Eikenosvågen
var det opphavelege sjøstykket til matrikkelgarden Eikenosa som, i
likheit med gardane Emblem og Østrem, hadde utmarkstykke heilt ned
til fjorden i eldre tid. Etter kvart vart jorda ved fjorden delt frå
til husmannsplassar og beite, før dei gradvis vart skylddelte til
eigne bruk.
Eikenosvågen vart busett og skild ut frå Eikenosa
seinare enn Emblemsvågen og Nedregotten lenger aust i bygda. I alle
fall finn vi namn på brukarar her på eit seinare tidspunkt. Ein
skal likevel ikkje gløyme at denne vågen vest for Flisneset, og den
farefulle Flisfjorden, har vore ei god naudhamn og ein god bustad
lenge før dette også. Ein har funne fleire spor av bustadar heilt
attende til steinalder og Yngre bronsealder kring tunet til Torevågen
og i nabovikene mot både aust og vest. I revegjerdet til Nikolai
Ekornåsvåg i Torvågen fann dei også ein særleg fin tilhoggen
pilodd av kvarts. På Flisneset ligg der fleire gravhaugar, ein
steinhellar, og bautastein, som vitnar om at dei aller eldste spora
etter menneska ikkje har vore kun eit blaff av busetnad i
førhistorisk tid.
Eikenosa låg så høgt mot fjells, at områda
nede mot sjøen var truleg viktige til meir enn berre fiske,
tørkeberg og naust. Det tok derfor litt lenger tid før vågen vart
frådelt. Ein kan ikkje sjå vekk frå at der har vore
husmanns-plassar utan jord, ofte omtala som fjordastover, i
Eikenosvågen før 1700. Dei setter nemleg få spor etter seg i
kjeldene. Ein veit om slike stover på Magerholm, i Østremsvika, ved
Nergotsjøen og Emblemsvågen lenger aust. Av desse er det kun i
Østremsvika ein finn nøyaktige tal på brukarane, for desse
fjordastovene var bebudde heilt til føste tiåra på 1800-talet.
Husmannsplassar
med jord finn vi omtala i skriftlege kjelder først frå midten av
1700-talet. På den tida vaks folketalet såpass at ei vidare
oppstykking av dei gamle gardane ikkje var nok. Talet på husmenn
vaks og nye husmannsplassar vart rydda i Eikenosvågen, ofte kalla
«Vågane».
Det første plassebruket
Ein vil tru at Torevågen vart rydda først oppå spor
av eldgamal busettnad, men kun 20 år etter var der heile tre
husmannsplassar i Eikenosvågen. Dei to siste var Fureholmen og
Olevågen. Plassane vart skyldsette til eigne bruk under garden
Eikenosa i 1818, og rekna som ein eigen matrikkelgard med gardsnummer
11 i 1890. Eit par kyr, og litt småfé var det ein kunne finne fôr
til på desse plassane, så fisket var ei livsviktig hovudnæring for
dei fleste brukarane. Betre fiskeri og fangst etter 1750 var kanskje
ei medverkande årsak til at fleire husmenn slo seg ned her. Meir mat
påverka også talet på dei som levde opp. Brukarane på Eikenosa
har framleis rett til å ha veg, naust og båtstø i Eikenosvågen,
medan brukarane her nede fekk beiterett i fellesutmarka oppe på
Emblemsfjellet. Dei fekk også rett til å hente brensel og skog til
tømmer saman med Eikenosa og Hatlehol Indre.
Ved utskiftinga i 1912
fekk kvart av bruka sine eigne utmarksteigar og ein bygde seg sel på
Eikenossetra, som Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth etablerte 12 år
tidlegare. Før den tid var det ein periode uten fast seter for
gardane lengst vest i Emblemsbygda når «Høgstølen» ved Geitnausa
vart flytta og brukarane på Matrikkelgarden Emblem bygde seg ny støl
vest for Langevatnet. Eit sagn fortel at det var huldra som var så
plagsom på den gamle setra. Fleire såg også «huldreflokken» i
grålysninga, men dei høghalsa kyrne var hjort, som starta å
etablere seg på Yksnøya og Emblems-fjellet. Det heng nok saman med
klimaendringane,
med
meir skog å skjule seg i og stadig mindre rovdyr utover 1800-talet.
Hjortedyra vart noko nytt som emblemsbygdarane ikkje hadde kjennskap
til frå før. Ein annan grunn til at ei ny seter for Eikenosa let
vente på seg, var truleg at dei ikkje hadde det samme behovet. For
plassemennene i Eikenos-vågen var det også billegare å mjølke
dyra i friluft på dei ulike «legane». Med færre rovdyr trong ein
heller ikkje å stenge dyra inne om natta, eller ha vaksne gjetarar
saman med dyra sine.
