LITT OM ALLE MYR-NAMNA

Illustrasjon: Torvdrift på Flisnes 1961. Foto: Ragar Øverlid for Borgund og Giske Bygdeboknemnd
Illustrasjon: Torvdrift på Flisnes 1961. Foto: Ragar Øverlid for Borgund og Giske Bygdeboknemnd

Myr-namna i Emblemsbygda kan som regel knyttast til kvart einaste matrikkelgard. Dei har alle hatt eit stykke der det har vore myrlendt og gjerne uttak av torv til brensel i tidlegare tider. Myrjord har også sine fordelar i forbindelse med gardsarbeidet og ved skylddeling eller utskifting av matrikkelgarden til fleire gardsbruk vart oftast fordelinga slik at alle fekk sin del av både god, nyttig og mindre nyttige stykke.

Ein veit at fleire av dei nye plassane og småbruka på Nedregotten vart delt ifrå alle dei 4 eldste gardane og at kvar gard delte frå fleire småbruk i tidsrommet 1850-1920. Det forklarar likevel ikkje heilt årsaka til at to småbruk tett i tett fekk det samme Elvemyr-namnet. Praktisk er det i alle fall ikkje. Då skal ein huske at dei neppe vart særleg brukte til anna enn offisielle dokument. I daglegtalen brukte ein heller namn som "Myrane" og mellom anna "Syvergarden".

I ei jordskiftesak frå 1980 finn ein truleg forklaring på alle desse myr-namna. Her vert myra sør om vegen for Ungdomshuset Borgheim nemnd og ein veit også av fleire torvteigar i dette området videre vestover, der det er mest byggefelt i våre dagar. Dei eldste gardane Skaret, Steffagaren, Guttormgarden og Sirigarden fekk nemleg frådelt kvar sine teigar vest for denne myra og dei vert også omtala i skylddelingsforretninga frå 1857 som "myrteigar", men det er ikkje sikkert at desse teigane var så veldig myrlendte. Nokre fekk kanskje også namn fordi dei låg i randsona til sjølve myra. I jordskiftesaka anno 1980 vert det fortalt at Syvergarden/Elvemyr 8 var Guttormgarden sin teig vest for myra. Reset/Myrvang 10 var Sirigarden sin teig og bnr. 81 var teigen til Steffagaren. Den sistnemnde teigen er frådelt bnr. 9 "Vestly" som også vert kalla "Stykkjet". Dette namnet er kanskje det opphavelege namnet, sjølv om det ikkje har typisk myr-namn. Skaret sin teig vart seld til brukarane på Reset som bnr. 11 og er gardparten nord for hovudvegen mot Storelva der Konrad og Olga Nedregotten og Konrad si søster, Kaspara g. Hansen bygde seg hus.

Teigane var med andre ord temmeleg store og gjekk i alle fall frå Reset vest for gamleskulen/ ungdomshuset og tidvis kanskje heilt til gardsgrensa mot matrikkelgarden Emblem i Storelva. Men størrelsen på teigane varierte noko og alle rakk ikkje så langt. Det skuldast nok at elva gjer ein sving vestover frå hovudvegen. Truleg har ikkje heile dette området vore i ein teig per gard. Småbruka frå Østremsvika til Hammarsvika, som omfattar Birkeli og Løvika, kan ha vore "sjøstykke". Om Tryggeset har vore del av Myrteigen til Steffagaren er meir usikkert. Plassen var dels myrlendt og plassenamnet er ikkje det opphavelege. Det kan nemleg knyttast til Johanne frå Tryggeset i Hjørundfjorden, som var plassebrukar her i ein kort periode.

Ein sit også att med spørsmålsteikn knytta til at såpass store teigar har fått namn frå ei så lita myr. Opplysningane frå jordskifterettsaka i 1980 kan soleis vere ein tanke ukorrekte. Kvifor skal ein kalle Elvemyr 4 mot Storelva for "Myrane" dersom sjølve myra låg inne ved Skaret og Hjellhaugreset? Forklaringa kan vere at den myrlendte jorda til Nedregotten, kalla "Myrane", var eit større område frå Skaret til Storelva i vest, frå Tryggeset i sør og mot plassebruka til Østrem i nord. Flatene nord for Storelva mot Flydalsgarden har også vore myrlendte og nytta til torvmyrar for fleire av gardane på Østrem. Ein kjenner også til fleire område i bygda der myrane samlar seg opp på flatene langs dagens hovudveg. bergknattane sør for denne flata bidreg kanskje til å samle opp fuktig jord, før ein får bakkar og avrenning nedover mot sjøen igjen. I retteleg gamal tid har også marbakken gått i nesten heilt oppe i høgd med tuna på Østrem og Emblem skule. Myrdanninga skuldast gjerne at vatnet samlar seg opp. Ned fjellsidene frå Emblemsfjellet renn der også nok vatn til det. Gamle marebakkar og morene kan også bidra til å magasinere vatnet på slike stader i tillegg til ein slik "motbakke" som gjev motstand. I dag er det derimot lite myr å spore i dette området.