BNR. 1 HATLEHOL INDRE

Fremste husrekke f.v.: hytta til familien Ekornåsfamilien som budde i Langevågen, Hatlehol Indre med løe og nyare hus. Hatlehol Indre II er huset som står mot midten av bildet, og så den nyaste Hatlehol skule i øverste hjørne. Flyfotoet er lånt ut av Perdy Lillerovde.
Fremste husrekke f.v.: hytta til familien Ekornåsfamilien som budde i Langevågen, Hatlehol Indre med løe og nyare hus. Hatlehol Indre II er huset som står mot midten av bildet, og så den nyaste Hatlehol skule i øverste hjørne. Flyfotoet er lånt ut av Perdy Lillerovde.
Folk samla til fest på Hatlehol Indre. Det ser ut til å vere Edvard og Johanne som står i midten i første rekke. Det kan derfor vere grunn til å tru at dei også er midtpunktet for feiringa. Kan det vere markering av gullbryllupet i 1941? Lurer på om det kan vere tvillingbroren Thomas til venstre for Edvard, med vest og klokkekjede. Bildeeigar Perdy Lillerovde
Folk samla til fest på Hatlehol Indre. Det ser ut til å vere Edvard og Johanne som står i midten i første rekke. Det kan derfor vere grunn til å tru at dei også er midtpunktet for feiringa. Kan det vere markering av gullbryllupet i 1941? Lurer på om det kan vere tvillingbroren Thomas til venstre for Edvard, med vest og klokkekjede. Bildeeigar Perdy Lillerovde
Ei Hansine Hatlehol bestilte dette biletet hos fotograf Moa 1913. Eg undrar meg på om ho kan vere frå Hatlehol Indre. Utfordringa er at der finst mange med Hatlehol til ettenamn frå Vatne også. Er det nokon som kjenner henne att? Den eg er på jakt etter gifte seg 1914 med fiskar Sverre Alfred Olai Andersen frå Ålesund og busette seg der. Ho omkom saman med svigerforeldra i ein brann i Ålesund 1916.
Ei Hansine Hatlehol bestilte dette biletet hos fotograf Moa 1913. Eg undrar meg på om ho kan vere frå Hatlehol Indre. Utfordringa er at der finst mange med Hatlehol til ettenamn frå Vatne også. Er det nokon som kjenner henne att? Den eg er på jakt etter gifte seg 1914 med fiskar Sverre Alfred Olai Andersen frå Ålesund og busette seg der. Ho omkom saman med svigerforeldra i ein brann i Ålesund 1916.
Ei Nikoline Hatlehol hos fotograf Sponland 1912. Kan ho vere frå Hatlehol Indre og dottera til Tomas Hatlehol? Orginalen tilhøyrer Aalesunds Museum AM-95003.017249
Ei Nikoline Hatlehol hos fotograf Sponland 1912. Kan ho vere frå Hatlehol Indre og dottera til Tomas Hatlehol? Orginalen tilhøyrer Aalesunds Museum AM-95003.017249
Kan det vere søstrene Nikoline og Hansine som er fotografert som setretauser sommaren 1912 på Vartdalsida av fjorden? Biletet vart trykt i Vartdalsoga Band III Almenn soge del 2 frå 1985. Kanskje er det nokon her som kjenner dei att, og veit kvar dei vart av også?
Kan det vere søstrene Nikoline og Hansine som er fotografert som setretauser sommaren 1912 på Vartdalsida av fjorden? Biletet vart trykt i Vartdalsoga Band III Almenn soge del 2 frå 1985. Kanskje er det nokon her som kjenner dei att, og veit kvar dei vart av også?
Kan det vere Nikoline Hatlehol frå Hatlehol Indre som er fotografert 1907 på Vartdal? Biletet vart trykt i Vartdalsoga Band III Almenn soge del 2 frå 1985. Kanskje er det nokon her som kjenner ho att, og veit kvar ho vart av også? Eg har ei hypotese om at ho enten budde eller tente hos besteforeldra sine på Melbø. Dei var aldrande, og på den tida hadde nok dei siste borna flytta frå Husmannsplassen deira på Vartdal, men ho kan også ha vore tenar på ein annan stad.
Kan det vere Nikoline Hatlehol frå Hatlehol Indre som er fotografert 1907 på Vartdal? Biletet vart trykt i Vartdalsoga Band III Almenn soge del 2 frå 1985. Kanskje er det nokon her som kjenner ho att, og veit kvar ho vart av også? Eg har ei hypotese om at ho enten budde eller tente hos besteforeldra sine på Melbø. Dei var aldrande, og på den tida hadde nok dei siste borna flytta frå Husmannsplassen deira på Vartdal, men ho kan også ha vore tenar på ein annan stad.
konfirmasjonsbildet til Thea Hatlehol i 1916. Fotografen er Sigvald Moa. Kopien er frå fylkesfotoarkivet
konfirmasjonsbildet til Thea Hatlehol i 1916. Fotografen er Sigvald Moa. Kopien er frå fylkesfotoarkivet

