FLISHOLMEN

Sofie Kristine Flisholm (1888-1985) fekk ta utdanning i Ulsteinvik 1910. Ho er registrert der med eiga hushaldning i folketellinga. Ho vart første formann i Bjåstaddalen Meieri, og flytte vidare til Ålesund der ho dreiv kafé ved giftermålet i 1932. Det samme året gifte ho seg med enkemannen Ole Karl Nikolaisen Dybvik(9). Dei er gravlagde i Langevågen. Biletet er signert Johannes Sponland 1911, og tilhøyrer Aalesunds Museum med arkivref.: AM-95003.016540
Sofie Kristine Flisholm (1888-1985) fekk ta utdanning i Ulsteinvik 1910. Ho er registrert der med eiga hushaldning i folketellinga. Ho vart første formann i Bjåstaddalen Meieri, og flytte vidare til Ålesund der ho dreiv kafé ved giftermålet i 1932. Det samme året gifte ho seg med enkemannen Ole Karl Nikolaisen Dybvik(9). Dei er gravlagde i Langevågen. Biletet er signert Johannes Sponland 1911, og tilhøyrer Aalesunds Museum med arkivref.: AM-95003.016540
Lars Peder Thorvald Flisholm (f.1895)
Lars Peder Thorvald Flisholm (f.1895)

Holmen ligg ved den ytterste pynten på Flisneset. Her er det god naudhamn for den som får behov for det. Flisfjorden er nemleg eit uberekneleg fjordstykke, der fleire fjordarmar møtest. Det kan raskt blåse opp når det er vestavind, og dei sterke straumane er godt synlege frå Emblemsfjellet. Namnet Flisfjorden var godt kjent, sjølv utanfor vårt eige fylke, i tidlegare tider. 

Fjorden og båten var tidlegare det vanlegaste framkomstmiddelet. Soleis var ikkje Flisholmen avsides og vanskeleg å nå, men låg derimot lagleg til, midt i ferdselsåra. Frå mellomalderen kjenner ein til fleire slike holmar og øyer som, i tillegg til å vere gode naud-hamner, har vore maktsentrum. Giske og Veøya er to slike eksempel. På slutten av 1800-talet vart Flisholmen nemnd i diskusjonen om kvar slaget ved Hjørungavåg skal ha stått. For moro skuld kan ein nemne at der var dei som meinte at Flisholm kunne vere staden kvar overlevande jomsvikingar vart halshogde etterpå. Ein som seinare var overbevist om dette, og meinte at slaget stod nærare Flisnes  og munningen til Hjørundfjorden, var handelsmann og oldtidsgranskar Anthon Lerheim. Han var med på fleire av utgravingane i dette området. Samlinga hans inkluderte både flint og avslag frå Flisnes, og det var han som fann røysa på Flisholmen. Seinare har nok ikkje Flisholmen og sagatida vore diskutert like intenst etter avisreportasjene i 1940-åra. Det bør nemnast at faghistorikarane var ueinige i denne påstanden, men at der har vore busetnad i området på den tida, er få uenige i.

 Kombinasjonen av plassering, og uberekneleg fjord, vart ideelt. Sjølv sambygdingar innanfor Flisnes hadde behov for å søke ly her, og det var mange som passerte holmen på veg til anten kirka, handelsmannen, fiske i Borgundfjorden eller utror på havet. Det ser ut til at dei første som slo seg ned her, etter Svartdauden, kom mot slutten av 1600-talet. Tida før det veit ein ikkje mykje om, men det er truleg denne holmen som har gjeve Flisnes namnet sitt. Det kan stamme frå gammalnorsk og tydde nok det samme, den gongen som no. Liknande stadnamn har ein fleire av frå mellomalderen. Ei gravrøys er registrert på høgste punktet på Flisholmen, men den var utkasta i midten og tømt for innhald. Der er fleire gravhaugar på Flisnes, og spor frå steinalderen i vikene like ved, som i Skylehammaren. Der kan soleis ha vore folk innom Flisholmen i dei aller eldste tidene, og kanskje ei busetnad av reisande fangstfolk i sommarhalvåret også. Frå 1770-åra vart det starta opp handel og gjestgiveri på Flisholmen. Då var nærmaste handelsmannen i Vegsundet, og nærmaste skysstasjon i Emblemsbygda låg heilt inne på Magerholm. Handelen varte i omtrent 70 år, før Flisholmen vart liggjande øyde og ubebudd igjen.

