1205a Ole Pedersen Puskeset (ca.1708-1777) frå Utigard, Eikenosøygard(1), er den første ein veit namnet på. Han gifta seg i Sykkylven 1736, med 736a Mari Knudsdotter Emblemsvåg(7) (ca.1710-1765), frå Plassevågen. Tunet vart rydda oppå ein gamal buplass frå steinalderen. Ole dreiv plassen til 1761. Han bytte gard med forloveren sin,
911 Lars Larson Helsem, på bruk IIa på Eikenosa. I 1765 flytte han attende til Torevågen og sonen Peder, som hadde tatt over drifta som brukar. Der vart ingen husfred i Torevågen, etter han flytta ned att. Ole sette seg opp ei eiga stove og arbeidde truleg som smed og fiskar. Ein annan son, Knudt, hadde rømt frå fengsel, etter å ha vore arrestert to gongar for tjuveri. Etter denne rømminga hadde han visst stole på ny og gøymde seg i skogen med hesten. Det vert fortalt at han skulle ha to holer i utmarka med tjuvegods. Knudt vart dømd til å «kagestryges» og settes i jern på livstid i næraste festning. Faren, Ole, vart dømd for å hjelpe sonen sin. Derfor skulle han «miste sin hud i fengselet og «have sit hovedlod forbrudt». Han måtte derfor overlate alt han eigde til retten, og var dermed fallitt i 1771. Ole døydde 70 år gamal i september 1777, på ei reise til Bergen. Det kan bety at han då livnærte seg av jektefart.
a) Peder (dp.1738-1802) tok over bruket seinare. Han vart
arrestert to gongar for tjuveri. Peder rømte og gøymde seg i
utmarka med hesten. Han vart rekna som ein «lokal Gjest Baardsen». Gifta seg i 1776 med enke Anne Olsd. Gjerset, brukar Gjerset(1).
b) Knudt (dp.1740).
c) Gunder (dp.1743-1804).
d) Ole (dp.1747) vart konfirmert i 1767.
e) Rasmus (dp.1750-1762) døydde 12 år gamal.
f) Pernille (dp.1755) var 10 år ved arveskiftet 1767.
Lars Larsson Helsem (ca.1715-1794), frå Stranda, gifta seg 1755 med Kari Olsdotter Jelle(108e) (dp.1727). Ho kom også frå Stranda. Dei dreiv bruket i to omgongar. Først frå 1758 til 1761, og så frå 1765 til 1788. Dei flytte frå Eikenosa, ned i Eikenosvågen, og bytta bruk med Ole Pedersen, frå 1761 til 1765, men så bytte dei igjen. Kari hadde slekt på Gåseidnes(2), der søstera, Synnøve, gifta seg med Ole Hansen. Ole var fadder til sonen Lars i 1759.
a) Ole (dp.1755) gifta seg i 1779 med Ane Joensd. Gjerset.
Han var født på Jelle. Dei vart kanskje brukarar på Rødsethatlen(1+2).
b) Iver (dp.1757) vart døypt Furset på Stranda.
c) Lars (dp.1759) vart døypt Eikenos, og konfirmert i 1776.
d) Arne (dp.1763) gifta seg i 1782 med Marthe Sørensd. Viddal(1). Borna vart døypt Eikenos.
e) Anne Malene (dp.1765) vart døypt Eikenosvåg.
Kanskje brukar Rødsethatlen(1+2).
f) Birthe (dp.1768-1768) døydde 8 dagar gamal.
g) Berthe (dp.1771-1771) døydde 10 dagar gamal.
Peder Olsen Eikenosvåg(1) (1738-1802) tok over plassen 1765, og dreiv den til 1802. Han gifta seg kring 1764 med Synneve Nilsdotter Sulebust(pl.) (1736-1766), men dei fekk kort tid saman. Ho vart berre 33 år gamal. I 1767 gifta han seg derfor på nytt med Magnille Siversdotter Eikenosøygard3) (dp.1731-1768), frå Framigar. Ho døydde kort tid etter at dei fekk ei dødfødd dotter. 1769 gifta Peder seg, ein tredje gong, med Ellen Larsdotter Skytterholm(2) (dp.1733-1789), og så for fjerde gong i 1790, med Marte Jacobsdotter Stadheim(1+2) (1744-1804) i Sunnylven. Han var ein meir driftig kar enn far sin, sjølv om han vart omtala som ein som «øver liden gudsfrygt» og hadde få bøker. I 1766 hadde han hest, ku, 3 kviger og 2-3 sauer. Det vart ikkje så mykje husfred etter at faren flytte ned att frå Eikenosa. Presten skreiv at han «Lever uforligelig med sin søn, og bør straffes for sit ufredelige levned». Det er noko usikkert om dette var reelt, eller eit innlegg i straffeprossessen mot sonen Knudt, som faren, Ole, gav hjelp til.
a) Nille (dp.1764-1833) tok over bruket seinare.
b) Dotter (1768-1768) var dødfødd.
Enka etter Peder, Marte Jacobsdotter Stadheim(1+2) (1744-1804), gifta seg opp att 1803 med Peder Arneson Viddal(5) (dp.1764). Han hadde då vore registrert som tenar på bruk 6 på Viddal i 1801. Dei fekk berre omlag eit halvt år saman. Han gav seg med gardsdrifta når han vart enkemann.
Nille Pedersdotter Eikenosvåg(1) (dp.1764-1833) tok over etter stemora 1805. Ho gifta seg det samme året med Lars Ellingsen Vesterås(2+3) (1777-1833) i Geiranger. 1824 flytte dei til Furholmen, Eikenosvåg(3), og så vidare til Rabben(3) der dei levde livet ut. På Furholmen betalte dei 30 riksdaler i innfesting, 3 riksdaler i årleg avgift, samt 2 arbeidsdager. 1804 kjøpte dei gardshusa på arveskifteauksjon etter Marte. Det var ei tømmerstove med skorstein og blyglasvindauge, kufjøs, sauefjøs, stove, stabbur, løe og naust. Lars si søster, Anne Ellingsdotter Vesterås(2+3), kom til Steffågarden, Emblem(6+7). Ho hadde gifta seg med Stephan Stephanson Bjørdal(1,3) (dp.1765-1832), som var ein sentral person ved «borgundopprøret» i 1816. Fleire på Emblem og Blindheim slekter i dag til han. Nokre av desse har framleis namnet Steffensen, etter han.
Ole Knudson Valgermo(3) (1780-1838) gifta seg 1823, med Berte Helene Knudsdotter Vestre(8) (1796-1856). Begge kom frå Ørskog 1824. Det er nemnd stove, naust, halvdelen av ei kvern, færing, ku og kvige i arveskiftet etter han. Berte vart gift på ny med neste brukar.
a) Iver Martinus (dp.1801) Ole sin son med Ingeborg
Ibesdotter Solnørdal.
b) Anne Gurine (1819-1844) er nemnd i arveskiftet i 1845.
c) Berthe Maria (f.1832) gifta seg i 1861 med Baard Knudsen Skorgen frå Tresfjord, busett Roald.
Enka Berte Helene Knudsdotter Vestre(8) (1796-1856) gifta seg opp att 1840, i Ørskog, med Thore Olaus Jacobsen Lande(N,4) (1809-1861) frå Ørskog. Det er nok etter han plassen har fått namnet sitt. Thore gifta seg 1858 på nytt i Ørskog kyrkje med Oline Marta Larsdotter Kilsti(304d) (1820-1861), frå Kilsti, i Norddal. Ved arveskiftet etter Berte 1856, vert det registrert stove med kammers, fordør, kjøkken og to svalar, ein god bileggeromn og 12 speciedaler. Tore dreiv Torevågen heilt til både han og Oline omkom 1861, på veg heim i båt frå Ålesund. Oline sine foreldre budde på Østrem frå 1810 til 1811. Ein veit ikkje sikkert kva gard, men sidan dei vart plassefolk på Kilsti etterpå, så kan dei ha vore tenestefolk, eller busett nede ved Østremsjøen.
Christopher Nicolay Christensen Havnegjerde(5) (1832-1907) gifta seg 1861, med husmannsdottera Ingeborg Johanne Christiane Carlsdotter Alnes (1831-1915). Dei betalte 200 speciedaler i bygselavgift, og 4 speciedaler i årleg avgift, men slapp arbeidsplikta. 1868 hadde dei 9 mål dyrka mark og 14 mål natureng. Det vart dyrka 1 1/2 tønne bygg, 10 tønner havre, 12 tønner potet og 22 skippund høy. Dei hadde 4 kyr og 6 sauer, men jorda vart rekna som tungdreven. Dei fekk kår hos den nye gardeigaren, «Kjøt-Iver» på Eikenosa. Begge døydde ved Klokkarsundet, og truleg hos dottera.
a) Christian Olavius (1862-1898) gifta seg i 1887 med
Regine Elise Rasmusd. Holstad, Hareid, busett i Ålesund.
Fiskar busett i Buholmgata 1900. Fekk 1885 sonen Nils Kristoffer med Johanne Nilsd. Lillebø, kanskje frå Volda.
b) Edvard Britanus Gregorius ( 1865-1931 ) gifta seg i1899 med Jakobine Petrine Vilhelmsd. Lorgen(2), busett i Ålesund.
Han er nemnd som fisker i Buholmgata i 1900.
c) Petrine Birgithe (1867-1945) gifta seg med Andreas
Martinus Johan Thors. Molnæs(Bakkeplass). Busett i Ålesund.
d) Caroline Nicolina (f.1870) gifta seg i 1898 med
Andreas Joakim Ivers. Alvik(1). Han var fiskar og busett
ved Nørvasund når han døydde.
e) Jensine Kristine (1873-1941) gifta seg i 1896 med
enkemann Elias Severin Jacobs. Klokkersund, brukar
Klokkersund.
f) Karen Oline (1875-1956) gifta seg i 1908 med Thore
Peter Gustav Peders. Magerholm(3), frå Pe-haugen på Magerholm. Dei var Busett i Ålesund.
I tidsrommet 1897 til 1903, vart Torevågen dreve av den nye eigaren på Eikenosa, Iver Karlson «Kjøt-Iver» Furseth (1851-1942), frå Pe-Olagarden, Furset på Stranda. Sjå meir om han som
brukar på Eikenosa, eller brukar på Skorene, Emblem(10). Gardkjøpet var truleg for å ha nok fôr, medan han dyrka opp garden på Eikenosa. Iver kjøpte også delar av Steinsgarden, Østrem(5) og oppretta eit nytt småbruk i heimeutmarka til Abrahamsgarden, mot vest, til det samme formålet. Iver budde ikkje i Torevågen, så huset hadde han lite bruk for. Det er også usikkert om han hadde dyr i fjøsen, men det er sannsynleg, sidan han bygde løe på Ytrebø.
Brevstyrar Nicolai Berntsen Kvasnes(3) (1869-1954) kjøpte bruket til sjølveige 1903. Han gifta seg 1900 med Ingeborg Marie Johansdotter Standal(Y,3) (1875-1919) frå Hjørundfjorden. Ho døydde av barselfeber. I 1913 fekk Ramsvika og Furholmen bruksrett til vegen, mot eit eingongsbeløp på 75 kroner. Han bygde 1915 sel på «Røvastølen», like ved Eikenossetra, og fortalde at garden stod til nedfalls når han kom dit. Løa mangla delar av taket og var så skral, at når fôret kom i hus, så hang takåsane ned i ryggen på kyrne. Var det rennefokk med snø, så vart dei svarte kyrne heilt kvite. Huset hadde lagt nede i 6 år, og det eldgamle stabburet trong nytt tak. Skorsteinen hadde vore tetta med leire, men i 1903 var det så lite igjen att han meinte å kunne sjå 4 kirkesogn gjennom den. Første pinsedag datt pipa ned og skremte kårmannen på garden. Nikolai bygde ny løe 1905, nytt naust 1907 og nytt hus 1913. Der var altså mykje arbeid som måtte gjerast i hans første tid som brukar.
a) Klara Susanna 1901-1974 Ugift. fekk sonen Gunnar i
1934 med Martin Olaf Sofus Humlen(6), busett ved tunet.