Didrich Einerson Store-Kalvøy(1) (dp.1720-1771) gifta seg 1750, med Inger Larsdotter Eikenos(IIa) (dp.1719-1788). Det samme året hadde dei fått halvparten av bruk II på Eikenosa frå far til Inger, Lars Larsen. Dei dreiv eikenosbruket til 1758. Då flytta dei ned på Hatlehol(1) og vart plassefolk der. Ein kan tenke seg at det kanskje vart for lite å leve av oppe på Eikenosa, for der var fleire som bytte dette bruket mot ein husmannsplass. Presten skreiv 1769 om dei at han kunne lese, men at ho var betre opplyst. I arveskiftet etter Didrich, hadde plassen ei stove taksert til 4 riksdaler, stabbur, løe og naust. Buet etter han var fallitt, men Inger fekk framleis drive plassen nokre år til. Det er mogleg at det var Didrich og Inger som først rydda denne plassen. Ingen av borna tok over etter dei.

a) Lars (dp.1751-1821) gifta seg først i 1793 med (Karoline) Ingeborg Haavardsd. Indreberg(3),  Skodje, brukar Salen. 

Ho gift på nytt 1823 med enkemann Ole  Hanss. Djuphamn, 

busett Djuphamn, Sula.

b) Einer (dp.1752) vart døypt Eikenos i november og 

introdusert 1. nyttårsdag.

c) Arne (1754-1791) vart truleg gift i 1790 med enke 

Marthe Tollevsd. Blakstad(2), brukar  Humlen(7).

d) Birthe (dp.1757-1765) døydde 8 år gamal på Eikenosa.

Peder Larsen Stennes(pl.) (1744-1803), frå Hjørundfjorden, gifta seg 1767, med Gyri Jensdotter  Ramstad(7) (dp.1726-1803). Dei tok truleg over i 1771, når brukaren før dei gjekk bort. Peder vart i  begynnelsen kalla «Echenaasen», men var plassemann på Hatleholen. I arveskiftet etter Peder, er det  nemnd ei stove med fordør og skur, løe, kufjøs, torvbu, kvernhus, naust, færing og 1/8 av eit åttringnaust.  Han hadde med andre ord fått utretta mykje dei åra han var husmann her, frå 1775 til 1803,  men han hadde også mykje gjeld hos handelsmannen i Vegsund. Rekneskapet gjekk ikkje i hop etter  han. Dei døydde begge desember 1803, med få dagars mellomrom. Kirkeboka gjev ingen årsak.

a) Andrina (dp.1797-1797) var  Peder si dotter med tenestejenta 

til neste brukar, Sylvie  Andersd. Veibust(1). Andrina døydde 

om lag 1 år gamal.

Jens Rasmussen Finnes(3) (dp.1747-1818) var brukar på Utigard, Eikenosøygard(1), i 1790. Han  hadde gifta seg 1780 med Ragnhild Jonsdotter Kvistad(7) (dp.1741-1801). Ho vart om lag 60 år  gamal. På den tida hadde dei hest, 5 kyr, 2 kviger, 3 geiter og 2 sauer. Jens flytte 1802 til Hatlehol  Indre, og overlot Utigard til svigersonen. Jens fekk feste på plassen i 1806 for 30 riksdaler, 3  riksdaler i årsavgift, og 3 arbeidsdager hos eigaren, handelsmann Mechlenburg i Vegsundet. Han  gifta seg 1803 opp att med tjenestejenta på plassen, Sylvie Andersdotter Veibust(1) (dp.1769-1818).  Ho hadde truleg vore tenar på garden ei tid, og fekk ei dotter med brukaren før Jens i 1797, som ikkje  levde opp. Ho var registrert som tjenestejente på Eikenosøydegard 1801. Det er mogeleg at ho flytte

med familien til Hatlehol i 1802. Skiftet etter Jens og Sylvie syner eit lite overskot.

a) Birte (1780-1821) tok over Utigard, Eikenosøydegard(1). 

Sjå brukar der

b) Synneve (1801-ca.1801) Sylvie si dotter med Hans Ivers. 

Høegh, Vegsund.

c) Jens Severin (1805-1878) gifta seg i 1831 med Charlotte 

Marie Pedersd. Sunde(5). Han var til  1830 husmann og 

brukar på Finnvik, Grytebust(6),  Ellingsøya.

d) Ragnhild Katrina  Laurentze ( 1810-1812) døydde 

2 1/4 år gamal.

e) Agathe Olsd. (1818-1818) døydde 18 veker gamal. 

Var kanskje fosterdotter til  Nille Johanna Hallvardsd. Emblemsvåg(1) og Ole Peders.  Fjørtoft, men forsørga av Jens.

Ebbe Andreas Olson Emblem(8) (dp.1795-1855), frå Ebbegarden, gifta seg 1819 i Ørskog  kyrkje med Maren Knudsdotter Valgermo(3) (dp.1786-1847) frå Ørskog. Ho hadde vore tenestejente  hos handelsmann Iver Mechlenburg i Vegsund 1814. Han tok over Hatlehol Indre, året i forvegen. I  1848 gifta han seg på nytt med Birthe Christiana Eriksdotter Kvasnes(1) (dp.1802-1881). Husa på  denne plassen hadde tidlegare tilhørt brukarane, men i 1854 kjøpte den nye eigaren, Halvor Severin  Pederson Holstad(5) på Hareid, plassen med husa for 100 speciedaler. 1820 måtte derfor Ebbe bygsle  hus i tillegg. Det var ei stove, stabbur, fjøs og løe under eit tak. Han bygde seg ny stove med  kammers, loft, fordør og langsval, som 1855 vart taksert til 55 speciedaler. Ebbe vart nytta ein rekke  gongar som vitne og hjelpemann ved tinglysing av dokument, i forbindelse med både arveskifte, kjøp  og sal i Sjursgarden, Emblem(11). Årsaka til dette er nok at han var svogeren til Andrine  Christiane Arnesdotter Nedregotten(1), som gifta seg til Sjursgarden. Sjå også brukarane  der.

a) Agnethe Olave  Birgitte ( 1823-1851) gifta seg i 1841 med

Ole Elias Olson Emblem(1), brukar  Negarden, Emblem(1). 

Ole emigrerte til Amerika, men  Agnethe ville ikkje flytte frå heimbygda, så han ombestemte  seg og kom heim att. 

Ole budde dei siste åra hos bror sin på  Magerholm. Les meir 

om han under Negarden på matrikkelgarden Emblem

b) Gut (1827-1827) var  dødfødd.

Rasmus Christianson Trandal(I) (1826-1916) er nemnd som innflytta dreng, frå Hjørundfjorden til  Holstad på Hareid 1848. Han gifta seg 1849 med Karen Margrethe Arnesdotter Holstad (1827-1902).  Dei var brukara på Holstad, før dei bygsla dette bruket på Hatlehol frå omlag 1857 til 1860. Karen  var svigerinna til Halvor Severin Pederson Holstad(5), som eigde plassen. Han hadde kjøpt den i  1854. Dei flytte vidare og bygsla 1862 hos Ola Johannes Buset på bruk 2 på Vartdal.

a) (Gullik) Andreas (1849-1878) var ugift. Han døydde 

på fiske ved Valkvæ på Godøya.

b) Lars Johannes  Martinus ( 1851-1909) gifta seg i 1885 med 

Helene (Elina) Berntsd. Hustad(1), brukar Buset(2)  på Vartdal 

etter foreldra til Lars.

c) Peder Kristoffer (1853-1871) var ugift. Han omkom 

på torskefiske i ein åttring i Giskesundet.

d) (Regina) Carolina (f.1856) gifta seg i 1883 med Ivar 

Andreas Nilssen. Busett mellom anna i Odda,  kanskje i 

Aurland, på Slinningen(13) hos søstera 1900, og så i

Ålesund. Ivar var fiskar. Ho vart enke 1909.