EIGARANE

Flisholmen har før 1771 hatt dei same eigarane som Flisnes. I begynnelsen av 1600-talet var Flisholmen ein del av «Margreta-prebendet». Seinare var det dei same eigarane her, som på den minste gardparten av matrikkelgarden Emblem. Dette var Norges statthaldar og greve, Hannibal Schested, før holmen vart del av Giskegodset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup vart dei neste eigarane. Etter dei fekk Flisholm og Flisnes andre eigarar enn Emblem igjen. 1758 kjøpte Ivar Høegh Flisneset, og i 1771 fekk Hans Pettersen Høegh kjøpe holmen. Sjå meir om dei seinare eigarane i teksten om brukarane.

BRUKARANE

 1)  Ole Larsson (ca.1639-1728) skal ha blitt heile 100 år gamal, i følge kirkeboka. Det stemmer nok  ikkje heilt. Han er den første ein kjenner til, som budde her frå om lag 1690. Saman med kona Beate  Kristensdotter (ca.1644-1723) skal han ha rydda plassen på holmen. I 1701-teljinga, kan ein lesa at  han var «bødtker», eller tønnemakar. Plassen låg dermed lagleg til, og så å seie midt i fiskefeltet, der  fleire fjordarmar møtes. Vegen var ikkje lang til handelsmannen i Vegsund, som også tok imot fisk  som betaling. Fjordfolket drog forbi Flisholmen på veg utover fjorden. Dei tok seg pause her, om  véret var utrygt. Emblemsbygdarane hadde også alternative stadar å legge kyrkjebåtane, om dei vart  overraska av uvér på veg heim frå kyrkja i Borgund, men det var lenger vest, slik at dei kunne gå  heim att. Ole og Beate overlot plassen til sonen.

a) Eli (ca.1664-1754) døydde som enke på Emblem.

b) Lars (f.ca.1677). Tenar for Olle Person på Godøya 1701 og «er marin». Ikkje nemnd i arveskiftet 1755.

c) Ole (ca.1681-1703) var 1701 tenar på Humblen. Han drukna.

d) Anne (ca.1689-1703) Døydde 14 år og 7 veker gamal, berre nokre dagar etter broren.

e) Christen (f.ca.1689) var 1701 tenar på Hatlen. Nemnd som død ved arveskiftet 1755.

f) Bjørn (ca.1691-1751) Tok over bruket.

2) Sonen Bjørn Olsen Flisholm (ca.1691-1751) vart innrullert i marinen 1704. Han deltok truleg i  byrjinga av «Den Store Nordiske krig», men kom heim og var brukar frå 1710 til 1750. Bjørn gifta  seg med Ragnhild Jensdotter (ca.1679-1757).

a) Ole (dp.1712-1772) var brukar på Blindheimsnes(1).

b) Marthe (1722-1793). Først 1742 g.m. Lars Peders. Lille Nørve(4), 2) 1752 g.m. Knut Tors. Kolvik, 3) 1772 g.m. Iver Peders. Gåseid, brukarar Toregarden, Lille Nørve(4).

3) Paal Arneson Nørve (ca.1715-1766) gifta seg med Maren Peterdotter Høegh i Skuggen (1719-1783).  Han klarte seg bra, og dreiv nok mest med fiske. I arveskiftet etter Paal er der nemnd ku og sau.  Stova hadde kakkelomn og sval, taksert til 32 riksdaler. Naustet var av tømmer, og han hadde  sengebu, fjøs, sildehus og løe. Sommarfjøsen stod truleg på fastlandet, og han hadde både færing og  kjempefæring. Paal hadde på den tida nok beite i utmarka til Emblemsbygda.

a) Arent (dp.1751-1805) var brukar Slinning(10).

b) Aleth Christine (dp.1754-1834) 1784 g.m. Hans Amunds. Myren, Ålesund. Busett Olsplass,  Ålesund 1801.

c) Helene (dp.1757) er Ikkje nemnd i arveskiftet 1766.

4) Broren Hans Peterson Høegh (1720-1777) kom frå handelstaden Skuggen ved Nørvasundet. Han  gifta seg 1750 med Aleth Endresdotter Slettedal(1) (ca.1728-1753), som vart fødd på Frøland(N,2) i  Hjørundfjorden. Dei budde først frå 1750 på bnr. 5 på Sunde, før dei kom til Flisholmen og bygsla  halve holmen i 1756. Aleth døydde før den tid. Hans var bror til   Maren, som budde her  samtidig. Han tok over heile holmen, når svogeren døydde, og kjøpte plassen 1771. I 1753 gifta Hans  Peter seg opp att med Guri Jacobsdotter Myrhol(1) (ca.1722-1787). Dei budde her ikkje særleg  lenge. Hans selde Flisholmen for 165 riksdaler i 1775 og flytta til Ystebøen, Emblem(5). Sjå brukar  der. Han døydde på Ystebøen 1777. Guri gifta seg opp att 1779, med Endre Jetmunds.  Holen(3) (dp.1743-1790) og fortsette å drive bruket på Ystebøen. Garden var den gongen del av  klyngetunet til matrikkelgarden Emblem, og låg kanskje nedanfor staden der Auregarden har tunet  sitt i dag.

a) Petter (dp.1750-1750) er fødd på Sunde, døydde 8 veker gamal.

b) Petter (dp.1751) vart Ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.

c) Jacob (dp.1754) er fødd på Sunde. Ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.

d) Albert (dp.1756) er fødd Flisholm. Ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.

e) Karen Christine (dp.1757-1777) var ugift, og fødd på Flisholm.

f) Aleth (dp.1762-1826 1788) g.m. Ole Larss. Emblem(1?), brukar Mattisgarden,  Østrem(1).

5) Jakob Sivertsen Klokk(ca) (1736-1790) hadde flytta hit året før han kjøpte holmen. Han gifta seg  1773 med Charlotte Juliane Arensborg (1749-1801) i Danmark, og starta opp «en ringe handel med  brendevin og øl». Futen skreiv 1785 at handelstaden var «ei ubekvemt, da en haard fjord ofte  foraarsager at de reisende her må søge herberge og pleie. Men naar eieren af Vegsund som er er  langt fraliggende, fremdeles er i standt til at fuldføre den handel som her udkreves, kunde dette sted  ei aldeles fornødiges». Handelsmannen Mechlenburg hadde no merka konkurransen og Jakob gjorde  det godt. I 1887 hadde han 7 tjenestefolk, og pantsette 1786 Flisholmen og Humlekalven for gjeld til  Brochmann i Bergen, på 1000 riksdaler. Han greidde å betale attende alt. Dei klarte også å fore 8 kyr.  Enka dreiv handelen ei tid etter at Jakob gjekk bort 1790. Ho gifta seg på nytt med handelsmann, og  jekte-skipper, Jens Knudson Vinje (dp.1751-1824) i Tusvika. Jens selde Flisholm vidare til neste  brukar. Ein veit ikkje av nokon biologiske born etter dei.

a) Erik (f.1775) var fosterson.

6) Ingebrigt Jonsen Viken(64d) (dp.1749-1828) gifta seg 1779, med enka Laurentze Siversdotter  Kilsti(214b) (dp.1750-1826), som var gift til bruk nummer 2 og 3 på Muri i Valldal. Dei fortsette å

drive Muri ei tid, før dei i 1793 kjøpte Flisholmen av handelsmann Jens Vinje, i Tusvika, for 910  riksdaler. Skøytet vart tinglest det neste året. Vinje var gift med enka etter forrige brukar og dreiv  handel i Tusvika. Han hadde i tillegg dreve Flisholmen i tre år, før han selde. 1801 vart Ingebrigt  omtala som: «Priveligeret gjæstgiver», og i 1811 fekk han bygd seg ei jekt på 16 læster. Jekta vart  seinare bygd om til bomseglar. I dagens vekteining tilsvarar det 32 tonn. 1814 overlet Ingebrigt og  Laurentze Flisholmen til svigersonen, Elling, for 600 riksdaler. 

