LYBANDINTERVJU MED JENSINE ØDEGÅRD (1874-1966)

Lydopptak 1

I dette restaurerte lydbandopptaket frå 1960-åra kan du no høyre Jensine Ødegård (1874-1966) fortelle om den dramatiske hendinga som enda med at foreldra vart bygselsfolk i Rasmusgarden på Flisnes. Det var Rasmus Elias Hanson Kvasnes(1835-1896) og Johanne Knudsdotter Veibust ( 1833-1891). Det er også mogeleg å lese meir om dei i den nye bygdeboka for Emblemsbygda på side 383. Der fin du også meir om etterslekta. Stor takk til Kai Otto Ødegård som her delt dette opptaket med oss.

Lydopptak 2

I eldre tid var Flisfjorden ei kjent ulykkestrekning i det meste av landet vårt. Ikkje ein gong hovudstadavisene trong forklare sine lesera kvar fjordstykket låg. Her møttes Storfjorden og Hjørundfjorden. Resultatet er farlege straumar og plutselege vêrskifte, som førte til mang ei kolsegling. At dette var den faste ferdavegen mellom bygdene, og den einaste vegen for folk lenger innai fjordane, på byferd med færing og oftast søkklasta båt, gjorde ikkje ulykkesrisikoen mindre. I dette lydopptaket fortel Jensine Flisnes Ødegård (1874-1966) om nokre av dei ulykkene ho hugsa frå tida før ho gifte seg og flytte til Utigard ved Puskhola i 1908. Lydoptaket frå 1960-talet er tatt opp av naboen Johan Ødegård, og delt av Kai Otto Ødegård: https://soundcloud.com/innblikk-molde/jensine-odegard-fortel-om-ulykker-pa-flisfjorden-for-1908

Lydopptak 3

I dette lydopptaket, del 2, fortel Jensine Flisnes Ødegård (1874-1966) om nokre av dei ulykkene ho hugsa frå tida før ho gifte seg og flytte til Utigard ved Puskhola i 1908. Lydoptaket frå 1960-talet er tatt opp av naboen Johan Ødegård, og delt av Kai Otto Ødegård: https://soundcloud.com/innblikk-molde/jensine-odegard-minner-om-ulykker-i-flisfjorden-del-2

Jensine Flisnes Ødegård sitt bryllupsbilde frå 1908 er delt av Aslaug Reiten
Jensine Flisnes Ødegård sitt bryllupsbilde frå 1908 er delt av Aslaug Reiten