e) Margrethe Anne  Olave ( 1858-1931) gifta seg først i 1888 

med enkemann Lars Johannes Knuds. Veibust(1), brukar

Veibust(5). Ho gifta seg på nytt med Peter Karl Johanness. Roaldsand, brukar  Vågnesholen(3).

f) Edvard Johannes (f.1862) drog til Amerika.

g) Ole (f.1865) gifta seg i 1893 med Petrine Thomasine 

Steffensd. Rotanes, brukar  Veibust(5). Ho døydde på fylkesjukehuset i Molde 1922. Han  var fløttmann over sundet, 

heilt til Vegsundbrua kom i 1938.

h) Hans Laurits (1868-1892) var ugift og busett på Buset(2), Vartdal.

i) Kristoffa Petrina (1870-1904) gifta seg i 1895 med Elias 

Andreas Andreass. Slinning(13), brukar  Slinningen(13). 

Søstera Carolina budde der med familien sin i  1900.

Niels Torstenson Lied(192b) (1830-1911), frå Stranda, tok over plassen 1860 og dreiv den til 1888.  Han gifta seg 1860 med Christiane Carlsdotter Skarbø(128b) (1824-1893). 1868 hadde dei 4 kyr, 5  sauer og avla 2 1/2 tønne bygg, 12 tønner havre, 16 tønner potet, og tørka 21 skippund turrhøy. Dei  hadde 11 mål dyrka mark og 28 mål med natureng. I 1865-teljinga finn ein også søstera til Nils,  Karoline, på bruket som tenestejente. Han døydde av tuberkulose.

a) Oline Birgithe (1862-1935) gifta seg i 1885 med Iver 

Carolus Ols. Midtgård(1), Hundeidvik, brukar  Karlgarden, Kipperberg(1) 1890-1892. Han var fiskar, busett på

Buholmstranda i Ålesund.

b) Thomas Cornelius  Nicolai ( 1865-1941) var tvilling. 

Han tok over bruket.

c) Edvard Andreas  Christopher ( 1865-1945) var tvilling. 

Han fekk halve garden frå bror sin i 1931.

Sonen Thomas Cornelius Nicolai Nilsson Hatlehol(1) (1865-1941) tok over plassen, og kjøpte den til  sjølveige frå Halvor Severin Pederson Holstad(5) på Hareid 1888. Thomas gifta seg 1890 med  Johanne Johansdotter Blindheimsbreivik(2) (1863-1951). I 1931 overlot Tomas den ytterste halva av  bruket til tvillingbroren, Edvard, som fekk skøyte 1937. Sjå neste brukar. Tomas selde sin del av  Hatlehol Indre I til Mathias Sigvald Aasen i 1938, mot kårbrev på bruket. I deira tid budde også  Johanne Caroline Kristiansdotter Eikenos, frå Kristiansplassen, på Hatlehol. Ho er nemnd som ugift  «sypike» på bnr. 2 i 1900, og på dette bruket i 1910. Ho gifta seg 1912 med skredder Johan Laurits  Løvøy frå Vatne. Dei bygde seg hus og busette seg mot grensa til Hatlehol Ytre. Lærar Nils Peder  Knutson Ytreberg, frå Flåte på Skodje, budde også her 1910, før han gifte seg til bnr. 3 Jogarden,  lenger vest på Blindheim. Thomas og broren Edvard bytta på å hente post og varer frå m/b «Suløy  III» i Eikenosvågen. Dei rusla ned mørke vinterkvelder med parafinlykta. Båten låg der over natta.

a) Kornelia Sofie (1889-1915) var ugift. Ho er nemnd 

som sjuk dotter.

b) Hansine Anna  Josefine ( 1892-1916) gifta seg i 1914 med 

Sverre Alfred Olai Andersen, busett i Ålesund  1914. Ho 

omkom saman med svigerforeldra i ein brann i 1916.

c) Nikoline Thea  Marie ( f.1893) var kanskje ugift? Ho 

var budeie på Vartdal i 1912, og døydde truleg ein  gong 

før 1947.

d) Johan Ragnvald  Kristian ( 1896-1919) døydde av giktfeber 

på Hatlehol. Han hadde då vore fiskar.

e) Nils Olaf  Kornelius ( 1899-1945) dreiv fiske med 

større dekksbåt 1920- og 1930-talet. Den låg i  Havnevika 

utenom brukstid, og var truleg dels eigd av faren.

f) Thea Emilie Sofie (1901-1961) fekk 1943 sonen, Terje, 

med Ole Antons. Frøiset(2), Rødven.

g) Martin Bernhard (1903-1954) gifta seg med Kristine Ragna Ekornåsvåg(1). Han var montør i Televerket, og  busett i 

Ratvika, Ålesund, frå 1939.

h) Jenny Margit  Marie ( 1905-1991) gifta seg i 1929 med 

Arnt Peder Birkelid. Han var vaktmester på  Sjukehuset. Dei 

er gravlagde på Nørve.

