FLISHOLMEN

Flisholmen og Flisfjorden. Foto: Ragnar Øverlid for Borgund og Giske bygdeboknemnd. Dagens eigar er Stiftinga Sunnmøre Museum

Holmen ligg ved ytterste pynten av Flisneset. Her er det god naudhamn for den som får behov for det. Flisfjorden er nemleg eit uberekneleg fjordstykke der fleire fjordarmar møtest. Det kan raskt blåse opp når det er vestavind og dei sterke straumane er godt synlege frå Emblemsfjellet. 

Namnet Flisfjorden var godt kjent, sjølv utanfor vårt eige fylke i tidlegare tider. Då var fjorden og båten det vanlegaste framkomstmiddelet. Soleis var ikkje Flisholmen avsides og vanskeleg å nå, men låg derimot lagleg til midt i ferdselsåra. Frå mellomalderen kjenner ein fleire slike holmar og øyar som i tillegg har vore maktsentrum. Giske og Veøya er slike eksempel. På slutten av 1800-talet vart Flisholmen i del i diskusjonen om kvar «slaget ved Hjørungavåg» skal ha stått. For moro skuld kan ein nemne at der var dei som meinte at Flisholm kunne vere staden der overlevande jomsvikingar vart halshoggd etterpå. Ein som seinare var overbevist om dette og meinte at slaget stod nærare Flisnes og munningen til Hjørundfjorden, var handelsmann og oldtidsgranskar Anthon Lerheim. Han var med på fleire av utgravingane i dette området. Samlinga hans inkluderte både flint og avslag frå Flisneset og det var han som fann røysa på Flisholmen, men emnet om Flisholm og sagatida har nok ikkje vore diskutert sidan dei siste avisreportasjene i 1940-åra. Det bør nemnast at faghistorikarane var uenige i denne påstanden, men at der har vore busettnad i dette området på den tida, er nok ingen uenige i.

Dei første brukarane

Kombinasjonen av plassering og uberekneleg fjord vart soleis ideelt. Sjølv sambygdingar innanfor Flisneset hadde behov for å søke ly her og det var mange som passerte holmen på veg til anten kirka, handelsmannen, fiske i Borgundfjorden eller utror på havet. Det ser ut til at dei første som slo seg ned her etter Svartdauden kom mot slutten av 1600-talet. Tida før det veit ein ikkje mykje om, men det er truleg denne holmen som har gjeve Flisnes namnet sitt også. Det kan stamme frå gammalnorsk og betydde nok det samme den gongen som no. Liknande stadnamn har ein fleire av frå mellomalderen. Ei gravrøys er registrert på høgste punktet på Flisholmen, men den var utkasta i midten og tømt for innhald. Der er fleire gravhaugar på Flisneset og spor frå Steinalderen i vikane like ved og i Skyleham-maren i nærleiken. Der kan soleis ha vore folk innom Flisholmen i dei aller eldste tidene og kanskje ei busetning av reisande fangstfolk i sommarhalvåret også.

Handelstad

Frå 1770-åra vart det starta opp handel og gjestgiveri på Flisholmen. Då var nærmaste handelsmannen i Vegsundet og nærmaste skysstasjon i Emblemsbygda låg heilt inne på Magerholm. Handelen varte i omtrent 70 år, før Flisholmen vart liggande øyde og ubebudd igjen.  På slutten av 1800-talet fekk holmen på ny busetning ei tid. Ein av desse var 562 Knud Simonsen Hole(2) (1843-1910) frå Hjørundfjorden. Han hadde kjøpt husmannsplassen Tryggeset på Nedregotten lenger aust i Emblemsbygda, men i 1884 måtte han flytte derifrå og busette seg på Flisholmen i staden. Etter innsamling og hjelp frå bygdefolket fekk han flytte attende til Tryggeset med familien sin kring 1890. 

Hamnevika

På den tida fekk brukarane på Flisholmen eit stykke på Flisnes i forbindelse med utmarksutskiftinga for Emblemsbygda. Dette beiteområdet låg ved Øllsvika (Olsvik), og fekk no gardsnamnet «Hamnevika». Den siste brukaren ute på holmen hadde nemleg born i skulealder og meinte at skulevegen vart for farleg. Dei flytta derfor husa sine hit. Ein er ikkje heilt sikker på om dette gardsnamnet stammar frå ordet «hamnehage», med tydinga beite, eller hamn for båtar, men namnet erstatta det gamle og brukarane byrja å ta  dette etternamnet i staden, slik skikken var. Etter den tid vart holmen kun benytta til beite og slåttemark. Hamnevika vart 1902 skyldsett som bruksnummer 2 under Flisholmen. I dag er holmen eit sameige av slekt etter Jensine Åkernes, som i 1971 fekk grunnbokshjemmel på holmen.

Eigarane

Flisholmen har før 1771 hatt samme eigarane som Flisneset. I begynnelsen av 1600-talet var Flisholmen ein del av «Margretaprebendet». Seinare var det samme eigarane her som på den minste gardparten av matrikelgarden Emblem. Dette var Norges statthaldar og greve, Hannibal Schested, før holmen vart del av Giskegodset. Amtmann Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup vart dei neste eigarane, før Flisholm og Flisnes fekk andre eigarar enn Emblem igjen. 1758 kjøpte Ivar Høegh Flisneset og 1771 fekk Hans Pettersen Høegh kjøpe holmen. Sjå meir om dei seinare eigarane i teksten om brukarane. 

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett