Bruket vart delt frå, og skyldsett til 1 ort og 10 skilling 1872. Dette vart revidert til 0,55 skyldmark 1890. Der finst fleire bruk i landet med samme namn. Gardsnamnet skal stamme frå planta Ramslauk. Dette er Norges svar på kvitlauken, og finst over store områder i bygda. Utfordringa var når kyrne åt ramslauk, for då fekk mjølka ein stram smak og «vart ramsa», som dei sa tidlegare. Ein laut dermed passe på kvar dyra beita, og i denne vika var det truleg ein god del med «rams».
Ole Knudson Emblem(6+7) (dp.1761-d.e.1843?) tok over bygsel på Steffågarden, Emblem(6+7)
1783, men vart 1788 bygselsmann i Jakobgarden også. Dei to bruka var tidlegare samla som ein
gard, og no vart dei samla igjen. Det same året gifta han seg med Elen Johansdotter Bjørnøy(2+3)
(1751-1807). Dei tok kår hos neste brukar 1800. I 1814 gifta han seg opp att med enka Siri
Eirichsdotter Hatlen(1,2) (dp.1763-1827). 1815 flytte dei til Ramsvika, rydda plassen, og sette opp
hus der. 1828 gifta han seg for tredje gong. Bruda var «bondepige» Canuta Hansdotter
Kvistad(bakken) (1791-1843), fødd i Hjørundfjorden. 1815 vart også murermester Peder Pedersen
(f.ca.1748) og kona Elen Pedersdotter (f.ca.1748) nemnd her. Om dei budde i Ramsvika som
plassefolk, eller er registrerte i samanheng med bygging av plassen, er usikkert. Dei er også
registrerte under Vegsundvåg(6).
a) Karen (dp.1790.1803
?).
Kanskje død som legdslem i Emblems-vågen 1803, 13 år
gamal.
b) Endre Johannes (dp.1792-1815) døydde i Ramsvika, 22 år gamal.
c) Elias Severin
Rasmus (
dp. 1831-1921) gifta seg i 1860 med Ragnilde Johannesd. Longvastøyl, brukar
Blindheim(9).
Sonen Bernt Andreas Halvorsen Ramsvik(2) (1816-1880) tok over plassen etter far sin 1841, og
dreiv den til 1877. Han gifta seg 1842 med Oline Petrine Berntsdotter Blomvik(2) (dp.1813-1895).
Bernt bygde hus mellom huset, som står i dag, og løa.
a) Marie Dorthea
Henrikke (
1847-1907) gifta seg i 1875 med
(Hans) Jørgen Steffensen Blindheimsnes(2),
brukar Sirigarden, Nedregotten(3). Sjå meir om dei der.
b) (Johan) Edvard (1850-1934) tok over bruket.
c) (Agnette) Birgitte (1853-1936) var ugift. Ho var «husbestyrer» og budeie i Kolvika i 1910. Birgitte døydde
som fattiglem på gamleheimen.
Sonen (Johan) Edvard Berntsen Ramsvik(2) (1850-1934) tok over plassen og kjøpte den til sjølveige.
Han kjøpte først halvparten, uten hus, 1876 frå Ole Hansen Mydske d.y. for 98 speciedaler. I 1880
kjøpte han resten for 560 kroner, frå arvingane i Sykkylven. Edvard gifta seg 1877 med Karen
Olsdotter Kongshaug(1) (1845-1928). Dei fekk seks born, men berre tre levde opp. Han kjøpte attåt
ein del utmark etter utskiftinga i 1912, og hadde også kvern mot sjøen. Dei levde primært av fiske og
tørka klippfisk på berga, som vart eksportert til Spania. Det er fortalt at familien i Ramsvika kunne
«Fader vår» på spansk. Edvard var notbas og eigde både åttring og seksrøring. Han var så høgrøysta,
at ein kunne høyre han over heile Vågane. Naustet i Ramsvika kom frå Stordalsholmen.
a) Oline Petrine (1878-1966) gifta seg i 1907 med snikkar Ole Severin Brevik, busett Kolvik(9+10) i
1910. Budde i huset vest for realskulen. Ho var tvilling.
b) Bertine Olave (1878-1947) var ugift og tjenestejente heime i 1910. Døydde på Borgund
gamleheim. Ho var tvilling.
c) Hans Gabriel (1880-1951) tok over bruket.
d) N.N. (1887-1887) var tvilling, registrert som dødfødd.
e) Gut (1887-1887) var tvilling, registrert som dødfødd.
f) Gut (1889-1889) dødfødd.