Broren Edvard Andreas Kristoffer(1865-1945) fekk halve farsgarden med tvillingbroren sin i 1931.  Det nye bruket, «Hatlehol II», var den ytterste halvdelen av garden. Edvard gifta seg 1891 med

Johanne Oluffa Marie Nikolaidotter Melbø (1867-1953) frå Vartdal. Søstera, Gurine Marie Eline  Melbø, gifta seg til nabogarden Havnevika, der den nye tunstaden til Flisholmen vart bygd på  fastlandet. Ei anna søster, Andrine Jakobine Melbø, budde også ei tid hos Johanne på Hatlehol. Ho  var då ugift skreddar og fekk delt frå tomt ved garden, der ho bygde seg hus. Edvard og Johanne

dreiv først bruket sammen med broren, Tomas, og delte på selet og løa, men bygde seg etter kvart  eige hus. Allereie i 1910-teljinga vart han registrert som innerst på bruket, med «del i  gaardsavlingen, ellers løsarbeide, markarbeide osv.» I hans tid vart delar av bruket delt videre opp i  hytteparsellar. Edvard sin gardpart fekk etterkvart bruksnummer 4, og namnet «Hatlehol Indre II».  Fosterdottera, Jenny, tok over bruket etter han.

a) Johan Jørgen  Martinus Eltvig ( 1891-1948) gifta seg med 

Pauline på slutten av 1930-talet. Busett i San Diego,

California, og kalla seg John Wick. Han kom frå Selje, og er

registrert som «pleiebarn» i 1900-tellinga. Til USA 1909.

b) Jenny Emma  Havnevik ( 1912-1971) var fosterdotter. Ho 

var søsterdottera til Johanne, og dotter til   Gurine Marie 

Eline Nikolaid. Melbø, som gifta seg i Havnevika,  Flisholm(2). Jenny tok over bruk 4. Sjå meir om ho som  brukar der.

Kjøpmann Mathias Sigvald Aasen(3) (1895-1970), frå Vanylven, gifta seg 1928, med Olga  Margrethe Thorheim (1893-1982) frå Ålesund. Ho fekk skøyte på «Hatlehol Indre I» frå  Thomas Hatlehol(1) for 5500 kroner i 1938. Av dette var 500 kroner for løsøre. Mathias dreiv  jernvarehandelen «M S. Aasen» i Keiser Wilhelmsgate 44 i Ålesund, medan søstrene Pernille Olivia  Aasen(3) (1884-1977) og Lina Marie Gjertine Aasen(3) (1900-1967) styrte garden. Mathias hadde  nok bruket mest som sommerbustad, men er frå 1944 registrert som brukar, når han annonserte etter  tenar til småbruket sitt. Han fortsette samstundes å drive butikken i byen.

a) Synnøve Johanne (f.1930) gifta seg i 1956 med urmakar 

Jens Ottestad, busett Stange. Ho var  utdanna lærar når dei 

gifta seg.

b) Magne Sigurd (f.1932) gifta seg i 1980 med Bente 

Shetelig, busett Oslo.

c) Astrid Jorunn (1934-2014) var ugift. Busett i Oslo, og 

gravlagd i Ålesund.

1974 fekk borna Magne Sigurd Aasen, Astrid Jorunn Aasen og Synnøve Johanne Ottestad skøyte på  bruket i gåve. Garden vart då verdsett til 200 000 kroner. Etter 2018 er det Magne og Synnøve  Johanne som er grunneigarar på bnr. 1, med ein halvpart kvar. Eigedommen vert i dag kalla «Øvre  Hatleholen», med bruksnummer 26. Delar av innmarka vest for Ekornåsvåg Møbelfabrikk, på begge  sider av hovedvegen, er framleis ubebygd.