Det er mogeleg at salget vart bestemt allereie året i forvegen, for folkeminnegranskaren Peder  Fylling skreiv i boka «Folkesagn samlede af Peder Fylling, Anden Del», frå 1877, at morfaren hans

vart kalla inn til krigsteneste saman med Ingebrigt Flisholm. Dei skulle sendast til Danmark, via  Bergen, i 1813, for å bemanne dei resterande krigskipa til Danmark-Norge. Ein mangla nemleg

mannskap og båtar, etter at England hadde tatt mykje av flåten ved «flåteranet» i 1807. Mange år  med krig, hadde også ført til at der vart færre å rekruttere. Ingebrigt var på denne tida om lag 63 år,  og beordringa vart rekna som den sikre død. Der var dei som gav tilbod om det beste dei hadde - til  og med det dyrebare kornet, for å sleppe krigsteneste for seg eller sine. Knud Mørkeset hadde fått  oppdraget med å føre alle dei utkommanderte til Bergen. Det vert fortalt at han berga Ingebrigt frå  militærtjeneste, ved å la han spele så halvgal, at krigskommissæren ikkje våga å gje han krutt og  våpen. Knud skulle derfor føre han trygt heim att og sjå til at Ingebrigt ikkje skada nokon på vegen. 

Om historia stemmer, så ville det nok sjå underleg ut om han tok opp att handelen på Flisholmen.  Den nye handelsmannen, svigersonen Elling, døydde allereie 1821 og dødsbuet etter han vart  avslutta med ein auksjon på heile Flisholmen i desember 1824. Då kjøpte enka etter han, dotter til  Ingebrigt, eigedommen. To år etter kjøpte så Ingebrigt holmen og husa attende frå henne (sjå også  neste brukar). Det kan verke som om verdien på eigedommen gjekk ned frå 1814 til 1826, men det  kan også skuldast at varene var høgare taksert i dei vanskelege tidene fram til 1814. Når Laurentze  døydde i 1826, vart alle hus på holmen registrerte og takserte ved arveskiftet etter henne. Ein finn då  følgande hus på Flisholmen: Ny stove (70 spd.), gammal raudmåla stove (50 spd.), sjøbu (40 spd.),  krambu (14 spd.), stabbur (40 spd.) løe (12 spd.), fjøs (3 spd.), eldhus (6 spd.), smie (7 spd.),  vedskjul 82 spd.), tømmernaust (14 spd.), jektenaust (40 spd.). I stornaustet var det sett inn eit  sluppfarty, som buet eigde 3/4 av. Det var verdsett til 337 speciedaler. Det var med andre ord mange  hus ute på holmen den gongen. På skifteauksjonen etter Ingebrigt, i 1828, kjøpte Ole Olsen  Devold Flisholmen. Sjå meir om han lenger bak i denne boka, som seinare brukar.

a) Eli (1764-1840) vart 1789 g.m. Hans Hanss. Omneås(45e), nemnd som husmann u/  jord på garden Berdal, Norddal 1801.

b) Synneve (f.1766) Konfirmert 1784.

c) Lars Jacobs. (1769-1843) var Laurentze sin son. Tok over Muri(3) etter foreldra 1774.

d) Iver (1772-1772). Døydde i første leveår.

e) Laurentze (1773-1773). Døydde i første leveår.

f) Gulau (1775-1811) vart 1798 g.m. Siver Jetmundsen Veibust(5), brukar Veibust(5).