Ho brukte Kvasnes til etternamn, og bygde s eg eige hus
med full sokkel. Klara var ettertrakta syerske. Etasjen over sokkelen leigde ho ut til læraren på gamle Hatlehol skule.
b) Bjarne Edvin (1902-1982) gifta seg i 1956 med Tordis Petersd. Fedt. Dei bygde stort hus på Straumegjerde( 29).
Ho dreiv serveringstad ei tid. Han var maskinist og
arbeidde på rutebåten «Suløy», som låg til kai over natta i
Eikenosvågen. Bjrne var fyrvaktar på Røst, før han flytta til
Stranda. Han er gravlagd der.
c) (Sanna) Susanna (1905-1981) gifta seg i 1941 med Karl
O. Emblem(6), brukar i Steffågarden, Emblem(6). Han var
særs interessert i bygdehistorie.
d) Petra Kristofa (1907-1973) gifta seg i 1941 med Sverre Ødegård, brukar Eikenosøygard(5), lengst vest i
Emblemsbygda. Dei er foreldra til Aslaug Jorunn, som gifte
seg Reiten, Østremsreit(1).
e) Emma Johanna (1910-1995) gifta seg i 1944 med Arthur Flisnes(2) frå Rasmusgarden, busett på Flisnes.
f) Johan (1912-1986) var tvilling. Han tok over bruket.
g) Son (1912-1912) var dødfødd tvilling.
h) Rolf (1915-2003) gifta seg i 1941 med Petra Henny
Alnes(3) frå Giske. Han utdanna seg som treskjerar og
arbeidde på Blindheim Møbelfabrikk, før han starta
«Ekornåsvåg Møbelfabrikk» ved Eikenoskrysset. Dottera
Marit Ekornåsvåg Alnes og mannen Peder Karsten eig
fabrikken i dag.
Sonen Johan Ekornåsvåg(1) (1912-1986) tok over Torevågen i 1949. Han fekk skøyte på dette bruket og Haugen bnr. 7 for 7000 kroner. Det inkluderte buskapen, reiskap og «løsøre». Han gav samtidig kår til faren. Johan gifta seg 1944 med Karen Lovise Larsdotter Græsdal(3) (1911-1993), frå Skodje. Det var eit dobbelbryllup med søstera Emma Johanna, som gifta seg med Arthur Flisnes(2). I deira tid vart fleire parsellar delt frå garden. Søskena fekk 1949 forkjøpsrett ved eventuelt framtidig salg av bruket. I 1973 selde han også eit stykke til lærarbustad for Borgund Folkehøgskule, kalla «Borg VII». Johan eigde «Ekornåsvåg Møbelfabrikk» saman med broren Rolf.
a) Astrid (f.1946) tok over bruket.
Dottera Astrid Ekornåsvåg (f.1946) fekk skøyte på Torevågen, som forskot på arv i 1985. Johan og Karen fekk livsvarig burett i 1. etasje i hovudhuset, og kunne ta det dei behøvde av potet og ved. Astrid hadde gifta seg i 1972, med Jan Peder Alnes (f.1942). Dei fortsette som grunneigarar til 2010, og er busett i Eikenosvågen. I deira tid vart fleire tomter seld til bustadformål.
a) Johan (f.1973) gifta seg i 2000 med Anita Kvaløy,
busett Melhus.
b) Geir Edvin (f.1975) tok over bruket.
c) Ingeborg Kathrin (f.1978) er sambuar med Geir
Willy Haram, og busett i Langevåg.
Sonen Geir Edvin Alnes (f.1975) tok over Torevågen i 2010, og er dagens grunneigarar. Han har bygd seg nytt hus på bruket.
a) Nicolai (f.2006).
b) Henrik (f.2012).
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com