Sonen Hans Gabriel Ramsvik (1880-1951) var snikkar. Han gifta seg 1913 med Marie Sofie
Henriette Johansdotter Emblem(8) (1879-1963), frå Ebbegarden, Emblem(8). Dei fekk skøyte på
bruket 1934. Hans braut opp jorda, slik garden framstod før utbygginga til byggefelt. Han fann då
fleire gjenstandar frå steinalderen. Dei vart sendt til Bergen Museum. Han bygde mange av løene i
området og mange sjøbuer i Ålesund. Rønnebergbua og Sliningsbua var to av dei. Han bygde også
fabrikken til naboen Rolf Ekornåsvåg, og var kjent for å lage gode trapper. Hans bygde arka på huset
til
Knut Laurits Akslen på Vestrem. Dottera, Ester Ramsvik, fortalde at ho gjekk med mat frå
Ramsvika til far sin i denne byggeperioden. Vintrane arbeidde han ofte for Ødegård Kaosseri. Han
var ein humoristisk mann. Ein gong tok han middagskvilen i ei kiste, som dei bygde der.
a) Ester Karen (1913-2008) gifta seg i 1945 med Viggo Bergerud, busett Terråk i Bindal kommune.
b) Johanne (1915-1956) gifta seg i 1944 med Erling Hole(2), brukar Hole(2) Geiranger.
c) Kirsten (1918-1979) gifta seg i 1947 med Kåre Olav Søvik. Dei er foreldra til Kirsti
Marie, som gifta seg med Kjell Østrem på Veahaugen, Østremsreit(4) i 1968.
d) Bjarne Nils (1921-1990) tok over bruket.
e) Oddvar Martin (1925-1993) gifta seg i 1951 med Laura Karoline Akslen, Øvste-Aksla. Han var
snikkar. Dei bygde seg hus på tomt frå Øvste-Aksla. Oddvar var
ein av stiftarane av musikklaget Gjallarhorn i 1954. I tillegg
var han aktiv idrettsmann i fleire greiner, og ein trufast slitar,
som arbeidde utallige timar gratis for idrettslaget i bygda. Han
var også den første kveldsvakta på Emblem skule på sine eldre
dagar.
Sonen Bjarne Nils Ramsvik(2) (1921-1990), var snikkar og englandsfarar. Han drog til Shetland med
«Erkna» i 1941. Bjarne var flymaskinist og skyttar ombord på Sunderland- og Catalinafly på
ubåtjakt, under den andre verdskrigen. Han fekk utdanninga si ved «Little Norway» i Canada, og
hadde i tillegg 100 timar som pilot. Han var etter krigen stasjonert på Sola fram til 1951, men måtte
reise heim att for å hjelpe mor si då faren gjekk bort. Bjarne gifta seg 1956 med
Elise Karoline
Akslen, Østrem(6) (1935-2015). Dei fekk skøyte på hennar farsgard, Vestrem, Østrem(6), for 8000
kroner, og tok over 1958. I 1961 fekk dei i tillegg skøyte på Ramsvika frå mor til Bjarne,
Marie Sofie Henriette Ramsvik (f. Emblem), frå Ebbegarden. Bjarne og Elise dreiv Vestrem i 18 år,
og budde delar av sommaren i Ramsvika for å ta slåtten der også. Gardsdrifta vart lagt ned på midten
av 1970-talet. I 1976 flytte dei til Ramsvika. Der starta dei å selge tomter til hytter, og seinare hus.
Området frå Ramsvika til Magerholm vart eit populært område å bygge seg hytte like før krigen. I
dei seinare tiåra har hytter vorte omregulerte til hustomter. Fortettinga av områda sør for bilvegen
mot Magerholm, med byggefelt, har ført til at Emblemsbygda har endra seg frå bygd til ein stadig
meir urban bydel. Det har også ført til utbygging av fleire arbeidsplassar og meir infrastruktur.
a) Berit Karin (f.1956) budde på Vestrem, Østrem(6), til ho fekk delt frå hustomt på
slektsgarden i Ramsvika 1984 og bygde hus der i 1985.
Sonen,
Bernt Endre Ramsvik, kjøpte i 2011 Framigar,
Eikenosøydegard(3). Sjå meir om han der.
b) Hallgeir (f.1958) tok over bruket, på papiret.
c) Jan Magne (f.1960) busett i Ramsvika.
d) Knut Arne (f.1965) tok seinare over bruket på Vestrem, Østrem(6). Sjå meir om han der.
Sonen Hallgeir Ramsvik(2) (1958) er i offisielle dokument registrert som dagens grunneigar, men
eigentleg den som tok på seg å selge ut tomtene på garden for søskena sine. Han gifta seg 2013 med
Kari Breivik (f.1956). Garden er no ferdig oppstykka som byggefelt. Dei er busett i Ramsvika.
a) Mona (f.1974) er forlova med Osmud Sollie, busett Nedregotten.
b) Stephan (f.1986) er sambuar med Janna Espenakk Struck, busett i Ramsvika.