g) Cicilia (1778-1812) fekk 1804 dottera Gulau med Arne Ingebrigts.Tafjord(612).  Ho var Laurentse si yngste dotter med Jakob Muri.

h) Elen Helene (1780-1850) vart 1804 g.m. Ole Christens. Vatnehol, Vatne(10), brukar  Vatne(10). Ingebrigt sitt eldste born med Laurentze.

i) Jacob (ca.1781-1862) 1810 g.m. Elen Andersd. Veibust, brukar Veibust(1) (1809- 1831). Fekk sonen, Knut, 1805 med Gunnild Williksd.  Kvasnes. Dei gifta seg ikkje. Ho gifta seg 1815 med Ole

Pauls. «Egsæt nu Birkevaag».

j) N.N. (1784-1784). Døydde i første leveår.

k) Johanne (1786-1836) tok over bruket.

7) Svigersonen Elling Olson Finnes(4) (1787-1821) , frå Hjørundfjorden, var nemnd som soldat 1813.  Han gifta seg 1814, med «Mademoiselle» Johanne Ingebrigtsdotter «Muri, nu Flisholm» (1786-1836) og  tok våren 1814 over holmen, husa og handelen, for 600 riksdaler. Elling betalte 10 speciedaler i  sølvskatt 1816, medan svigerfaren, og kårmann på Flisholmen, måtte ut med 15. Når Elling døydde,  kun 36 år gamal, vart buet taksert til 1055 speciedaler. Sjølve holmen vart verdsett til 469 speciedaler,  men enka Johanne fekk tilslaget for berre 300 på skifteauksjonen. Ho overlot holmen, med husa og  jorda, til far sin i 1826 for 188 speciedaler. Johanne hadde då dreve holmen om lag to år, uten å gifte  seg opp att. Ho «omkom på søen» 19. februar 1836. Den samme dagen møtte også 62 år gamle  Arne Olesen Østremsø samme skjebne. Ein kan tenke seg at der enten kom ruskevevêr, eller kanskje  dei kan ha vore i den samme båten? Arne tok nok på seg transportoppdrag, for han var nemleg  husmann uten noko jord å leve av. Han var siste brukar i ei av dei små fjordstovene ved nausta til  Østrem, lenger aust i bygda. Han levde derfor av fiske, båten sin, og det han ellers kunne tene.  Mademoisellen på holmen vart berre 50 år gamal.

a) Laurentze Birgitte (1815-1815) døydde 1/2 år gamal.

b) Ingebrigt (1818-1842) fekk dottera, Endte Marie 1840 med Oline Johanne Povelsd.  Solnørdal(1). Dødsfallet vart omtala i «Bergens Stiftstidende»  14/4.1842. Dei gifte seg ikkje. Oline vart 1842 g.m.  matros Ole G. B. Flisnes(1), 2 mnd. etter Ingebrigt døydde.  Oline og Ole busett på Giske.

c) Laurentze Birgithe (1819-1899) 1) 1859 g.m. Peter Andreas Steners. Ulvestad(10), brukar  Vatnehol(1). 2) 1879 g.m. Elias Daniel Rasmussen  Vatnehol(1), brukar Vatne(2). Ho flytta våren 1840 til Eidsvik,  Vatne, for å tene. Fekk 1862 sonen Ole Vatne .

d) Diana Olina (f.1821) Vart introdusert som dotter av «afgangne Elling».

8) Ole Olson Devold (1800-1860) , frå Grytten i Romsdal, kjøpte Flisholmen på skifteauksjon etter  Ingebrigt 1828. Han var bror til Nils Devold, som starta fargeri i Ålesund, og som etablerte Devoldfabrikken  i Langevåg. Ole vart gift 1828 med Ane Severine Larsdotter Nore (dp.1811) i Borgund. Ho  var dotter til Lars Nore i Djupvika, der Ole budde først. Dei flytta til Flisholmen, men det ser ikkje ut  til at handelen gjekk like godt lenger. Gjelda auka på, så Ole selde holmen for 500 speciedaler til  broren, Nils Devold og flytta til Ålesund i 1845. Nils var eigar av holmen til 1860.