Fiske og kailag
Brukarane
her var avhengige av arbeid attåt gardsdrifta. Vågane låg lageleg
til for fiske og tørking av både eigen fangst, og på oppdrag for
andre. Dette var ein rimeleg god våg for sildefiske, så dei
etablerte sitt eige sildenotlag saman med Eikenosøygarden og
brukarane på Flisnes. På neset i Torevågen hadde dei notheng og
brukaren på Eikenosa, den tidlegare nemnde «Kjøt-Iver», bygde
køyreveg heilt frå sin eigen gard og ned til sjøen. Det er i all
hovudsak den samme vegen som er i bruk i vår tid. Det vart eit
kostbart prosjekt, så han søkte Borgund kommune om tilskot, men
fekk berre 50 kroner. Han var også med på å etablere kaia. Den
vart temmeleg populær. Forløparen til dagens Sula Bilruter,
«Von-båtane» starta rutetrafikk her med motorbåtar til og frå
byen. 1109b Bjarne EdvinEkornåsvåg frå Torevågen var maskinist i fleire år, og
ein av fleire karar i bygda som hadde arbeid for rutelaget. Det vert
fortalt at dei var nokre øre billegare enn båttilbodet frå
dampskipskaia i Emblemsvågen. Då gjekk bygdefolket heller dei
ekstra kilometrane til Vågane. Ein annan gjekk heller heile vegen
heim att frå Ålesund, med full sildekasse, då han kom for seint
til Vonbåten mot Eikenosvågen. Det var visst ikkje noko alternativt
å ta båt til Emblemsvågen, eller Hammarsvikkaia, ved Løvika,
sjølv om dei låg mykje nærmare heimgarden i 1917.
Næringsverksemd
På
1930-talet, i dei vanskelege mellomkrigsåra, var det mange som
tenkte nytt og forsøkte seg med både ett og anna i kjellarane sine
for å tene nokre ekstra kroner. Dette vart starten på
møbeleventyret på Sunnmøre. Ungdommar fekk tilbod om kurs i
korgfletting, treskjering, båtbygging og anna. 1109h
Rolv
Ekornåsvåg var den som kom lengst. Etter ei tid på Blindheim
Møbelfabrikk etablerte han «Ekornåsvåg Møbelfabrikk» ved
Eikenoskrysset. Denne fabrikken gav arbeid og kjærkomen inntekt
til
fleire i Eikenosvågen og Emblemsbygda. Faren, 1109
Nikolai
Ekornåsvåg, var brevstyrar for Ekornåsvåg Brevhus frå
opprettelsen 1919 til han overlet drifta til Marie Bjørkavoll på
Bjørkavollen 1942. Frå brevstempelet 1920 kan ein sjå at brevhuset
hadde fått namnet «Ikornåsvåg», slik Emblem hadde fått namnet
sitt endra til Emleim. Oppe ved bilvegen vart det også bygd hus
etter krigen med kolonialforretning i kjellaren. Den vart dreve i
omlag 30 år av Petra
Marie Larsd. Blindheim(6) (1915-2005) frå Blindheim og vart kalla
«Petrabutikken» lokalt. Saman med Ødegård sin karosserifabrikk,
snikkarverkstad i Puskhola og seinare fabrikken til Laader Berg på
Flisnes frå 1960, vart øvre del av Flisneset ved Langhaugane, og
myrane vidare vest mot Eikenosvågen gradvis utvida til dagens
industriområde. Her har stadig fleire etablert lager og kontorareal
dei seinare åra. Bygningane til Ekornåsvåg Møbelfabrikk har
soleis nyleg fått selskap av eit 7500 kvadratmeter stort lager og
administrasjonsbygg for Ødegaard Engros. Samtlege matvareforetningar
i Emblemsbygda ligg no i dette området ved Flisneskrysset.
Eigarane
Eikenosvågen har
sort sett hatt samme eigarane som Eikenosa til omlag 1900. Sjå meir
om dei der. 1853 kjøpte Ole Rasmussen Vestre Fureholmen for 50
speciedaler, men han selde den igjen til Handelsmannen Brudevold i
Ålesund, som eigde Olevågen og Torevågen på samme tid. Det var
først når Brudevold døydde at brukarane fekk kjøpe bruka sine i
1890-åra. Du kan lese meir om eigarane og grunneigarane i tekstane
om kvart bruk.