Matrikkelgarden
Flisnes ligg mellom Emblemsvågen og Eikenosvågen. Det er nok neset,
som har gjeve garden namn. Det er mogleg at namnet opphaveleg vart
nytta på kun Flisholmen ved spissen av dette neset. Holmen kan ha
heitt «Flisa» tidlegare og stammar kanskje frå det gammalnorske
ordet «flis», i tydinga spon, men heilt sikker er ein ikkje. Slike
namn er ikkje uvanlege på holmar og skjær i landet vårt, så det
kan derfor vere hald i denne namnetolkninga.
Ein kan hevde at
garden låg noko avsides til. Skikkeleg veg var der heller ikkje før
1928. Den første ridevegen gjennom bygda, frå 1809, gjekk frå
Ystebøen og opp til Eikenosa, før den svinga ned til
Eikenosøygarden. Vegen passerte ikkje Flisneset eller Hatleholen,
som i våre dagar. Ein skal likevel ikkje gløyme at den viktigste
ferdselsåra i uminnelege tider var fjorden og ikkje landevegen.
Brukarane i bygda var stort sett motstandarar av den første vegen
frå Blindheim til Magerholm fordi den gjekk på tvers av dei vegane
som emblemsbygdarane såg nytte av, som var gardsvegen mellom tunet
og naustet. At Postvegen skulle byggast og haldast åpen heile året
av bygdefolket sjølv og tene embetsfolket og embetspost, hjalp ikkje
akkurat på motstanden. Sjøvegen langs Storfjorden var gratis og
farbar for alle med båt. Utfordringa var fjordstykket kring garden,
som ein i lang tid har kalla «Flisfjorden». Her møtes
Hjørundfjorden og Storfjorden. Resultatet er uberekneleg vêr med
fare for at det raskt bles opp. I eldre tid var dette ei stor
utfordring for småbåtane, som folk flest nytta utover fjorden. Dei
var gjerne søkklasta med ved og andre varer som skulle byttast inn i
det mest naudsynte ein ikkje produserte sjølve. Andre frakta dyr til
og frå beite, eller leigde båsar og fôring i vinterhalvåret.
Desse var ille ute om det plutseleg bles opp. Ein har ikkje tal på
kor mange som har kolsegla og fått seg ei våt grav her. Sjølv
postbøndene fekk ordre om å føre postbåten andre vegar enn forbi
Flisneset. Mange utanom vår eigen region, over store delar av
landet, visste om farene og kvar Flisfjorden låg.
I ein periode vart
derfor Emblemsbygdarane omtala som «Innaumnesingar» i tydinga «dei
som bur innanfor Flisneset». Dette vart også namnet på lagsboka
til Emblem Frilynde Ungdomslag, som vart starta opp i 1904.
Gardsfolket på Flisneset var alltid særs oppmerksomme på lydar frå
fjorden når det var styggevér. Folk her har utført mang ein
redningsdåd, men det var ei utfordring at nausta måtte byggast på
ein trygg stad lenger inn i Vågane på vestsida av neset. Det tok
dermed tid å komme seg dit og så måtte ein ro ut Vågane til
Flisfjorden. Ein veit heller ikkje av noko storbåtnaust, så dei
hadde nok berre færingen å hjelpe seg med. Særleg om vinteren var
tida knapp, og Anna Jensine Ødegård(1), som vart fødd 1874 på
bruk nr. 2, Rasmusgarden, kunne fortelle at der i hennar barndom
knapt gjekk ein vinter utan at nokon omkom ved Flisneset. Ein snakka
visst ei tid om å bygge naust for ein større båt på sørsidat,
men det vart aldri noko av. Behovet vart også redusert etter kvart
som båtane vart større, tryggare. Alminneleg ferdselen med små
færingar minka også når bilvegen tok over for fjorden. Der vart
sett opp ei fyrlykt på pynten av neset i 1921.
