen Magerholm(dal) Han var gullsmed i Oslo
Sverine og Andreas Abelset med sonen Nils Sjøholt
Dette er onkelen, morfaren og mormor til albumeigar Karoline Magerholm Ødegård.
Thomas Røssevold
Thomas var sambygding til Karoline, og kom frå Røssevollen i Emblemsbygda.
Unge damer i uniform
Her skulle eg gjerne visst kva slags uniform dette er.
Sofie Knudsen gift Magerholm
Ho gifte seg med med Petter Magerholm(dal), som var gullsmed i Oslo.
Sevrin Vegsund
Sevrin vart fødd Ekornes i Sykkylven. Mora kom frå Magerholmdalen. Han fekk seg etter kvart gard i Vegsundet
Severin og Berte Vegsund på bruk 5
Eit bilde av ein noko eldre Sevrin. Begge slekta til Magerholmdalen.
Olivea Gåseide på Nørve
Ole J Ødegård
Ole frå Framigar, i Puskhola lenger vest i bygda, gifta seg med Karoline. Foreldra til Karoline, Knut og Petrine flytte også dit på sine eldre dagar.
Nils A Sjøholt på sine eldre dagar
Han er bror til Petrine i Magerholmdalen og onkel til Karoline
Marte Ramstad
Dette er søster til Petrine i Magerholmdalen, som er mor til Karoline
Magnus Tøsse
Louise og Ole Habostad
Lisa Myklebust Akslen
Ho kom frå Stranda og gifta seg til garden Øvste-Aksla i Emblemsbygda.
Lars P ..ndeberg
Her er teksten litt uklar. Er det nokon som veit det eksakte etternamnet?
Kåre MAgerholm
Kåre vaks dels opp i Magerholmdalen hos besteforeldra sine. Det var dei siste åra før føoreldra til Karoline flytte frå dalen. Kåre er med andre ord nevøen til Karoline.
Knut Magerholm
Han vaks opp i Magerholmdalen, og er bror til Karoline
Karoline Ødegård
Karoline og Ole J Ødegård
Bryllupsbilde. Han starta opp verkstad i Puskola, lenger vest i gamle Emblemsbygda. Etter kvart vart det bussbygging og bilverkstad, meir kjend som Ødegård Karosseri, når born og borneborn etter kvart tok over.
Karoline og Anna Sætre Aarset
Karoline Magerholm Ødegård er den som sit i stolen på dette bildet.
Kanskje Andreas Magerholmdal.
Det er i såfall bror til Karoline.
Johan Valle og Knut Magerholm.
Knut er broren til Karoline. Johan er vel kanskje søskenbornet på morsida.
Jensine Håhjem
Dette er nok morslekta til Karoline.
Gudrun Knudsen
er adoptivdottera til Sofie og gullsmed Petter Magerholm(dal) i Oslo. Han kom frå Magerholmdalen. Gudrun skreiv ofte brev til Karoline sine foreldre.
Enno ukjend soldat
Emma Brendhaug
Ho er truleg frå nabogarden Brennhaugen på Emblem.
Emissær Ludvig Ramstad, fødd på Voss
Han busette seg i Bamble, og er truleg søskenbornet til Karoline, på morsida.
Elisa Ramstad
er søster til Ludvig Ramstad, og fødd på Voss. Det blir slekta til karoline sin mor, Petrine i Magerholmdalen. Elisa blir vel truleg søskenbornet til Karoline.
Elen og Ragna Bigton
Dalefolket i Magerholmdalen slekta til Bigton i Spjelkavika.
Ei ung Karoline Magerholmdal Ødegård
Berte og Ivar Larsgård
Anne og Annanias Fauske
Anne og Jørgen Ingebrigt Karolus Larsgård
Jørgen (1851-1933) kom frå Magerholmvika. Han klarte ikkje å få garden til å verte lønnsom nok, så familien flytta frå bygda og nærare byen.
Anne og Knut Emblem
Knut lånte ut hest til Magerholmdalen, eller tok på seg å slå i graset med hesteslåmaskin i Magerholmdalen. Han vart leigd inn av far til Karoline, den siste brukaren der oppe.
Berta Ramstad, Bamble.
Dette vert slekta til Karoline. foreldra flytta sørover, og tok Ramstadnamnet med seg på vegen. Dei budde mellom anna på Voss.
Berte Johanne Nedregotten
Ho kom frå garden Myrvang 10, også kalla Reset (Hjellhaugreset). Faren var skomakar og telefonstyraren "Rese-Karl". Ho vart fødd i 1876 og døydde ugift i 1925.
Anna Aursnes
Ann og Johan Valle
Ann Jakobsen
Andreas Magerholm frå Magerholdalen
Anne Jakobsen
Hildur 4 aar
Meir veit ein ikkje enda.
Rasmus Ødegård
i stolen, som er eit svennestykke til Ole Ødegård i 1907. Stolen er i dag i Kai Otto Ødegård sitt eige.
Emma og Thor Thomessen
Anna og Karl Vegsund
Ivar Hegløa?
Borna i Framigar
Knut Ødegård som liten med søskena Johan, Anna, Petra og Helga.
Elfrid Heggeløv
Marie
Utydeleg etternamn
Jensine og Jens Ødegård
Frå nabobruket Utigar i Puskhola
DSC_5563
Lærar Alv Vigestad på Hatlehol skule
Johan R. Ødegård
Karoline Ødegård i midten
Veninner på tur til fotografen. Det ser ut til å vere Sofie Karoline Emilie Emblemsvåg i Antonesgarden. Bildet kan vere frå 1910. Ho til venstre er også kjend.
Iver
Her er etternamnet enno utydeleg
Pleieborna i Magerholmdalen
Det er antyda at kvinna er Marie Breivik. to av borna er Inga og Jonas, som kom til Magerholmdalen når Karoline og søskena var vaksne. der var vel eit slektsband til mor deira, Petrine.