INTERVJU MED KNUT NEDREGOTTEN

AV SIGURD LANGLEITE

Biletet er henta frå jubileumsheftet til Emblemsbygda Idrettslag 1982
Biletet er henta frå jubileumsheftet til Emblemsbygda Idrettslag 1982

Intervju med knut Nedregotten av Sigurd Langleite januar 1985

KNUT NEDREGOTTEN, fødd 1909

S.L.: Det var andre forhold då du var ung?

Ja, det er så stor forskjell at det kan nesten ikkje samanliknast mot det var då når du skulle begynne i lære. Det var noke heilt anna når det gjaldt bygningsmeterialar. Det gjekk på lafting då.  Og smia måsefeller.

S.L.: Så det var kanskje enklare å få opp eit hus den gongen eller nå?

Mykje enklare, når ein mann skulle ha seg opp eit hus, så bestemte han sjølv kor det skulle stå og kor det skulle sjå ut. Det var ikkje nokon som blanda seg borti det. slik var det her utover i landdistriktet då. Då eg begynte i lære var det berre i Langevåg og i eit lite stykkje rundt Nørvasund, der bygningslova var gjordt gjeldande. Men så kom dei etter då noke tid etter i Spjelkavik. så då var det nokså greit, når du hadde ei teikning, så blei ho godkjent med ein gong, der byggningslova var innført. 

S.L.: Men her inne var ikkje lova innført?

Nei, det var ikkje før etter krigen det. så då gjekk den som skulle ha seg opp eit hus og snakka med nokon bygningskarar, tinga seg dei, og så heldt dei bestandig materialane sjølve. Så gjekk dei rundt og akkorderte seg til så dei fekk det rimelegast mulige.

S.L.: Bygde dere hus utan teikning?

Ja, dei sa berre til dømes at dei skulle ha seg eit "treveggars hus". Då var det eit slikt hus som dette her, her er daglegstove og bestestove - altså tre vegger, yttervegg, vegg mellom stuene og yttervegg igjen. Om dei skulle ha seg eit "fireveggars hus" så var det hus med ein gang i midten, så det blei fire veggar. Og då sa dei berre at dei skulle ha staurar på 13 fot eller 12 fot. Og etter dette her murte

dei mu opp til. Ikkje noko teikning. Så kunne ein då diskutere seg til kor dørene skulle være, og me måtte passe på at der var plass til ei seng frå veggen og før vinduet blei plasseert. Så det gjekk på den måten at ein la først bjelkelaga og så diskuterte ein med han som skulle ha huset. Glasa var det jo meir bestemt kor dei skulle stå. Så var det eit "kinnomgla" som dei sat av. Då brukte dei tommar på det, det kunne vere ein 10-12 tommar eller 14 tommar detta her. og slik laga me det til. På lofta var høgda som regel ei tønnehøgd utmed rafta. Og bjelkelag la dei ettersom dei syntes dei hadde råd til å spandere. Men golva var som regel 1 og en halv tomes tjukke golvplankar. Tjukkare golvbord då.

S.L.: Alle husa var då lafta? Du har hogd aman mange hjørner du?

Ja, dei vart lafta. ofte var eg med på at dei reiv gamlestova på ein gard, så bygde dei nytt,men så brukte dei oppatt gamlestova til loft. Når det leid på ei stud så kom det i bruk pløgde plankar på første etasjen som var ny, men når dei skulle bruke oppatt den gamle stova då var det å si måsefeller. La inn mose mellom stokkane. Då hette det slik at når du hadde smia denne mosefella og det var skikkeleg gjort, og når du slo dei saman, så skulle du klippe mosen. Då var det tett og godt. Men det var ikkje alltid så godt å smi det slik, der var både kvistar og slikt - Reiset på husa var nå forskjellig, det var opp til 45 grader og nedover. Ja det var ikkje nokon som snakte om grader, på 45 grader så sa dei "vinkelrøys" og så var det litt under vinkel og sånn. dei brukte nokså mykje bratte reis den tida. Då fekk dei mykje plass på loftet.

S.L.: Kva tekte dei taka med då?

alt saman vart tekt med Alta-skifer som vi spikra på. Det var langt seinare eg begynte å legge papptak. det var fast det med Alta-skifer. Dei bestilte. dei bestilte han hos Nørve og han hadde skute som henta den i Alta og så blei han tatt  opp frå fjøra nedføre huset. Her til huset vårt så tok oss den opp frå sjøen. Dei sendte ei færing inn til skutene og tok ombord og rodde den heim. Det vanlegaste var 13 x 13, men hvis det skulle være finare, så var det lappstein. Men det la oss ikkje mykje av. Stovehusa gjekk fast på 13 x 13, løehusa var 15 - den var litt billegare.

S.L.: Der var ikkje isolasjon i dei husa?

Fanst ikkje. Dei hadde på tjørepapp på ytterveggane- Seinare når dei begynte med å innreide med stavar, så kom det i bruk ullpapp. Når ein bygde bindingsverkhus, så tappa ein alt saman. Stavane ned i reimane, losholtane inn i stavane, så når du begynte å reise, så måtte du begynne frå ein ende, og tre inni. Bjelkane vart laga til - heil svalehale eller halv svalehale, så hogde du nedi reima ein halv tomme. det skulle sparast på spikaren då.

S.L.:  Du var ikkje med å bygge med heimesmide spikar?

Nei, det var eg aldri med på, den var frå fabrikk. Men galvanisert spikar kom nokså seint.

S.L.: Så vart det panelt på innsida då?

Ja, når det var bindingsverks ja. Og så var det eit lag rupanel ute, og så var det ullpapp og så var det panel innvendig. Men der det var regulert, måtte ein ha 4 lag panel, altså bordkledning, rupanel og rupanel inne og så eit lag panel utapå igjen. Og så skulle eit av laga være 45 grader på skrå.

S.L.: Du har ført opp mange hus både her i bygda og heile Borgund og kanskje også i Ålesund?

Eg var ikkje med i Ålesund før etter krien. Då var det så strengt der ute i byen, dei skulle ikkje ha andre der enn dei som høyrde byen til. Der var så sterk forening der. Dei danna ein forening som heitte Ålesunderen, og der fekk du ikkje vere medlem utan at faren var fødde Ålesundar. Innflytarar fekk ikkje vere med. Og for folk ifrå landet og kome der og arbede, det vart heilt nekt av Bygningsarbeiderforeningen.

S.L.: Når kom arbeidet med Ungdomshuset i bygda i gang?

Det vart påbegynt i 1933. Ungdomslaget leigde hus i gamle skulekjellaren og der var trangt. så hadde ungdomslaget i Engesetdalen bygt seg hus og dei skryte så kor kjekt det var. Den gang var her ein god del ungdom i bygda, så det blei valgt ein komite som skulle styre med bygginga, eg kom med der saman med Steffa-Karl og Steffa-Lars trur eg. Så reiste oss ein sundag inn i Engesetdalen - han Alfred Østrem køyrde oss - han hadde drosjebil. Skulle sjå på dette huset. Sevrin Emblem hadde ringt inn at oss kom. Så der var nå formanen og han var svært så behjelpeleg med å fortelle kor dei hadde gjort det. Oss fekk låne ei tegning, dei hadde teikna huset dei. Nå passet ikkje dette riktig hos oss dette huset, med inngangen og scenen. så eg teikna det oppatt og oss i komiteen blei einige om at det var greit. Så sende oss teikninga ut til anbud på material - oss hadde ikkje noke pengar - Det vart Tennøe og Skar som var billegast, og huset skulle vere som eit reklamehus for dei, oss skulle reklamere då for detta der. Det var harde bud den tida.

Ja først hadde dei nå kjøpt tomta der det stend, det var dei i Steffa-garden som styrte med det.

Så blei det begynt å grave - med handemakt naturlegvis. Oss lånte oss bor hos han Marka-Hans - og det var svært for oss hadde ikkje pengar å kjøpe bor for. Vegvesenet heldt på å lage veg her inne då, og dei hadde smed sjølve, og den smeden han kvesste bora for oss. På denne måten greidde vi å ta opp tomta utan å bruke pengar. Steffa-Karl styrte med finansane, han var formann i Ungdomslaget.

Men når oss skulle mure, då måtte oss leige to mann for å hjelpe oss.

S.L.: Kva slags stein er brukt i murane?

Dei sette opp forskaling på begge sider og så skaut dei ut på tomta så mykje stein at dei fekk til murar. Så då brukte oss sement og hadde oppi mykje stein.

S.L.: Og ikkje jarn?

Finst ikkje, det var ikkje begynt med noke slikt den tida, det var berre sand og sement og stein.

Og handelta då - på dugnad. så var det han Fredrik Emblem og ein til som sette opp murane - dei tok 80 kroner kvar for det. -Det gjekk fort, til å være gjordt med handemakt og på dugnad, dette vart gjort om hausten. Så var det eg og han Per og han Bjarne, oss var i Langevåg og sette opp eit hus, og når me kom att då - i oktober . då begynte oss på å bygge. Masse folk deltok på dugnad, oss var opptil ein 20 stykker om dagen. Så det gjekk fort. Materialen kom med skute, for der var ikkjeveg til Brattvåg den tida, så den tok me opp frå kaia, og Alfred Østrem, han hadde lastebil, han køyrde det derifra og eg trur han køyrde heile huset for 60 kroner - han henta det heilt i Eikenosvågen, eg veit ikkje kvifor han henta det heilt der ute. Og me køyrde takstein og alt, hadde folk på dugnad med lesste på. Me arbeidde lange dagar , til 9-10 kveldane. Det var nå fleire som var snekkarar, han Jakob-KArl og han Ebbe-Johan. Mange andre var nå flinke og, det blei bordkledd og innreidd. I golvet brukte oss isolasjon, mellom etasjene, brukte dei slagg.  Fekk frå gasskraftverket i byen. Det med køyrde køyrde han Alfred hit. Kvinnfolka sydde og sceneteppe. Det teppet kjøpte oss hos ein Mikalsen som sto på ei forretning hos Devold, oss hadde bygget for han då før oss bygde her, og eg fekk med prøver og snakte med han, og me skulle få det så billeg. Og kjøpte det og det var Sevrin som var finansmann, så når han betalte det så trakk han frå 10% kontantrabatt! Men det hadde ikkje vore forutsetninga sa Mikalsen. Men han gjorde ikkje noke med de, men han sa det ein gong eg traff han sia. Det einaste oss leigde til var det elektriske. Det var han Johan Aasestrand som innstallerte. Han var i familie med dei i Steffagarda, og så fekk han bo der gratis, og då tok han ikkje så mykje for arbeidet.

S.L.: Det var vel ikkje så mange lampar det var?

Nei, det var ikkje det. 

S.L.:  Det var ein heilt anna dugnadsånd då en nå?

Ja, du slapp å gå og spørje, - dei kom og arbeidde. 

S.L.: Det var Det Frilynde Ungdomslaget som eigde huset?

Ja, oss søkte då Ungdomslaget om tilskot, men då fekk oss til svar at det einaste dei kunne hjelpe oss med var hjelp til å koste teikning. men då skreiv ein i styret tilbake at det hadde oss ikkje bruk for, det ordna oss sjølve.