Gamal busetnad
Flisneset
har truleg vore bebudd like lenge som der har vore fast busetting og
der finst også spor etter midlertidig busetnad om sommaren i
skylehammaren og på vestsida av Flisneset før den tid. Ein kan
tenke seg at Neset har vore ein fin stad å markere si makt og sitt
ettermele med symbol og gravhaugar som var godt synlege for farande
folk, men ein er usikker på om dei kan knyttast til busetnad her,
eller nabogarden Emblem, som reknast som sjølve «urgarden» i
Emblemsbygda. På det gamle sjøstykket til denne garden, i
Emblemsvågen, har der óg vore fleire gravhaugar. Flisneset er nemnd
i ei segn om Olav den Heilage, som kjeda seg og befalte mennene sine
å dorge med fiskeline i 1028. Dei var då på flukt innover
Storfjorden. At dei kan ha fiska her, er kanskje ikkje så
usannsynleg. Men segna handlar eigentleg om å forklare eit geologisk
fenomen med ein stein på berga mellom Hesseberg og Heggebakk som
liknar på ei elipseforma matboks, kalla «matbomme». Segna vart
samla og skrive ned av den sjølvlærte folkeminne-granskaren Peder
Fylling frå Skodje på 1800-talet.
Gardsdrifta
Omtale
av garden og gardsdrifta finn ein først 1606 i skriftlege kjelder.
Då var der berre ein brukar her. 1650 vart garden delt i to og slik
har det vore fram til 1900-talet. Husmannsplassen «Skråvika» vart
rydda kring 1815 lengst aust mot Emblemsvågen. Ein trur at garden
har lagt ved dagens tunstadar, omtrent midt på neset, heile tida.
Her har nok utsikta vore god, før skogen tok til å vekse fram mot
vår eiga tid. Ein reknar med at dei gamle åkrane har lagt kring
husa. Det er ikkje kjent om der har vore grensegjerde mellom gardane,
men ei skikkeleg byttelinje har der vore. Ein veit ikkje av nokon
blanding av teigane, eller klyngetun, på Flisneset. Brukarane delte
likevel litt på dei beste åkerplassane
slik
at den eine kunne ha åker på marka til naboen. For det meste var
der myrjord fattig på kalk. Torva frå myrane kom godt med til
brensel då der var lite skog, men det er ikkje alle vekstar som
trivst like godt i slik jord. Det vart dermed mest havre og blandkorn
dei dyrka. Den første malmmaskina kom til Flisneset i 1890-åra. Den
vart handdriven, men likevel ein god avløysar for tust og skjedde,
som ein hadde nytta til korntruskinga i tidlegare tider. I eit
arveskifte frå 1746 er der nemnd ei kvern, men ein veit ikkje kvar
den stod. Det kan verke som om brukarane på Flisneset tidleg leigde
kvern hos andre, før dei 1900 sette opp si eiga som var sams for dei
to bruka. Frå 1868 veit ein sikkert at det vart dyrka potet på
Flisneset og dei starta kanskje med det allereie i 1850-åra.
Brukarane
på Flisneset hadde ingen storbåt sjølve og måtte derfor hyre seg
inn hos andre ved utrorsfisket på havet. Dei hadde derimot fleire
gode tørkeberg for fisk og tok tidvis også imot fisk til tørking
for andre. På vestsida av neset var der tidvis godt laksefiske. Der
var laksevarp på Verpeneset, som truleg har fått namn etter denne
fangstmetoden. På Brureholmen vart det bygd gilje i 1840-åra. Leiga
på mellom 12 og 36 kroner per år skulle betalast til brukarane på
Emblem, som krevde hevd på fisket ved denne holmen, fordi dei alltid
hadde fått inntektene frå dette fisket, og fiska der sjølve.
Utskiftingsretten avgjorde at Flisnes og Emblem skulle ha delt rett
og inntekt av fisket på Brureholmen og stranda mellom Flisnes og
Emblemsvågen.