a) Ole Lauritz (1829-1829) døydde 10 veker gamal på Flisholmen.

b) Ole Lauritz Nore (f.1830) vart 1852 g.m. Andrine Christine Hansd. Widerø, busett Ålesund.  Fløttmann 1865, og fattig-understøtta 1875.

c) Ingeborg Birgitte (1834-1837) døydde 3 år gammal.

d) Andreas  Christopher (1835-1881) vart 1861 g.m.  Jørgine Bernhardine Hansd. Brudevold, Ålesund.  Var då bakarsvenn, busett i Skaret, Ålesund. Flytte til Langevåg  ca.1871. Arbeidde som spinnar på Devoldfabrikken. Fødd på  Flisholm.

e) Johan (1839-1839). Døydde 1 dag gamal.

f) Nikoline Margrete (1840-1840) døydde av kopper 3 veker gamal.

g) Ingeborg Birgitte (f.1841) var ugift. husbestyrer i 1910 for «overretsakfører» P. A. Devold.

h) Olaus Martines (f.1844) var ugift repslagarbeider i Ålesund 1865. Då busett hos mora.

Flisholmen låg øyde i nesten 40 år etter Ole. Konsul Rasmus Gerhard Rønneberg (1822-1884) hadde kjøpt holmen i 1862, og var framleis eigar i  1881, når 9) Frantz Edvard Pedersen Frøland(F,1) (f.1853) og  kona Jørgine Steffensdotter Mo(3) (f.1851) kom til Flisholmen. Dei hadde meldt flytting frå Hjørundfjorden,  men lukka vart kortvarig. I mai 1882 vart Frantz sett inn i botsfengselet i Kristiania, for å  sone 8 måneder for dokumentfalsk mot Volda Sparebank. At han vart sett inn før slåttonna, med ei  kone og ein nyfødt son heime, var langt frå nokon ideell situasjon. Slikt vart det nok folkesnakk av i  tillegg. Det kan ha påverka beslutninga om å flytte frå holmen, om lag eit år etter at Frantz vart ein fri  mann att. Ei anna årsak kan ha vore at dei ikkje fekk fornya bygsel, eller at dei ikkje hadde råd til å bu

der lenger. Dei hadde gifta seg i Ålesund 1880, og no flytte dei attende dit. I følge innflytterattesten til  Ålesund, så var det i 1887, men då hadde dei allereie fått ein son, som vart fødd i Ålesund så tidleg  som i 1885. Frantz livnærte seg seinare som fiskar. Etter kvart kom familien seg over den økonomiske  kneika. 1902 hadde dei til og med eige hus i Fjellgata. 1904 vart Frantz nemnd som tømmermann, og  det ser ut til at han bytta mellom å drive som fisker og snikkar, truleg etter kva som lønte seg mest.  Etter bybrannen vart det byggeboom i byen, og det gav pengar i kassa. I følge branntaksten, vart også  Frantz sitt hus brannskadd. Nytt hus vart forsikra i fjellgata 7 i 1904.

a) Peder Ragnvald (1880-1941) vart 1914 g.m. Emma Sofie Olsson, Sverige i Philadelphia USA.  Maskinmester på «d/s Borgund». Båten vart beskoten av tyske  fly i fjøresteinane ved Flisnes og beordra til England med tyske  krigsfangar mai 1940. Seinare del av «Nortraship». Forsvann  mellom Island og Skottland. Truleg senka av tyske fly.

b) Steffen Nikolai (f.1882) vart fødd på Flisholmen. Nemnd 1945, og kanskje død i Chicago.  Søkte amerikansk statsborgerskap i Minnesota. Arbeidde som  bonde og mudderpramarbeider.

c) Iver Andreas  Britanus ( f.1884) vart 1905 g.m. Betzy Kaspara Grønningsæter, Ålesund. Til USA  1907, søkte seinare stats-borgerskap i Oregon. Betzy kom etter  til Amerika 1910. Nemnd der i brorens dødsannonse i 1945.

d) Peter Olai (1885-1890) døydde i Ålesund, 4 år gamal.

e) Fredrik Andreas (1887-1906) var ugift. Fyrbøtar. Døydde som «forbrændt i Maskinen».

f) Inga Sofie Ragna (1889-1974). G.m. Knut Aleksander Løvmo frå Nærøy, busett Ålesund.

g) Peter Olai (1892-1959?) Er nemnd som «for tiden i USA» 1945. Kanskje død i Alberta,  Canada.

Ei tid budde 10) Knud Simonsen Hole(2) (1843-1910), frå Hjørundfjorden, også her. Han hadde  først flytta til Emblem og var første sjølveigaren på plassen Tryggeset, bnr. 6, under Nedregotten i  1870, men det enda med tvangsauksjon i 1884. Familien måtte derfor flytte til Flisholmen. Det vert  fortalt at bygdefolket bidrog økonomisk, slik at dei kunne flytte attende med nytt bygselsbrev i handa  1890. Då gjekk det betre med dei. Sjå meir om Knud og resten av familien hans der. I hans tid eigde  grosserer Carl E. Rønneberg eigde holmen. Den vart seld ut av Rønnebergslekta, til Ole Severin  Larsen Madvig, for 1970 kroner i 1889. Du kan lesa meir om han og familien hans på bruket Tryggeset under matrikkelgarden Nedregotten.

1891 kom 11) Lars Peter Olsen Matvik(1) (1849-1894), frå Sunnylven, til Flisholmen med 4 born og ei  gravid kone. Ho heitte Eli Sølfestdotter Hauge(1) (1857-1931). Dei hadde gifta seg 1881, og budde  tidlegare i Matvika, på Furneset, samt fleire andre stadar, før dei kom til Flisholmen. Dei budde i  starten ute på sjølve holmen, men det vart for tungvint og skulevegen til borna var for farleg. Dei la  derfor til eit utmarkstykke på Flisnes, og rydda seg ny plass ved «Olsvika». Tunet låg først litt lenger  aust, under ein hammer. Det vart seinare flytta lenger vest og fekk gardsnamnet «Havnevik», og  buksnummer 2, under Flisholmen. Lars arbeidde som steinarbeidar i tillegg til gardsdrifta. Han  døydde av mage-krampe første juledag, berre 50 år gamal. Før 1900 flytta enka Eli og borna frå  garden. I 1900-teljinga er Eli registrert på husmanns-plassen Åsenes, i Sunnylven, hos Ole Iver og  Brit R. Åsenes, men arbeidde som «arbeiderske husgjerning» i Ålesund. Ho døydde 1931 på  Hellesylt. 1900 fekk Flisholmen og Havnevika nye eigarar. Eldstesonen, Ole Severin Larsen Matvik,  hadde arva bruket, men var enda ikkje myndig. Verge, Thore Hauge, selde då garden til

Steffen Johannes Ellingsen (Emblem) Kvasnes (f.1845) og Hans Rasmus Rasmusson Solevågseide,  for 2150 kroner. Dei nytta holmen som tilleggsjord og litt fisketørking. Havnevika på Flisnes vart i  deira tid seld vidare og skylddelt til bnr. 2 i 1902. Kjøparen var naboen  Peter Andreas  Ivers. Furholm, Eikenosvåg(3). I 1923 fekk Hans Rasmus Rasmusson Solevågseide skylddelt sin  halvpart av Flisholmen til bruksnummer 3, under namnet «Indholm». Frå no av var matrikkelgarden  Flisholmen delt i tre ulike bruksnummer.

a) Ole Severin (f.1882) arva Flisholmen, men vergen selde den 1900. Drog til  Amerika 1904. Busett Alderwood Manor, Washington, iflg.  mønstringskortet frå 1942. Usikkert om han overlevde krigen.

b) Marie (1883-1903) var ugift tenestejente. Ved konfirmasjonen i 1898, busett på  Åseneset. Foreldra var registrerte i Matvika. Døydde av tyfus i  Ålesund.