Setring frå gamalt av
Eit
gammalt sagn fortel at Flisneset ein gong hadde seter søraust for
Østremsvatnet på Emblemsfjellet. Det kan høyrest litt merkeleg ut
at dei skulle ha stølshusa sine saman med Akslen og Østremsreiten
på gamlesetra til desse bruka. Den heitte «Urastølen» og låg der
Huldrestølen ligg i dag, kring ei hytte som er bygd på murane til
høleselet . Flisneset har derimot hatt eigarar, som også har eigd
den minste parten av garden Emblem og ein kan dermed undre seg over
om kanskje det heller var snakk om ei seter som skal ha lagt ved
Austølsvatnet nær Geitnausa. Der skal i alle fall Eikenosa ha hatt
si seter, saman med Emblem og Eikenosvågen tidlegare. Dei gamle
namna på vatna i området mellom Langevatnet og Blindheim si
fjellutmark har nemleg vorte blanda i saman på nyare kart. Fleire
vatn har fått nye namn av Ålesund kommune. Austølvatnet heitte
eigentleg Høgstølsvatnet og vitna om setra «Høgstølen», som låg
på sørsida av dette vatnet. Det vert fortalt at at den vart
fråflytta då huldra vart så plagsom. Det enda med at Emblem og
Emblemsvågen flytta sela sine ned i Emblemsdalen, like vest for
demninga på Langevatnet og andre gardar let også vere å opprette
ny seter. Soleis var det først 1900 at Eikenosa og Eikenosvågen
fekk seter att på Emblemsfjellet. Brukarane på Flisneset har
derimot vore så heldige å ha nok fôr nede i bygda. Dei hadde til
og med nok til å ta på seg vinterforing av dyr frå Hjørundfjorden.
Dyra skulle hentast 17. mai, uansett vêr. Om våren og hausten
beita dyra på innmarka, medan dei om sommaren var i utmarka, like
utanfor innmarksgjerdet. Dei vart også mjølka der, om det var fint
vêr, eller heimteken for mjølking når det var ruskevêr. Dei hadde
derfor ingen utfordringar med at dyra måtte førast gjennom tuna til
andre gardar. I 1890-åra vart utmarka utskifta, slik at der vart eit
samanhengande område frå innmarka til utmarka ovanfor bygdevegen.
Då hadde den vorte lagd om frå den gamle ridevegen, langs
«Hegrevegane», mellom Ystebøen og Eikenosa, og erstatta av enkel
køyreveg nord om Langhaugen. Den vart seinare lagt sør for
Langhaugen. Denne vegen vert i dag kalla «Langrabben», og går
ovanfor Laader Berg sin fabrikk. Den fortsatte rett over tomta der
Spilka Industrier a/a seinare bygde seg fabrikk. Dagens hovudveg, frå
1960-talet, er soleis den fjerde vegen som går gjennom Emblemsbygda
og forbi Flisneset. I forbindelse med evakuering av gull og pengar
frå Norges Bank i Ålesund 1940 køyrde ein av dei tunglasta bilane
seg fast i teleløysinga der. Det var ein hemmeleg operasjon, der
verdiane skulle flyttast til det nye hvelvet til Stranda Sparbank i
frykt for bombing av byen.
Flisneset
har vorte radikalt endra sidan 1970-talet. Dei gamle torvmyrene og
heimeutmarka er i dag store byggefelt, med Emblemsbygdas einaste
matvarebutikkar og eit område til industriformål, som strekk seg
langs Langrabben. Delar av desse tomtene tilhøyrde gardane på
Flisnes. Køyrer ein derimot mot gardstuna, så endrar landskapet seg
dramatisk. Med eitt står ein på slåttemark, med litt spredt nyare
bebyggelse ikring. Delar av ytre Flisneset er verna område, tiltenkt
landbruk og kulturlandskap. Her finn ein også gravhaugar. Kontrasten
til byggefeltet mot hovudvegen er temmeleg stor. Ein kan med eitt
forstå kvifor dei tidlegare brukarane valde å sette opp husa sine
nettopp her. Der er fritt syn innover bygda, utover fjorden og dels
berggrunn, som gjev ekstra jordvarme og ly til tandre vekstar. Der er
framleis
gardsdrift, med gammalnorsk villsau, som held markane i hevd både i
Hansgarden og naboeigendommane.
Eigarane
I
begynnelsen av 1600-talet var Flisneset del av «Margreta-prebendet».
Seinare var det samme eigarane som på den minste gardparten av
matrikkelgarden Emblem. Det var Noregs statthaldar og greve Hannibal
Schested, før eigeluten vart del av Giskegodset. Amtmann
Liljenskjold, Chr. Sæd og amtmann Hagerup vart dei neste, før
Flisneset fekk andre eigarar enn Emblem igjen. 1758 kjøpte Ivar
Høegh Flisneset og 1771 kjøpte Ingebrigt Nørve garden på ein
auksjon etter Høegh. Ivar døydde 1805 og overlet Flineset til
dottera Marie Stuvitz. Ho selde gardane til brukarane etter kort tid.
Sjå meir om eigarane under kvart gardsbruk.