c) Ingeborg Eline (f.1886) 1904 g.m. Peder Marius Helseth(3), Ålesund. Drog til  Amerika. Registrert i Minneapolis ved dåpen til sonen Peder  Johan i 1904. Ho skifte namn til Inga, og døydde mellom 1910  og 1930. Busett i Minnesota.

d) Sofie Kristine (1888-1985) vart 1932 g.m. enkem. Ole Karl Nicolaisen Dybvik(9), gravlagd  Langevåg. Var skuleelev i Ulsteinvik 1910, med ekstrahusholdning.  Første «formann» i «Bjåstaddalen Meieri»  1916. Dreiv kafé i Ålesund 1932. Gravlagd i Langevåg.

e) Gustava Olivia  Severine ( 1891-1972) vart 1919 g.m. salmaker Ingvald Peder Endre Skuggen, busett  Ålesund. Fosterdotter og ysterske på husmannspl. Hauge(2),  hos Olaus Eliass. Øie og kona Ivrine i Sunnylven 1910. Gjekk  i lære som syerske.

f) Thorvald (1893-1893) Døydde truleg av bronkitt.

g) Lars Peder  Torvald ( 1895-1922) Busett på husmannsplassen Åsenes i Sunnylven 1900, medan  mora arbeidde i Ålesund. Busett på Hauge(2) ved  konfirmasjonen 1909. Gjetar på Blomberg 1910. Døydde på Haukås Pleieheim i Ørskog.

Flisholmen kom etter kvart over på andre hender. I 1913 kom 12) Hans Magnus Hansson Aakernes (1884-1970) frå Midt-Åkerneset, og busette seg i Steffågarden, bnr. 2 på Kvasnes, Sula. I panteregisteret  kan ein finne at Hans Magnus hadde kjøpt både Steffågarden, og halve Flisholmen, mot å  gje kår til Steffen Johannes Ellingsen (Emblem) Kvasnes (f.1845). Steffen var medeigar på  Flisholmen frå 1900, saman med Hans Rasmus Rasmusson Solevågseide. Hans gifta seg 1908 med  Olivia Olsdotter Ljøen (1880-1916). Ho hadde spesialisert seg på å sy kvinneklede, før dei kom til  Flisholmen. Ho døydde av blindtarmbetennelse. Hans gifta seg i 1917 opp att med Jensine (Sina)  Johanne Lauritsdotter Aakernes (1890-1982), frå Reitehaugen. Sommaren 1924 vart det halde  skylddelingsforretning, og grensa mellom dei to eigarane vart avklart. Hans sin del fortsette å vere  bruksnummer 1, medan 13) Ivar Solevågseide sin del fekk bruksnummer 3. Løa på holmen delte  dei slik at Hans fekk den vestlege delen og Ivar den austlege. Det betyr nok at begge eigarane slo  gras på holmen. Dei dreiv også med litt fisketørking. Det kan sjå ut som om laksevarpet allereie var  lagt ned. Løa stod framleis i 1961. I 1971 fekk Jensine grunnbokshjemmel på halve Flisholmen, med  bruksnummer 1. Ho gav eigedommen videre til borna etter ektemannen, og hans første kone, Olivia,  det samme året. Dei fekk 1/4 av holmen som forskot på arv. Harald tok også over garden på Kvasnes.  Holmen vart på deira tid eit populært friluftsområde.

a) Ingrid (1908-1986) vart 1937 g.m. Olav Sigvald Ramnefjell, Nord-Vågsøy, busett  Veibuststranda, Sula.

b) Pernille Emilie (1910-1998) var ugift. Gravlagd saman med foreldra.

c) Harald (1912-1986) vart 1936 g.m. Margit Vegsund frå Vegsundet. Tok over garden  på Kvasnes.

d) Ola (1915-1994) 1950 g.m. Ingrid Ødegård, busett på Blindheim.

Sjå meir om brukarane på Flisholmen under bruk 2, Havnevika og buk 3 Flisholm/ Indholm her på www.emblemsbygda.com